Frå drill til Dante

Frå drill til Dante
Har verktøy, skisko og kunstverk ein naturleg plass blant bokhyllene på biblioteka, eller er det å undergrave biblioteket sine kjerneoppgåver? Svaret frå bibliotekskjennarane er tja.

Bildet: Sissel Brit Ranneklev låner gjerne verktøy med vegleiing frå formidlar Bård Bjørknes, Deichman Torshov, og likar at biblioteka utvidar horisonten. (Foto: Trond Isaksen)

Rett innanfor døra på Deichman Torshov, ein kan fort oversjå det på veg inn i det store lokalet med bokhyller så langt auget kan sjå, står ein høvelbenk som ein i utgangspunktet kanskje tenker er der ved ein feil. Men med lånekortet sitt kan ein her låne både vinkelslipar, drill og boremaskin. 

Sissel Brit Ranneklev er innom biblioteket for å låne oppfølgaren til boka ho fekk til jul, men stoppar ved bordet likevel.

– Vinkelslipar har eg ikkje, det treng eg jo kanskje ein gong, seier ho. 

Ho syns tilbodet om å låne verktøy av biblioteket er heilt i tråd med kva bydelen treng.

– Det er fantastisk at biblioteket stadig finn på nye ting, det er jo eit behov for å kunne låne den type ting i urbane område der folk har liten plass, og at ein kan ta del i delingsøkonomien.

 

Utbredt trend

At biblioteka er meir enn bøker, er ikkje noko nytt. Det er hundre år sidan Bergen Offentlige Bibliotek starta utlån av musikknotar, og i dag kan det verke som det nesten ikkje er grenser for kva ein kan få med seg heim med lånekortet sitt. Dei siste par åra har verktøyutlån fått mykje merksemd, og det er fleire bibliotek både i Noreg og i utlandet som i årevis har lånt ut alt frå telt til syklar til leiker og endåtil personar. Men bør dei eigentleg det?

I eit blogginnlegg som Bok og Bibliotek publiserte i førre utgåve (nr 1-2019), går Karl Karlseth i strupa på at biblioteka skal drive med alt mulig anna enn bokutlån, og meiner biblioteka fort skyt seg sjølve i foten med å drive med andre ting enn litteratur, då dei signaliserer at dei har tid og ressursar til det – og difor kanskje ikkje treng middel til kjerneverksemda si.

– Det er fint at biblioteka tek på seg nye oppgåver, men dei må passe seg for å ta på seg kva som helst. Kjerneverdiane til biblioteka er kunnskapsformidling, kultur og læring, seier han.

Han er også opptatt av at ein må vekk frå ei gammaldags oppfatning om at bibliotekarane er passive utlånarar.

– Også politikarane har ofte ei romantisk oppfatning av kva biblioteket er, og tek ofte opp eigne opplevingar om ein bibliotekar som forandra livet deira. Me må vekk frå den ideen, og heller bruke tida på å utvikle den bibliotekrelevante delen av arbeidet, seier Karlseth.

 

– Ikkje sikker

Seksjonsleiar på Deichman Torshov, Stian Færden Kristensen, fortel at dei har hatt i underkant av 400 utlån av verktøy i året som gjekk. I tillegg har biblioteket sidan 2016 hatt eit eige frøbibliotek, der ein kan låne frø for å så heime, og så komme tilbake med frø ein haustar frå plantene seinare. Biblioteket har også ein plan om å byrje å låne ut hagereiskapar etterkvart. Men sjølv er han faktisk ikkje heilt overtydd om at det er riktig at biblioteket gjer desse tinga. 

– Eg trur dette er tenester som bør drivast av det offentlege. I denne tidlege fasen av det har biblioteket infrastrukturen som trengs, og me kan huse verktøya, men det er ikkje gitt at det er me som skal drive med det framover, seier han.

 

Delingsøkonomien

Det er ei rekke norske bibliotek som driv det som ein vel kan kalle litt utradisjonelt utlån. I tillegg til at det mange stader har blitt ulike former for verkstader, eller makerspaces på godt norsk, med 3D-printarar og anna, i Bergen har dei både det og eit eige musikkstudio ein kan låne. Skiutstyr, telt, fiskestenger, bålpanner, akebrett og syklar er berre noko av det ein finn i lånekatalogane rundt omkring i landet. I Asker kan ein låne kunstverk til å pynte opp heime med, og musikkinstrument er katalogisert både i Oslo og Bergen.

