Revolusjon i ”Kakepyntdepartementet”

Publisert Sist oppdatert

Eg trur Giske vil tene på å vere litt meir audmjuk både overfor Kulturrådet, Rådets medlemmer og dei mange som meiner at armlengdesprinsippet har vore eit svært tenleg styringsprinsipp i norsk kulturpolitikk i meir enn 40 år.

– Av Georg Arnestad, forskningsleder, Høgskolen i Sogn og Fjordane

Eg
trur Giske vil tene på å vere litt meir audmjuk både overfor Kulturrådet,
Rådets medlemmer og dei mange som meiner at armlengdesprinsippet har vore eit
svært tenleg styringsprinsipp i norsk kulturpolitikk i meir enn 40 år.

 

"Man kan mene mye om måten han (Trond
Giske) gjør det på, men han får kulturpolitikk til å bli viktig, og unngår å
fremstå som om han leder et kosedepartement. Det er verdifullt." Det er
artisten Haddy N’jie som formulerer seg slik i Morgenbladet 18. januar i år. Eg
trur den travle og dyktige norsk-gambiske artisten, som også har fått plass i
Løken-utvalet, uttrykkjer det mange i norsk kulturliv, ikkje minst i
musikklivet, har observert dei siste to åra: Vi har fått ein sterk
kulturminister med evne og vilje til meir makt og nye pengar.

Og er det
kanskje ikkje nettopp dette mange av oss lenge har etterlyst? For ikkje sidan
Hallvard Bakke sist på 1980-talet har Noreg hatt ein kulturminister som har
drive politikk. Borgarlege politikarar som Anne Enger Lahnstein, Åslaug Haga og
Valgjerd Svarstad Haugland valde seg alle det vesle og ubetydelege
Kulturdepartementet for at dei skulle få rikeleg med tid til å vere
partileiarar samstundes. Og Arbeidarpartiet har gitt Kulturdepartementet i gåve
til politisk urøynde og poserande kunstpersonligheiter som Åse Kleveland og
Ellen Horn. Kulturministrane Eleonore Bjartveit (KrF) og Turid Birkeland (AP)
er det knapt nokon som hugsar.

Knut Olav Åmås
"avslørte" sommaren 2005 i ein artikkel i Aftenposten det vi alle visste frå
før: I Kulturdepartementet er det byråkratane som bestemmer. Og han som siste
tiåret har hatt den verkelege politiske kulturmakta i Noreg, er
avdelingsdirektør i Kulturavdelinga, Stein Sægrov. Alle i den norske
museumsverda, og dei fleste i biblioteksektoren, veit kven denne dyktige
toppbyråkraten er. Utan Sægrov hadde det knapt vorte noka ABM-reform. Men han
står aldri offentleg fram. På nettet finn eg ikkje eit einaste bilde av mannen.

 

Trond og Bjartmar

"Kakepyntdepartementet" kalla Åmås
Kulturdepartementet. Kulturpolitikk er "meget billig symbolpolitikk". Sidan
Bjartmar Gjerde og Johs. Aanderaa på 1970-talet har ingen, med eit visst unntak
for Hallvard Bakke, gjort forsøk på å endre dette. Dette gjeld også Åse
Kleveland. Ho har, i alle fall på utsida, fått eit ufortent godt rykte som
kulturminister. Men (også) Kleveland var langt meir poserande enn
politiserande. Ho stanga mot byråkratiet i departementet, og, endå viktigare,
ho vart heile tida møtt med mistru frå mange i sitt eige parti. Derfor fekk
heller ikkje ho utretta stort i sine meir enn fem år som kulturminister. Berre
det delvis mislykka Norsk Form står igjen.

Det er annleis
med Trond Giske. Han er, som Bjartmar Gjerde i si tid var det, ein 100 pst.
allroundpolitikar. I Stoltenberg I-regjeringa styrte han eit stort og viktig
departement. Han er sjølvsagt ikkje tilfreds med symbolpolitikk og kakepynt.
Representasjonsoppdrag mislikar han visst. Men han elskar festivalar.

"Kulturrevolusjonen
er i gang. Men vi har bare sett begynnelsen på hva Trond Giske er i stand til,"
skreiv Yngve Kvistad i VG 1.12.2006. "Strengt tatt gjør Trond Giske bare det
flere av hans forgjengere skulle ønske de selv hadde gjort." Som Hallvard Bakke
sa det: Ein statsråd må styre frå dag éin, viss ikkje vert han sjølv styrt frå
dag to og resten av tida si som statsråd.

