Nasjonalbibliotekar med auka ansvar

Publisert Sist oppdatert

I løpet av dei sju åra ho har hatt stillinga som Nasjonalbibliotekar har Nasjonalbiblioteket hatt ei ekspressutvikling. No er Nasjonalbiblioteket og nasjonalbibliotekar Vigdis Moe Skarstein tildelt enno ei oppgåve, som koordinator for heile biblioteksektoren.

Tekst: Berit Oksfjellelv; foto: Odd Letnes

De overtok ansvaret for biblioteksektoren etter at ABM Utvikling vart lagt ned. Kva står høgast på prioriteringslista?

– Vi har no fått tilleggsmandat frå regjeringa på å bidra til utviklingen av den nasjonale bibliotekspolitikk. Det vi no vil arbeide med er å koordinere verksemda mellom dei ulike bibliotekstypane, dra vekslar på kvarandres erfaringerr og spesialiteter og foreine det folkebiblioteka, universitetsbiblioteka osb står for. Vi er no i gang med å møte representantar for dei ulike bibliotekstypane og har mellom anna vore på regionale møte som fylkesbiblioteka har arrangert. Vi har starta ein dialog om kva det er behov for i biblioteksektoren.

– Ei anna målsetjing er å utvikle tjenester og kompetanse, særleg på det digitale feltet. Argumentet frå myndigheitene for å flytte ansvaret for bibliotekssektoren hit til NB var at rådgjevinga burde vere basert på eiga operativ verksemd. Nasjonalbiblioteket har alltid drive operativ verksemd og vi er komme svært langt på det digitale området. Vi trur derfor vi har noko å bidra med innanfor digital kompetanseutvikling.

Kan du nemne noko konkret?

– Utviklinga av Biblioteksøk som bl.a. skal erstatte Samkatalogen, til dømes. I fleire år har vi hatt ansvaret for å publisere Samkatalogen. No er vi i gang med det store prosjektet det er videreutvikle han innenfor nye muligheter i det digitale, noko som kjem til nytte for biblioteka.

Viktige Bokhylla-erfaringer

– Nasjonalbiblioteket har no nådd målet om å digitalisere 50 000 eksemplar i Bokhylla. Kva skjer vidare?

– No skal bøkene liggje ute eit år, tilgjengeleg for alle. Vi skal registrere brukaråtferda og deretter gjere ei evaluering. Utifrå denne evalueringa skal vi avgjere kva som skjer med Bokhylla. Då skal vi ha ein gjennomgang av avtalen med Kopinor og sjå om Bokhylla skal utvidast eller ikkje. Meir kan eg ikkje seie før den evalueringa er gjort.

Bokhylla er ein del av NBdigital. Vi har bortimot ein million digitale objekt ein kan søkje i om en kjem til biblioteket. Vi vil halde fram med å digitalisere heile samlinga systematisk slik at vi kan bevare og utvikle formidlingstenester både for bøker og andre medieuttrykk etterkvart som materiale har falt i det fri, eller at vi har avtaler med rettshavarane om bruken. Vi har skrive kontrakt med 5 aviser, herimellom Aftenposten, om å digitalisere dei historiske avisarkiva på vegner av dei og gjere dei tilgjengeleg på alle landets bibliotek. Det er fleire aviser som står i kø for å få vere med i ordninga. Vi arbeider med å finne ut kven som får vere med i første omgang; det skal ikkje vere berre dei største. Avisarkiva er ei uvurderleg kjelde til kunnskap for mange; forskarar, skular og lokalhistorielag, for å nemne nokon.

Nokre forfattarar har trekt seg frå Bokhylla-avtalen allereie fordi dei opplever salstap på bøker dei har gjeve ut på 1990-talet. Kva tenkjer du om det?

– Nokre forlag har trekt seg frå avtalen, og det beklager eg. Det reduserer grunnlaget for evaluering av tenesta, mellom anna når det gjeld å sjå på om det påverkar salet. ”Kanskje kjøper folk bøker etter å ha lese dei digitalt i Bokhylla?” Slike spørsmål og mange andre håpar vi å få svar på gjennom dette prøveprosjektet, som det jo er. Vi utviklar tenestane våre best i lag med brukarane, og har allereie fått langt større oppslutning enn vi hadde trudd. Sjølv om vi på kort tid alt har digitalisert og publisert eit stort tal som 50.000 bøker, vil brukarane likevel ha meir, og vi får stadig spørsmål som ”Kvifor er ikkje den og den boka digitalisert?”. I starten fekk vi ein del negative tilbakemeldingar, men dei er jamt over snudd til positive. Vi bør derfor ikkje av engsting avvise tenesta før ho er testa ordentleg ut.

Overflødige bibliotek?

Men når de no digitaliserer bøker og og aviser slik at vi ikkje treng gå vekk frå pc-en i stua heime for å finne medieuttrykk, blir ikkje biblioteka etter kvart overflødige?

– Slett ikkje! Det kjem alltid til å vere bruk for biblioteka og bibliotekarane. Biblioteka skal ta seg av det dei alltid har gjort; yte service kring boka uansett kva form ho kjem i. Dei skal vere sosiale treffstader og opplevingssentra for læring, forsking og kunnskap. Digitaliseringsutviklinga i samfunnet endrar strukturen i biblioteka. Vi må vere i forkant av denne utviklinga, slik at vi treffer folk der dei søkjer kunnskap. Søkjer dei på nettet, ja, så må vi møte dei der. Biblioteket vil alltid vere staden ein går for å få rettleiing. Folkebiblioteket skal hjelpe dei som treng hjelp til å orientere seg på nett.

– Før gjekk folk på biblioteket for å låne ei bok for å ta med seg heim. No oppheld dei seg på biblioteka, går dit for å finne musikk, film og andre medieutrykk i tillegg til bøkene. Biblioteket er første staden dei nye nordmennene oppsøkjer når dei kjem hit, og vi skal satse på biblioteket som inkluderande, sosiokulturell arena. Biblioteka skal ha fokus på lesestimulering og dei skal fremme kunnskap. Eg trur nok ikkje det finnes ei løysing for korleis folkebiblioteka skal vere organisert. Men nei, biblioteka blir aldri overflødige.

Powered by Labrador CMS