Studenter ser framover – delt 2.plass

Publisert Sist oppdatert

STUDENTKONKURRANSE: Bok
og Bibliotek utlyste høsten 2008
artikkelkonkurranse for bibliotekarstudenter. De tre vinnerartiklene
sto på
trykk i nr 2/09. For deg som ikke har rukket å lese papirutgaven,
finner du den ene 2.plassen her. Den andre 2.plassen vil bli publisert 20. mai.

 

Framtidas bibliotek – kvifor er alle så einig?

Ei venninne av meg lovpriste utdanninga eg
tok. Bibliotek er heilt fantastisk, nærast ropte ho til meg. Det er ein god
ide, prøvde eg meg. Kva meiner du med det, spurte ho. Og så gjorde eg eit
forsøk på å forklare ho korleis biblioteka alltid blir oversett av regjeringane
i dette landet. Dårleg økonomi, få løyvingar, svakast i Norden. Eg prøvde å
seie at det ikkje er nokon særleg skilnad på partia i Noreg i høve til
biblioteka: Store ord, særs lite handling. Venninna mi mista ikkje trua, trass
i at partiet hennar SV har sitte i regjering i snart fire år utan å ha gjort
noko. Trass i at kulturminister Giske har gitt meir til alle sett bort frå
nettopp biblioteka. Ho la handa på skuldra mi og sa til meg: Tenk så viktig
biblioteket er. Da gjekk det opp for meg: Betydinga av det ho sa ga ikkje
lenger meining for meg.

 

– Av Lars Petter Sveen,  2.årsstudent ved Høgskolen i Oslo, avd. JBI

STUDENTKONKURRANSE: Bok
og Bibliotek utlyste høsten 2008
artikkelkonkurranse for bibliotekarstudenter. De tre vinnerartiklene
sto på
trykk i nr 2/09. For deg som ikke har rukket å lese papirutgaven,
finner du den ene 2.plassen her. Den andre 2.plassen vil bli publisert 20. mai.

 

 




Framtidas bibliotek – kvifor er alle så einig?

– Av Lars Petter Sveen,  2.årsstudent ved Høgskolen i Oslo, avd. JBI 

 

Ei venninne av meg lovpriste utdanninga eg
tok. Bibliotek er heilt fantastisk, nærast ropte ho til meg. Det er ein god
ide, prøvde eg meg. Kva meiner du med det, spurte ho. Og så gjorde eg eit
forsøk på å forklare ho korleis biblioteka alltid blir oversett av regjeringane
i dette landet. Dårleg økonomi, få løyvingar, svakast i Norden. Eg prøvde å
seie at det ikkje er nokon særleg skilnad på partia i Noreg i høve til
biblioteka: Store ord, særs lite handling. Venninna mi mista ikkje trua, trass
i at partiet hennar SV har sitte i regjering i snart fire år utan å ha gjort
noko. Trass i at kulturminister Giske har gitt meir til alle sett bort frå
nettopp biblioteka. Ho la handa på skuldra mi og sa til meg: Tenk så viktig
biblioteket er. Da gjekk det opp for meg: Betydinga av det ho sa ga ikkje
lenger meining for meg.

 

Kva er problemet?

Eg er ein av dei som skal vere med og skape
framtidas bibliotek. Som student på Bibliotek- og informasjonsvitskap på
Høgskolen i Oslo har eg frå dag ein fått innpoda kor viktig dette er. Ei
undersøking lagt fram via powerpoint kunne vise at staten får meir pengar
tilbake for investeringa i bibliotek enn nærast nokon annan statleg drift kunne
skryte av. Forelesarane og innleidde ekspertar frå ABM-u snakka om kor
komplekst, kor viktig, kor demokratisk bibliotek er. Sjølvsagt var det ingen i
kullet mitt som sa noko på det. Og sjølvsagt lo me av Frparar som meiner
biblioteka burde ta seg betalt for tenestene sine. Det heile var så sannferdig,
så enkelt og oversiktleg at måtte spørje meg sjølv: Men kva er problemet?

    Problemet
var at problemet aldri vart presentert. Ikkje ein gong prøvde forelesarane å
forklare avstanden mellom det dei stod og fortalte, og den faktiske situasjonen
for bibliotekvesenet i Noreg. Ikkje ein gong presenterte forelesarane kva
partia i Noreg meiner om biblioteka. Kvifor ikkje? Me kunne le av Frp, men det
er takka vera deira deltaking i det offentlege ordskiftet omkring biblioteka at
utdanninga no har tatt inn over seg det elementære: Biblioteka og deira
tilsette må kunne forsvare det dei held på med. Ikkje ut i frå Dewey sitt
klassifikasjonssystem, men utifrå ei analyse av kva rolle biblioteket har i eit
demokrati. Me må kunne forsvare vår plass og vår rett i samfunnet. Bibliotekets
rett og folkets rett til bibliotek burde kanskje vere sjølvsagt, men det er det
ikkje.