Og Giske tok
styringa med det same. Han aukar budsjetta. "Et paradigmeskifte i ressursbruken
til kultur," skryter han sjølv til Morgenbladet. Han skiftar ut folk i sentrale
styre og verv i kunst- og kulturlivet. Ein rett og ei plikt han har.
Kulturlova, som har vore omsnakka i 30 år og som ikkje minst
departementsbyråkratiet har motarbeidd, har kome på plass. Og no har han nemnt
opp eit eige AP-tungt utval, Løkenutvalet, som på rekordtid skal gjennomgå prinsipp,
arbeids- og ansvarsdeling for floraen av statlege tilskot på kulturområdet. Alt
1. februar kjem delutgreiinga om det rytmiske musikkfeltet. Resten av
kulturlivet lyt vente til 1 juni. I god NPM-ånd har forresten Statskonsult fått
sekretariatsansvaret. Den kulturpolitiske forskingsekspertisen duger ikkje.

 

Få kritiske merknader

Kulturlivet jublar, stort sett. Dei er
glade for auka budsjett og meir pengar. Og dei stadig fleire kunstnarane våre
helsar sjølvsagt byråkratireduserande tiltak velkomne. Ein smart miks av Giske.
Eller som det heiter i Morgenbladet: "Giskes millioner «smører» et kulturfelt som i øyeblikket granskes,
endevendes, evalueres og filleristes." Giske sjølv
formulerer det slik: "Hvis du
omorganiserer samtidig med at du sparer penger, kommer alle piggene ut hos
institusjonene – en helt naturlig reaksjon, selvfølgelig. Men nå kommer det
penger samtidig som man endrer – det gjør det utrolig mye lettere."

Dei kritiske
merknadene er få. Aftenposten er sjølvsagt bekymra. Det høyrer med. Og Giske
sjølv har, forståeleg nok, valt seg Aftenposten som organ for å kome med sine
kulturmeldingar til den kulturinteresserte norske offentligheten. Rett før jul
i fjor skreiv statsråden ein uklår kronikk der han særskilt prøvde å få fram at
tilskotsordningane som Norsk kulturråd forvaltar, er lite gjennomsiktlege, og
at statsbudsjettet er forma ut slik at det er vanskeleg å finne ut av kva
Kulturrådet brukar pengane sine til.

Giske synest
her heilt å gløyme at det er hans eigne byråkratar som skriv budsjettproposisjonen
for Kulturdepartementet. Giske vil at Kultur-Noreg må verte meir ope, og gi
Stortinget meir innflytelse. Vi må ta farvel med embetsmannsstaten også på
kulturfeltet (dvs. Kulturrådet ?), konkluderte han.

Det kom svar
frå direktør Bull i Kulturrådet, frå Ottar Grepstad (medlem av Rådet), Ola E Bø
(tidlegare medlem av Rådet) og frå byråd Henning Warloe (H) i Bergen. Sjølv
skreiv ein lett ironisk kronikk om saka i Bergens Tidende. Nettavisa Ballade.no
følgde opp med intervju av underteikna, Åse Kleveland og Giske sjølv. Og
Morgenbladet gav Giske og hans "metode" stor spalteplass.

 

Konspirasjonsteori

I Stortinget har det kome særs kritiske
merknader frå dei borgarlege opposisjonspartia. Dei skjønnar at stridens kjerne
er forholdet mellom Kulturdepartementet og Kulturrådet. I budsjettinnstillinga
for 2008 peikar kulturkomiteens medlemmer frå V, H og KrF på at det no skjer ei
sentralisering av makt til "politiske
organer, noe som er uheldig i forhold til behovet for et fritt og uavhengig
kulturliv." Dette er særs uheldig i ein periode der
dei statlege tilskota aukar.

Behovet for "en grunnleggende diskusjon om Norsk kulturråd" vert etterlyst. Medlemmene for dei tre partia finn det "påfallende at Regjeringen systematisk
undergraver Norsk kulturråds selvstendige stilling før Løken-utvalget har
avgitt sin innstilling." Dei krev at moglege endringar
i Kulturrådets stilling og status må kome til Stortinget som ei godt førebudd
og grunngjeven sak, "og ikke
kamufleres i en vanlig budsjettproposisjon."

