Ufullstendig om løyvingar til bibliotek

Ufullstendig om løyvingar til bibliotek

Det er framleis idretten og idrettsbygga og kulturbygg, og andre kulturaktivitetar, som stikk av med veksten i kulturmidlane. Slik har det vore på heile 2000-talet. På tide, snart, å gjere noko med dette, kanskje?

Svein Arne Tinnesand skriv dette i artikkelen «Nedgang eller oppgang?» i bibliotekutgiftene (nr 5/20): "I debatten etter Engerutvalgets utredning ble uttrykket systematisk underfinansiert og nedprioritert om folkebibliotekene gjentatt gang på gang. Denne ordsammensettingen forekommer ikke i utredningen, men dukket opp i etterkant." 

No har eg gjort det avdelingsdirektøren på Nasjonalbiblioteket ikkje har gidda gjere: eg har gått til kjelda, dvs. til rapporten "Kulturutredningen 2014". På side 310, kap. 15.5.1 Biblioteket, i den fyldige og grundige rapporten, les eg dette: "For det første er bibliotekene åpenbart systematisk underfinansiert og nedprioritert. Utvalget oppfatter situasjonen som bekymringsvekkende, gitt den kjerneoppgaven folkebibliotekene har som kulturell og kompetansegivende møteplass og kunnskaps- og kulturformidler for hele befolkningen."

Det Tinnesand skriv, stemmer altså ikkje. Han gjev lesarane av Bok og Bibliotek «fake news». Det er påfallande av ein avdelingsdirektør ved sjølvaste Nasjonalbiblioteket.

Elles er det Tinnesand skriv i artikkelen sin, heilt ufullstendig. Han ser BERRE på bibliotekutgiftene, ikkje på korleis bibliotekutgiftene utgjer ein STADIG synkande prosentdel av dei kommunale driftsutgiftene til kultur. Prosentdelen var i 2010 14,5 pst. I 2019 var den gått til 11,8 pst. Prosentdelen var stabil i åra 2010-12 (14,5 pst.). I perioden 2013-19 har prosentdelen gått ned kvart einaste år. Men det er rett at det i perioden 2010 til 2019 var ein realvekst i dei kommunale bibliotekutgiftene, med 11 pst. Det hjelper lite når realveksten i dei samla kommunale netto driftsutgiftene til kultur var heile 37 pst. Det er framleis idretten og idrettsbygga og kulturbygg/andre kulturaktivitetar som stikk av med veksten i kulturmidlane. Slik har det vore på heile 2000-talet. På tide, snart, å gjere noko med dette, kanskje?

- Georg Arnestad, kulturforsker og skribent, tidligere leder for forskning og utvikling og avdelingsdirektør ved Høgskulen i Sogn og Fjordane

- - - - -

Tidligere artikler i debatten:

Svein Arne Tinnesand: "Nedgang eller oppgang?"

Ola Eiksund: Det er nedgang!!