Biblioteket som sosialkontor

Biblioteket som sosialkontor

I San Francisco er femten prosent av dei besøkande på hovudbiblioteket heimlause. I ti år har biblioteket hatt sin eigen sosialarbeidar tilsett. Der ser dei sosialt arbeid som ein del av hovudansvaret til biblioteket.

Med effektive skritt og eit stort smil går Ida Ibolins bort til skrivepulten ved vindauge på biblioteket i San Francisco og spør med typisk amerikansk sjølvsagtheit «How are you doing?» til den unge mannen som sit bøygd over ein bunke papir (se bildet over).

Med utsikt til det overdådige rådhuset (med ein høgare kuppel enn kongressbygget i Washington DC) og staden der FN-pakta vart signert i 1945, sit Shawn og fyller ut skjema for å søke om sosial stønad. Rundt han står stort sett alt han eig i sekkar og bagar. 

Det er mange av dei besøkande på San Francisco offentlege bibliotek som har med seg mykje. Store ryggsekkar, store bagar og store plastsekkar med klede og personlege ting. Når ein ikkje har ein stad å bu, har ein mykje å bære på.

 

Frå gata til biblioteket

Shawn let oss ta bilete, men vil helst ikkje la seg intervjue. Han er ein av dei 8000 menneska i byen som er kjent for den store raude brua og for å ha vore vogga til hippierøyrsla. Han er ikkje ein av dei ein kanskje tenker på som typisk. Han luktar verken sveitte eller urin, og han pratar utan noko som helst teikn på å vere rusa. Det er mange grunnar til å verte heimlaus i ein by med ei så stor gentrifisering som San Francisco, det er ikkje nok å ha éin lågt løna jobb, og mange frå arbeidarklassen hamnar på gata.

Ibolins er 55 år, rak i ryggen og velkledd. Historia hennar synes på ingen måte på utsida, men for under eit år sidan budde ho på hospits og hadde akkurat kome ut av ein psykiatrisk institusjon. Det er framleis under eit år sidan ho vart nykter. Før ho fekk plass på institusjonen hadde ho år med vanskar bak seg, og lange periodar som heimlaus. 

– Eg hadde ikkje ei seng på ti år, fortel ho.

Ho er ein av dei tilsette på biblioteket med tittelen HASA – health and security associate eller helse- og sikkerheitstilsett. Dei ti stillingane biblioteket har er alle fylt av folk som tidlegare har budd på gata og brukt biblioteket til å ha ein stad å vere, å bruke internett eller be dei tilsette om hjelp til å finne ein jobb eller ein stad å bu. 

– Eg har alltid lest mykje, og biblioteket har alltid vore ein del av livet mitt, men som heimlaus var det ei sikker hamn. Det er tørt, varmt, problema frå gata er ikkje her og ein kan snakke med dei tilsette, seier ho.

Tre timar for dagen er ho her no, og jobben består stort sett i å snakke med folk ho ser kanskje treng hjelp. Som Shawn, som ho hjelper med ein søknad, fortel kor han kan dusje gratis, kvar han kan prøve å få ein dagsjobb og kven han bør snakke med på sosialkontoret. 

Ved nesten kvart hyllehjørna er det nokon Ibolins stoppar for å spørje korleis det går. Ho kjenner historiene her, og menneska kjenner ho.

– Når ein sjølv har vore i liknande situasjonar, kan ein gje betre råd, og det er lettare å få kontakt, seier Ibolins.

Ho fortel også at jobben gjev ho meining. Ho er ikkje klar for det vanlege arbeidslivet enda, men ei forplikting i tre timar for dagen klarar ho. Det gir stabilitet, ein stad å vere og ei kjensle av å vere viktig.

– Eg ser at jobben eg gjer betyr noko, samstundes betyr jobben alt for meg. Eg kjem hit, Leah spør korleis eg har det, og eg har lov til å vere den eg er – med den historia eg har, seier Ibolins.

 

Ein raud tråd

Det er ti år sidan biblioteket i San Francisco , som fyrste bibliotek i USA – og kanskje verda, tilsette ein sosialarbeidar, og Leah Esguerra er der framleis.

– Eg elskar jobben min, seier ho.

No har sosialarbeidar-stillingar ved biblioteka blitt oppretta fleire stader i landet, og Esguerra har reist landet rundt og fortalt om jobben ho gjer.

– Det viktigaste me gjer er å vere til stades, mange kjenner seg utanfor samfunnet. Og så informerer me om dei tilboda som fins, det er mange som ikkje anar kvar dei kan søke om bustad, jobb eller få seg ein dusj. På den måten får mange moglegheiter dei ikkje visste dei hadde, seier ho. 

Det er lett å sjå at ho er ein viktig del av biblioteket, Esguerra er den typen som veit namnet på alle ho møter, og hugsar detaljar frå førre gong ho møtte dei. Som at hunden var sjuk eller at dei hadde fått ei ny niese. Ho har sjølv starta ei rekke prosjekt basert på behova ho ser på biblioteket, som eit «homeroom» der ein kan sjå film, ete snacks, strikke, prate og generelt berre ha eit rom som kjennes som den heimen ein ikkje har. 

