Mellom vitskap og spekulasjon

Mellom vitskap og spekulasjon
Professor Dag O. Hessen er det som med eit gamalgresk ord heiter eklektikar, ein som vel ut ting, som driv med stilblanding.

Han lagar medvite eller umedvite ein mikstur av likt og ulikt frå ulike tenkemåtar og fagområde, utan indre logisk samanheng. Litt biologi, ein del filosofisk spekulasjon, idéhistorie og media-oppslag i ei brokete blanding.

 

Undertittelen på Dag O. Hessens bok Vi – Samarbeid – fra celle til samfunn er karakteristisk for biologismen si tru på at det eksisterer ein nær, umiddelbar samanheng mellom biologi og sosiale og politiske fenomen. Vel finst det tankeretningar som undervurderer den biologiske dimensjonen ved menneskenaturen, så som eksistensialismen og postmodernismens patent «sosial konstruksjon». Men vår tid er prega av ein kraftig naturalistisk tendens til å privilegere biologiske årsaksforklaringar i ein urimeleg grad. Dette gjeld både evolusjonspsykologien, som til og med enkelte litteraturforskarar har kasta seg på, og den nymotens hjernefilosofien, som gjerne trur at den kan forklare menneskeleg åtferd og sosiale fenomen ut frå korleis hjernen er bygd opp.

Vi--Samarbeid--fra-celle-til-samfunn Dag O. Hessen: Vi Samarbeid - frå celle til samfunn. Cappelen Damm 2017, 262 s.Dag O. Hessen er av yrke biolog og høgt renommert, og for ein biologisk analfabet som underteikna er han interessant å lese, og han er ein driven og språkleg sett framifrå skribent. I ei tidlegare bok, gitt ut i samarbeid med Thomas Hylland Eriksen, Egoisme, skriv han eksempelvis mønstergyldig om interne forhold i sjimpansegrupper og korleis desse kan endrast ved konfliktar med andre grupper. Hovudproblemet i Vi er at han ut frå ein hovudsakleg naturvitskapleg innstilling tar opp ei svær mengd emne innan moderne samfunnsliv, også økonomi og politikk, utan å ha relevant fagleg-metodologisk basis. Nær sagt alt muleg er med: Rykte og sosiale sanksjonar, politi og domstolsapparat, finansielle strukturar, dødsstraff, hovudjegerar på Borneo, Ayn Rand og Brochmann-utvalet. Resultatet blir uunngåeleg vilkårleg, mangt eit resonnement går over stokk og stein.

Dette inneber ikkje at Hessen i utgangspunktet stiller på lag med dogmatisk og doktrinær biologisme. Han slår fast at mennesket er den einaste dyrearten med normativ moral og han åtvarar mot antropomorfisering (menneskeleggjering) av naturhistoria. Han seier til dømes (s. 54) om forholdet mellom sjimpansar, bonoboar (dvergsjimpansar) og menneske at dei skilde lag «for 5-7 millioner år siden, og vi stammer dermed ikke fra en av disse to artene, men fra en felles stamfar for alle tre som ikke lenger eksisterer.» Men berre 14 sider seinare (s. 68) åtvarar han mot «en forestilling om at det egentlig er ganske fundamentale forskjeller mellom oss og de andre», dvs. andre dyr. Og grunngjevinga er drastisk, naturvitskapleg og biologistisk: «Ikke bare er aper nære slektninger som deler en overveldende andel av sin genetiske bagasje med oss, hjernen deres er også anatomisk sett temmelig lik vår, og mye av vår grunnleggende atferd er knyttet til varianter av signalstoffer i hjernen som man kan finne igjen i hele dyreriket, ..», i alle fall hos ryggstrengsdyr, presiserer Hessen.

 

I motsetning til det biologen lét til å tru, lar det seg ikkje gjere å definere menneskenaturen på denne måten. Den biologiske skilnaden mellom menneske og andre dyr er langt større enn Hessens apeanalogiar vil ha det til. Kanskje kan ein ape skape noko som liknar eit smil eller ein latter, men kan han gråte og felle tårer? Eller føre ein samtale? Kommunikasjon er det flust av overalt i naturen, men signalsystem av lydar og kroppsgestar er noko kvalitativt anna enn menneskeskapt begrepsspråk.

