I ungdoms distanserte nærleik – når folkebiblioteket vil samhandle med ungdom

Publisert Sist oppdatert

Folkebiblioteka rettar mykje formidlingsverksemd mot barn og unge og har også på andre måtar ungdom som prioritert målgruppe. Kva er det som kjenneteiknar denne målgruppa, korleis kan vi nå den og kva skal til for at ungdom skal vere bibliotekbrukarar i framtida? (Illustrasjonsfoto: Trond Isaksen)

Av Per Roger Sandvik, prosjektkonsulent Nye Deichman, Deichmanske bibliotek

Folkebiblioteka rettar mykje formidlingsverksemd mot barn og unge og har også på andre måtar ungdom som prioritert målgruppe. Kva er det som kjenneteiknar denne målgruppa, korleis kan vi nå den og kva skal til for at ungdom skal vere bibliotekbrukarar i framtida? (Illustrasjonsfoto: Trond Isaksen)

Av Per Roger Sandvik, prosjektkonsulent Nye Deichman, Deichmanske bibliotek

Desse viktige spørsmåla skal vi freiste å nærme oss svar på gjennom å sjå nærare på særtrekk ved ungdomsmålgruppa og nokre av rammefaktorane som bør vere til stades og spele på lag når biblioteket satsar på ungdom som energisk medspelar i verksemda. På vegen svippar vi innom nye Nesodden bibliotek, Prosjekt X i Larvik og dei spanande ungdomsplanane som byrjar å ta form for eit heilt nytt Deichmanske hovedbibliotek i Bjørvika i Oslo.

 

Eit aldersspenn med spenst

Ungdom er energisk late, uimotståeleg ufordragelege, distansert nære, noko heilt for seg sjølve, men aller tryggast og komfortable saman med andre av same alder og orientering. Ungdom er individuelle gruppedyr på flukt frå seg sjølv og til seg sjølv og sine eigne. Dei er i opprør mot alt og nestene alle, særskilt mot vaksenverda og alt den representerer av ”dølle” ting. Det treigaste som finst er når vaksne definerer unge sine behov, og set i gong tiltak som dei forventar ungdomane vil lovsyngje og vere dei evig takksame for. Det evige finst ikkje i det augeblinksrådande ungdomsuniverset, og takksemd kjem sjeldan til uttrykk, sjølv om den heilt sikkert er ein stad langt der inne bak kviser, grumling og snøfting.

Ungdomsalderen, som i denne artikkelen er spennet 13 – 18 år, er eit langstrekt vendepunkt i livet og ein viktig utviklings- og overgangsfase til vaksentida. Det er sjølvsagt stor skilnad på 13-åringar og 18-åringar. Nokre er barnslege lenge, andre vert vaksne litt vel fort. Det vil også vere store ulikskapar innan kvart årstrinn, og med omsyn til kjønn. Barndomen sin granskande vandring langs trygge erfaringsvegar i eit nært og oversiktleg landskap går gradvis over til nyorientering mot nye relasjonar og deltaking i andre typar sosiale hendingar. Det er ei fase prega av stormfullendt pubertet og kjønnsmogning og ein ekstremt viktig livsperiode avdi mange viktige val skal gjerast. Dei tydelegaste kjenneteikna ved perioden er identitetsdanning og at individet byrjar å lausrive seg frå og relatere seg til foreldra på nye måtar. Byrjinga av ungdomsalderen er ein viktig milepæl i utviklinga av intellekt og moralsk refleksjon og innsikt. Samtundes gjennomgår dei unge kroppane og sinna rivande utviklingar fysisk, emosjonelt og hormonelt. Det er ikkje vanskeleg å skjøne at desse slumrande energibuntane kan vere både til utfordring og glede, både for seg sjølve og for omgjevnadene, biblioteka inkludert.

Det er med andre ord liten tvil; ungdom utgjer ei nyansert og mangearta gruppe. Fleire nyansar er allereie nemde, men desse synliggjer mest berre ein mykje brukt og bortimot stereotypisk framstilling av ein støyenergisk og distansert ungdomstype, og at ungdom lever i si heilt eiga livssfære. Mange unge er ikkje slik i det heile, eller dei er det berre delvis og tidvis, når dei må. Den stille, forsagte, djupnesøkjande, fredeleg lesande og introverte unge finst òg. Mange av dei har allereie funne at biblioteket kan vere ein fin stad å opphalde seg, og få tilgang til kulturell stimulans frå. Likevel: ungdom er mellom dei som brukar biblioteket minst i dag, men som har mest behov for å bruke det i framtida.

