Møte med Hege Newth «Gjera store ord til handlekraft»

Publisert Sist oppdatert

– Det heiter Norsk PEN, ikkje Norske PEN, seier Hege Newth bestemt, men med eit smil etter at eg har lese namnet konsekvent feil gjentatte gongar. Eg følger saka bakover og har funne fram til Hege Newth, generalsekretær i Norsk PEN og initiativtakar til ordtombolaen kor omsetjar Stian Omland var hovudvinst.

– Kva var bakgrunnen for den vidgjetne ordtombolaen?

– Bakgrunnen for nett dette var at eg kjente Tove Bakke frå tida eg var leiar av Bjørnsonfestivalen. Ho hadde ein tombola der, og eg syns det heile var både underhaldande og minneverdig. 

– Men, skyt Hege Newth inn, -det er viktig å presisere at pengane som kom inn ikkje gjekk til Norsk PEN, men direkte til arbeidet me driv. Då Litteraturhuset skulle feira 10 år i haust ville me at det som kom inn på jubileumskvelden skulle gå til kjernen i det alle på huset driv med; det frie ordet. Norsk PEN arbeider med å gjere store ord om til handlekraft. Det gjer me ved å hjelpa forfattarar, journalistar, bloggarar, forleggarar, musikarar og andre som er truga og trakassert og på flukt på grunn av ytringane sine.

– Korleis nytta de pengane som kom inn på ordtombolaen?

– Det kom inn i overkant av 7000 kr på tombolaen. Desse pengane nytta me til å hjelpa to menneske og familiane deira. Den eine ein bloggar frå Bangladesh som står på ei publisert dødsliste. 4-5 bloggarar er allereie hakka i hel. Religiøse fundamentalistar arbeider seg systematisk nedover lista, mens myndighetane vender eit blindt auge til det heile. Bloggarane står på dødslista fordi ytringane deira blir sett på som regimekritiske og anti-religiøse. Bangladesh er eit av landa i verda der islam er i stor frammarsj og også eit av landa med stadig større del IS-sympatisørar. Bloggaren me hjelpte er på flukt med familien og ventar på ein «Safe haven». Vidare hjelpte me ein afghansk forfattar som er på flukt. Me fekk eit rop om hjelp frå henne gjennom eit nettverk som nådde oss. Menneske som er i situasjonar som desse har ingen måtar å tena pengar på lovleg vis. Norsk PEN sendte 25 000 til desse to. Det er det me kan senda på ubyråkratisk vis. Pengane rekk til livets opphald i 3-4 månadar for desse. Det kan vere med å berge dei gjennom ein desperat situasjon, fortel ein engasjert generalsekretær.

Hege Newth brenn for dette og fortel vidare om arbeidet med fribyordninga. Her dukkar det opp ei sterk historie.

– Ahmedur Rashid Chowdhury, også kjent under namnet Tutul, opplevde ein dag at det kom to menn inn på forlaget han dreiv i Bangladesh. Kollegaen hans vart drepen og sjølv vart han hardt skadd, men han overlevde på mirakuløst vis. Tutul kom til Norge for eit og eit halvt år sidan og er for tida fribyforfattar i Skien der han driv forlagsverksemda vidare. I 2016 fekk Margaret Atwood PEN Pinter Award. Vinnaren av denne prisen kan velje ein person å dele prisen med og Atwood valde Tutul. I desse dagar er Tutul kortlista for å vinna ein anna internasjonal forleggjarpris. Eg håpar han vinn, han fortener den verkeleg, avsluttar ein engasjert generalsekretær. 

 

Norsk PEN  er den norske avdelingen av PEN International, verdens største skribent- og ytringsfrihetsorganisasjon, stiaftet i 1921. Norsk PEN ble stiftet av forfatteren Johan Bojer i 1922.

 

Powered by Labrador CMS