Medan dei utlånsgjenstandane som kanskje er nærare kjerneoppgåvene til biblioteket, som kunst, musikkinstrument og endåtil frø, i mindre grad verkar å vere særskilt kontroversielle, er det dei som ikkje nødvendigvis ser det som biblioteket si oppgåve å forsyne folk med verktøy og sportsutstyr.

Argumentet om at ein må utvide ideen om biblioteket for å holde seg relevant og å lokke folk har blitt brukt for det meste av dei nye aktivitetane biblioteka har starta med. Men blant tilhengarane er ikkje det det einaste. Både miljøomsynet med å bidra til mindre forbruk, å bidra i delingsøkonomien utover for litteraturen, å utjamne sosiale skilnader og å bidra til dekke behova i lokalsamfunnet blir tatt opp. 

Det viser også igjen i at det er til denne typen tiltak pengane til verktøy og andre ting kjem.

Eit viktig premiss for Kristensen er at det ikkje er biblioteket som sit att med rekninga for verktøyet. På biblioteket på Torshov er det bydelen som har betalt for det som eit utjamningstiltak, det einaste biblioteket må gjere, er å katalogisere gjenstandane, og å ekspedere utlånet.

– Eg har ikkje sett at det er nokre bibliotek som driv denne forma for utlån som har betalt for det sjølv, det ville nok vore litt rart. Her er dette ein del av eit reint utjamningstiltak frå bydelen si side, seier Kristensen.

 

Lavvo og bilsete

På Tana Bibliotek har dei heile 355 gjenstandar under kategorien «utstyr». Her finn ein piggdekk til sykkel, akebrett, lavvo, bilsete, flytevestar, kart, kajakkar og mykje meir. Det starta med at biblioteket søkte om og fekk barnefattigdomstilskot for ti år sidan, i dag er utlånet av utstyr ein stor del av biblioteket sitt arbeid. 

– Det er eit veldig populært tilbod, og folk er kjempepositive. Sidan alle låner desse tinga, kjennest det ikkje stigmatiserande. Folk låner av både økonomiske og miljømessige omsyn, seier biblioteksjef Ragnhild Måsø.

Ho seier Tana bibliotek var dei fyrste i Noreg til å starte med denne typen utlån, og dei måtte gjere ein del nybrottsarbeid med katalogisering og logistikk. I 2018 hadde dei over 1000 utlån av utstyr, ein stor del av totalen til biblioteket.

Samstundes fortel Måsø at det er mykje arbeid med eit så stort tilbod.

– Eg forstår kritikken mot at bibliotekarar må bruke så mykje tid på det, i travle periodar som skisesong og slikt tek det mykje tid, seier ho.

Går det ut over den tradisjonelle drifta?

– Både ja og nei. Me må jobbe hardt for å oppretthalde begge deler, men det er verd det.

Samstundes er ho klar på at utlånet av skiutstyr og andre ting også har påverka bokutlånet positivt.

– Heilt klart. Folk kjem for å låne eit par ski, og går herifrå med ei bok i tillegg, nokre gongar tek dei boka i staden for, seier Måsø.

 

Nytt syn på biblioteket

På biblioteket på Moholt i Trondheim, starta dei verktøybibliotek for halvanna år sidan.

– Det er veldig populært, og no er det også etablert verktøybibliotek på Byåsen for å dekke ein større del av byen, seier avdelingsleiar Lars Danielsen. I Trondheim er tilbodet initiert og betalt for av miljøeininga i kommunen, medan biblioteket har ansvaret for gjennomføringa. Danielsen understreka at tilbodet ikkje kjennes pådytta.

– Me tok imot med opne armar. Oppgåvene til biblioteka er i endring, og me ynskjer å vere ein del av delingskulturen. Å låne ut meir enn direkte kunnskap, og å ta styringa over forbrukskulturen er noko me også må ta inn over oss. Det kan kanskje verke politisk, men dette er ein del av det biblioteket alltid har drive med, seier han. 

Han trur verktøytilbodet har gjort at folk ser på biblioteka med nye auge.

– Me får nye brukarar gjennom dette tilbodet, og eg trur det har gjort at folk har forandra syn på biblioteket, det er lite negativt å seie om dette slik eg ser det, seier Danielsen.

