Takk til Chris Erichsen

Publisert Sist oppdatert

Av Marianne Sunde, Oslo

Avtroppande redaktør av Bok og bibliotek, Chris Erichsen, hadde som programerklæring at han ynskte å lage ”et blad som det svinger av hver gang”. Det har han klart. Han har også klart å markere seg mot mainstreammedia som han,  ifølgje eige utsagn i avskjedsintervjuet i  nr 5 2006, har grunnleggjande avsky for. 

Bok og bibliotek gjenspeglar at det er ei engasjert kunstnersjel som står bak. Bladet gjer noko med deg. Bladet vil noko. Bok og bibliotek formidlar kunst, lesaropplevinga gjev kunnskap, noko sit att når ein har lest bladet, ein er glad eller opprørt. Ein har fått noko å tenke vidare på.

Som redaktør har Chris Erichsen verken gått i flokk, om der hadde vore nokon å gå i flokk med, eller har ville la seg blende av overflatisk fasade, han har gått bak fasaden. Han har også klart det som i norsk mediebransje må reknast som eit kunststykke, å unngå å vere provinsiell. 

Powered by Labrador CMS