Bokomtalar frå biblioteket – speler dei noko rolle?

Publisert Sist oppdatert

Når amatørkritikken er meir spennande å lese enn bokomtalar frå biblioteket, er det noko som er gale.

Av Katrine Judit Urke, bibliotekarstudent ved Høgskolen i Oslo, avd. JBI

Når amatørkritikken er meir spennande å lese enn bokomtalar frå biblioteket, er det noko som er gale.

Av Katrine Judit Urke, bibliotekarstudent ved Høgskolen i Oslo, avd. JBI

«Det enkelte bibliotek skal i sine tilbud til barn og voksne legge vekt på kvalitet, allsidighet og aktualitet.» Setninga er henta frå første paragraf i biblioteklova (Folkebibliotekloven 1985). Det er altså lovfesta at norske bibliotekarar skal kunne dømme kva som er kvalitet og ikkje. Mykje av biblioteka sin litteraturformidling går i dag føre seg på Internett generelt og bloggosfæren spesielt. Med denne framveksten av bibliotek(arar) på Internett, er det nyttig å stoppe opp og studere kva det er som blir skrive, og om dette viser kompetansen til bibliotekarane.

I ein artikkel i Bok og Bibliotek nr. 4/10 kritiserer førsteamanuensis ved Høgskolen i Oslo, Helge Ridderstrøm (2010), bibliotekarar for å verken vise personleg engasjement eller evne til å analysere i bokomtalane sine (s. 46). Bokomtalane signaliserer heller «pliktarbeid enn leseglede», hevdar han. Noko av det same har svenske Sara Britta Jadelius (2008) funne ut i masteroppgåva si om boktips.net, ein svensk nettstad for bokomtalar skrive av bibliotekarar. Mange av bibliotekarane i Jadelius sitt materiale er redde for å stikke seg ut og vise fram eigne meiningar om litteratur, og Jadelius er difor overbevist om at «ett personligt och engagerat förhållningssätt till den [skönlitteraturen] även gynnar låntagarna.» (s. 48-49). Det kan sjå ut til at bibliotekarane sine bokomtalar manglar ein tydeleg identitet; Ridderstrøm (2010) hevdar at «den imiterer i kortform den akademiske kritikken ved å utelate det personlige.» ( s. 46).

Det er i dag mange ulike personar bak og mange ulike plattformer for dømming av litteratur. Profesjonell litteraturkritikk, amatørkritikk og bibliotekarane sine bokomtalar lever i dag side om side. Men har alle desse tre meir eller mindre definerte sjangrane sin eigen rolle? Kva er bibliotekaren sin skriftlege formidling i alt dette, og kva bør han vere? Eg har sett på desse sjangrane og prøvd å undersøke funksjonen deira med vekt på bibliotekaren sin skriftlege formidling – ein sjanger som kan seiast å vere ein mellomting mellom profesjonell kritikk og amatørkritikk. Eg har brukt mottakinga av romanen Jo fortere jeg går, jo mindre er jeg av Kjersti A. Skomsvold (2009) som reiskap til å analysere og kome med døme frå typiske tekstar som inneheld kritikk og formidling.

 

Profesjonell litteraturkritikk

Det litterære system består av ulike politiske, økonomiske og juridiske forhold som kan påverke litteraturen: forfattarar, bøker, forlag, marknadsføringskanalar, bibliotek, kritikk, prisar, lånarar, kjøparar osb. (Andreassen 2006 s. 30-31). I Noreg utvikla det litterære system seg frå 1830 saman med framveksten av forlag, bokhandlarar, presse, publikum og trykkeri. Det er vanleg å sjå på 1840-åra som tiåret då litteraturkritikken etablerte seg som eigen institusjon i Noreg (s. 403). Litteraturkritikken sin funksjon i det litterære system er å vere ein «formidlende instans – begge veier – mellom litteratur og samfunn, mellom forfatter og verk på den ene siden, og leserne på den andre.» (Beyer & Moi 1990 s. 15). Når eg skriv om litteraturkritikk i denne artikkelen vil eg konsentrere meg om bokmeldingar som blir skrive i relativt breie aviser, ikkje tidsskrifter.

 

Kritikken sine kriterium

Litteraturkritikaren «er aleine om å ha hovudansvaret for å lese bøker for kvalitetsvurderinga si skuld, for å kritisere, motarbeide, omarbeide og nydefinere og nyskildre litteraturen.» (Christiansen 2010 s. 17). Kritikaren skal altså dømme tekstar utifrå kvalitet, eit omgrep som kan vere vanskeleg å definere objektivt. I den klassiske artikkelen «Kritikk og kriterier» (1987) gjer artikkelforfattar Per Thomas Andersen eit forsøk på å definere nokre litteraturkritiske kriterium (Andersen 1987 s. 17). Dei fire kriteria han presenterer i artikkelen er det moralsk/politiske, det kognitive, det genetiske og det estetiske kriteriet (s. 18-22). I ein annan artikkel omtalar Andersen i tillegg eit kriterium som kan kallast aktualitetskriteriet.