 

Internasjonal trend

Å utvide nedslagsfeltet til biblioteka er ikkje noko som skjer berre her heime. Ser me til dømes til USA, har biblioteket i Berkeley (California) lånt ut verktøy sidan 1979. Verktøybiblioteket vart starta ved hjelp av eit fond for nabolagsutvikling i området, og var i byrjinga gratis for dei med låg inntekt, medan andre måtte betale ei lita avgift for låna sine. I dag er det gratis for alle som bur i Berkeley. Leiar ved biblioteket, Dan Beringhele, seier biblioteket vart starta for å svare til behov i Berkeley som biblioteket sto i ein unik posisjon til å dekke, då dei hadde den naudsynte infrastrukturen til det. I tillegg til at det er ein naturleg del av dei verdiane som er viktige der. 

– Verktøybiblioteket reflekterer lokalsamfunnet vårt, folk i Berkeley er veldig opptekne av miljøet. Biblioteket har ei unik stilling her, og fleire bibliotek i området rundt Berkeley har starta opp liknande tenester, seier han. 

Han peikar også på at medan resten av bibliotekstenesta i stor grad vert meir og meir digital, fortset verktøyavdelinga å vere analog og handfast. Og medan Karlseth sitt argument er at denne typen utlån bidrar til at bibliotekaren i større grad vert sett på som ein utlånsassistent utan større funksjon, seier biblioteksjefen ved Berkeley at dei ser det som ein måte å utvide forståinga av biblioteket og bibliotekarrolla til å handle meir om å vere ein samfunnsressurs.

I eit intervju med nettstaden Fast Company, seier direktør ved biblioteket i Ann Arbour i USA, som låner ut alt frå teleskop til verktøy til metalldetektorar, at ein berre kan sjå på dette som nytt om ein har eit veldig snevert syn på biblioteka. Han peikar på at rolla som magasin for sjeldne bøker er utdatert, og at ein må sjå til samfunnet for å vete kva som trengs. Han har også tre kriterium for kva gjenstandar som er aktuelle for biblioteket å ta inn: 

Dei er dyrare enn eit impulskjøp.

Du kan få brukt dei effektivt på sju dagar.

Du treng dei ikkje ofte.

 

Skapar kontakt

– Det er ei generell utvikling at ein skal kunne låne i staden for å kjøpe, seier fyrsteamanuensis på OsloMet og fyrstebibliotekar på Venskapeleg høgskule, Sunniva Evjen.

Ho viser til Tingenes bibliotek på Nesodden som eit eksempel. Der har ein gjennom eit non-profit-initiativ etablert eit utlånsbibliotek for alt frå bestikk til brettspel. Men Evjen er usikker på om det er biblioteka si oppgåve å drive med det same.

– Eg vil ikkje svare ja eller nei, men det kan ha konsekvensar. Dei positive er nye besøkande og at ein er med på å løyse eit praktisk problem i samfunnet. Samstundes må ein spørje seg kvifor ein skal gjere dette, seier ho. 

Sjølv om ho ikkje vil sei kategorisk nei til denne typen initiativ, er ho opptatt av at biblioteka må prioritere ressursane sine riktig.

– I samarbeid kan dette vere greitt, men ein må vete kva ein gjer, og det må vere i ei forlenging av ein kunnskapssituasjon, seier ho.

Ho peikar også på at sjølv om me er i ei tid då biblioteka søker mykje utover, kan verktøyutlån og anna føre til ei større identitetskrise for dei.

– Skal dei gjere dette, må det vere ut ifrå eit behov eller eit ynskje frå biblioteka sjølve. Deichman knyter det til dømes direkte til sin eigen strategi om at dei vil vere ein stad for kunnskap på ulike plan. Ein må tenke gjennom kvifor ein gjer det.

Professor emerita på OsloMet, Svanhild Aabø er hakket meir positivt.

– Eg syns det meste av desse tilboda er godt innanfor oppdraget til biblioteka. Det synes å ha auka interessa for biblioteka, og tenker ein i eit bærekraftsperspektiv er det fint at biblioteka kan bidra. Det bør alle offentlege institusjonar gjere, seier ho.

Ho peiker på eksempel som at utlån av elektronikk kan bidra til opplæring i det for til dømes eldre, og til frøbiblioteket på Torshov – som gjennom dugnadsarbeidet med frøutlånet har skapt ein sosial møteplass. Men også ho understrekar at dette er tilbod som ikkje må gå ut over kjerneaktiviteten til biblioteket.

– Spørsmålet om ressursbruken kompliserer saka. Ein bør undersøke grundigare korleis dette verkar, og om det konkurrerer med tilbodet som har med bøkene å gjere, seier Aabø.

 

Rekrutteringstiltak

Biblioteksjef ved Deichman, Knut Skansen, er ikkje overtydd om at biblioteka skal drive utlån av ting som verktøy og anna utstyr. Til tross for at han er leiar for fleire biblioteksfilialar som gjer akkurat det. 

