Kor lenge skal Biblioteknorge bestå?

Publisert Sist oppdatert

Vi bibliotekarar i Noreg nyttar eit underleg forum: E-postlista som heiter Biblioteknorge. Det er ei liste du sjølv må aktivt finne og melde deg på eller abonnere på, for å kunne lese og delta i. Og det er ei liste som får fram at yrkesgruppa vår er prega menneske med engasjement og sterke meiningar. Attpåtil er det ei liste som famnar over heile geografien: Det er ingen uformelle avgrensingar som gjer at mindre sentrale delar av landet ikkje kan eller ønskjer å delta.

– Av Lars Petter Sveen, bibliotekar og forfatter.

Odd Letnes, redaktøren for tidsskriftet du no les, Bok og bibliotek, har fleire gonger levert frå seg innlegg på lista som provoserar og skapar debatt. No sist med ein kritikk av bruken av Facebook i biblioteka. Han let til å vere ein upopulær mann dersom en held seg til Biblioteknorge som einaste form for informasjon om tilstanden i den norske bibliotekverda.

Ein anna aktør som fekk unngjelde i fjor, var Tord Høivik (som i etterkant fekk eit partsinnlegg forma som ein objektiv artikkel i Morgenbladet, retta mot seg). Det er også interessant å trekke inn korleis ein liten petit av ein nærast irrelevant skribent, Vetle Lid Larsen i A-magasinet, fekk i stand ein kollektiv støtteerklæring for vårt sjølvstende i yrket (utan at det hadde noko å seie, ettersom folk i Noreg les A-magasinet, mens bibliotekarar les og skriv på Biblioteknorge).

Felles for debattane som har oppstått i kjølvatnet av Letnes og Høiviks innlegg, er at dei er prega av høg temperatur og mykje kunnskap. Men eg bit meg òg merke i korleis fleire debattantane tek i bruk ein form for privatiserande insinuasjon. Fleire gonger kan ein lese innlegg der det blir gitt uttrykk for ein direkte personleg indignasjon. Vendingar som ”eg blir rett og slett satt ut” eller liknande, skapar ein form for sårleik, der den som har provosert eller har komme med kritikk, blir stempla som ein som bryt opp og øydelegg fellesskapet mellom bibliotekarane. Det er ikkje ein debatt verdig å komme med slike stikk, spesielt ikkje dersom det heile skal halde seg på eit visst fagleg nivå. Ein kan også tenkje seg at han eller ho som starta debatten ikkje orkar å delta når debatten blir meir prega av personlege ytringar framfor saklege argument. Og ein kan tenkje seg at unge bibliotekarar ikkje orkar stikke hovudet ut i frykt for å få fjorten sinte mailar i mot seg, mot berre ein stillferdig støttemail frå ein eller annan som framleis jobbar i ABM.

Poenget mitt er: Ein kan tenkje seg eit sterkt ubehag i møtet med slike ytringar – det er ikkje noko argument i dei, og kva skal ein da svare? Det kunne vore freistande å berre skrive: Mor di!

Biblioteknorge er ei e-postliste, og slik er ho på eit vis eit lukka debattforum. Ingen av debattane som blir tatt her, er synlege i dei offentlege fora i Noreg. Påstandar som at alle kan melde seg på lista, og at alle kan vere med og delta, blir hòle ettersom det ikkje er dette som er poenget med kritikken: E-postlista når ikkje ut i det rommet der debatten kan vere med og endre på noko. Diskusjonane og debattane og engasjementet er berre til for dei som måtte ønskje å ta i mot ein kontinuerlig strøm av informasjon og spørsmål og bagatellar frå vår verd. Og det er berre oss, vi som er bibliotekarar, som abonnerar på denne lista. Eit fora, som for eksempel dette bladet, Bok og bibliotek, blir nok ikkje lest av så altfor mange. Men det er ein stad å starte, og det er eit blad som er ope for dei fleste som ønskjer å skrive. Eg trur også internettsidene til Bok og bibliotek kunne fungert som eit forum for diskusjonar. Eller ein kan tenkje større og seie: Kvifor kan vi ikkje berre bombardere aviser som Aftenposten eller Morgenbladet med innlegg og tips?

Eit anna aspekt ved Biblioteknorge, er at det er ingen kvalitetssikring av det som blir publisert. Det finst nok ein eller fleire administratorar som kan utøve ein form for kontroll, men det er ingen redaktør eller redaksjon som sikrar eit visst kvalitetsnivå, slik ein har i avisar og tidsskrift. Den einaste forma for redaktør for Biblioteknorge, er den enkelte lesar av kvar mail.

No kan ein seie at jo, dette du skriv her, unge herr Sveen, det er jo, vent litt, har du ikkje fast jobb? Har du ikkje? Er du ikkje ein fast tilsett bibliotekar?!! Men kva i helvete faen trur du at er da?

Ok, uansett: Det eg skriv kan også vendast på og brukast som argument for at Biblioteknorge er eit viktig forum for bibliotekarar i landet vårt. Her får vi bryne oss mot kvarandre utan at ein må gjennom nålauge til nokon redaktør i eit eller anna tidsskrift eller avis. Og ein kan vere impulsiv og skrive og publisere det ein tenkjer og meiner, utan at innlegga blir utsett for fleire dagars kontemplasjon og reinspikking. Og ja, det er vanskeleg å sjå noko gale i slike argument. Biblioteknorge har utan tvil ein viktig funksjon.

Men eg stiller meg sterkt tvilande til at det er eit godt debattforum. Det manglar vi framleis, og slik eg ser det, så står Biblioteknorge i vegen for at vi kan få det. Og det får meg til å stille spørsmålet: Kor lenge skal Biblioteknorge bestå?

Sveen er fast spaltist i Bok og Bibliotek

Powered by Labrador CMS