Det moralsk/politiske kriteriet blir brukt når kritikaren lar haldninga i teksten bestemme kvaliteten (Andersen 1987 s. 18). Andersen gir døme på utsegn som kan gi teksten ein politisk, moralsk eller sosial verdi, eit av døma er «Forknytt, smålig og autoritær forteller».

Det kognitive kriteriet tar føre seg det intellektuelle nivået og tankekrafta til teksten, og om den gir lesaren nye erfaringar eller kunnskap (Andersen 1987 s. 19). Eit døme på eit utsegn kan her vere «Boken gir næring til både tanke og tro».

Det genetiske kriteriet handlar om utsegn som knyter teksten til noko som er «i slekt med» han, då gjerne noko som plasserer verket i ein litteraturhistorisk kontekst eller noko om forfattarskapet (Andersen 1987 s. 21). Eit slikt utsegn kan til dømes lyde «X har stor litterær produksjon bak seg.».

Det estetiske kriteriet deler Andersen vidare inn i kompleksitet, integritet og intensitet (Andersen 1987 s. 22-23). Kompleksitet handlar om korvidt teksten har fleire tekst-, lesar- og tolkingsnivå: «X er en bok med mange fasetter, og sterk leserappell på flere plan». Integritet dreier seg om teksten sin heilskap; forholdet mellom delane og heilskapen med tanke på språk, komposisjon og sjanger: «Bare i minimal grad knyttet sammen til en episk helhet». (s. 23). Intensitetkriteriet dreier seg om teksten sin evne til å halde på lesaren: «Engasjerer sin leser» (s. 24). Eg vel å behandle desse tre som eitt, altså å sjå på alt som omhandlar det estetiske under eitt estetisk kriterium.

Det eg har valt å kalle aktualitetskriteriet, er eit sett med journalistiske kriterium som består av mellom anna komposisjons- og omfangskriteriet, elite- og personifikasjonskriteriet, samsvars- og tidskriteriet og klårleikskriteriet (Andersen 1995 s. 13). Grunna omfanget til denne artikkelen vel eg å sjå på desse som eitt kriterium som omhandlar boka sin aktualitet på alle område.

Eg kjem til å bruke desse kriteria som eit av analyseverktøya for alle sjangrane. I tillegg vil eg sjølvsagt analysere tekstane ut ifrå eigne sjangerpremiss. Dette er tre på mange måtar ulike sjangrar, og det er dermed ikkje sjølvsagt at alle bruker dei kriteria den profesjonelle kritikken bruker. Men eg går ut ifrå at sjangrane bokomtalar og amatørkritikken er såpass inspirerte av den profesjonelle kritikken at det er formålstenlig å gjere undersøkinga slik.

 

Amatørkritikk

Omfanget av amatørkritikk på Internett er enormt, både i internasjonal og norsk samanheng. Litteraturkritikken er slik sett blitt nokså prega av demokratisering og ein ikkje-elitistisk tankegang. Helge Ridderstrøm (2010) bruker omgrepet amatørkritikk om alt som ikkje er vanleg profesjonell kritikk – han inkluderer dermed bokomtalar skrive av bibliotekarar i jobbsamanheng. Eg bruker her termen på same måte som den svenske forskaren Ann Steiner (2009); amatøren er ein som ikkje får betalt for sin verksemd i motsetnad til den profesjonelle. Termen fortel ingenting om kvaliteten på det amatøren skriv, eller kor mykje tid vedkommande bruker på å skrive.

Ann Steiner (2009) har undersøkt lesarmeldingar på nettbutikken Amazon. Ho fann mellom anna ut at lesarmeldingane sin karakter varierer etter sjanger (s. 184). Sjangrar som til dømes chick lit blir meldt på ein måte som ser ut som ein opposisjon mot den profesjonelle kritikken. Eit døme Steiner kjem med er tatt frå ei lesarmelding av boka Bridget Jones dagbok av Helen Fielding: «This book has received some of the most vicious and petty reviews of any in recent history.». Når lesarane derimot melder kanoniserte verk, skriv dei lange tekstar der dei tek i bruk litteraturvitskaplege grep (s. 185). Medan lesarane i meldingar av chick lit gjer opprør mot den profesjonelle kritikken, etterliknar dei den når dei meldar kanonisert litteratur.

