Folkebibliotek og kommunestruktur

Publisert Sist oppdatert

Kommunekartet i Noreg er under endring. Færre og større kommunar byr på nye mulegheiter for folkebiblioteka. Om dei berre evnar å gripe sjansen.

Av FoU-direktør Georg Arnestad, Høgskulen i Sogn og Fjordane

Kommunekartet i Noreg er under endring. Færre og større kommunar byr på nye mulegheiter for folkebiblioteka. Om dei berre evnar å gripe sjansen.

Av FoU-direktør Georg Arnestad, Høgskulen i Sogn og Fjordane

Mitt første folkebibliotek heldt til i korridoren i andre etasje på Rygg folkeskule. På sørsida av Gloppefjorden midt i Nordfjord for dei ukunnige i geografi. Bøkene var gøymde i nokre låste skåp i veggane, slik at skuleungane ikkje skulle få tak i dei. Styrar var Maria Sælen. Ho var lærar i småskulen, og budde i eit husvære i loftsetasjen.

Eg trur ”biblioteket” heldt ope ein eller to ettermiddagar i veka. Det var her, og ikkje på realskulen eller gymnaset i kommunesenteret Sandane sju km vekke, eg fekk kjennskap til og gav meg i kast med verdslitteraturen. Og det var her eg i 1965, 16 år gammal, lånte med meg heim Jan Erik Volds aller første diktsamling ”mellom speil og speil”. Titteldiktet kunne eg utanboks ei tid. Takka vere Norsk kulturråd og, som det den gongen heitte, norske ”statsstudde” folkeboksamlingar.

”Folkebibliotekfilialen”, vi kan knapt kalle dét det, i gangen på Rygg skule overlevde to verdskrigar. Men rundt 1970 var det slutt. Deretter gjekk det slag i slag. Dei to småbutikkane, dampskipsekspedisjonen og postkontoret forsvann. Bygdeutviklingslaget førte ein heroisk kamp for å bevare postnummeret 6863 Rygg. Forgjeves, naturlegvis. 6823 Sandane har for lengst lagt heile Gloppefjorden under seg. For to år sidan vart så barneskulen på Rygg lagt ned av eit nesten samrøystes kommunestyre. Dei spreidde protestane førte ikkje til noko. Berre bedehuset og ungdomshuset overlever. Enn så lenge.

Utviklinga heiter det. Mi historie frå Rygg og Gloppen er langt frå unik. Sentralisering av skular, bibliotek, varehandel, bank, sjukehus, postkontor for den del, er ein uunngåeleg prosess nøye knytt til moderniseringa. Eller om ein vil; postmoderniseringa. Filialar er ikkje akkurat dagens honnørord. Med sentraliseringa følgjer større einingar. Dei små bygdebankane til dømes, er, for det meste, strokne av kartet. Gloppens sparebank vart historie alt i 1990. Snart har vi berre fire meieri att i landet vårt. Og 10 sjukehus, om vi er heldige.

Dei som les Bok og Bibliotek, er godt kjende med bibliotekstatistikken. Den peikar éin veg. Talet på bibliotek (filial og hovudbibliotek) har siste tiåret vorte redusert med meir enn 20 pst., og er i dag under 800. Det betyr at det er under to bibliotekfilialar per kommune. Lovas krav om folkebibliotek i kvar kommune kan stå for fall. Ein annan utveg er, naturlegvis, å slå saman kommunar.

Kvar haust stormar det rundt om i kommune-Noreg når rådmennene i sine budsjettforslag går inn for å leggje ned endå fleire skular. Avviklinga av bibliotekfilialar skjer derimot med eit pennestrøk. Berre sjeldan vert det teke til motmæle. Det finst ingen landsorganisasjon for oppretthalding av bibliotekfilialar i utkantstrøk. Landslaget for nærmiljøskulen, LUFS, er derimot ein veletablert kamporganisasjon, klar til å stikke kjeppar i hjulet for eit kvart rådmannsforslag om skulenedlegging. Men også storkjeftane i LUFS kjempar med ryggen mot veggen.

Det er ingen grunn til å grine særleg mykje korkje over reduksjonen av barneskular eller bibliotekfilialar. Det som kjem i staden, er som oftast betre enn det som vert lagt ned. Overgangen frå små postkontor med kort opningstid til post-i-butikk har vore til fordel for mange og til ulempe for få. Konsolideringa i eit godt og velutstyrt bibliotek i kommunesenteret er langt å føretrekkje framfor eit skralt hovudbibliotek og utstyrslause filialar med stadig færre brukarar. Med stor glede registrerer eg at folkebiblioteket i kommunesenteret Sandane, vakkert plassert i den nye Trivselshagen, er det beste og mest moderne i fylket; ei vakker rose i den frodige kulturhagen i Gloppen kommune. Ingen saknar filialane. Ingen gret heller i årevis over grendaskulane som vart borte.

Denne sentraliseringa lèt seg ikkje stoppe; uansett kva Liv Signe Navarsete måtte finne på å seie i sine tallause ”ta-heile-landet-bruk” foredrag. Alle veit òg at neste etappe i denne prosessen heiter kommunesamanslåing. Alle veit at vi ikkje har 430 kommunar i landet vårt i 2020. Kor snøgt utviklinga vil gå eller kor mykje staten gjer bruk av gulrot eller pisk, er uvisst. Det er likevel openbert for dei fleste at den framtidige kommunestrukturen i Noreg ikkje berre kan baserast på kva den enkelte kommune sjølv ønskjer. Fleire stader i landet har kommunane sjølve sett i gang eigne prosessar.

Det er mykje snakk om helse, samhandlingsreform, barnevern, sosiale tenester og kommuneadministrasjon i dei mange debattane om ny kommunestruktur som går føre seg, på nasjonalt, regionalt og kommunalt nivå. Kulturfeltet er det derimot lite snakk om. Og folkebiblioteka er det ingen som nemner i det heile.

Folkebiblioteka står ved ein skiljeveg det neste tiåret. Det er formidlingsleddet i kulturlivet som særleg vert råka av den omfattande digitaliseringa av kulturuttrykk og massemedium. Produsenten handlar direkte med konsumenten. Det hjelper lite å vise til åndverkslov og opphavsrett. Vi står overfor djuptgåande strukturendringar i det kommersielle kulturlivet.

For 20-30 år sidan forsvann det dominerande grossistleddet frå varehandelen. Ingen veit om vi treng bokhandlarar eller folkebibliotek i 2025. Utviklinga på dette feltet går uhyre raskt. Derimot veit alle at vi i 2025 har betydeleg færre og sterkare kommunar. Og enn så lenge er folkebiblioteka eit kommunalt ansvar. Grip derfor sjansen med ein gong, seier eg.

Men eg vert ikkje særleg optimistisk på folkebibliotekets vegne når eg les innlegget til Svein Arne Tinnesand i dette nummeret av Bok og Bibliotek. Han går nemleg einsidig i forsvarsposisjon. Det er den dårlegaste av alle strategiar.

– Georg Arnestad er fast spaltist i Bok og Bibliotek

 

 


Powered by Labrador CMS