Om å kaste ungdomskroken på elva

Publisert Sist oppdatert

Er ungdom den målgruppa som alle bibliotek higar mest etter å nå?
Kvifor er då innsatsen på same tid på eit minimum? I middels gode fall har det begrensa
seg til ein krok i eit hjørne av lokalet, populært kalla "ungdomskroken".

 

Av Stig Elvis Furset, Buskerud
fylkesbibliotek – Drammensbiblioteket

 

Er ungdom den målgruppa som alle bibliotek higar mest etter å nå?
Kvifor er då innsatsen på same tid på eit minimum? I middels gode fall har det begrensa
seg til ein krok i eit hjørne av lokalet, populært kalla "ungdomskroken".

 

Av Stig Elvis Furset, Buskerud
fylkesbibliotek – Drammensbiblioteket

 

Der kan ein som oftast finne bøker
som Norsk Kulturråd må definere som ungdomsbøker
for at dei skal bli kjøpt inn i 1500 eksempla. Det vil seie alle bøkene som
er alderskoda med det for lånarane totalt ubegripelige "mu" i
bibliotekkatalogen.

     Der
er det ofte brosjyrar frå språkreiser i utstillingsmontrane. Der er det gjerne
nokre lefsete teikneseriefhefte i ein kasse ute ved hjørnet. Møblementet består
av ein holete sofa for å gje det vesle området ein slags rustikk stil.

     Og
felles for dei fleste "ungdomskrokane" rundt om er at dei nesten ikkje blir
brukt av målgruppa, og at bibliotekarar flest synest det er greitt at det er
slik. For viss ein hadde rådd over halvparten av den energien, innsatsviljen og
stillingsressursane som blir barnesatsinga
til del, ville bibliotekstilbodet til ungdom sett heilt annleis ut. Sett i eit
slikt perspektiv kan ungdom eller unge umuleg vere biblioteka sin heilage gral.

 

Liksomhippe

Og kanskje det er like greitt? For
ei fetisjering av bibliotekstilbudet til ungdom, som den typiske
"ungdomskroken" er uttrykk for, er heller ikkje bra. Den ser på ungdom som ei einsretta
målgruppe, som ein liksom greier å nå ved å spele på eit sett med liksomhippe
ungdomskodar.

     Den
store forvirringa som rår rundt dei få biblioteksatsingane som finst med ungdom
som målgruppe seier noko om det. Eg har sjølv stått som representant for ei
satsing som hadde gladvold og seksualitet som fokus. Men alle unge likte ikkje
gladvold. Mange unge var faktisk aktive motstandarar av glad fiksjonsvold. Alle
unge likte ikkje sex heller. Ein del unge var faktisk aktive motstandarar av seksuelle
framstillingar.

     Ein
ser det på dette viset: Ungdomstida er den tida kor du prøver å ikkje skilje
deg for mykje ut frå alle rundt deg, samstundes som du også gjer det motsette,
nemleg definerer deg vekk frå "alle andre". Når vi i tillegg veit at
ungdomstida i dag varer heilt fram til du stiftar familie, og i somme tider forbi
det, er det kanskje ikkje så rart at barnebibliotekarane er forvirra og at
vaksenbibliotekarane ikkje bryr seg.

 

PopKult i Drammen

Ved Drammensbiblioteket er vi i
skrivande stund godt i gang med ei satsing som vi håpar skal kunne gje nokre
svar på den forvirra blindpassasjertenkinga som set sitt preg på norske
bibliotek sitt ungdomstilbud. Satsinga har vi døypt "PopKult". Den skal framstå
som ei eiga "geografisk avdeling" i lokala til Drammensbiblioteket.

     Samanstillinga
av ord signaliserer to ting: Pop står for at populærkulturen skal vere ein
dominerande faktor i både materiale og innredning, medan Kult seier noko om at
det skal vere eit undergrunnspreg over tilbudet i tillegg. Vi lener oss der mot
termar som kultbok, kultfilm, kultband etc. Med andre ord skal du finne materiale
som kan vere både smalt og populært. Sagt på ein annan måte: høgkulturen har
ikkje monopol på å vere smal, slik ein alltid får inntrykk av når dei ulike
innkjøpsordningane blir debatterte.

     Vi
har utarbeida eit sett med teser, kor eg kan nevne nokon:

     PopKult
skal ikkje vere eit ungdomstilbud i tradisjonell forstand. Vi har ei vidare
målgruppe enn tenåringar. Målgruppa vår er rett og slett alle som er
interesserte i sub- og populærkultur, uavhengig av alder, og samlingane skal
spissast i den retninga. Viss ein tenkjer seg biblioteksrommet som eit byrom,
skal PopKult vere eit svar på bydelar som Camden i London, Grünerløkka i Oslo
etc. Posisjonen som outsider skal vektleggjast i samlingsutviklinga, og vi har
som målsetting å kjøpe inn materiale som få andre bibliotek har.