Steiner gjorde dessutan ei samanlikning mellom amatør- og profesjonell kritikk. Det som er likt, er at hierarkiseringa av ulike skribentar når det kjem til makt, kanon og seleksjon (s. 189). Sjølve tekstane er like ved at dei ofte bruker kvalitetskriterium. Skilnadane Steiner fann er at amatørkritikarane er mindre nyanserte i ytringa av meiningar og vurderingar enn profesjonelle kritikarar. Ein annan skilnad handlar om kva slags verk som blir meldt: i amatørkritikken blir «alt» meldt: «Nästan alla skönlitterära verk har någon kommentar och det finns ett stort intresse för litteratur som inte recenseras i andra forum.». Dette er som kjend ikkje tilfelle i profesjonell kritikk.

I Noreg er det òg mykje amatørkritikk på nettbokhandlarar som bokkilden.no, capris.no og tanum.no. Det finst dessutan mange bloggar med bokmeldingar, både bloggar som er tematisk avgrensa til bøkene og bloggar som er meir generelle. Vi har òg nettstaden bokelskere.no, «et uavhengig, vennlig og åpent rom med fokus på lesing» (Bokelskere udatert). På dette sosiale mediet kan medlemane registrere kva bøker dei har lest og organisere dei i «bokhyller», sette terningkast på bøker, omtale bøker, diskutere bøker med andre med meir. Nettstaden har på det året han har vore open vakse seg stor: No (desember 2010) er der meir enn 9000 medlemar.

 

Skriftleg formidling frå biblioteket: bokomtalar

Litteraturformidling handlar om «å informere om litteratur, synliggjøre litteratur, skape leselyst, veilede lesere i valg av litteratur. Kort sagt: å gi leseren den litteraturen akkurat han eller hun har behov for.» (Tveit 2004 s. 18). I vekeblad og bokhandlarar, forlag og bibliotek sine nettsider finn vi ofte skriftleg litteraturformidling. Folkebibliotek har ofte lenker på nettsidene eller bloggar med titlar som «Bibliotekarane anbefaler», «Boktips» og liknande. Helge Ridderstrøm sin kollega, Åse Kristine Tveit (2004), plasserer sjangerrammer rundt bibliotekarane sin skriftlege formidling og kallar det bokomtalar (s. 122). Bokomtalen er ein sjanger som har som hovudformål å formidle at den gitte boka finst. I tillegg inneheld bokomtalen eit kort innhaldsreferat, men grunna omfanget og formålet med bokomtalen er der ikkje rom for grundige kvalitetsvurderingar og analyser. Det er i hovudsak bøker som bibliotekaren sjølv ser på som gode som blir omtala, og det hender at bibliotekaren siterer profesjonelle bokmeldingar for å forsterke bodskapen sin. Tveit ser dessutan ein likskap mellom bibliotekarar sine bokomtalar og profesjonell kritikk: «Som kritikerne vurderer bibliotekarene litteraturen. I vurderingen av litterær kvalitet er nok kriteriene mange av de samme som hos kritikerne, sjøl om bibliotekarene ikke så ofte gir skriftlig uttrykk for sine vurderinger.» (s. 21). Bokomtalen har helst ein appellativ karakter, men likevel inneheld den sjeldan sterke subjektive meiningar. Meir konkret skriv Tveit at ein bokomtale bør innehalde fire element:

–    Noko som fangar lesaren, ein interessevekkjar, innleiingsvis

–    Eit handlings- og tematikkreferat som implisitt påpeikar det som er spesielt ved akkurat denne boka

–    At boka anbefalast, blir gjerne uttrykt indirekte, men kan i tillegg uttrykkast eksplisitt

–    Bibliografiske opplysningar (forfattar, tittel, forlag, utgivingsår)

Ridderstrøm (2010) karakteriserer bibliotekarar sine bokomtalar som ein type «korte anmeldelser, med karakteristikker av innhold og ofte en avsluttende kvalitetsvurdering av hver bok.» (s. 44-45). Amatørkritikk er gjerne ganske subjektiv, medan bibliotekarane sine bokomtalar, hevdar Ridderstrøm, heller er nøkterne og tørre; kjensler og subjektive meiningar får knapt sleppe til, engasjementet visast berre ved det faktum at boka blir omtala (s. 46). Ved å utelate det personlege blir bibliotekarane sin amatørkritikksjanger ein slags forkorta utgåve av den profesjonelle kritikken: «Språket signaliserer vanligvis snarere pliktarbeid enn leseglede.». Ridderstrøm konkluderer med at vi treng ein ny sjanger:

Vi trenger tekster om bøker som har gitt en sterk, subjektiv opplevelse, som har berørt og forført, som har satt i gang leserens vilje til tolkning, egen tilegnelse, med private refleksjoner og drømmerier. […] Vi trenger ikke mer av den profesjonelle kritikkens svada på nettet (av typen «en modig, interessant og tankevekkende bok»), men den personlige touch. Bibliotekarens hjerte og smerte skal ikke flyte utover bokanmeldelsene, men personlige innsikter, refleksjoner og tolkninger bør vektlegges mer.

