BØYSOMT - Møte med omsetjar Stian Omland

BØYSOMT - Møte med omsetjar Stian Omland

«Har du eit ord til tombolaen?», var meldinga som tikka inn frå Tove Bakke seinhaustes. Ho skulle arrangere ordtombola på Litteraturhuset. Premiane var rykande ferske ord og uttrykk. Hovudpremien var eit foredrag med ein omsetjar sponsa av Norsk Oversetterforening. Pengane frå Tombolaen skulle gå til Norsk PEN. Eg gav henne «bøysomt». Bøysomt er eit nyord konstruert av niesa mi, då ho var 4-5 år gamal og stod i potetåkeren. «Å, dette var bøysomt,» uttrykte ho plutseleg. Eit genialt nyord sett saman av «å bøye seg» og «slitsamt». Eg syns det er eit godt ord, det hender eg bruker det då eg synst det dekker nyansar som andre ord ikkje har. Hovudpremien blei haldt på Tøyen bibliotek. «Faen ta John Green» har Stian Omland kalla foredraget sitt.

 

– Det er første gong eg er tombolagevinst, opnar Stian Omland.

– Omsetjarens arbeid er å finna ut av mange små byggesteinar og bygga dei til ei heilheit. Noko som kan verka tilsynelatande lett, kan vera utruleg vanskeleg, seier Stian Omland frå scena.

Han viser oss eit eksempel som han ikkje er nøgd med i ettertid. 

– Konteksten i The Fault in Our Stars er ein samtale mellom hovudpersonen Hazel og kjærasten Gus. «Okay will be our always. Okay? Okay.» Okay er tricky fordi det er ei lånord til norsk språk. Eg strevde lenge her, kva skulle eg velja? Det er dialog, så eg står meir fritt. Okay? Ok? Okei? Kei? Eg gjekk for «javel.» Og eg blei nærmast drepen for det. Kommentarfelta på ymse bloggar kokte. Som omsetjar prøver eg så sant eg kan å finna norske ord som samsvarer med dei engelske. Eg prøver å finna noko som fungerer ut frå konteksten. I ettertid ser eg sjølvsagt at det vart feil val. Men dette var før filmen og før nett denne setninga hadde blitt teken ut av kontekst og framheva gjennom ulike salsprodukt og filmplakatar. 

– Kor lang tid tek det å setje om ei sånn bok, spør ei jente i salen då foredraget er ferdig. Det viser seg at ho tek master i omsetjing og er interessert i å sjå om dette kan vere noko for henne.

– Eg er glad du spør slik «ei sånn bok», svarar Omland, -For det varierer. Vanlegvis bruker eg 1-2 månadar. Men til dømes En overflod av Katheriner av John Green tok over tre månadar. Då eg omsette Skyatlas av David Mitchell nytta eg over 8 månadar. The Fault in Our Stars bruka eg i underkant av 2 månadar på. Diverre tok det mykje lenger tid før eg fann den rette tittelen, seier Stian Omland ettertenksamt.

Faen ta skjebnen var tittelen forlaget valte, ein tittel Omland ikkje synst held mål.

– Det er sagt at John Green likte tittelen. Men «Fuck destiny» er ikkje det same som Faen ta skjebnen. Det ligg ein stad mellom «Fuck destiny» og «Damn destiny». Eg meiner vektinga blir feil her.

Etter ei tid kom Omland opp med ein betre tittel enn Faen ta skjebnen. Han fekk til og med forlaget med på å endre tittel og planane var klare for nytt opplag med ny tittel. Einaste problemet var at boka selde svært godt. Ein av dei store bokhandlarkjedene sette foten ned. Du køddar nemleg ikkje med noko som sel.

– Eg klandrar meg sjølv for at eg ikkje tenkte på utrykket «Det står skrive i stjernene» tidlegare. Ut frå det utrykket er det lett å koma fram til det eg meiner ville vore ein god norsk tittel på boka: «Skrivefeil i stjernene».

Publikum gispar lett. Det er ein slåande vakker tittel.