Som både biologar og antropologar flest overser Hessen det mest særmerkte ved homo sapiens: det menneskelege arbeidet. Ikkje ein gong den mest utvikla sjimpansen kan planlegge å bygge hus eller hytte, eller dra på reise, om eit år. Den menneskelege arbeidaren har derimot evne til å førestille seg ideelt ein ny bustad eller eit gjeremål i hovudet før vedkomande realiserer ideen, og utviklinga av meir eller mindre avanserte reiskapar er ein konsekvens av denne grunnleggande teleologiske, føremålsretta evna. At Hessen heller ikkje finn det relevant å peike på at utviklinga av ulike kunstartar oppstod tidleg i menneskesamfunna (maleri, musikk, forteljing, dans etc.) understrekar berre den reduksjonismen som gjerne skjer når naturvitskapsmenn opptrer på humaniora sine jaktmarker. Ein av syndarane i så måte er også den nyleg avlidne Stephen Hawking, som trur at mekanisk-materialistisk teori også gjeld for tankelivet.

Det kan her vere på sin plass med ein kort repetisjon av NRKs og Harald Eias hjernevask for nokre år sidan: Problemstillinga her var om menneskeleg åtferd kan forklarast ut frå arv – «født sånn» – eller ut frå miljø. Hessens standpunkt er at miljøet bestemmer. Men begge alternativa kviler på den naturalistiske, reduksjonistiske dogmatikken: at mennesket einsidig er produkt, og ikkje også subjekt. I staden for å søke hjelp hos subjektfilosofane (Kant, Hegel, Marx) kan vi nøye oss med nokre linjer i dramaet Antigone (422 fvt.) av Sofokles. Her konstaterer koret:

Jorda er rik på underverk,/Mennesket sjølv er det største under,/Ut over blåmyra modig og sterk/Styrer mannen i uvers dunder,/Bryter seg veg gjennom brota frelst,/Rid på den brusande båra. /(…) Einast mot Døden han kjem i beit, …[1]

Det gode og det vonde. På det allmennmenneskelege planet i boka går det rimelegvis føre seg ein kamp mellom godt og vondt. Det gode er i så måte her gitt ein langt sterkare maktposisjon enn det har i mange andre, meir misantropiske (menneskefiendtlege) moderne skrifter. «Vi er bedre enn vårt rykte», seier Hessen, dessverre utan å presisere kva dette ryktet går ut på. 

Bokas perspektiv er at det djupast sett er naturkrefter det her dreiar seg om. Biologien har ifølgje Hessen «et grunnleggende godt budskap på menneskehetens vegne.» Han distanserer seg både frå vanlege utleggingar av Darwin, men også frå den britiske biologen Richard Dawkins, som vil ha det til at mennesket er «determinert egoistisk». Mot dette synet drar Hessen mellom andre fram grunnleggaren av den såkalla positivismen, franskmannen Auguste Comte (1798-1857),[2]som hevda at altruistiske kjensler er medfødde, og at det i menneskenaturen går føre seg ein kamp mellom egoisme og altruisme «i ulike hjerneavsnitt», for å bruke Hessens formulering.

Men før Comte hadde motsetninga mellom godt og vondt, slik Hessen ser det, manifestert seg filosofihistorisk i to diamentralt ulike menneskesyn, i tenkinga til den engelske materialisten Thomas Hobbes (1588-1679) og den sveitsisk-fødde førromantikaren Jean-Jacques Rousseau (1712-1778). Sistnemnde hevda at menneskenaturen er god, mens Hobbes står for ein såkalla negativ antropologi (som Machiavelli), som hevdar at det må ein sterk stat til for å temje menneskeleg egoisme, aggresjon, kort sagt for å hindre «alles krig mot alle».[3]

For Hessen er essensen av den mangfaldige Rousseaus filosofi at «fellesskap lønner seg». Det gode kjem innanfrå, forsikrar han, og er dermed «en integrert del av vår natur og utvikling.» Summen av dette «er udiskutabelt en utvikling i en meir human retning.» I vårt indre rår den reine Torbjørn Egner-idyllen: «under overflaten er vi alle like.» Kva som skulle vere overflate, og kva djupstruktur hos ein kannibal, ein nazist eller ein jihadist, går han dessverre ikkje inn på. På botnen er vi visst alle liberale humanistar.

 

Som ofte elles er Hessens problem her at han ikkje er klar over at det han driv med her, er filosofisk spekulasjon og ikkje empirisk vitskap. Hessens kollega Kristian Gundersen har til dømes i eit intervju (mars 2018)[4]peikt på at ein slik evolusjonsteoretisk hypotese manglar eksperimentelt naturvitskapleg grunnlag. Det seier seg sjølv at om vi abstraherer frå alle ulikskapar mellom ulike menneskegrupper, blir likskapen einerådande.