 

Sjangrane sine funksjonar

Ovanfor har eg skildra den sjangermessige skilnaden mellom profesjonell litteraturkritikk, amatørkritikk og bokomtalar skrive av bibliotekarar. Ein annan viktig skilnad, som ikkje dreier seg om sjanger, er tekstane sin funksjon og lesarar – kvifor blir dei skrive, og for kven?

Bokmeldingar i avisene blir i hovudsak brukt av tilsette i bokhandlarar, bibliotekarar, studentar og lesarar. Forlaga får ved hjelp av bokmeldingane selt bøker, og avisene får selt nyhende. Amatørkritikken blir truleg ofte skrive for å oppnå ein slags samhaldskjensle med andre lesarar, samt i nokre tilfelle for å dekke behov om eksponering og å auke ein sosial eller kulturell status. Amatørkritikken blir lese mellom anna av dei som treng lesetips og for å finne ut kva andre synst om bøker dei kjenner til. Bibliotekarane sine bokomtalar blir skrive for og (forhåpentleg) lese av lånarar og er dermed meint for å få opp besøks- og utlånstala i det aktuelle biblioteket.

Ein viktig skilnad mellom dei tre sjangrane, er motivasjonen bak det som blir skrive. Profesjonelle meldarar får i oppgåve å lese og melde ei bok innan ei kort tidsfrist, medan bibliotekarar ser ut til å helst velje ut bøker som dei allereie har lese og blitt begeistra for. Dette ser ein mellom anna ved at det nesten utan unntak er positive bokomtalar som kjem frå biblioteka, samt at desse kjem mykje seinare enn meldingane av dei same bøkene i pressa. Amatørkritikarar ser ut til å melde bøker dei har blitt engasjerte over, uavhengig om meiningane om boka er positive eller negative.

 

Profesjonell kritikk: Aftenposten

Vi har mange plattformer for profesjonell litteraturkritikk i Noreg, alt frå tabloidaviser til kulturaviser og tidsskrifter. Eg har her valt ei «tradisjonell» avis, Aftenposten, vår største papiravis.

Bokmeldinga i Aftenposten er på 2640 teikn med mellomrom, altså ei knapp A4-side (Stemland 2009 s. 13). Tittelen er «Forbløffande debutarbeid», og ingressen lyder «Dette er en roman som etser seg inn i leseren.». Her får vi altså vite med ein gong at meldaren meiner at boka oppfyller kriteriet intensitet. I innleiinga får vi vite at boka er ein sjeldan god debut (genetisk kriterium), og at den er god språkleg og kompositorisk sett (estetisk kriterium). Vi får òg vite at meldaren meiner at boka oppfyller aktualitetskriteriet: «Dessuten treffer hun nådeløst noe i tiden […]». Hovuddelen på to avsnitt er eit innhaldsreferat godt krydra med sitat frå boka. Her bit eg meg merke i noko karakteristisk ved profesjonell kritikk – at kritikarane får bøkene slengt på pulten med tilhøyrande tidsfrist for skriving av bokmeldinga, og at dette kanskje kan føre til at teksten blir prega av pliktarbeid. Meldinga i Aftenposten ber nemlig preg av at det kan ha gått litt fort i svingane: «I utgangspunktet tør hun ikke å ringe til Frøken Ur, men til slutt overvinner hun frykten. Hun ber da om telefonnummeret til Mathea Martinsen, men vil absolutt ikke bli satt over.». Dette stemmer ikkje heilt; protagonisten Mathea ringer sjølvsagt ikkje Frøken Ur og spør etter sitt eige nummer, men til Opplysninga. Avslutningsvis skriver meldaren at «Tilsynelatende ligger det innfallsrike lett for Kjersti Annesdatter Skomsvold. Men det er så mye mer. Det er intet mindre enn diktning på sviende nivå.» – her er det ein slags sirkelkomposisjon der avslutninga i stor grad gjentek innleiinga, berre med andre ord.

