Stemmer rundt eit bord

Stemmer rundt eit bord

Ein kveld forsvinn June Kashpaw. Eigentleg skulle ho heim til røtene, reservatet der ho vaks opp, men så droppa ho bussen då det kom ein mann i vegen. «Du må være annerledes» (Erdrich 1985: 11), seier ho til mannen som har servert henne øl og egg. Me skjønar snart at han ikkje er annleis, det skjønar June òg. Difor stikk ho av frå bilen midt på natta, til fots i snøen med lite kler og dårlege sko. Ho kjem aldri fram. For mange er dette ei gåte. Ingen kjenner skogen og veret betre enn henne. June vaks opp hos Onkel Eli, som sjølv har lært alt han kan frå naturen og skogen. Forteljinga om June er opninga av Louise Erdrichs Love Medicine eller Kjærlighetsmedisin. Trass i at June er ei av bipersonane og er mindre delaktig i forteljingane, er det henne eg ser klarast for meg i ettertid.

Denne artikkelen tek utgangspunkt i den reviderte amerikanske utgåva av boka frå 2009. Den norske utgåva Kjærlighetsmedisin er omsett av Isak Rogde og bygd på originalen som kom ut i 1984. Erdrich har gjort fleire signifikante endringar sidan førsteutgåva. I foreløpig siste versjon av boka finst mellom anna to historier som ikkje er med i den norske utgåva, medan andre historier er utvida. Kan hende er det på tide med ei revidert omsetjing av denne klassikaren?

Love Medicine har nemninga «novel» eller roman. Eg tenkte den like gjerne kunne vore kalla novellesamling, eg kjem tilbake til det. Boka er sett saman av ei rekke ulike forteljingar, sett frå ulike perspektiv, men med mange av dei same personane. Det finst eit person- og slektskart fremst i utgåva eg las, det kjem vel med, for her er det slik at alt heng saman med alt. Eg bit meg merke i Albertine Johnson, ei av forteljarstemmene. Ho gjer lite ut av seg sjølv, men er ein skarp observatør. Det er Albertine som gir meg dei beste bilda av June, tanta si. June er ei slik tante alle drøymer om. Tanta som fortel løyndommar og vaksenting som slett ikkje er høveleg for små barn. Ho som aldri har pengar, men likevel gir det vesle ho har så ungane kan kjøpa iskrem. Ho som luktar godt og alltid har ein tyggegummi på lur i lomma. Men også den vaksenpersonen Albertine Johnson etterkvart ser må lappa kleda sine saman med sikkerheitsnåler. 

Settinga er eit realistiske reservatsmiljø i Nord-Dakota og handlinga spenner frå 1934 fram til 1985. Ei rekke laust samanhengande hendingar vert fortalt av mange ulike forteljarar. Dei fleste forteljingane er fortalt frå eg-person, nokre få i tredje person. Ei av utfordringane med boka er å halda seg til alle dei ulike eg-forteljarane. Innimellom kan det ta tid å bli fortruleg med ei ny forteljarstemme. Enkelte av kapitla kan heilt sikkert fint lesast enkeltvis, som ei novelle. Det gjeld til dømes opningsforteljinga «The World’s Greatest Fisherman». Men litteraturforskar Juliet Wightman seier at å kalle det ei novellesamling er å misforstå bokas natur: «Som metalitterær fortelling bruker den historiefortelling både som struktur og tema». (Boxall: 2007: 752). Dette er presist observert av Wightham. Det er ikkje ei novellesamling, heller ein fleirstemmig roman. 

I lesinga av Love Medicine gjekk tankane mine til to andre forfattarar: Alice Munro og Toni Morrison. Erdrich liknar ikkje heilt på nokon av dei, men minner likevel litt om begge. Munros lange noveller eller «stories» er fantastiske, men handlar sjeldan om dei same personane. Handlinga er dessutan ofte svært subtil, det er veldig små ting som vender om på heile greia. Erdrichs forteljingar kan ha like kvardagslege inngangar som Munro, men vendingane er mykje heftigare. Det er rett og slett meir action. Toni Morrison tenkjer eg på fordi ho er ei enorm episk kraft og ho malar fram spennande og dramatiske forteljingar frå miljøet ho kjenner, svarte amerikanarar, slik Erdrich også bruker eige miljø, amerikanske urfolk, og grunnforteljingar. Men så liknar ho ikkje heilt på Morrison heller. For der Morrison bind alt saman i ei samanhengande forteljing, lar Erdrich oss kikke inn i forteljinga frå mange ulike kantar på ein gong. 

Noko av det Erdrich gjer aller best, er å skildre fellesskap kvinner imellom. Det som gjer mest inntrykk er dei overraskande alliansane som dukkar opp. Albertine Johnson vert til dømes god ven med den kvite, gravide, sure og overvektige Dot Adare. Dei to finn kvarandre i ein meir eller mindre meiningslaus jobb, kor dei veg lasta til køyretøy. Det hjelper sikkert litt at Dot Adare er forlova med småkriminelle Gerry Nanapush, ein halvegs slektning av Albertine, som stadig vekk klarer å rømma frå fengsel, men som ikkje er like god på å halda seg skjult frå politiet. Den mest overraskande alliansen er likevel den mellom Marie Kashpaw og svigermor hennar Rushes Bear. Marie Kashpaw er karakteren i boka eg er aller svakast for. Marie er ein «Survivor», ei som gjer det beste ut av alt. 14 år gamal rømmer ho frå klosteret, kor ho har vore utsett for utspekulerte torturmetodar frå ei vondsinna nonne. I flukta hoppar Marie Lazarre rett på Nector Kashpaw og nektar plent sleppa taket. Dei endar med å gifta seg, eller som det heiter i boka: «He went with that Lazarre girl» (Erdrich: 2009: 71). Rushes Bear har aldri respektert henne, sidan Marie kjem frå ein dårleg familie full av drankarar. Likevel er det hit Rushes Bear kjem mot slutten av livet og skapar trøbbel. Rushes Bear er krevjande, ikkje nøgd med noko og klagar så mykje at Marie bestemmer seg for å kasta henne ut. Det er vanskeleg å ikkje bli rørt av Rushes Bears svar: «Her voice came from a far place, very small and she said to me, – I have nowhere else to go» (2009: 97). Ho får lov å bli verande. Marie døyr nesten i ein fødsel, men Rushes Bear og ei naturmedisin-jordmor bergar henne. Då den slukøyra ektemannen prøver gjera opp for at han ikkje var der, nektar Rushes Bear å ta imot pengar frå sonen. «I’m you’re son» he said. «No more. I only have a daughter» (2009: 101).

Louise Erdrich forvaltar stoffet sitt med stor kjærleik og varme. Eg lyt tru på det. Karakterane trer fram og lev på eit vis vidare etter at boka er ferdiglesen. Eg trur det må vere fordi det kjennest autentisk. Det kjennest som å sitje rundt eit bord der fleire stemmer fortel ulike stykke frå ei meir eller mindre samanhengande og svært fargerik slektshistorie. Eg elskar å lytta til slike forteljingar. 

 

 

KJELDER:

Litteratur:

Erdrich, Louise (1985): Kjærlighets-medisin; oversatt av Isak Rogde. Oslo: Aschehoug.

Erdrich, Louise (2009): Love Medicine; newly revised edition. New York: Harper Perennial.

 

Sekundær litteratur

Boxall, Peter (red.) (2007): 1001 Bøker du må lese før du dør; oversatt av Kjell Olaf Jensen. Oslo: Orion.