Lokalbibliotekaren

Vidar Lund vil at biblioteklova vert teken like mykje på alvor som andre lover.

Publisert Sist oppdatert

Det er på overtid med eit intervju. Den ikkje lenger så nyvalde leiaren i Norsk bibliotekforeining Vidar Lund har allereie sitte i vervet i eit år.

Det var eit verv det kjentes naturleg å gå inn i, etter at storparten av livet har blitt brukt på organisasjonsarbeid og engasjement i fleire av dei «sikkert tusen» organisasjonane han er medlem i.

– Når ein blir aktiv innan eitt felt, blir det fort sånn at ein treffer folk og vert introdusert for nye idear, det utvidar perspektivet, seier han.

Det trengst ein landsby

Han har tidlegare vore nestleiar og sitte i styret i bibliotekforeininga, og vore engasjert der i 15 år. Men det starta med målungdomen, som han vart medlem av då han bytte til nynorsk etter ungdomsskulen. Og så kom Bondeungdomslaget, Senterpartiet, historielaget, bibliotekforeininga.

– Felles for organisasjonane eg engasjerer meg i er det lokale og nære. Kor viktig lokalsamfunnet er for enkeltmennesket. Det ligg mykje i det afrikanske ordtaket om at det tek ein heil landsby for å oppdra eit barn, då treng ein ein god landsby.

Hans eigen landsby i oppveksten var Skogn i Trøndelag, så har det vore Grünerløkka i Oslo, Kirkenes og Levanger. No er huset i Levanger leigd ut og bytta med ei leilegheit i Oslo sentrum. Ein av stadane han kjenner seg mest heime er på Kaffistova på Hotell Bondeheimen, som framleis er eigd av Bondeungdomslaget. Det er dette med landsbyar.

– Det må vere aktivitet i landsbyen for at den skal fungere. Folk må verte engasjert for at det skal skje noko. Før måtte ein organisere ting sjølve, som vassverka til dømes. No har kommunane overtatt det meste, men på kulturfeltet er ikkje det nok, og me er avhengige av det frie kulturlivet.

For ingen døyr av kutt i kulturbudsjetta, og det gjer det til tider for lett for politikarane å kutte i til dømes bibliotekbudsjetta.

– Eg var nyss i kontakt med Giske kommune, då dei ikkje har lyst ut biblioteksjefstillinga etter at den vart ledig. Dei driv eigentleg ulovleg ifølge lova om folkebibliotek, men det vert ikkje følgt opp. Dei er på ROBEK-lista, men skal jo prioritere lovpålagde tenester. Det er dessverre ikkje eit unikt tilfelle.

Vidar Lund er redd folkebiblioteka er i fare.

Bibliotekrett under angrep

– Mykje av jobben min dreier seg om retten til å ha eit folkebibliotek i kommunen, for den er under angrep. Det er kanskje litt valdsamt sagt, men det forvitrar i mange kommunar. Ein seier at kommuneøkonomien er betre enn nokonsinne, men det opplever ikkje biblioteka.

Han viser tilbake til sin fyrste jobb som biblioteksjef for nesten tjue år sidan, då var det 7,5 årsverk i biblioteket i Sør-Varanger, no er det 4,5.

– Det same skjer mange plassar. Folk går av med pensjon og blir ikkje erstatta. Det er ei dreiing over på helse og oppvekst. Det blir fleire eldre, og sjølv om det ikkje blir fleire born, er standarden på tilboda deira blitt høgare og dermed dyrare.

Norsk bibliotekforening har bede om ein bibliotekmilliard sidan 2013, bøna er der enda. Lund meiner det må meir enn prosjektmiddel til for å sikre gode folkebibliotek.

– Me treng middel som til dømes sikrar heile biblioteksjef-stillingar overalt, og innkjøpsbudsjett. Ser ein på korleis det vart gjort med til dømes kulturskulane, så fekk kommunane beskjed om at det skulle dei ha. Det følgde med nokre middel, men så måtte dei fikse det sjølv. Mange rynka kanskje litt på nasa av det då, men det blei gode kulturskular av det.

Han påpeikar at det er gjort ein innsats for biblioteka også, men at innsatsprogramma fungerer meir som prosjektløyvingar. Det blir ein slags matteuseffekt, meiner han – den som har, skal få.

– Det blir dei som allereie har mykje på gang og biblioteksjefar med ambisjonar og ressursar som vert løna. Eg har vondt av biblioteksjefar som sit i små stillingar og prøver å få i stand ting, men likevel får budsjettet sitt barbert.

Vil ha eit meir engasjert KS

Medan det er mykje fokus på store, nye bibliotek i større byar rundt i landet, er det mange kommunar der biblioteket må klare seg med magre kår. Sjølv om Lund er opptatt av at det er ei veldig positiv utvikling med store nysatsingar, trur han også det kan gje litt av den same matteuseffekten ute i dei kommunane med dei minste bibliotekbudsjetta.

– Det kan kanskje kjennast litt motlaust å sjå på skinande storsatsingar, men det er viktig å gjere noko med det ein har. Eit lite bibliotek kan også lære av suksesshistorier frå til dømes Deichman. Om dei ikkje har råd til ein folkeverkstad, kan dei kanskje skaffe ei symaskin.

Som bibliotekforeiningsleiar må han ofte fri til kommunane for å kjempe for folkebibliotek som opplever at budsjetta deira blir barberte.

– Det blir jo ein del brannslukking ovanfor kommunar som ikkje prioriterer stillingar, og andre konkrete saker. Me prøver å få til meir samarbeid med KS, dei har glidd litt under radaren og har ikkje eit påtakeleg bibliotekengasjement, seier Lund.