 

Amatørkritikk: «Beate blogger om bøker» og bokelskere.no

Bloggen Beate blogger om bøker blir skrive av Beate frå Hammerfest (Beatelill 2010). Kvinna arbeider ikkje med litteratur og bloggen kan dermed seiast å fullt ut innehalde amatørkritikk.

Beates melding av Jo fortere jeg går, jo mindre er jeg er på 1686 teikn, altså om lag ei halv A4-side. Meldinga er skrive eit drygt halvår etter at romanen kom ut, så Beate innleier med tre adjektiv for å oppsummere kva ho meiner om romanen, og å fortelje at romanen har fått gode kritikkar og Vesaas’ debutantpris. Det neste avsnittet er skrive i ein ganske personleg stil: «Jeg lot meg stadig overraske, more og gripe, med Kjersti sine ord og vendinger», skriv ho mellom anna, og bruker her det estetiske kriteriet. Det tredje avsnittet består av eit kort handlingsreferat. I det siste avsnittet er Beate ganske personleg igjen: «[…] jeg tar meg i å flire høyt av noe som egentlig er ganske trist», «Kanskje du, i likhet med meg, også filosoferer litt etter å ha lest denne boka…. om det å sette spor etter seg i livet.». I det sistnemnde er det altså det kognitive kriteriet som blir brukt. Den aller siste lina er ein tilvising til tre andre bloggarar som har skrive meldingar om boka. Beate melder boka med mykje av dei same kriteria som profesjonelle kritikarar, men med ein svært personleg vri.

Det er 13 (5 %) av dei 257 Bokelskere-medlemane som har boka i boksamlinga si som har skrive noko om ho. Seks av desse ytringane er sitat frå boka, noko som kan seiast å implisitt vere ein positiv melding. Dei sju andre er korte omtalar/meldingar med eit omfang på frå seks ord til fem liner. Den kortaste lyder enkelt og greitt «Bare les den, den er unik:)!». Dette er ein liten tekst med ein klar bodskap som i denne settinga kan fungere like godt som ein lang melding i eit tidsskrift. Medlemar som «kjenner til» vedkommande som skreiv dette, og likar den same litteraturen, vil gjerne lese det som denne personen tilråder. Ein annan «ein-linjer» er også svært personleg og appellativ: «Ble både gladtrist og opprømt av denne!». Desse setningane kan ikkje seiast å innehalde nokre av kriteria til Andersen. Den lengste omtalen på fem liner lyder:

Dette er uten tvil den beste boka jeg har lest på lenge! Den ser ut som ei lita flis, men den rommer så mye! Matheas hverdag og syn på verden er beskrevet med ømhet og humor, og med et særdeles vakkert språk. Men det er nok nærheten i fortellingen som gjorde at denne romanen virkelig traff meg midt i hjertet – og der kommer den til å bli værende en god stund. Anbefales varmt!

Her ser vi dette personlege preget som er typisk for amatørkritikken; romanen trefte meldaren «midt i hjertet» og er «den beste boka jeg har lest på lenge!». Men meldaren har, trass i mediet og det vesle omfanget på denne teksten, òg brukt det estetiske kriteriet.

 

Bokomtale: Lier bibliotek

Lier biblioteks bokomtaleblogg, Boktips fra Lier bibliotek, ser ut til å bli oppdatert omlag to gongar i månaden. Bokomtalen er på 934 teikn med mellomrom, altså under ei halv A4-side (Lier bibliotek 2010). Teksten har ikkje ha same slags typografisk oppsett som avistekstane, med tydeleg ingress, innleiing, hovuddel og avslutning. Det er truleg ikkje nødvendig å dele ein tekst med slikt omfang og slik funksjon på denne måten.

Tittelen er «Debutant Kjersti Annesdatter Skomsvold», og første setning er «Kjersti Annesdatter Skomsvold har skrevet romanen «Jo fortere jeg går, jo mindre er jeg».». Dette verker som noko unødvendig å ha med i sjølve teksten, og kunne kanskje heller stått i tittelen. No skal det påpeikast at det ikkje er same typografiske mogelegheitene i bloggar som i avisformatet, og at det kanskje er difor dette valet er tatt. Vidare får vi eit svært kort handlingsreferat av boka med bibliotekaren sine adjektiv «klok,rar og patetisk» om hovudpersonen, samt ein kort karakteristikk av tema: «Alderdom, ensomhet og død er gjennomgangstema i boken.». Bibliotekaren er så vidt innom eit slags kvalitetskriterium mot slutten, der vedkommande skriv at «Skomsvold skriver med absolutt innlevelse […]». Det siste avsnittet lyder «Skomsvold fikk Tarjei Vesaas debutantpris i 2009. Romanen ble også nominert til Bokhandlerprisen i 2009.» – her bruker bibliotekaren det at romanen har fått prisar som kvalitetskriterium.