"Konspirasjonsteori,"
seier Giske. For Kulturrådet har fått stor budsjettvekst under hans regime, og
det har ikkje skjedd noka maktoverføring frå Rådet til departementet. Til
Ballade.no seier Giske at han stort sett er tilfreds med Rådet slik det
fungerer i dag, og at vi treng "armlengdes
avstandsorgan for å skille mellom de kulturpolitiske bestemmelsene og den
skjønnsmessige, faglige og kunstneriske friheten."

Men Giske er
klår på at Stortingets makt skal styrkjast. Frå no av er det Stortinget, ikkje
regjeringa, som derfor skal foreta hovudfordelinga av Kulturrådets budsjett.
Kva dette betyr i praksis, er uklårt. Giske seier òg at det i dag er eit
redusert behov for å nytte Kulturrådet som eit rådgivande organ for
Kulturdepartementet. For no har departementet sjølv "mange dyktige fagfolk som kan gi råd, noe som
har gitt den første delen av Kulturrådets mandat større plass og mer penger." Betyr det kanskje avvikling av den vellykka forskingsverksemda
til Rådet?

 

"Eingongslyftet"

Skipinga av Norsk kulturråd i 1964/65 har
vorte karakterisert som det viktigaste "eingongslyftet" i norsk kulturpolitikk.
Noreg var også først ute på dette området. Vi hadde ingen modellar å byggje på
frå andre land. Sverige fekk t.d. sitt Kulturråd først i 1974. Opprettinga av
Norsk kulturråd innebar også, skriv Hans Fredrik Dahl i "Kulturpolitikkens
historie 1814-2014
" "på sett
og vis en abdikasjon fra Stortingets side, som står i sterk kontrast til
hvordan kulturpolitikken var blitt ført i Norge så langt. Alltid tidligere
hadde Stortinget etter innstilling fra departementet behandlet
kulturbudsjettets poster med meget stor grad av detaljregulering."

Proposisjonen
om etablering av Norsk kulturråd og Norsk kulturfond vart vedteken av eit
samrøystes Storting i desember 1964. Men det var hissig offentleg debatt om
saka hausten 1964. Denne dreidde seg både om finansieringa (omsetningsavgift på
vekeblad), om statsdirigering av kulturlivet og om den foreslegne
innkjøpsordninga for ny norsk skjønnlitteratur. Mange bibliotekarar var sterkt
i mot denne ordninga.

Derimot var det
lite ordskifte om dei meir prinsipielle sider ved at Stortinget gav frå seg
betydeleg makt til eit uavhengig kulturråd beståande av 11 framtredande menn og
kvinner. Det opphavlege forslaget var at Kulturrådet skulle bestå av 7 regjeringsoppnemnde
representantar. Men Stortinget gjekk samrøystes inn for at dette skulle
utvidast med 4 medlemmer, alle oppnemnde av Stortinget.

Skipinga av
Norsk kulturfond og Norsk kulturråd førte til at tyngdepunktet i norsk
kulturpolitikk for ei tid vart flytta frå Kyrkje- og undervisningsdepartementet
til Norsk kulturråd. Dette hadde mellom anna å gjere med at både
ekspedisjonssjef Leif J. Wilhelmsen og byråsjef Ingeborg Lyche følgde med på
lasset. Viktigare var det likevel at Kulturrådet dei første åra disponerte nye,
friske pengar som utgjorde meir enn 20 pst. av det samla statlege
kulturbudsjettet.

 

Skiftande tyngdepunkt

Utover 1970-talet skifta tyngdepunktet
igjen som følgje av den nye og offensive statlege kulturpolitikken som kom med
kulturmeldingane (1973-74) og kunstnarmeldinga (1976). Dette var departementets
verk. Kulturrådet spelte ei ubetydeleg rolle i utforminga av den nye
kulturpolitikken. Og det var departementet som stod for iverksetjinga av
politikken. Det galdt dei sterkt aukande tilskota til dei mange kunst- og
kulturinstitusjonane, det galdt tilskot til regional og lokal kulturpolitikk og
det galdt dei nye og utvida stipendordningane for kunstnarar. I 1970 disponerte
Kulturfondet 22 prosent av det samla statlege kulturbudsjettet. I 1978 var
andelen nede i 8 pst., og heldt seg på 7-8 pst fram til rundt 1990. Frå midten
av 1990-talet har nivået vore 5-6 pst.