Medan Nasjonalbiblioteket har fått større ansvar på folkebibliotekfeltet, meiner han KS har spelt ei mindre rolle etter at Biblioteksentralen i større grad vart ein forhandlar-aktør blant fleire.

– Tidlegare var Biblioteksentralen eit klårare organ for bibliotekutvikling, og KS og kommunane sitt organ for det. No når bokinnkjøp går på anbod, er dei ikkje KS sin forlenga arm som før.

Difor ynskjer han at organisasjonen tok ei større rolle i bibliotekspørsmål.

– Det hadde vore fornuftig om dei tok meir plass og frikopla seg frå tanken om at Biblioteksentralen ordna det for dei. Dei bør gå sterkare inn for biblioteka.

Ei rolle Lund meiner KS kunne hatt, var i arbeidet med Biblioteksjefplakaten, som bibliotekforeininga og fagforeiningane på feltet laga for nokre år sidan.

– Då ville plakaten vore meir forpliktande for kommunane. No er det litt meir fromme ynske.

Bibliotekforeningsleiaren ber om at fleire tek ansvar for biblioteka.

– Katastrofeområde

Han går vidare til å snakke om skulebiblioteka, for også der ynskjer han seg sterkare engasjement frå dei med makt.

–  Det fins ikkje nokon skule som har fått avvik for å ha eit dårleg skulebibliotek. Eg trur aldri statsforvaltaren har hatt tilsyn med det, til tross for at det burde vore enkelt å gjere.

Medan han trekker fram fleire gode eksempel, til dømes Vestli skole, som har satsa stort på skulebiblioteket i nytt skulebygg, er det ikkje slik alle stader.

–  Det er nokre katastrofeområde. Opplæringslova seier at alle skular skal ha eit skulebibliotek. Dei kan samarbeide med folkebiblioteket, men det skal vere tilgjengeleg i skuletida. Då held det ikkje å seie at folkebiblioteket ligg ein kilometer unna.

Med ei slik forskrift meiner han det burde vere ei smal sak å til dømes gjere tilsyn med om biblioteket er nært nok skulane.

Myndiggjeringsarena

Lund blei bibliotekar fordi han meiner biblioteket er ein institusjon som myndiggjer folk.

– Det største engasjementet mitt som bibliotekar ligg i å gje folk kunnskap, det er den viktigaste motivasjonen. Ikkje berre den kunnskapen ein får på skulen, men som ein tileignar seg gjennom nysgjerrigheita si.

Difor er han oppteken av at biblioteka må vere ein uavhengig aktør i lokalsamfunnet.

– Norsk bibliotekforening kjempa gjennom at det skulle stå «uavhengig debattarena» då ny folkebiblioteklov kom. Det sto fyrst berre arena, og nokon ville ha inn nøytral, men nøytral er noko anna. Å vere nøytral betyr å ikkje bry seg, og å alltid måtte ta med begge sider av ei sak. Uavhengig er noko sterkare.

Særskilt gjeld dette overfor styresmaktene, meiner han.

– Som biblioteksjef skal ein ikkje vere forkjempar for kva kommunestyret bestemmer. Ein har eit redaktøransvar, og skal gje rom for kritiske blikk på kommunen også.

Det kan verte vanskeleg om ein er biblioteksjef i ein liten kommune, har ei lita stilling og held til i eit lite lokalsamfunn, poengterer Lund. Men kor gode biblioteksjefane rundtom er på det feltet, er vanskeleg å seie.

– Biblioteka er veldig flinke på å vere uavhengige når dei presenterer kjeldemateriale og å ha ei uavhengig mediesamling. Men me har ikkje så mykje tal som måler uavhengigheit. Me har tal på utlån og arrangement, men ikkje så mykje på tema og kva ein held på med.

Lund brukte ni år på bibliotekarutdanninga, organisasjonsarbeid utanom studia gjorde at det siste studieåret stadig blei utsett. Då diplomet var i hamn, drog han til Sør-Varanger og blei biblioteksjef.

– Eg har berre jobba som biblioteksjef, sidan eg hadde leiarerfaring frå organisasjonslivet då eg var ferdigutdanna, søkte eg på dei jobbane. Eg har aldri vore redd leiaransvar, og eg meiner vel eigentleg at om ein har teke bibliotekutdanninga, så bør ein ha litt ambisjonar på vegne av faget.

Å halde retten folk har til eit bibliotek i hevd, pregar mykje av jobben som bibliotekforeiningsleiar.

– Folkebibliotek skal det vere til alle. Og dei skal vere meir enn nokre hyller med bøker.

Vidar Lund, leiar i Norsk Bibliotekforening.

Tre kjappe:

– Kva forhold har du hatt til biblioteket sjølv?

– Eg las ut biblioteket på Skogn tidleg, så drog eg til Levanger og gjorde det same. På ungdomsskulen førte eg logg over kva eg leste, og førte opp 500 bøker på eit skuleår. Men om ei bok er keisam etter 50 sider, legg eg den vekk.

– Kva les du no?

– Eg les Peter Hamilton si  bok «Salvation Star», og så høyrer eg på «Uglen» av Samuel Bjørk på lydbok.

– Kva er ditt sterkaste bibliotekminne?

– Då eg som ungdom, eg var ein nerd sjølvsagt, sat på biblioteket i Levanger og høyrte nokon diskutere høglydt med biblioteksjefen. Det viste seg å vere forfattaren Dag Skogheim. Ideen om at ein kunne snakke høgt og diskutere på biblioteket fekk meg til å tenke. Skogheim brydde seg ikkje om normene, og det var openbert akseptert på biblioteket. Det gjorde inntrykk.

 

 

Powered by Labrador CMS