Sjangermessig, om vi skal følje Tveits fire punkt som bokomtalen bør innehalde, oppfyller ikkje bokomtalen til Lier sjangerkrava. Eit innhalds- og tematikkreferat som implisitt seier kva som er spesielt med boka er med, og det går fint an å skjøne at boka er anbefalt. Men teksten har ikkje, i mine auge, nokon interessevekkjar innleiingsvis.

 

Bokomtale: Ålesund bibliotek

Ålesund biblioteks bokomtaleblogg, Lesetips for voksne, ser ut til å bli oppdatert sporadisk. Ålesund biblioteks bokomtale er på 1436 teikn med mellomrom – om lag ei halv A4-side. Tittelen på bokomtalen er forfattaren og romanen, og det som kan sjå ut til å vere ein ingress eller ein slags innleiing, er eit sitat frå boka som introduserer hovudpersonen. Vidare får vi eit kort handlingsreferat.

Medan eg les bokomtalen, er det nokre formuleringar eg får ein kjensle av å ha lese før: «Hun lever i spenningsfeltet mellom sosial usikkerhet og trangen til å bli sett», skriv bibliotekaren, og eg finn ut at det i ei melding av boka som stod i Morgenbladet står nesten nøyaktig det same: «Skomsvold vever et fint nervenett i spenningsfeltet mellom nesten lammende sosial usikkerhet og trangen til å bli sett.» (Velldal 2010). Det same mot slutten; setninga «Dessuten er det gjort med stor språklig oppfinnsomhet og humoristisk alvor.» er nærast saksa frå baksida av romanen: «Kjersti Annesdatter Skomsvolds debutroman er preget av humoristisk alvor og en usedvanlig språklig oppfinnsomhet.» (Skomsvold 2009). Slutten inneheld dessutan eksplisitte sitat frå bokmeldingar, og avslutningsavsnittet handlar, i likskap med Lier bibliotek sitt, om prisane forfattaren har fått og blitt nominert til.

Sjangermessig oppfyller Ålesund biblioteks bokomtale Tveits punkt. Der er ein interessevekkjar innleiingsvis med bruk av eit sitat som godt illustrerer boka. Handlings- og tematikkreferatet uttrykker kva som er spesielt med akkurat denne boka, og det er tydeleg at boka er anbefalt: Siste setning lyder «En litterær perle!».

 

Det profesjonelle, det appellative og «det grå»

Den profesjonelle kritikaren skildrar kvaliteten på boka med eit ganske nøytralt språk, medan amatørkritikaren er veldig personleg. Begge går likevel, om dei er bevisste på det eller ikkje, ut ifrå eit sett kvalitetskriterium. Bibliotekarane går knapt ut ifrå kriterium i det heile; bokomtalane inneheld i hovudsak innhaldsreferat og sitat frå profesjonell litteraturkritikk. Amatørkritikken er difor mykje meir appellativ og spennande å lese enn dei «grå» bokomtalane frå bibliotekarane. Svenske Jadelius sitt funn ser ut til å stemme overeins med mine; bibliotekarane baserer seg på andre sine formuleringar og meiningar, og ser dermed ut til å ha ein eller annan form for vegring for å ta eigne standpunkt.

Men er ikkje kvalitetsdømming ein del av bibliotekaren sitt arbeid? Kva er meininga med bokomtalane til bibliotekarane om dei ikkje skal innehalde noko anna enn det ein kan lese på boka sin vaskesetel? Nokon vil kanskje forsvare dette med at bibliotekarane har lite skrivetrening. Bibliotekarstudiet inneheld svært mykje skriving, men ikkje mykje om skriftleg litteraturformidling. Men når bibliotekarane likevel skriv desse bokomtalane, burde desse blogginnlegga ha ein tydeleg funksjon. Slik som det er no, er dei aller fleste bibliotekbloggane keisame og usynlege. Atle Christiansen (2010) skriv føljande i si ferske bok om litteraturkritikk: «Formidling av bok og kultur skal for ein kritikar vere sekundært i forhold til beskriving og vurdering av kvalitet. Ved å vere konsentrert om kvalitet – når du les og skriv – unngår du som kritikar å likne på ein formidlingsglad lanseringskribent eller tekstforfattar i reklamebyrå eller bokklubblad.» (s. 15). Det er synd at bibliotekarane ikkje verken er konsentrerte om kvalitet eller formidlingsglade i det skriftlege arbeidet sitt.