Heller ikkje her fornektar biologisten seg. Hessen meiner å ha vitskapleg grunnlag for å slå fast at det finst ein sentral, «god» komponent i den menneskelege psykologien: empatien, evna til medkjensle (og som kvinnene visstnok har mest av). Men denne kjensla, saman med evna til sosialitet, er reint biologisk fundert, nærare bestemt på hormonane oxytocin og vasopressin, opplyser Hessen. Men dermed må han vel ha slutta seg til Dawkins’ determisme, utan å sjå at han motseier seg sjølv. Forsikringa om at mennesket er den einaste arten med ein normativ moral, kjem hermed i eit underleg lys. Korleis er utviklinga frå hormon til dydar som fridom, rettferd og likskap?

Om vi likevel skulle akseptere eit biologisk grunnlag for «det gode», må vi vel vente at spørsmålet om det vonde kunne få ei like bastant, hormonell avklaring. Men nei. Det vonde opptrer hos Hessen som egoisme, aggresjon og brutalitet, som urettferd og profittjag (eit uttrykk for «den dyriske menneskenaturen»), samt nepotisme, ein «slektskapsseleksjon med preferanse for ens egne». Men kva som skulle vere det biologiske grunnlaget for denne vondskapen, er eit spørsmål som ikkje ein gong blir stilt i Vi.

Grunnlaget for Hessens biologisk-baserte optimisme gjenspeglar seg i bokas undertittel, – Samarbeid fra celle til samarbeid. Samarbeidet høyrer i Hessens «system» til det gode. Men er samarbeid i alle menneskelege samanhengar av det gode? Også historiske, destruktive krefter samarbeider; ei gruppe som IS gjer også det, utan at resultatet har så mykje med det gode å gjere. Hitler og hans menn var vel i si tid i så måte heller ikkje talentlause?

 

Mangelen på systematisk samfunnsteori og historiekunnskap gir seg hos Hessen til tider merkelege utslag. Han noterer seg at etableringa av landbruket innebar ei dramatisk historisk omvelting av menneskelivet, så som arbeidsdeling, «hierarkiske strukturar» og danning av store kulturar. Interessant nok refererer han til historikaren Yuval Harari, som i Sapiens. En kort historie om menneskeheten (2014), på nærast sjokkerande vis karakteriserer landbruket som eit stort sjølvbedrag. Dette fordi det skapte ein fatal, irreversibel befolkningseksplosjon som medførte at maten per person blei knappare. I Hessens formulering graviterte dette systemet «mot noe større og raskere under kapitalens jernlov (mi uth.).» Men landbruket eksisterte da i tusenvis av år før kapitalens tid (som grovt sagt starta i renessansen), og kva denne jernlova går ut på, får ikkje lesaren vite. Og aller minst får vi vite om Hessen trur at utviklinga og omveltinga av ulike produksjonsmåtar og samfunnsstrukturar, så som slaveri, føydalisme og kapitalisme, er biologisk funderte eller ei.

Like klisjéaktig romantisk er karakteristikken av moderne landbruk. Det «ble industrialisert og avhumanisert, husdyrene ble taperne, og veksten fortsatte.» Skrekk og gru! Men kvifor skal reduksjonen av sveitte og slit og forkortinga av arbeidsdagen som traktorar og andre maskinar gjorde muleg, innebere ei avhumanisering? Og hadde dyra det betre i eit husmannsfjøs på 1800-talet enn ei moderne elektrifisert driftsbygning eller i eit fellesfjøs? Til Hessens forsvar kan det seiast at han ikkje er åleine blant norske akademikarar når det gjeld å halde i live gamle nasjonalromantiske førestillingar om det ideelle jordbruket.[5]

 

I skuggen av Pinker. Hessen er på grunnleggande vis på linje med den kanadisk-amerikanske evolusjonspsykologen Steven Pinker, sjølv om sistnemnde er meir opptatt av opplysingstradisjonen og er meir abstrakt fornuftdyrkande enn den norske støttespelaren. Pinker har i si siste bok, Enlightenment Now (2018) lagt fram omfattande statistisk materiale som skal vise at det i seinare tid er blitt mindre vald, krig og svolt i verda. Hessen formulerer konklusjonen i ordelag som liknar barnehagespråk: «Vi er blitt snillere med hverandre». Med eit litt uheldig val av årstal legg han til at denne tendensen har vore særleg sterk «etter 1940» (!).