 

Dansk debatt

I litteraturtilbodet vil vi prøve å
integrere ungdomslitteraturen frå Norsk Kulturråd med vaksenlitteratur som
passar inn i avdelinga sin profil. Norske bibliotek er ikkje forplikta til å
stigmatisere litteraturen for unge, sjølv om Norsk Kulturråd, forlagsbransjen
og bokhandlarane gjer det. Vår tese er at denne litteraturen vil nå breiare
lesargrupper viss den blir meir integrert i det øvrige materialet.

     Då
skal også PopKult behandle dei ulike medieplattformane likt. Bøker,
teikneseriar, spel, film og musikk skal eksistere side om side som likeverdige
kulturuttrykk. PopKult skal ha det aller siste og beste innanfor desse
uttrykka, tilpassa avdelinga sin profil. Om kunnskapen kjem til kort hos oss
som står for tilbudet, skal vi søkje den aktivt utanfor biblioteket, som til
dømes i spesialforretningar av ulikt slag. Litteraturen, eller boka, er lite tjent
med at vi ser på den som ein mediesjanger som treng spesialbehandling. Vi er
klar over at det ikkje er ukontroversielt.

     Under
Stavangerkonferansen i februar var eg vitne til ein debatt om
litteraturpolitikk, kor ein også kom inn på diskusjonane ikring kanon som ein
har hatt i Sverige og Danmark. Der uttalte ein av debattantane, Cecilia
Wikstrøm frå Sverige, at eit mål for biblioteka burde vere å stå vakt om
litteraturen og slå ring rundt bøkene. Biblioteka sitt oppdrag var å skulle
vere ei motkraft, eller motgift, mot det ho oppfatta som negative trendar i
samfunnet. I den samanhengen var det fullstendig framandt for henne å tenkje
seg at biblioteket skulle tilby dataspel, eller i det heile ha datateknologi
tilgjengeleg for brukarane.

     Eg
heldt på å dette av stolen i forundring, men det var kanskje ikkje så framande
tankar ho kom med? For der var ein god del nikkande hovud i salen. Og det får
stå som eit symbol på del av ei haldning som har sett på dataspel i biblioteka
ut frå denne tesa: I den grad ein har dataspel i samlinga eller som eit tilbud
skal målsettinga vere at dei unge plukkar med seg ei bok samstundes, eller
oppdagar bøkene via dataspela.

     Som
den danske kulturministeren Brian Mikkelsen har sagt det i debatten i Danmark:
"Boka er det sentrale. Dei andre media skal understøtte boka". Ein slik
filosofi, eller eit slikt grunnsyn på kva biblioteket skal vere som både Wikstrøm
og Mikkelsen står for, trur vi er feilslått. Det er fleire grunnar til det. For
det første harmonerer den ikkje med korleis unge bruker ulike media. For unge
er det av liten relevans kva medieplattform kulturelle uttrykk og opplevingar
kjem i. Om til dømes dataspel sin funksjon i biblioteket skal vere å
understøtte boka, så vil ofte dei dataspela ein kjøper inn rett og slett ikkje
holde kvalitativt mål.

     Det
blir som med film: viss ein har "filmatisert litteratur" som eit hovudkriterium
for innkjøp blir i grunnen filmen i seg sjølv heilt utan interesse. Då er det betre
å la vere. Til sjuande og sist synest vi denne tankegongen om at andre medium
skal støtte boka er altfor defensiv på litteraturens vegne.

 

Opplevingskultur

PopKult skal stå for ein levande
opplevingskultur. Det skal vere høge omløpstal på det vi kjøper inn, og kva
dette innebærer skal definerast. Men det skal vere rom for å feile i innkjøpa.
Nytt materiale som ikkje blir lånt ut gir oss breiare kunnskap om brukarane av
avdelinga sine behov.

     Vi
som står bak, er ei gruppe av tilsette på Drammen bibliotek og Buskerud
fylkesbibliotek, som er drivne av entusiasme for, og kunnskap om, feltet som
avdelinga dekkjer.

     Vårt
håp er å dra nye lånargrupper til biblioteket, i tillegg til å gjere Drammensbiblioteket
til ein meir relevant del av dei unge i byen sitt kulturelle liv. I tillegg vil
ei satsing som dette sikkert kunne få ringverknader ut over vårt bibliotek.

     Summa
summarum: PopKult-avdelinga har utsikt over Drammenselva. Herifrå vil vi altså
kaste den tradisjonelle ungdomskroken på havet, og forhåpentlegvis aldri meir
sjå den igjen.

 

Powered by Labrador CMS