    Det
eigentlege problemet slik eg forstod det, og slik eg framleis forstår det,
handlar om pengar. Økonomi. Postar på statsbudsjett. Korleis bygge framtidas
bibliotek når det ikkje finst pengar til det?

               

Sett press bak tydelege krav

Det er slik i verda og i politikken at ting
kjem ikkje rekande på ei fjøl. Ein kan be om det, men mest sannsynleg får ein
det ikkje. Ein kan begynne å krevje og jobbe for det, og først da kan ein
kanskje få resultat. I Noreg har staten ein eigen institusjon for biblioteka: Statens
senter for arkiv, bibliotek og museum (ABM-u). Dei har gitt ut ei massivt
dokument som heiter Bibliotekreform 2014. Der blir utfordringar og moglege
løysingar for biblioteket skissert opp. Kullet vårt fekk som obligatorisk
gruppeoppgåve å analysere ulike aspekt ved dette løysingsforslaget frå ABM-u. Arbeidet
i grupper og den endelege oppgåva fekk meg til innsjå dokumentets svake punkt:
Korleis skal ein få gjennomført dette? Kva for maktanalyse er blitt gjort
undervegs og i etterkant av Bibliotekreform 2014?

    Ein
kan sjølvsagt seie at ABMu er statleg og må operere innanfor sine
retningslinjer. Dei kan ikkje gå ut med eit hardkøyr mot kulturministeren og
dei politiske partia. Dei kan vel knapt levere frå seg eit krast avisinnlegg. Og
her kjem ein til noko av problemet. Når bibliotekinteressene i Noreg bind seg
for tett til ABM-u, korleis i alle dagar skal ein da kunne sette press bak
krava sine?

    Spørsmålet
slår meg som særs relevant. Og det blir tydelegare for kvar dag. Knut Olav Åmås
har i Aftenposten reist debatten om biblioteka og mangelen på oppfølging og
pengar frå staten. Åmås er tilsett i ei avis. Kvar i alle dagar er stemmene til
dei fagutdanna, til dei bibliotektilsette, til politikarar og fritenkjarar og
samfunndebattantar? Ingen snakkar om biblioteka, men alle snakkar om retorikken
til Barack Obama. Ingen krev noko for biblioteka, alle krev noko for helsevesenet.
Når skal det høgreorienterte og konservative tidsskrifte Minerva presentere eit
nummer eller ein artikkel som er via til biblioteka? Når skal Morgenbladet
løfte blikket lenger enn til næraste museum og heller fokusere meir på
nedbygginga av biblioteka i Oslo? Når skal Klassekampen eller Dagbladet tørre
eller gidde konfrontere regjeringar og parti med fullstendig mangel på
bibliotekspolitikk? Og: Når skal fagmiljøet tørre å kvesse pennane og vere meir
offensiv?

    Biblioteket
si rolle i det offentlege rom må vere noko meir enn eit hyggeleg bygg der ein
kan låne bøker. Kvar blir det av framtidas bibliotek? I beste fall vil dagens
institusjon bli ståande slik det er, med lokalar og teknisk utstyr og
utstillingar som vitnar om nedprioritering og inkompetanse. Slikt får folk til
å heller ta seg ein spasertur opp til Litteraturhuset og kjøpe pocketboka si der.

 

Bibliotekets rom – tør ein å provosere?

Kanskje må ein tørre vere offensive på
fleire felt. Å skape debatt i det offentlege rom er ein ting, men det finst òg
eit anna rom: Bibliotekets eigne lokalar. Her står alt materialet som kan
lånast ut, alt av datamaskinar og andre elektroniske hjelpemiddel. Nokre gonger
kan ein snuble over eit bord der den siste nobelsprisvinnaren i litteratur sine
bøker ligg strødd ut over. Eller ein kan finne ei lita brun hylle der ein kvit
lapp seier: Anbefalast! Nye bøker er slengt inn i ei anna hylle.