Hovudproblemet med både Pinker og Hessen er at dei på spekulativt grunnlag gjer denne positive utviklinga til ein funksjon av menneskenaturen. Dermed står dei makteslause overfor det faktum at mengda av krig og svolt varierer sterkt med dei historiske epokane. Dersom dei hadde levd før første verdskrig og valt å studere epoken mellom 1870 og 1914, ville dei ha måtta trekke same konklusjon som dei gjer om vår tid: Stadig mindre krig og anna elende! Dette var ein relativt stabil og fredfylt epoke, utan krig mellom dei store nasjonane, slik tilfellet også har vore etter 1945. Vi får sjå kor lenge det varer.

Samtidig har etterkrigstida, spesielt etter 1968, utan tvil vore den mest liberale av alle epokar, med sine menneskerettar, toleranse for nasjonale, etniske og seksuelle minoritetar osv. Dessutan har det skjedd ein ekstrem vekst i industriell produktivkraft. Det er komplett fåfengt å tru at slike raske prosessar skulle ha noko med evolusjonen å gjere, som Hessen sjølvsagt veit er ei overmåte langsam affære. At det økonomiske framsteget, og ulikskapen mellom klassene, i dette tilfellet kanskje har noko med den konkurransedrivne kapitalismens natur å gjere, er ein utenkeleg tanke for Hessen. På den andre sida eksisterer det ennå i dag enkelte land som er økonomisk sett statiske. Korleis Hessen på sitt metodegrunnlag vil forklare dette, kan truleg berre gudane vite. Like store problem får han dersom han på fagleg vis skulle peike ut årsakene til at gammalt populistisk og fascistisk politisk grums i dag på nytt stikk hovudet fram.

 

Som tankeretning har biologismen eit vel fortent dårleg rykte. Den pseudo-biologiske nasjonalsosialistiske raselæra var nødvendigvis basert på ei biologisk menneskeoppfatning. Det finst ingenting av slikt hos Hessen, som ikkje er konsekvent biologist og liberal-demokratisk tvers gjennom. Han er også resolutt motstandar av kunstige, tekniske inngrep i den genetiske utviklinga. Teorien han støttar seg til, gjer det nemleg prinsipielt muleg å få fart på den hormonelle prosessen fram mot stadig meir av det gode, av altruisme og samarbeid! (Kanskje det i eit knipetak kan vere håp for oss likevel.)

Hessen er det som med eit gamalgresk ord heiter eklektikar, ein som vel ut ting, som driv med stilblanding. Han lagar medvite eller umedvite ein mikstur av likt og ulikt frå ulike tenkemåtar og fagområde, utan indre logisk samanheng. Litt biologi, ein del filosofisk spekulasjon, idéhistorie og media-oppslag i ei brokete blanding. Både Pinker og Hessen bør lytte til orda i Skrifta, som seier at du skal gi biologien det som høyrer biologien til, økonomien det som høyrer økonomien til, historia det som høyrer historia til, og så vidare. Kvart saksfelt har sin eigen logikk, og denne er gyldig berre for sitt avgrensa område. 

 

 

[1]   Sitert frå Greske tragediar(1964) s. 236, til norsk ved Eirik Vandvik.

 

[2]   Som filosofi er positivismen grunnleggande inspirert av naturvitskapen. I motsetning til den dialektiske tenkinga (Hegel, Marx) er det i positivismen berre snakk om ei kvantitativ forandring, i Comtes system skjer det ei gradvis utvikling mot større rasjonalitet, frå det religiøse, via det metafysiske til det vitskaplege, positive stadiet. Av denne grunn er positivismen også ein idealistisk filosofi.

 

[3]   Som mange andre mistyder Hessen Thomas Hobbes når han lét til å tru at «alles krig mot alle» i hovudverket Leviathaner ei skildring av ein faktisk, og ikkje ein tenkt samfunnstilstand.  «Alles krig mot alle» vil bryte ut om staten forsvann.

 

[4]   På nettstaden Resett. Intervjuar: Helge Lurås

 

[5]   Professor Norolv Veggeland skriv i Klassekampen 25.1. 2018 om at norsk landbruk generelt må vende seg bort frå «den industrielle logikken» og satse på småskala bruk som han trur er meir miljøvennlege.