 

Nytt potensial i nytt bygg på Nesodden

Om alt går etter tidsplanen opnar Nesodden bibliotek i flunkande nye og moderne lokale i april. Gjennom mange år har biblioteket hatt tilhald i enkle rom av eldre dato i andretasjen i eit næringsbygg litt utanfor den mest sentrale delen av busetnad og innbyggaraktivitet på Nesoddlandet, men om kort tid vert det nye og skreddarsydde løysingar for moderne bibliotekdrift. Biblioteksjef Ib Aarmo seier at visjonen er å byggje eit bibliotek som ingen har sett maken til enno. Han og bibliotekar Turid Turbekmo er særs nøgde med utforminga av bibliotekrommet og plasseringa biblioteket får i det nye kommunebygget Tangenten, næraste granne med Tangensenteret. Under Aarmo si leiing har dei tilsette lagt eit særs godt grunnlag for at ting skal flyte godt allereie frå fyrste dag i nytt bygg. Gjennom ei offensiv og rivande utvikling dei siste åra har dei nådd fordobling både i antal besøk og utlån, ein vekst som rimeleg sikkert vil halde fram i nye lokale. Mediesamlingane er godt røkta og framstår som up to date og klare for det moderne livet. I dag er biblioteket lite besøkt av ungdom. Det er éin viktig grunn til at også satsinga mot ungdom no vert spissa. Spissinga skjer mellom anna gjennom å styrke staben med ei nyoppretta heiltids bibliotekarstilling. Den som vert tilsett skal ha hovudansvar for å byggje opp eit nytt tilbod til ungdomsmålgruppa. I sum skulle alt dette gi dei beste føresetnader for å etablere det rike og varierte tilbodet Nesodden kommune og biblioteket har sett seg som mål for framtida.

 

Samlokalisering gir nettverkseffekt

Samarbeidsnettverk vert ein viktig ressurskatalysator og metodisk innfallsvinkel for folkebiblioteka i framtida. I tillegg til å romme bibliotek og ligge nær eit handlesenter med veksande aktivitet og stort publikumstilfang, er fleire interessante aktørar lokaliserte i nybygget på Nesodden. Kommunale aktørar som byggjer tenester for ungdom samla under eitt og same tak gjer det enklare med direkte samarbeid og å kunne leggje løpet for eit breitt og best mogleg aktivitetstilbod for barn og unge i Nesodden kommune. Kulturskule, seksjon for ungdom og fritid, ein ungdomsskule og bibliotek i same hus utgjer med andre ord eit særs bra grunnlag for styrking og vidareutvikling av gode ungdomstenester, anten desse er organiserte, uorganiserte, føregår i skuletida eller på fritida. Her ligg det eit flott potensial for å styrke allereie eksisterande relasjonar og utvikle nye. Samlokalisering kan gjere det lettare for alle impliserte å sjå felles interesser, felles målgrupper og korleis ein kan nærme seg desse. Samordning av tiltak og deling av ressursar og faglig kompetanse for å nå felles mål er ofte ein positiv effekt av nære og godtfungerande nettverk. Biblioteket får i framtida unike sjansar til å ”rekruttere” frå og utveksle ungdom med dei øvrige tenesteytarene i bygget. Det kan også ligge ein potensiell styrke i at kommuneadministrasjonen ligg vegg i vegg med det nye Nesodden bibliotek.

 

Eigarskap og involvering

Den største og viktigaste grannen med omsyn til brukarrekruttering er nye Tangenåsen ungdomsskole, som biblioteket skal serve med ulike bibliotektenester. Elevane her vil ha sin eigen indre inngang til biblioteket og eit eige ungdomsområde rett innanfor denne igjen. I dette området er det ungdomen skal få sin møte- og virkeplass. Tilbodet skal ikkje berre vere for ungdomsskuleelevar i skuletida, men håpet er at biblioteket like mykje skal fungere som fritidsarena for ungdomar frå heile Nesodden. Målet til Aarmo er at ungdomane vil innta den nye plassen og kjenne seg så heime at dei ser den som forlenginga av jenteromet og guteromet heime. Biblioteket skal vere ein ok stad å henge, anten ein vil vere passiv, aktiv deltakande, aleine eller saman med andre. Utstyr og interiør på ungdomsarealet er sjølvsagt tilpassa målgruppa. På Nesodden vert det lagt til rette for at ungdomane sjølve skal bidra til å utvikle sine eigne tilbod og aktivitetar. Slik tilpassar biblioteket seg til ungdomen og ungdomen seg til biblioteket, i ein kontinuerleg og nær dialog. Denne typen brukarvolvering vert meir og meir vanleg i mange folkebibliotek kring om. Litt meir uvanleg er det å tilsetje ungdom i biblioteket. Det har dei til fulle gjort i eit spanande prosjekt i Larvik.