Dei første åra
var på mange måtar Norsk kulturråds beste tid. Men alt tidleg på 1970-talet tok
Stortinget tilbake abdikasjonen frå 1964. Maktbalansen i den statlege
kulturpolitikken har vore ganske stabil sidan den gongen. Berre under Åse
Kleveland spissa det seg litt til. Ho likte ikkje at Kulturrådet tenkte eigne
tankar. "Den dag da
Kulturrådet begynner å leve sitt eget liv og ikke er Kulturdepartementets
forlengede arm, er de opprinnelige intensjoner med rådet så utvannet at man må
stille grunnleggende spørsmål om rådets rolle og eksistens."

Slik formulerte Kleveland seg i eit internt notat i 1992.
Kulturpolitisk historie var ikkje hennar sterke side. Det viste seg også då ho
eit par år seinare gjorde alt ho kunne for å hindre at Lidvin Osland fekk
byggje opp ei eining for kulturpolitisk forsking i Kulturrådet. Ei eining som,
i følgje kulturredaktør Jan Landro i Bergens Tidende, no står "som eit
flaggskip i kulturrådsverksemda".

Sidan Klevelands mislykka forsøk på å hindre denne
etableringa har maktbalansen mellom kulturråd og departement vore lite drøfta.
Dei to har kanskje ikkje vore så glade i kvarandre, men dei har levd rimeleg
bra saman. Viktigaste endringa er at Kulturrådet i tillegg til å forvalte Norsk
kulturfond og vere eit organ for bevaring, utvikling og nyskaping i norsk
kulturliv, dei siste åra også har fått seg førelagt stadig fleire delegerte
forvaltningsoppgåver, og såleis vorte eit halvveges "kulturdirektorat". Dette
er ein del av ei større (NPM-basert) reform i statleg forvaltning, der
departementa skal konsentrere seg om politiske hovudoppgåver, og delegere
enkeltordningar til underordna organ.

Norsk kulturråd har i dag ansvaret både for institusjonane
Statens Kunstnerstipend og Fond for lyd og bilde, i tillegg til forvaltninga av
ei rekkje tilskotsordningar for kulturtiltak over kap. 320, post 74 på
Kulturdepartementets budsjett. I 1990 utgjorde Norsk kulturfond 100 pst. av dei
midlane som vart forvalta av Norsk kulturråd. I 1999 var denne delen 91 pst. I
2007 var denne delen gått ned til 67 pst.

 

Lite debatt

I norsk kulturpolitikk har det vore lite
debatt om maktfordeling og tyngdepunkt i den statlege kulturpolitikken. Derimot
har det vore atskilleg diskusjon og utgreiingar om maktforhold og arbeidsdeling
mellom statleg, regionalt og lokalt nivå. Når det gjeld statleg kulturpolitikk,
har ein vore mest opptekne av at vi har (hatt) eit lite og forholdsvis usynleg
Kulturdepartement, i stor grad styrt av anonyme (men dyktige) byråkratar på
vegne av statsrådar som har vore posørar og/eller hatt mange andre oppgåver enn
å styre kulturpolitikken.

Det har knapt
vore prinsipielle diskusjonar om statlege styringsformer. Det viktige
spørsmålet om "armlengdes avstand" mellom politikkens og kunstens verden har
berre i liten grad vore gjenstand for norsk kulturpolitisk debatt. Som medlem
av kulturkomiteen på Stortinget i førre periode (2001-2005) viste forresten
stortingsrepresentant Trond Giske liten sans for dei prinsipielle sidene ved
armlengdesprinsippet. Fleire gonger ville han instruere Rådet om å gjere
særskilte vedtak.

Armlengda har
utan tvil vorte kortare dei siste åra. Men det er først siste månadene at dette
har skapt tilløp til uro; blant opposisjonspolitikarar, aviskommentatorar,
nokre medlemmer av Kulturrådet og enkelte forskarar. Kulturlivet sjølv har, som
Giske trudde, ikkje brydd seg så mykje. Dei følgjer pengane. Heller ikkje
politikarar frå regjeringspartia har vist synleg interesse for dei prinsipielle
sidene ved utviklinga.

Norsk kulturråd
er no sett under betydeleg press frå ein sterk kulturminister. Giske vil knyte
Rådet sterkare til Stortinget. I praksis betyr sjølvsagt dette
Kulturdepartementet. Giske vil halde fram avkortinga av armlengda, slik han
fleire gonger før praktisk har teke til orde for. Departementet skal derfor
leggje fleire føringar på Rådets forvaltning av Norsk kulturfond. Til
Aftenposten sa Giske at det er "embetsmannsstaten" som rår i Kulturrådet. Giske
har også tydeleg signalisert at han vil redusere kulturbyråkratiet – i
Kulturrådet og andre stader. Han vil òg redusere Kulturrådets rolle som
kulturpolitisk rådgivar.