    Bibliotekarar
og bibliotekvesenet har framleis mykje å lære når det kjem til det å ta i bruk
rommet rundt seg. Framleis er det svært sjeldan ein opplev ein "hot spot" eller
liknande utstilling i bibliotek. Kanskje det er på tide at biblioteka i større
grad tør å engasjere seg i kunsten dei formidlar, både den skjønnlitterære og
sakprosaen. Ved å engasjere seg i kunsten og ved å prøve å løfte den fram, kan
ein også vise at ein engasjerer seg i samfunnet og i røynda. Biblioteket kan gå
frå å stå på sida, til å bli ein aktør i fellesskapet. Og kanskje ein må spørje
seg om vegen dit er å tørre å provosere, å tørre å utfordre brukaren. Kva med
ei utstilling retta inn mot ungdom, der temaet var erotikkens klassikarar? Kva
med hente fram frå arkivet verkeleg gode og verkeleg dårlege krimbøker, og
sette dei opp i mot kvarandre? Kanskje ein kunne fått i stand ein debatt om kva
som er bra og kva som er dårleg krim. Det finst uana moglegheiter. Biblioteket
i Noreg i dag utnyttar dei i svært liten grad.

    Sjølvsagt
finst det unntak, bibliotekarar og bibliotek som verkeleg gjer ein innsats på
dette området. Og fleire og fleire bibliotek som har ressursar til det, har
begynt å lage tilstellingar som bokbad eller liknande. Desse fortener all den
ros dei kan få. Eg vel å tru at dette er bibliotek som har høgare besøkstal enn
gjennomsnittet.

    Og
sjølvsagt finst det strukturelle hinder for å få til ei nytenking i høve til
bibliotekets rom. Det største og viktigaste heiter pengar. Økonomi. Eller for å
bruke den mest presise termen: Statsbudsjettet.

 

Politikarane sin inkompetanse

Her kjem det den kanskje største
utfordringa inn: Politikarar veit for lite om bibliotek. Dei likar å snakke
fint om dei (sjølv Frp har begynt å oppføre seg no), men dei gjer som sagt lite
med det. Det finst per dags dato ikkje noko politisk tyngde bak noko krav eller
målsetting for biblioteka. Politikarane treng å bli utfordra. Det gjeld både
parti på venstresida som SV, og parti på høgresida, som Høyre. Kvifor er dei så
unnvikande? Kvifor lar dei biblioteka forfalle?

    Kanskje
burde fagorganisasjonane til dei bibliotekutdanna slå seg saman med
representantar frå fagmiljø og bibliotekstudentar, og prøve å utfordre meir. Ei
slik gruppering kunne ha organisert møter med dei forskjellige politiske partia
der ein presenterte utfordringar og krav frå biblioteka. Ein kunne tenkje seg
lobbyarbeid kombinert med framføringa av eit spissa bodskap i media. Det burde
vore bodskap som sa at vi må ha meir pengar, framfor at bibliotek er ein fin
ting. Grundige faglege krav måtte ha blitt kombinert med tydelegheit, relevans
og slagkraft.

    Slik
kunne ein ha vore med på å bygge opp kunnskap og bevisthet hos politikarar og i
partia om biblioteka. I neste omgang kan ein tenkje seg at politikarane tok med
seg dette inn i Stortingssalen og inn i møteromma til dei forskjellige parti-
og rådssamlingane.

    Dette
er berre nokre moglege tiltak, ein kan tenkje seg at fagforbunda og fagmiljø
har tenkt i desse baner før. Men det relevante spørsmålet blir framleis det
same: Kvifor er alle så einige, mens så lite blir gjort?

    Venninna
mi, og mange, mange fleire, vil halde fram med å lovprise biblioteka. Men det
er på tide å få spreidd kunnskapen om at biblioteka i Noreg i dag er sterkt
svekka. Og det er på tide å rette fingeren mot dei som er ansvarlege. Med all
den velviljen som biblioteka blir møtt med, så burde det vere fullt mogleg å skape
eit press på politikarane og regjeringa for å auke den økonomiske stønaden til
biblioteka. Framtidas bibliotek står i fare for å bli ein annanrangs tilbod som
folk flest går forbi, eit omgrep som politikarar nyttar når dei skal score
billege kulturpoeng. Det må det gjerast noko med.

 

Lars Petter Sveen er fødd i 1981. Han er tidlegare elev på
Skrivekunstakademiet i Hordaland. Er opphavleg frå Fræna, bur no i Oslo
og er student ved Høgskolen i Oslo, avd. JBI. Han har fått Tarjei Vesaas’
debutantstipend og Aschehougs debutantstipend 2008 for debutboka "Køyre
frå Fræna".

 

– – – – – – – –

 

Vinnerartikkelen av Benedikte Nes finner du her

 

 

 

 

Powered by Labrador CMS