 

Prosjekt X i Larvik og Mindspot i Århus

Mange bibliotek erfarar at det er vanskeleg å utforme relevante og attraktive tilbod for ungdom, og at stadig færre unge brukar biblioteket sine tenester. Ein del ungdom brukar biblioteket i samband med skulearbeid og studier, og nokre nyttar biblioteket sine tenester også på fritida, men trenden er likevel klar; stadig fleire ungdommar opplever biblioteket og bibliotekettenestene som lite relevante. Dette har ein teke på alvor på Nesodden, og den same kjensgjerninga var ein sentral del av bakgrunnen til at det vaks fram eit samarbeidende ynskje mellom Larvik kommune og Vestfold fylkeskommune om å finne heilt andre tilnærmingsmetodar enn kun å fornye dei tradisjonelle. Blikket vart kasta mot Århus og metodane som hadde vore i bruk i prosjektet Mindspot der. Inspirert av tankar og gjerningar i Århus utvikla Larvik sine eigne lokaltilpassa metodar. Ein av dei viktigaste metodane var å tilsette ungdom på deltid i biblioteket. I alt sju ungdomar i alderen 14 – 19 år var frå august 2010 til mai året etter tilsette som prosjektmedarbeidarar. Ulikskap i alder og bakgrunn var både utfordrande og styrkande for prosjektprosessen. Ungdomane jobba seks timar per veke og mandatet deira var å utvikle relevante og attraktive bibliotektilbod for aldersgruppa.

I Larvik har ein langt på veg nådd fleire viktige mål gjennom prosjekt X. Biblioteket har i større grad enn tidlegare vorte ein naturleg møteplass for ungdom med ulik språkleg og kulturell bakgrunn gjennom metoder som dialog og brukarmedverknad. Ungdom har fått oppleve biblioteket som ein attraktiv møteplass og langt meir enn ein stad for utlån av bøker. Eit eige ungdomsrom vart innreia og brukt som treffstad og arrangementsarena for ungdom frå 13 – 18 år. I mindre grad enn forventa har ein nådd målet om at bibliotektilsette skulle få erfaring i arbeid med ungdom. Grunna kveldsarbeidstider i prosjektet vart det vanskeleg å finne felles møtetidspunkt mellom prosjektinvolverte og eit samla bibliotekpersonale.

For Prosjekt X vart diverre den økonomiske situasjonen etterkvart ein bremsekloss for framdrifta og prosjektet vart avslutta etter eitt års drift. Sjølv om prosjekt, som dei i Larvik og Århus, er sårbare i høve til økonomi og fast drift, er det særs gode grunnar for at folkebiblioteka tileignar seg og operasjonaliserer dei friske metodane som prosjkta representerer. Mindspot sin prosjektrapport Make it your library er spanande lesing, som inspirerer på grensesprengande vis. Erfaringane og kjerneinnsiktene herfrå er gull verd for alle norske folkebibliotek som ynskjer å treffe med ungdomsarbeid sitt:

• Biblioteket bør være en aktiv og alsidig aktør gennem hele brugerens liv!

•Tag udfordringer op, prøv nyt, tænk stort og indgå i overraskende sammenhænge!

• Involvér unge i det daglige arbejde og i udviklingsarbejdet!

• Forsøg ikke at være ung med de unge!

• Bibliotekaren skal være klar til at påtage sig nye roller!

• Mix forskellige mennesker, personligheder og faggrupper!

• Vær opsøgende og tag springet ud, hvor de unge er!

• Skab netværk!

• Skab et miljø, som tiltaler de unge!

• Arrangér specifikke og utraditionelle arrangementer, som henvender sig til specifikke målgrupper!

Innsiktene heng i kvarandre og det er verd å bite seg merke i fleire av dei. Å involvere ungdom i arbeidet kan fort syne seg å vere den viktigaste nøkkelen til suksess i arbeidet med målgruppa. Når ungdom skapar sitt eige tilbod gir det eit tilhøyre og eit eigarskap som er naudsynt for at tilbudet skal være liv laga. Miljøet som vert skapt er også ein bit av dette biletet. Møblering, fargar, lyssetjing og andre interiørelement er viktige i så måte. Eit anna superviktig punkt er biblioteket sin marknadsføring av tilbod. For å nå fram må denne i størst mogleg grad utførast av ungdom gjennom deira eigne kanalar. Mykje av dette er allereie aktivt inne i tenkinga både på Nesodden og i Larvik, og heilt sikkert mange andre stadar landet. Når Deichman om nokre år opnar dørene til nytt hovedhus og nytt innhald i Bjørvika skal desse og andre innsikter vere med på flyttelasset, og omsetjast i aktiv samhandling med ungdom og øvrig nettverk.

