Auka sjølvstyre

Publisert Sist oppdatert

I 1965 vart innkjøpsordning for norsk skjønnlitteratur oppretta. Ho har seinare
vorte revidert og utvida til å gjelde barne- og ungdomslitteratur, oversat
litteratur, og sakprosa. Ordninga har styrka satsinga på norsk
skjønnlitteratur, og den har gjort det mogleg for forlaga å satse meir på
breidde enn dei elles ville ha turt. Innkjøpsordninga har også sørgt for at
biblioteka er sikra eit breitt utval av den norske bokfloraen. Men spørsmålet
ein kan stelle seg, er om kvart folkebibliotek eigentleg treng eller ønskjer
seg alle desse bøkene. Kunne ein tenkje seg at biblioteka i større grad
bestemte sjølv kva dei ville kjøpe inn?

 

– Av Lars Petter Sveen, bibliotekarstudent og forfatter




I 1965 vart innkjøpsordning for norsk skjønnlitteratur oppretta. Ho har seinare
vorte revidert og utvida til å gjelde barne- og ungdomslitteratur, oversat
litteratur, og sakprosa. Ordninga har styrka satsinga på norsk
skjønnlitteratur, og den har gjort det mogleg for forlaga å satse meir på
breidde enn dei elles ville ha turt. Innkjøpsordninga har også sørgt for at
biblioteka er sikra eit breitt utval av den norske bokfloraen. Men spørsmålet
ein kan stelle seg, er om kvart folkebibliotek eigentleg treng eller ønskjer
seg alle desse bøkene. Kunne ein tenkje seg at biblioteka i større grad
bestemte sjølv kva dei ville kjøpe inn?

            Folkebiblioteka er pålagt "å stille bøker og egnet materiale gratis til
disposisjon for alle som bor i landet.
" i følgje lova om
folkebiblioteka. Samtidig med dette skal biblioteka tilby aktuell litteratur,
dei skal ikkje vere lagerstader eller depot (dette er kanskje gjenstand for
debatt, eg aner at spørsmål omkring kassering er noko betent i
bibliotekmiljøet). Ein kan kanskje trekke ut to sentrale grunnlinjer frå dette:
Biblioteka skal vere til for brukaren ("til disposisjon for alle som bor i landet"), og tilbodet skal
vere relevant og breitt. Eg meiner innkjøpsordninga bidreg til dette, men
samtidig så meiner eg ho med dagens ordning også er ein hemsko for
folkebiblioteka.

 

Ein av folkebiblioteka
sine meir sentrale oppgåver, er å formidle bøkene dei har til utlån. Det er ei
nærast umogleg oppgåve å yte rettferd til alle bøker dei har, både eldre og
nyare. Men det er også på grensa til meiningslaust å sjå for seg at
folkebiblioteka skal greie å formidle alle bøkene dei får tilsendt gjennom
innkjøpsordninga. Og det er da ein illusjon dersom nokon trur det store utvalet
poesi og dramatikkbøker som blir sendt ut til kvart folkebibliotek blir ståande
lenge på hylla. Dei beste boksala ein kan komme over er kasseringsala til
norske folkebibliotek. Eg har ei imponerande samling norsk samtidspoesi ståande
heime i hylla mi, kjøpt inn til ein latterleg lav sum.

            Det er nett dette som er noko av
problemet med innkjøpsordninga: For mange bøker, valt ut av andre enn
bibliotekarane, blir pressa på biblioteka. Det urimelege er at staten legg opp
til at det er biblioteka som skal stå for hovuddelen av formidlinga av desse
bøkene. Bokhandlane er fritatt, dei har frikort til å berre tenkje
etterspørsel. Avisene følgjer sin eigen logikk, og melder bøkene dei meiner er
viktige og intervjuar forfattarane dei sjølv har gitt status. Eit apropos her
er den enorme suksessen Karl Ove Knausgård har hatt med sin bokserie "Min
kamp". Dette er eit verk som til slutt vil ende på tre tusen sider, og
kvart bind er på fem hundre sider. Og det er relativt tunge saker. Likevel blir
bøkene kjøpt, lånt og lest i store kvanta. Det kan kanskje vitne om at sjølv
vanskelegare tilgjengeleg litteratur kan nå ut til folket. Men sett bort frå
dette: Når kritikarar er ferdige og bøkene er plassert med eitt eksemplar bak i
bokhandlarane sine lokalar, så verker det som det er biblioteka sitt fulle
ansvar å stå for formidlinga. Det verker noko urettferdig.

            Så lenge folkebiblioteka skal vere
til for brukarane, så må også utvalet og samlinga leggast opp til dette.
Kanskje er det på tide at bibliotekarar kjem på bana og krev auka sjølvstyre
ved innkjøp av bøker og andre medium? Ein kunne tenkje seg at innkjøpsordninga
vart smalare, at ho rett og slett oppfordra forlaga til å knipe litt igjen på
utgivinga av norsk skjønnlitteratur. Eg trur breidda ville verte like god, men
kanskje kvaliteten ville bli betre? Eller ein kunne tenkje seg at biblioteka
hadde større moglegheit til å velje kva for bøker frå Kulturrådet dei ønskte å
ta i mot. Det slår meg som noko merkeleg at ein bibliotekar må stå og forkynne
at biblioteket er til for brukaren, samtidig som han må seie nei, den boka har
dessverre åtte personar framfor deg på ventelista, men du må gjerne låne noko
frå den eminente diktsamlinga vår.

            Ein kan også sjå for seg at dette
problemet vil bli tydelegare i næraste framtid. Den aukande vendinga i bruken
av medium vil kanskje tvinge fram bibliotekslokale der bokhyllene må gi noko av
plassen til alt frå playstationstasjonar til konkrete møtestader som ein
sofakrok. Korleis skal ein da stelle seg til den konstante årlege auka i
boksamlinga som innkjøpsordninga bidreg til? Ikkje berre vil dette tvinge fram
ein meir progressiv kasseringsverksemd i dei fleste bibliotek, men
sannsynlegvis vil det også tvinge fram eit auka sjølvstyre på biblioteka:
Bibliotekarane må aktivt velje kva for bøker som skal stå framme, og kva for
bøker som ikkje kan settast fram. Kva for bøker som skal ha lang levetid, og
kva for bøker som skal ha kort levetid. Og det beste vil vere om dette kan
baserast på kva brukarane ønskjer.

 

Eit viktig argument for
biblioteka har lenge vore at vi skal stå for breidda og sikre det litterære
mangfaldet i Noreg. Det er vanskeleg å argumentere mot dette, men det er også
vanskeleg å sjå for seg korleis eller kvifor det berre er biblioteka som skal
vere ansvarleg for formidlinga av ny norsk skjønnlitteratur. Kanskje det er på tide
at vi bibliotekarar slepp oss meir laus, og seier høgt at vi ønskjer meir
sjølvstyre med innkjøp av bøker. Det er for eksempel ei takksam oppgåve for
Litteraturhuset i Oslo å ha full styring på kva for litteratur dei vil
formidle. Dei treng ikkje ha kjellaren eller kjøkkenet fullt av forfattarar og
bøker som dei verken har tid eller plass til å vise fram på ein skikkeleg måte.

            Innkjøpsordninga er ei god ordning.
Men biblioteka må få større reell sjølvråderett. Det vil eg tru vil styrke
biblioteka våre.

 

– Av Lars Petter Sveen, bibliotekarstudent og forfatter

 

 

 

Powered by Labrador CMS