– No brukar eg alltid originaltittel når eg snakkar om boka. Særleg etter fleirfaldige møter med John Green-fans. Dei blir alltid litt imponerte då dei møter meg og skjønar eg har omsett Green, så går det eit par sekund og det dukkar opp ei rynke i panna deira, og dei seier «Men, den tittelen…» Dei som trur det er lett å finne ein god tittel, må tru om igjen, seier Omland med ettertrykk frå scena.

Stian Omland har omsett ei rekke bøker til norsk. Han har mellom anna omsett bøker av Becky Albertalli, Lawrence Hill, Aravind Adiga, Michelle Faber, Chad Harbach og Neil Gaiman. Omland fekk Bastianprisen i 2015 for «Mygglandet» av David Arnold. 

– Siste boka av John Green som du har omsett, Skillpadder hele veien ned, fekk ei lang melding i NRK. Men kritikar Anne-Cathrine Straume har eit par små innvendingar. Mellom anna skriv ho at Greens karakterar er «velartikulerte og over gjennomsnittet reflekterte». Du får særleg skryt for dialogen, men Straume lurer på kvifor du nyttar «håndrens» framfor «antibac». Er det slike helsingar de som omsetjarar kan håpa på, spør eg Omland etter foredraget.

 

54-KarevikBoysomtliteBylineStianOmland HEILHEIT. - Omsetjarens arbeid er å finna ut av mange små byggesteinar og bygga dei til ei heilheit. Foto: Merete Berg Toreg

– Det er fint at meldarar pukkar på språklege ting om det er ting å pukka på. Eg er ikkje einig med Straume i det med «antibac». «Antibac» er eit merkenamn, det er til dømes ikkje slik at all såpe er «Lano». Eg må dessutan ta omsyn til at boka utspelar seg i USA, med andre merkenamn. Som omsetjar er mitt minstekrav til dei som melder bøker at dei tek med namn på omsetjar. Om dei kommenter opp mot originalutgåve er det fabelaktig, men eg skjønar at kritikarens tid også er avgrensa. Når det gjeld det med språket i John Greens bøker så er det som er vanskeleg i originalteksten, det som er komplisert å omsetje. Eg tenkjer at karakterane i Greens bøker lev i eit realistisk univers, men dei har ei superkraft og det er nettopp språket.

 

– Men når du sit fast, og treng å finna ut av eit ord, då kan du vel gjerne ikkje kontakta John Green?

– Nei, eg kan ikkje kontakta John Green, men ofte kan eg det med andre. Eg har alltid omsett forfattarar som er i live, og det er ein enorm ressurs å kunne konferera med dei. Eg hadde veldig mykje kontakt med David Mitchell då eg sette om Skyatlas og med David så har kontakten vår gått over i eit venskap. Når det gjeld John Green så har eg ein agent eg kan kontakta. Greia er at me omsetjarar ser ting som ingen andre ser, me oppdagar til dømes kontinuitetsfeil i teksten. Det kan vere eldre versjonar av manus som skin over i endeleg manus. Eigentleg burde alle bøker vore omsett før dei blei utgitt, då ville ein rydda bort ein del feil som ikkje skal vera der.

– Er det du sjølv som vel kva du skal omsetja?

– Nei, det er ikkje slik det fungerer. Som oftast er det forlaga som kjøper rettighetar og så vurderer dei kven som vil passa til jobben. Men det finst eit unnatak der eg fann fram til ein forfattar. For nokre år sidan var eg på eit USA-besøk saman med familien. Me hadde vore i California med forfattar Don Winslow og også ein dag i L.A. kor Michael Connelly sine bøker, som eg har omsett, utspeler seg. Det var spesielt å vandre omkring på stadar eg kjende igjen frå arbeidet mitt. Etter dette gjekk turen vidare til Kansas City i Missouri. Eg spurte verten vår om han hadde tips til ein lokal boksjappe og fekk anbefalt butikken «I love a mystery». Der spurte eg om dei hadde nokre lokale forfattarar som var gode. Dei fortalte at Gillian Flynn haldt på å gjere det stort. Eg las henne og synst ho var veldig god. Då eg kom tilbake til Norge tipsa eg Font forlag som sa: «Fantastisk! Me tek henne». Og trass i at eg ikkje hadde nokre planar om at USA-turen skulle resultere i ei omsetjing, så blei det slik. Gillian Flynn har vore ein av dei verkeleg store salssuksessane i omsett krim her til lands. Og Gillian er ei av dei eg kan kontakta om eg sit fast med eit kvart.