 

Framtidsbiblioteket Deichman

I Oslo går planlegginga av nytt Deichmanske hovudbibliotek med spenstige og sikre steg i retning Bjørvika. Ein stad i tidsområdet 2017 skal dørene gjerast vide og opnast for både gamle og nye brukarar, ungdom inkludert. Ettersom planleggingsarbeidet skrid fram gjennom skisse- og forprosjektering aukar detaljeringsgraden i bygg og rom. Etter kvart vil også innhald og tenestetilbod stå tydelegare og meir nyansert fram for det ålmenne publikum, men allereie har eit testprogram for moglege innhaldselement og brukaraktivitetar vore ute til diskusjon og foredling internt i Deichmanorganisasjonen. For den interesserte er testprogrammet også gjort eksternt tilgjengeleg. Du finn det på Nye Deichman-bloggen.

Diagonale, som arkitektane Lund Hagem og Atelier Oslo har namngjeve bygget, har fem etasjer over gateplan og éin underetasje. Grunna ekstra god takhøgd i tre av etasjene vert det her plass til å skyte inn mesaninar rundt to kjerner med heissjakter og liknande. Dette gjeld fyrste, tredje og femte etasje. Kvar av dei totalt seks etasjane skal få sin eigen unike identitet og energi. Naturleg nok vert det høg aktivitet og publikumstrafikk på gateplanet, medan intensiteten avtek til lenger opp i bygget ein kjem. Femte etasje vil til dømes vere staden for kontemplasjon og konsentrasjon. I andre etasje er det planlagt eit dedikert område for born opp til ti års alder, medan dei litt eldre borna finn sine behov dekte av alderstilrettelagde tilbod mange stadar rundt om i huset. Alle born og unge skal uansett alder ivaretakast med omsyn både til tilbod og tryggleik. Det kjem til uttrykk i strategien for nye Deichman (som du også finn på Nye Deichman-bloggen) at born og unge skal vere fokus- og utviklingsgrupper med høg prioritet.

 

Ung sone med høg aktivitet og låg terskel

Midt i bygget, i tredje etasje, vil sona for dei unge energiane og gjeremåla ligge. Heile etasjen er ung, levande og pulserande, prega av lyd, lys, bilete og eigenproduksjon. Livet her er digitalt, musikalt og estetisk, men på same tid skal det også vere avslappa, med mange mjuke sitjeplassar som innbyr til ro. Gjeremål og samlingar knytta til musikk og film vil i hovudsak ligge her. Etasjen inviterer til talrike gjeremål knytta til ulike typar digitale verkstadar og mange former for produksjon. Her vert det skru og mekk for både unge og eldre, musikalske eksperiment og innspelingar, eit eige rom for dataspeling, hjelpeteneste for IT-spørsmål, tv- og radiostudio og mange andre former for utfaldande ytringsaktivitetar.

Ungdomsblikket skiftar fokus ofte og uventa. Synet på kva som er ”kult” endrar seg også kjapt. Biblioteket må sjølv vere i endringsmodus om det skal vere eit mål å fange ungdomsblikket. Deichman møter dette med vekslande utstillingar og formidlingsmåtar som flakkande blikk kan finne feste på. Gjennom stadige skifte som er redigerteog regisserte på nøye planlagt vis, gjer Deichman bibliotekromet om til stabile stasjonar i ungdomstilværet sin store trafikkmyldringsmaskin. Dei bibliotektilsette er sporvekslarane som pensar ungdom inn til opplevingar og kunnskap og stimulerer til interesse, kreativitet og nyfikne på mange nye landskap, også dei litterære. Fleire stadar i tredje etasje vil det vere pop up-utstillingar og mindre pop up-bibliotek inne i det store bibliotekromet. Bygget er planlag slik at det skal ha stor fysisk fleksibilitet og gjere det mogleg å omprogrammere fort og etter ynskje. Slik får ein eit bibliotek som ikkje stivnar og står i fare for å verte forelda, men som endrar seg i takt med samfunnet kring seg og brukarane sine behov.