– Eg er opptatt av at oppdraget vårt er knytt til litteratur, kunnskap og opplysing. Difor er eg litt skeptisk når ein startar med å låne ut andre ting, og eg meiner det ligg utanfor oppdraget. Samstundes kan ein nokre gongar gjere ein vri på ting om det betyr at ein får tak i brukarar som ein vanlegvis ikkje når. Me skal og bør utforske moglegheitene til å komme i kontakt med målgruppa vår, til dømes unge menn. Då kan kanskje verktøy, som på Torshov, eller ein sykkelverkstad, som me har på Holmlia, vere ei moglegheit. 

Han er tydeleg på at dette er noko han ser på som eit rekrutteringsverktøy, og syns ikkje til dømes verktøyutlån har ein eigenverdi for biblioteket. 

– Forskriftene våre har aldri bedt oss låne ut hageutstyr og andre liknande ting, då står me i fare for å vatne ut bibliotekskonseptet. Me skal ikkje vere ein utlånssentral, kva blir då det neste etter drill og skrumaskin, spør Skansen.

Verktøyutlån på Torshov og Grünerløkka er eit prøveprosjekt som ein må sjå an etter kvart, og om dei kan skape eit fellesskap og har meirverdi lokalt er det bra, meiner han.

– Men det kan ikkje vere eit mål at ein skal kunne gå inn på biblioteket og hente seg ein drill, for så å gå heim igjen.

Likevel er han open for at det kan ligge meir i det enn som så.

– Er perspektivet delekultur og frivilligheit, kan dette henge saman med kunnskapsutvikling og bærekraft. Då er drillen eit symbol, og aktivitetar rundt kan vere ein del av mandatet vårt. Handlar det berre om å vere ein del av delingsøkonomien, kan kven som helst andre gjere det, seier han. 

 

Ikkje uroa

Spør me nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre, som jo sit i toppen av det som er det statlege utviklingsorganet for biblioteksektoren, er ikkje han veldig uroa for biblioteka si framtid sjølv om dei vel å låne ut verktøy og andre utradisjonelle biblioteksgjenstandar. 

– Eg trur ikkje den typen aktivitet står i vegen for noko. Me kan heller snakkast den dagen ein får drill og ski, men ikkje kunnskap om litteratur, men det trur eg nok ikkje vil skje, seier han.

Men er det ein del av samfunnsoppdraget til biblioteka å drive med dette?

– Det er feil spørsmål, spør heller om det er noko dei ikkje skal drive med. Det er det ikkje grunn til å sei, så lenge dei ser ei meining med det. 

Myhre ser trenden som ein del av biblioteka si utvikling mot å vere meir ein møtestad og å trekke nye folk, og er klar på at den typen eksperimentering er ein del av sjølvstyret deira. 

– Dette er innanfor handlingsrommet deira, og biblioteka finn sjølve ut kva som funkar for dei. Digitale verktøy og makerspace er kanskje meir brennande, då biblioteket alltid handlar om tilgang til kunnskap. Slik det var då me diskuterte om ein skulle kunne låne tilgang til internett på biblioteket då det var noko ikkje alle hadde.

Kan ein lure på om biblioteka har for mykje tid eller ressursar når dei brukar det på verktøy og sportsutstyr?

– Eg trur ikkje nokon uroar seg over om dei har for mykje. Biblioteka opplever eit enormt trøkk med meir fokus på å vere ein møteplass og ein arena for hendingar, og publikumstala og kompetansen aukar. Nokre bibliotek eksperimenterer med denne typen utlån, men det blir uansett ikkje ei kjerneoppgåve. Dersom bokbudsjettet går til drillar, er det ein annan situasjon. 

 

Også verktøy

Sissel Brit Ranneklev på Deichman Torshov har ingen problem med at biblioteket tek på seg nye oppgåver.

– Biblioteket har utvikla seg langt frå det stille rommet med bøker det var då eg var lita. No får ein hjelp til å låne film, lydbøker og andre ting, og dei har ei rekke tilbod i tillegg til å vere ein stad ein kan komme for å finne selskap. Det er fantastisk at dei utvidar horisonten, seier ho på veg ut døra med boka i neven.

Seksjonssjef Stian Færden Kristensen er framleis nysgjerrig på kvar verktøyprosjektet vil føre, og er glad for mottakinga eksperimenteringa får.

– Bøker er jo også verktøy til kunnskap, seier han.

 

-- Av Maria Pile Svåsand, frilansjournalist