Uro

Uro
DET KUNNE SKJEDD

Det kunne skjedd
det må ha skjedd
det skjer jo nu
et anna sted.
Det kan jo skje
en anna gang
litt lenger fra
litt nærmere.
(Kari Bremnes 2017)


Slik går dei første linjene i songen "Det kunne skjedd", opningssporet på plata Det vi har av Kari Bremnes. Eg kjem til å tenkja på dei etter å ha lese dystopien The handmaid's tale av Margaret Atwood. Det er suggererande lesnad og har blitt boka alle les no meir enn 30 år etter at den kom ut, mykje grunna tv-serien med Elisabeth Moss i hovudrolla. Merete Alfsen har levert ei fin omsetjing med tittel Tjenerinnens beretning.
Historia er fortalt frå Offreds synsvinkel. Ho er ein "survivor" eller rettare sagt, det er hennar mål å vere det. "Å tenke kan spolere sjanser, og jeg akter å klare meg" (Atwood: 1987:14). Offred vil leve fordi ho har ei dotter som ho veit lever, men som vart teken frå henne då dei prøvde å rømma landet. Offred hadde eit anna namn før, som ikkje lenger er lov å bruka. No er ho Offred - Freds eigedom. Ho er også ein lovforbrytar, ho har forbrote seg mot ein av mange nye lovar. Ho har vore gift med ein fråskilt mann. Barna er det nye gullet, det mest verdifulle av alt. Forureining og klimaproblem har gjort at fødselsratane har stupt. Det blir omtrent ikkje født barn lenger og dei som blir født er ofte ikkje velskapte. Dei fruktbare tjenerinnene er håpet. Det betyr ikkje at dei blir behandla bra. Dei står i ein krysseld av forventingar og det er dei som vert straffa om noko skulle skjera seg. 
Kvinnas stad er i heimen. Kvinner har ikkje lenger rettighetar. Dei får ikkje ha eigedom, dei har ikkje lov å jobba utanfor heimen og har naturleg nok ikkje lenger personleg økonomi. Tjenerinnas oppgåve er berre denne eine: dei skal føda barn. Tjenerinnene har blitt spart der andre kvinner har blitt sendt til koloniane kor ein sakte og smertefull død ventar dei gjennom å rydda opp i radioaktivt avfall og anna. 
Gilead er eit nytt samfunn. Det er ikkje USA, men det er plassert i delar av det som tidlegare var USA. Gilead vart til ved eit kupp der presidenten vart myrda og heile kongressen massakrert og grunnloven tilsidesett, foreløpig tilsidesett, sa dei. Endringane kom gradvis, så plutseleg. Gilead er no eit totalitært samfunn der leiarane i landet styrer etter såkalla tradisjonelle verdiar, men dei skrur det til slik det passar dei. Dei brukar Bibelen og for det meste Det gamle testamentet som ei slags rettesnor på det dei føretek seg, men dei kuttar ut det som ikkje passar for å oppnå makt. "Til lunsj var det Saligprisningene. Salig er ditt, salig er datt. De spilte dem av fra en plate, stemmen tilhørte en mann. Salige er de fattige i ånden, for himlenes rike er deres. Salige er de saktmodige. Salige er de tause. Jeg visste at de fant på det, jeg visste at det var feil, og de hoppet over ting også, men det lot seg ikke kontrollere. Salige er de som sørger, for de skal trøstes. Når var det ingen som sa" (Atwood: 1987: 86). Her skal ingen bli hovmodige, særleg ikkje tjenerinnene. Særleg oppheng har dei som styrer på forteljinga om Rakel som ikkje kunne få barn og ba Jakob gå inn til slavekvinna Bilah. Dette er inspirasjonen for den groteske "seremonien", der kona i huset, med høg status, held tjenerinna fast mens mannen i huset har sex med henne. Seremonien er regelmessig, på dei dagane tjenerinna har størst sjanse til å bli gravid. "Vanlig, sa Tante Lydia, er det man er vant til. Dette virker kanskje ikke vanlig nå, men etter en tid vil det gjøre det. Det vil bli vanlig" (Atwood: 1987: 40). Slike drypp kjem stadig vekk og viser den massive hjernevasken tjenerinnene konstant er utsett for.
Det ligg ei underliggande uro i boka The handmaid's tale. Det er som om språket sjølv rivnar. Det blir kutta opp og blir på eit vis rytmisk. Setningane i boka er ofte korte og ein får kjensla av at noko er utelete. Historia er ikkje fortalt rett fram, her er fleire tilbakeblikk og mange referansar til ting som har blitt sagt. Særleg går Tante Lydias utsegner igjen. Tante Lydia er ei av dei autoritære tantene som har fått "skikk" på tjenerinnene gjennom deira tid i Rødehuset, før dei har blitt plassert rundt om i familiar. Dialogen mellom karakterane er ofte innøvde, nærmast innhaldslause fraser om veret, om fruktbarheit, om Gud; "Blessed be the fruit" er helsingssvaret som alltid blir svart med "May the lord open" og den noko skremmande avskjedsfrasen "Under his eye" (Atwood: 2010). Språket er endra, for tida er endra. Dette er ikkje lenger ei tid for val. Vala er allereie lagt. Det er ikkje lenger behov for å tenkja. 
I ein passasje tidleg i boka blir Offred og kompanjongen Ofglen stoppa av eit reisefølge frå Japan. Dei er turistar og kledd slik. I korte skjørt, og med neglelakk. Eit sjokkerande syn for Offred og Ofglen no, sjølv om dei huskar den tida det var slik, det er ikkje så lenge sidan heller. Det berre kjennest veldig lenge sidan ut. No går dei tildekka, med venger framfor andletet, så dei ikkje skal sjå eller bli sett. Ein av mennene spør gjennom guiden om dei er lukkelege. "Ofglen sier ingenting. En taushet oppstår. Men noen ganger er det like farlig ikke å snakke. "Ja, svært lykkelige," mumler jeg. Noe må jeg si. Hva annet kan jeg si" (Atwood: 1987: 36). 
Margaret Atwood har skrive det ho kallar spekulativ fiksjon. I 1985 må det ha vore noko urealistisk å lese ei bok som har som utgangspunkt at både presidenten i USA vert myrda samstundes som kongressen vert massakrert og grunnloven tilsidesett . I 2018 kjennes det ikkje lenger like urealistisk. Det er kanskje det som svir mest med å lesa Atwoods bok. 


Kjelder
Atwood, Margaret (2010): The handmaid's tale. London: Vintage books.
Atwood, Margaret (1987): Tjenerinnens bereting; oversatt av Merete Alfsen. Oslo: Aschehoug.

Musikk:
Bremnes, Kari (2017): Det kunne skjedd: inspirert av et dikt av Wislawa Szymborska. Oslo. Månestein

 

Margaret Atwood. Foto: Vintage books.