Tredje etasje har to mesaninar. På den eine skal den spissdedikerte ungdomssona ligge; ei unik og sjølvstendig øy i biblioteklivsstraumen. ”Øya”, som kan få eit flatemål på nær 140 kvadratmeter, er fysisk avsondra frå andre delar av bygget, men med gode sikt- og kontaktliner ned, opp, ut og inn. Her vert det lett for ungdomame både å sjå og å verte sett. Det ligg samtundes godt til rette for at dei kan skape sine eigne og langt på veg sjølvdefinerte miljø. Området er primært for ungdom og unge vaksne, og frå biblioteket si side på medvite vis skilt frå barneområdet. Energien vi likevel tidvis bere preg av ”leik”, høg aktivitet og støy. Sona ligg slik sett godt plassert i høve til skjerming frå omgjevnadene. Dette er ei sone for aktiv rørsle; til og frå spelstasjonar, mellom reolane, mellom ulike grupper av gjestande ungdom, men også frå tilstøytande soner og seksjonar. Sona skal oppfattast som ”kul”, men utan å gjere det gjennom kva vaksne synest er kult, og vil mellom anna få eit visuelt uttrykk som famnar mange interessefelt og dekkjer heile ungdomsaldersspennet. Det vil verte halde samlingar og kurs som tilsvar på brukarundersøkingar biblioteket utfører i samråd med ungdomane; teikneseriekurs, mangakurs, skriv- og teiknekurs, dataspelkurs, lesesirklar og kurs i handarbeid er nokre av døma på dette. Arrangement, debattar, konsertar, forfattarstunder, spelkveldar og filmkveldar høyrer også heilt naturleg heime her. Øya vert den perfekte staden for den unge, moderne bibliotekbrukar; ein stad å henge på ein stad som heng.

Mediesamlinga som høyrer til den unge sona er sett saman av ungdomsbøker, teikneseriar, fantasy, tidskrift, populærkultur og undergrunnskultur. Bøkene skal i størst mogleg grad stå med frontane synlege i spanande og attraktive utstillingar som skiftar ofte, og vert formidla i ein fin miks av digitale og fysiske løysingar. Det vil òg vere ei stor samling dataspel og datautstyr tilgjengeleg og speldager/kvelder/netter skal som nemt arrangerast jamnleg. Deichman sine rikhaldige musikk- og filmsamlingar kjem gjerne til å strekkje seg inn i denne sona; popmusikk, tv-serier og dei store kinofilmane vil friste mange hit og til å henge att her. Møblert og utstyrt på måtar som er nøye tilpassa målgruppa og ungdomane sine mediesamlingar, vil Deichman si unge sone vere ein aktiv, aktuell, energisk og optimalisert samlingsplass og møtestad for unge menneske på leit etter sosiale opplevingar og nye kulturelle innsikter.

 

Biblioteka som offensive springbrett for ungdom

Viktige rammer må på plass og fleire faktorar må få virke fritt om folkebiblioteka skal lukkast i ei offensiv satsing og vere gode springbrett for ungdom. Brukarkartleggingar, behovsvurderingar, målgruppetilpassa lokalitetar og interiørløysingar, materielle ressursar, samarbeidsnettverk og høveleg bemanning er alle døme på slike. Det er mykje som tilseier at eit samfunn i endring treng eit folkebibliotek i endring (nytt innhald og nye metodar), særleg i høve til ungdomskulturar og ungdom, sidan desse er i kontinuerleg og rask endring og vil ha hyppig skiftande behov. Brukarinvolvering og –medverknad er sjølve nøkkelen for å få vite meir om ungdom og utrette meir saman med ungdom. Samstundes må det vere til stades ein sterk vilje til og interesse for å jobbe med og saman med ungdom. Ein lyt vere i stand til å gjennomføre offensive planar og metodar for ungdomsinvolvert bibliotekarbeid. Ein lyt våge å vere i endring medan ein endrar universet rundt seg. Som på Nesodden, som i Larvik, som i Oslo. Som i alle norske folkebibliotek?

– – – –

• Takk til informantane Turid Turbekmo og Ib Aarmo ved Nesodden bibliotek og Pernilla Slotte Hjermann og Steinar Engeland ved Vestfold fylkesbibliotek. Utan dei ingen artikkel.

• Mindspotrapporten: http://www.aakb.dk/files/att/mindspot_rapport_eng_web.pdf

– – – –

Artikkelen står også på trykk i Bok og Bibliotek nr 1/2012, s. 50-56.

 

 


Powered by Labrador CMS