– Er det sånn at du skriv boka når du arbeider?

– Både ja og nei. Det er ikkje så stor forskjell som ein skulle tru, sjølv om eg har originalteksten som referansepunkt, er det eg som gir teksten norsk språk. Kollega Merete Alfsen seier det godt, ho seier: «Vi må bokse i deres vektklasse». Dette stemmer. Det betyr at eg somme tider må strekka meg, at eg må ta meg sjølv i nakkeskinnet og eg må vere heilt med. Eg må finna tonen, stilen i boka, slik at eg kan gjera gode val på avsnitt, setnings- og ordnivå. Det handlar på eit vis om å bli eitt med teksten. Og, eg må boksa i forfattarens vektklasse, noko anna vil vera å vedkjenna nederlag. 

– Korleis er det å forhalda seg til så mange val du som omsetjar til ei kvar tid møter? 

– Det blei gjort ei vitskapeleg undersøking for nokre år sidan som viste at omsetjarar gjer ei sjokkerande høg mengde val i løpet ein dag. Eg vart ikkje overraska over dette, men forstår betre kvifor eg er så sliten etter ei intens arbeidsøkt. Greia er at det ofte er mange gode løysingar på same problem. Det er ikkje sånn at det er ei god løysing, og hundre dårlege. Det er mange brukbare. Og nett det gjer det utfordrande. Vala handlar for meg om å spisse forståinga for verket, kome inn i flyten slik at eg kan gjera gode val heilt ned på minste ordnivå. Og så handlar det om avstand. Eit klassisk problem for oss omsetjarar er at me har nasa for tett i originalspråket. «Falske venner», ord som ser ut som det same, men ikkje er det. Eller når eg sett om frå engelsk hender det at eg legg meg for tett opp til engelsk ordstilling, slik at det nesten blir rett, men ikkje heilt.

– Les du teksten høgt for deg sjølv?

– Eg har kollegaer som gjer det, men eg lurer meg sjølv om eg les høgt. Eg gjorde det ein gong, og syns det såg ganske bra ut. Men eg har aldri verken før eller seinare fått tilbake eit manus med så mange kommentarar og ting eg måtte retta opp i.

– Ein kan kanskje seie at omsetjarens ideal har endra seg med åra. Før stod gjendiktaren eller omsetjaren friare i forhold til originalteksten, no verkar det som om originalteksten har blitt mykje viktigare?

– Det blei gjort eit interessant funn då Hemingway blei omsett på ny for ein del år tilbake. Her i landet har Hemingway vore kjent for den korthogde, nærmast sagaliknande stilen. Då bøkene kom på ny viste det seg at dette fenomenet var mykje meir utprega i den gamle utgåva. Her må tidlegare omsetjar ha teke tak i noko og dyrka det vidare. Slik er det ikkje no. Som alt anna har omsetjing si historie. Min lojalitetsstige er: originaltekst, forfattar, den norske lesaren, forlaget. I den rekkefølga. 

– Du er involvert i «Future Library»-prosjektet. Kan du fortelja litt om det? 

– Eg har blitt ein slags husomsetjar for «Future Library». Det er eit fantastisk prosjekt av kunstnaren Katie Paterson. I 2014 blei det planta 1000 grantre i Oslo. Desse grantrea skal stå i 100 år. For kvart år skal det leverast ein ny tekst av ein forfattar. Om 100 år skal granene hoggast og tekstane trykkast på papir frå trea. Tekstane har aldri vore lese av andre enn forfattaren sjølv. Dei skal oppbevarast i eit stillerom i øvste etasje på det nye hovudbiblioteket i Bjørvika. Skuffene med innhald lyser, og for kvart år vil ei ny skuffe lysa opp. Eg synst det heile er fabelaktig. Det ligg ein grunnleggande påstand der, eit håp og ei tru: Mennesket finst om 100 år, det er liv på jorda i 2114. Mennesket er framleis interessert i å lesa bøker på papir. Kva om nokon hadde kome på denne ideen for 100 år sidan? Då kunne me hatt nye tekstar av Undset, Hamsun, Hemingway, Greene og andre no, avsluttar Stian Omland.