 

Den nøytrale bibliotekaren

Danske Jens Thorhauge (1995) omtalar i ein artikkel den nøytrale bibliotekar som oppsto som eit opprør mot den tidlegare formynderiske bibliotekaren (s. 175). Den nøytrale bibliotekaren har som oppgåve å stille materiale til disposisjon, og deretter la lånaren få velje heilt sjølv. Thorhauge meiner at denne bibliotekartypen kjem for kort; bibliotekaren som kulturformidlar får ein meir og meir utydeleg profil parallelt med material- og utdanningsauka. Den ideelle litteraturformidlaren er, meiner Thorhauge, som før, ho som klarer å finne det rette dokumentet til den rette lesaren, men sjølvsagt utan dei formynderiske brillene (s. 176).

Jofrid Karner Smidt, førsteamanuensis ved Høgskolen i Oslo, understøtter Thorhauges synspunkt: «Det kan se ut som det er i ferd med å skje en glidning fra rollen som folkeopplyser med en bestemt verdiforankring (en form for lærerrolle) til en mer nøytral serviceyter.» (2001 s. 313). Ho har dessutan funne ut at bibliotekarane ofte heller legg vekt på det instrumentelle ved litteraturen enn det estetiske, kognitive eller underhaldande når det kjem til innkjøp og formidling (s. 314). Eit døme er grunngjevinga for innkjøp av populærlitteratur: «Bibliotekarene synes å se seg selv som deltagere i et nasjonalt prosjekt for opprustning av leseferdigheten.» Smidt ser på denne utviklinga som urovekkjande – å legge vekt på litteraturen sin funksjon framfor personleg relevans kan føre til at motivasjonen blir lågare både hos formidlar og lesar. Eg deler Smidt sitt syn; når amatørkritikken er meir spennande å lese enn bokomtalar frå biblioteket, er det noko som er gale.

 

Litteratursiden.no

I (det vi tradisjonelt har kalla) det litterære system skil folkebiblioteket seg ut ved at det «helt og fullt baserer seg på statlige, fylkeskommunale og kommunale bevilgninger i en ikke-kommersiell drift.» (Andreassen 2006 s. 437). Om vi skal sjå enda breiare på saka, er det klart at folkebiblioteket er den mest brukte, om ikkje den einaste, offentlege og (iallfall nesten) fullstendig ikkje-kommersielle møteplassen vi har i samfunnet. Biblioteket har her eit stort potensiale som eit alternativ, men må klare å vise at dei finst. I konkurranse med amatørkritikk, litteraturformidling i aviser og andre media og Litteraturhuset i Oslo ser folkebiblioteka og bibliotekarar ut til å bli usynlege. Bibliotekarar sine bokomtalar ligg spreidd nokså inkonsekvent på nettet, og mange av biblioteka sine bloggar døyr altfor fort.

Kanskje blir «alt» betre dersom prosjektet Litteratursiden.no blir ferdigstilt. Litteratursiden.no skal vere ein nasjonal nettstad for litteraturformidling frå norske bibliotek – ein ekvivalent til danske Litteratursiden.dk (ABM-utvikling udatert). Litteratursiden.dk er ei side som ønskjer å «formidle den gode bog – og være en uudtømmelig inspirationskilde til læsning.» (Litteratursiden 2010). Den danske Litteratursiden har 85 medlemsbibliotek, og det kjem nye bokomtalar omtrent kvar dag. I Noreg skulle prosjektet Litteratursiden.no i utgangspunktet vere ferdig i 2012. Prosjektet, som skulle vere eit samarbeid mellom ABM-utvikling og Sølvberget, vart i 2009 sett på vent, utan at nokre meir konkret rundt avgjerda og framtida er blitt offentleggjort. Det ser altså mørkt ut for Litteratursiden.no.

Det er svært synd at prosjektet ser ut til å ha stagnert, for Litteratursiden.no kunne vore redninga for norske bibliotekarar si skriftlege litteraturformidling. Deltakande bibliotekarar ville truleg føle seg meir forplikta til å skrive gode bokomtalar enn dei gjer no når dei skriv i eigne bloggar som kanskje ikkje har særleg mange lesarar. Med ein stor lesarskare, beståande av både bibliotekbrukarar og andre lesarar samt bibliotekarar ved andre bibliotek, blir ønsket og presset om å skrive gode formidlingstekstar stort. God marknadsføring og mange og gode bokomtalar kunne gjort Litteratursiden.no synleg som noko nytt og friskt i det norske litterære systemet. Bibliotekarane sine bokomtalar kunne blitt eit godt supplement til, i staden for å drukne i, profesjonell kritikk og amatørkritikk.

