Er ålmenta i stand til å tileigne seg arkivdokument?

Publisert Sist oppdatert

Og gjer vi ålmenta ei teneste med å framstille dei institusjonelle hindra som dei einaste og viktigaste hindra for retten til å skaffe seg informasjon? spør Inge Strand, leiar for Arkiv i Nordland

Først ei presisering. Du brukar omgrepet arkiv. Det kan vere så mangt; m.a. ein arkivinstitusjon, eller ei dokumentsamling. Men eg trur eg forstår når du meiner det eine eller det andre.

– I forbindelse med de aktuelle barnehjemssakene er det blitt avslørt
at mange av mappene er forsvunnet. Det er dette Valderhaug i intervjuet
kaller "selektiv hukommelse". Hvordan synes du arkivene bør opptre i
framtida for å forhindre at sånne ting skjer?

Eg veit for lite om barneheimsakene til å ha sterke oppfatningar. Eg vil tru at mapper frå barneheimane er blitt borte frå arkiva medan dei enno var i arkivet ved institusjonane. Dersom dei er blitt avlevert til eit arkiv (arkivinstitusjon), vil dei vere meir sikra mot å ”forsvinne” – ideelt sett. Det har bakgrunn i at arkivinstitusjonane er meir reindyrka mot arkivhandsaming, medan det i mange barneheimar og andre institusjonar var (og er?) heller dårleg med arkivkunne. Mappene kan ha blitt borte på grunn av dårleg arkivdisiplin, og dei kan sjølvsagt ha blitt borte ved medvitne handlingar. Det veit eg ingen ting om, og eg skal ikkje fremje konspirasjonsteoriar.
Spørsmålet ditt er korleis vi kan hindre slikt: Positivt ved å oppgradere arkivtenesta ved slike og andre institusjonar. Med kompetente arkivmedarbeidarar og gode rutinar kan forsvinningar som følje av svikt i rutinane unngåast. Ei god arkivteneste kan òg hindre medvitne ”brotsverk” mot arkivet ved at berre autorisert personell har tilgang, og at dei veit kvar mapper i bruk til ei kvar tid er. Å gardere seg heilt mot at arkivsaker blir borte, er vel knapt mogleg. Dersom nokon vil øydelegge dokument, vil det alltid vere høve til det.

– Hvem er, etter ditt syn, arkivenes primære målgruppe?