Det var Esguerra som starta HASA-programmet, og fleire av dei som har jobba for ho har no fått seg gode «skikkelige» jobbar andre stadar i byen. I biblioteket blir Esguerra sin kunnskap om bibliotekbrukarane og dei sosiale problema i byen brukt til det meste.

– Eg er konsulent i dei fleste prosjekta som vert gjennomførte her, frå enkeltarrangement til bygginga av det nye ungdomsavdelinga. Å sjå på behova som eit bakteppe gjer at det vert betre og meir målretta prosjekt, seier ho.

Biblioteket er for mange den einaste staden dei kan nytte seg av tilboda og vere innandørs. På kjøpesenteret eit par gater unna, vert dei heimlause til dømes vist vekk ved døra, og på kafear må ein kjøpe noko for å få vere under tak eller bruke toaletta.

– Me er her for alle som treng oss, uansett bakgrunn, inntekt eller bustad. Og me møter alle på same måte, det er me kanskje aleine om å gjere, seier Esguerra.

Dei me snakkar med i biblioteket har stort sett gata som opphaldsstad, dei plassane dei går til er elles tilbod til heimlause, som mellombelse butilbod eller kyrkja og organisasjonar som deler ut mat. Stader der ein er svært klar over at ein er nedst på rangstigen i samfunnet. På biblioteket har dei akkurat det same tilbodet som alle andre, og vert behandla likt.

Men dei får også eit større tilbod. Esguerra og HASA-ane tilbyr vegleiing og har eit stort nettverk dei kan sette folk i kontakt med. Esguerra har sørga for at 200 menneske har fått ein plass å bu, og dei har utvida tilbodet til dei heimlause mykje.

– Me samarbeider med andre. Ein gong i veka kjem ein buss med gratis dusjmoglegheiter hit, og me har ein marknad der organisasjonar og forskjellige offentlege kontor kjem for å opplyse om kva tilbod som fins, seier ho.

 

Inkluderande

«Alle er velkomne» står det på ein plakat på kontordøra til sjefen for San Francisco Public Library, Michael Lambert, – på 7-8 forskjellige språk. Plakaten heng også på alle andre kontordører i korridoren, og på andre dører i alle dei 6 etasjane i det enorme bygget i sentrum av San Francisco. 

Og det ser ein. Det er mange språk på plakatane, engelsk, spansk, kinesisk og fleire. Og det er store avdelingar for bøker på andre språk, ein hypermoderne ungdomsavdeling med maker space og speleutvikling, arrangement med alt frå mindfullness til språkkafe og koding. Ved pultar og bord sit det ei blanding av folk, i alle aldrar og alle fargar og med klede og framtoning som kan vitne om alle trinn på rangstigen.

 

Midt i samfunnet

I 2018 var dette kåra til årets bibliotek i USA, blant 116 000 offentlege bibliotek i landet.

– Det er i hovudsak fokuset vårt på mangfald og inkludering og gav oss den tittelen, seier biblioteksjef Michael Lambert.

Frå den øvste skuffa i skrivebordet hans på det store kontoret, finn han fram Narcan. Nasesprayen som kan stoppe ein heroinoverdose.

– Me har dette tilgjengeleg i alle etasjar, og dei tilsette er trengte i å bruke det. Det har dessverre vore tilfelle der dei har fått behov for den kunnskapen, seier han.

Det er berre eit av teikna på at dette er eit bibliotek midt i eit område med sosiale utfordringar. Opiatkrisa i USA har vart ei stund, huskrisa i San Francisco har vart lenger, den store mengda heimlause har vore eit problem på den politiske agendaen sidan 70-talet. Det har ikkje blitt betre. 

Biblioteka speglar lokalsamfunnet. Hovudfilialen av San Francisco-biblioteka ligg midt i den delen av sentrum som er svært prega av heimlause, sjølv om det etter kvart er få område som ikkje er det. Det er ikkje mange som går med blomstrar i håret her, på trappa framfor biblioteket ligg ein mann og søv, langs muren sit fleire som tydelegvis ikkje har dagleg tilgang til ein stad å sove eller ein stad å dusje. 

– Me er ein trygg stad, både frå livet ute, frå klimaet og også frå stigmaet ein kjenner på som heimlaus. Her inne er alle like, seier Lambert.

Og biblioteket har teke dei sosiale problema som pregar San Francisco, og som pregar dei besøkande i biblioteka, på alvor.

Men det blir nemnd at det er mange heimlause her, og ser ein på vurderingar av biblioteket på nettet, er det ikkje alle som er like nøgde med det. Korleis møter de den kritikken?

– Eg trur dei fleste i San Francisco er opne og inkluderande, og me er den delen av byadministrasjonen som får best tilbakemeldingar frå publikum. I snitt scorar me om lag 4,5 av 5 poeng på tilboda våre, så det er det me fokuserer på. Me er her for alle, og tek omsyn til kven som besøker oss når me prioriterer ressursane våre og når me planlegg prosjekt og aktivitetar, seier Lambert.

- Av Maria Pile Svåsand, frilansjournalist

Artikkelen sto på trykk i Bok og Bibliotek nr 4-2019, side 48-51.