Det kan knapt
bety noko anna enn at han vil byggje ned Kulturrådets vellykka satsing på
kulturpolitisk forsking og utgreiing. Berre få har teke til motmæle. Og det er
all grunn til å merkje seg at leiar i Kulturrådet, nasjonalbibliotekar Vigdis
Moe Skarstein, så langt ikkje har sagt eit einaste ord om saka. Det byrjar
etter kvart å bli påfallande. Men igjen – kultur-Noreg er heilt taust; også om
dette.

Anonymt
Kulturråd

Norsk kulturråd har lenge vore eit
relativt anonymt organ, som få utanfor kjernetroppene i kulturlivet har særleg
kjennskap til. Akkurat slik noverande medlem av Kulturrådet Knut Haavik gav
uttrykk for då han i 2005 vart oppnemnt av Stortinget til å ta sete i
Kulturrådet. Haavik visste på førehand ingenting om Kulturrådet. Norsk
kulturråd spelar altså ei ubetydeleg rolle i den norske offentligheten.

Altfor lenge
har det vore altfor stilt rundt denne institusjonen. Når Rådets posisjon og
rolle no vert utfordra av sjølvaste kulturministeren, er det derfor få som
reiser seg og kjem med indignerte protestar. Kulturrådet sjølv må bere mykje av
ansvaret for dette. Den noverande situasjonen med ein leiar (Moe Skarstein) og
ein direktør (Ole Jacob Bull) som slett ikkje er på talefot, gjer heller ikkje
situasjonen lettare for Rådet.

Løkenutvalet
sit no med nøkkelen. Kor uavhengig dette utvalet er og i kva grad medlemmene er
"handplukka", er vanskeleg å seie. Uansett vil innstillingane frå utvalet få
innverknad på Kulturrådets framtidige posisjon i statleg kulturpolitikk. Eg er
sjølvsagt samd med Åse Kleveland i at heller ikkje Norsk kulturråd er noka
heilag ku. Det kan vere både rett og rimeleg å evaluere Rådet, endre
arbeidsformer osv. Men det verkar som mange konklusjonar alt er trekte. Den
departementale styringa av Rådet skal styrkjast. Rådet skal miste
arbeidsoppgåver. Kanskje skal Rådet verte eit departementalt direktorat? Etter
mitt syn hadde det vore ønskjeleg med ei breiare og uavhengig
forskingsevaluering av Norsk kulturråd.

 

Systemendringar?

"Hvis det blir systemendringer, vil de avgjørelsene bli tatt av
Stortinget," sa Giske til Ballade.no. Det skulle jo
berre mangle! Etter mitt syn er Giske alt i ferd med å ta nokre "systemgrep" i
den sentrale kulturpolitiske forvaltninga. Ikkje noko gale med det; det er
kulturstatsrådens rett og plikt. Men ei vesentleg endring av Kulturrådets
tradisjonelt frie og sjølvstendige rolle i norsk kulturliv, er naturlegvis ei
sak for Stortinget. Og dette er ei prinsipiell sak, som må kome særskilt til
behandling i Stortinget.

Vi er ganske
mange som lenge har ønskt at det skulle kome ein sterk og politisk dyktig
kulturminister i "Kose- eller Kakepyntdepartementet". Det er svært lenge sidan
sist. Eg har alltid meint at den beste kulturministeren vil vere ein strategisk
dyktig allroundpolitikar med gode politiske og kulturelle nettverk. No har vi
fått ein slik. Trond Giske heiter han.

Tok eg feil? Neppe.
Men eg trur Giske vil tene på å vere litt meir audmjuk både overfor
Kulturrådet, Rådets medlemmer og dei mange som meiner at armlengdesprinsippet
har vore eit svært tenleg styringsprinsipp i norsk kulturpolitikk i meir enn 40
år. Sterkare direkte politisk styring og meir detaljert departemental kontroll
gir kanskje kulturlivet meir pengar. Men det gir oss ikkje betre kunst.

 

– Av Georg Arnestad

 Georg Arnestad er FoU-leiar ved Høgskulen
i Sogn og Fjordane. Han arbeider i tillegg med kulturpolitisk forsking og er
avisspaltist, debattant og "fylkessynsar" i Sogn og Fjordane.

 

 

Powered by Labrador CMS