Det kjem noko an på kvar vi er i arkivet sitt liv. I arkivdanningsprosessen er arkivskapar den primære målgruppa. Då skal arkivet vere ein informasjonssentral for verksemda. I offentleg forvalting vil òg partsinteresser utanfor forvaltinga vere ei viktig målgruppe, ved at dei skal kunne skaffe seg kunnskap om korleis sakene deira er blitt handsama – og om nødvendig kunne skaffe dokumentasjon for fornya sakshandsaming, evt. å kunne gå til domstolane med saka. Ålmenta er òg ein viktig interessepart, men meir indirekte. Offentleg innsyn og kontroll med forvaltinga er komplisert, og tradisjonelt har media vore ålmenta sin representant i denne rolla, på det generelle planet.
Når arkiva er blitt historiske og funne sin plass i ein arkivinstitusjon, er målgruppene andre. Den administrative interessa er no mindre, men arkivet spelar framleis ei rolle som juridisk dokumentasjon. Slik sett er partane primær målgruppe. Som døme kan vi nemne personar som krev erstatning for manglande utdanning eller grannar som er usamde om kvar grensa mellom eigedomane deira går.
Men den vesentlege verdien ved historiske arkiv er i rolla som kjelde for rekonstruksjon av fortida i det arbeidet som historikarar og andre forskarar driv, og den primære målgruppa i denne samanhenger er vitskapleg personale. Gudmund Valderhaug og eg legg her vekt på ulike perspektiv, slik eg tolkar Valderhaug. Medan G.V. legg vekt på å rive hinder for ålmenta sin tilgang til arkiva på vegen mot demokratisering og ”lovbestemte rett til tilgang til informasjon”, vil eg betrakte problemstillinga instrumentelt; er arkivdokument ”informasjon” som ålmenta er i stand til å tileigne seg? Og gjer vi ålmenta ei teneste med å framstille dei institusjonelle hindra som dei einaste og viktigaste hindra for retten til å skaffe seg informasjon?
G.V. nemner omgrepet kontekst i artikkelen. Det er etter mitt skjønn eit nøkkelord. Informasjon frå arkiv er i dei aller fleste høve ikkje forståeleg før han er sett i samanheng med informasjon frå andre dokument og forstått i den konteksten dei vart skapte i. Ein brukar må såleis kjenne konteksten og ha metodisk tame som gjer han eller henne i stand til å kople informasjonen mellom arkivdokumenta og ”det vi veit frå før” i den rette konteksten. Overser vi det, er eg redd vi i staden for å utvikle medvitne, samfunnsinteresserte borgarar, gjer dei til gissel.
Her er etter mitt skjønn den store skilnaden mellom arkiv og bibliotek. Arkivdokumenta er ”råvarer” medan boka er ”ferdigvare”. Ei god bok gir oss heilskapleg informasjon i ein forståeleg kontekst. Det er prosessen mellom råvare til ferdigvare som er viktig; det er eit samfunns evne til å produsere mest mogleg ferdigvare som skaper eit kvalitativt godt informasjonssamfunn. Ikkje å fjerne fysiske hinder til råvarene, utan å fortelje at der er mentale hinder som er langt verre.

Eg er likevel heilt samd med G.V. at vi må gjere arkivinstitusjonane meir tilgjengelege og fjerne stengsel som hindrar kompetente arkivbrukarar å ”foredle råvarene”. Vi kan gjere mykje ved å leggje til rette for brukarane, og formidle arkiv på ein betre måte enn i dag. Digitalisering er eit slikt grep.

-Problemet er at ein vidarefører ein tradisjon som fungerer
udemokratisk og er teknologisk utdatert, sier Gudmund Valderhaug og
peker delvis på digitalisering som ett av svarene på denne utfordringen. Hva er, etter ditt syn, hovedutfordringen i forbindelse med digitalisering av arkivene?

Den faglege hovudutfordinga ved digitalisering er å gjere utval. Det vil alltid vere slik at dei best tilgjengelege kjeldene først blir brukt. ”Kjeldene styrer problemstillinga” er ei kjent utsegn. Spørsmålet no blir: Skal vi i arkivinstitusjonane styre problemstillingane ved å gjere somme arkiv tilgjengeleg, og andre ikkje? Svaret kunne vere: Alt eller ingenting. Det ville vere ei fallitterklæring. Ei tilnærming kunne vere – slik det har vore ved mikrofilming av kjelder – at mykje brukte kjelder blir prioritert for å unngå slitasje, og for å kunne distribuere informasjonen enkelt. Det har ført til at særleg slektshistoriske kjelder, hovudsakleg registeropplysningar frå kyrkjebøker og folketeljingar er gjort så godt som fullt tilgjengeleg utanfor arkiva sine lesesalar.
Annleis vil det vere med dei eigentlege arkiva. Her ikkje slitasjeproblemet påfallande. Utfordringa må her vere å utnytte moderne teknologi på ein slik måte at ikkje arkivinstitusjonane kjem til å styre forskinga. Det må det vere andre som gjer. Universiteta er inne i ein prosess der somme meiner at marknaden i større grad må få styre innhaldet. Arkivinstitusjonane kan heller ikkje halde seg passive til marknaden. Vi er tenesteprodusentar som skal levere det vi blir bedne om. For meg er derfor ein førebels konklusjon at vi digitaliserer dei kjeldene vi får gode og grunngjevne spørsmål om å digitalisere.

Powered by Labrador CMS