 

 

Kjelder

ABM-utvikling. (udatert). Litteratursiden: Forprosjekt Litteratursiden.no. Henta 9. november 2010 frå: http://www.abm-utvikling.no/bibliotek/bibliotekutvikling/innhold-og-tjenester/litteraturformidling/litteratursiden.html

Andersen, P. T. (1987). Kritikk og kriterier. Vinduet, 41/1987 (3), 17-26

Andersen, P. T. (1995). Danjanistikk og kritikk. I S. Lie og L. Nysted (Red.), Samtale med et svin: En antologi om litteraturkritikk (s. 9-26). Oslo: Cappelen

Andreassen, T. (2006). Bok-Norge: En litteratursosiologisk oversikt (3. utg.). Oslo: Universitetsforl.

Beatelill. (2010, 26. mars). Jo fortere jeg går, jo mindre er jeg [Blogginnlegg]. Henta 4. desember 2010 frå: http://beatelill.blogspot.com/2010/03/jo-fortere-jeg-gar-jo-mindre-er-jeg.html

Beyer, E. & Moi, M. (1990). Norsk litteraturkritikks historie: 1770-1940. Bind 1: 1770-1948. Oslo: Universitetsforl.

Bokelskere. (udatert). Om bokelskere.no. Henta 4. desember 2010 frå: http://bokelskere.no/om/

Bokelskere. (udatert). Skrevet om Jo fortere jeg går, jo mindre er jeg. Henta 4. desember 2010 frå: http://bokelskere.no/boksnakk/om/192941/

Christiansen, A. (2010). Kritikarboka. Bergen: Fagbokforl.

Jadelius, S. B. (2008). Boktips från biblioteket: En kvalitativ textanalys utifrån Boktips.net. (Masteroppgåve, Högskolan i Borås). Henta 5. november 2010 frå: http://hdl.handle.net/2320/3995

Folkebibliotekloven. (1985). Lov om folkebibliotek. Henta frå: http://lovdata.no/all/hl-19851220-108.html

Lier bibliotek. (2010, 28. september). Debutant Kjersti Annesdatter Skomsvold [Blogginnlegg]. Henta 3. november 2010 frå: http://boktipslier.blogspot.com/2010/09/debutant-kjersti-annesdatter-skomsvold.html

Litteratursiden. (2010, 10. november). Om Litteraturisden. Lokalisert 10. desember 2010 frå: http://www.litteratursiden.dk/om-litteratursiden

Ridderstrøm, H. (2010). Amatørkritikkens styrke og svakhet. Bok og bibliotek, 77/2010 (4), 44-46. http://www.bokogbibliotek.no/index.php?option=com_content&view=article&id=1487;amatorkritikkens-styrke-og-svakhet&catid=76;nr-4-2010

Skomsvold, K. A. (2009). Jo fortere jeg går, jo mindre er jeg. Oslo: Oktober

Smidt, J. K. (2001). Bibliotekarens smak og litteraturformidlingens normer. I R. A. Audunson & N. W. Lund (Red.), Det siviliserte informasjonssamfunn (s. 292- 317). Bergen: Fagbokforl.

Steiner, A. (2009). Amatørkritik på internet. I T. Forslid & A. Ohlsson (Red.), Litteraturens offentligheter (s. 177-190). Lund: Studentlitteratur

Stemland, T. (2009, 23. august). Forbløffende debutarbeid. [Bokmelding av Jo fortere jeg går, jo mindre er jeg, av K. A. Skomsvold]. Aftenposten, Kultur, s. 13

Thorhauge, J. (1995). Luk op for skønlitteraturen: Om skønlitterær formidling i folkebiblioteker. I E. Munch-Petersen (Red.), Litteratursociologi (s. 173-190). Ballerup: Dansk BiblioteksCenter

Tveit, Å, K. (2004). Innganger: Om lesing og litteraturformidling. Bergen: Fagbokforl.

Velldal, T. (2010). Den gamle damen og Lutvann [Bokmelding av Jo fortere jeg går, jo mindre er jeg av K. A. Skomsvold]. Henta frå: http://morgenbladet.no/apps/pbcs.dll/article?AID=/20100108/OBOKER/701089985

Ålesund bibliotek. (2010, 6. mai). Skomsvoll, Kjersti Annesdatter: Jo fortere jeg går, jo mindre er jeg [Blogginnlegg]. Henta 3. november 2010 frå: http://alesund-folkebibl.blogspot.com/2010/05/skomsvoll-kjersti-annesdatter-jo.html

 

 – – – – – – – –

 

Ønsker du å abonnere på papirutgaven?

Ønsker du å kjøpe utgaven til PC, Mac eller iPad?

Powered by Labrador CMS