Biblioteket er det naturlege litteraturhuset

Publisert Sist oppdatert

Litteraturhuset i Oslo lèt seg ikkje kopiere. Norske kommunar må lage sine stadeigne litteraturhus. Biblioteket peikar seg naturleg ut.

Av forskningsleiar Georg Arnestad, Høgskulen i Sogn og Fjordane 

 Litteraturhuset i Oslo lèt seg ikkje kopiere. Norske kommunar må lage sine stadeigne litteraturhus. Biblioteket peikar seg naturleg ut.

Av forskningsleiar Georg Arnestad, Høgskulen i Sogn og Fjordane

Litteraturhuset i Oslo opna dørene sine 5. oktober 2007. Av grunnar ingen heilt forstår vart huset ein suksess frå første stund. Huset trefte noko i marknaden, i den store kulturelle, intellektuelle og litterære offentligheit i Oslo med omland. Eg er viss på at ikkje ein einaste marknadsgranskar i heile landet hadde å klart å leite seg fram til denne sveltefora offentlegheiten. I løpet av kort tid vart Litteraturhuset den største debattarenaen i hovudstaden. Og det er orda og det fengjande ordskiftet meir enn den gode litteraturen som har prega huset, som også har vorte ein av byens mest populære utestader. God kultur og kommers går godt saman i hovudstaden.

Suksessar av denne type fører ofte med seg ønske om kopiar. Og kopiane skal, ser det ut til, liggje mest mogleg nær opp til originalen. Av den grunn har det siste par åra vakse fram idear om litteraturhus etter Oslo-modellen i eit titals byar rundt om i landet. Alle byane har visst hus som eignar seg godt, og overalt er det private eigedomsentreprenørar som vil vere med på suksesslaget. Fleire byar har fått Fritt Ord til å opne den velfylte pengesekken. I tillegg finst det lokale ressurspersonar og kapitalistar som meir enn gjerne vil medverke.

Eit svingande litteraturhus av Oslo-typen vil styrkje omdømmet både til Bergen, Stavanger, Trondheim, Kristiansand, Fredrikstad, Odda, vert det hevda. At folkegrunnlaget for slike hus kan vere litt magert ute i periferien, vert det snakka lite om. Og at store delar av periferien saknar den kulturelle, intellektuelle og litterære offentligheiten som hovudstaden har, torer ingen, og slett ikkje regionavisene, nemne med eit ord.

I Bergen har Noregs mest profilerte mesen, Trond Mohn, nyss stilt opp med 10 mill. kroner for eit litteraturhus som personar i utkanten av byens litterære miljø har arbeidd med å få til i fleire år. ”Endelig i boks,” skreiv den bypatriotiske Bergensavisen 18. februar. ”All ære til dem som har stått på, løftet frem ideen og arbeidet hardt for at Litteraturhuset i Skostrædet skal bli en realitet, slik det nå blir,” heldt bypatriotavisa fram.

Men same kvelden klirra det i glasa i Bergen Offentlege Bibliotek . For denne kvelden inviterte eit at dei beste folkebiblioteka i landet til innviingsfest. Bibliotekets nye storstove var klar til bruk. 650 kvadratmeter nytt areal venta brukarane. Eit hus for både litteratur og menneske – i alle aldrar, sa biblioteksjef Trine Kolderup Flaten til Bergens Tidende. Eit splitter nytt auditorium med 120 sitjeplassar gir plass til alle typar arrangement, fortalte biblioteksjefen , som òg har søkt om skjenkeløyve for biblioteket. Hadde ho kanskje eit litteraturhus i tankane?

Det hadde ho, sjølvsagt. Ikkje utan grunn heller. For på velkomstfesten gratulerer fylkeskultursjef Anna Elisa Tryti med dagen, og med eit flott utvida folkebibliotek. ”Vi kan gjerne også si et litteraturhus”, held ho fram. Ho slår fast at i dei fleste kommunar i Noreg er det biblioteket som vil vere litteraturhus. Berre i nokre av dei større byane våre er det kanskje rom for begge delar, seier Tryti, men midlane bør då ikkje gå til høge husleiger og nye daglege leiarar, dei bør gå til aktivitet som fyller biblioteka og litteraturhusa med innhald. Velvalde og kloke ord frå ein kunnskapsrik fylkeskommunal byråkrat, som ikkje er redd for å seie frå.

Men dagen etter (19.2) får Tryti på kjeften av kultur- og debattredaktør Hilde Sandvik i Bergens Tidende, som anklagar Tryti for å ha gått ut av byråkratrolla og gjort feststunda i biblioteket til ”ei trist førestelling.” Tryti hadde ikkje noko med å kommentere kulturhusplanane, meinte Sandvik. Ho skulle bere fram si helsing til biblioteket, og elles halde kjeft. Kulturbyråden i Bergen, Harald V. Hove, likte heller ikkje det Tryti sa. ”Ingen av mine byråkrater i Bergen kommune kunne ha kommet med slike politiske kommentarer,” seier byråden til BT. ”Hvis de hadde gjort det, ville det fått konsekvenser.”

Nokre dagar seinare eskalerer saka i bergensavisene. Forfattarane Erling Gjelsvik og Tomas Espedal går til frontalangrep mot dei storstila planane om eit litteraturhus i Bergen. Skytset er særleg retta mot dagleg leiar Kristin Helle-Valle, pengebruken, kostnader og lønner. Dei to har etterpå møtt betydeleg forståing og støtte hos mange i det litterære og kulturelle miljøet i byen.

Den ordhage striden kring det tenkte litteraturhuset i Noregs nest største by saman med andre meir eller mindre lause og luftige litteraturhusplanar i fleire mindre byar i landet, lærer oss følgjande:

  1. Litteraturhuset i Oslo er unikt. Det korkje bør eller kan brukast som modell for andre litteraturhus i Noreg.
  2. Både storleik (Oslo og dei ni nærmaste kommunane har eit folketal på 900.000) og samansetjing av befolkninga i Osloregionen gir grunnlag for eit større og ein annan type litteraturhus i Oslo enn i resten av landet.
  3. I kanskje 425 av dei 430 kommunane i landet vil folkebiblioteket vere det naturlege litteraturhuset. Her er det korkje befolkningsmessig, økonomisk eller kulturelt grunnlag for eigne litteraturhus.

Litteraturhuset i Oslo har stimulert og gitt næring til interessante og viktige offentlege debatter i landet vårt. I mange andre delar av landet har den offentlege samtalen skrinne kår. Lokalavisene og lokalmedia elles fyller langtfrå ein slik funksjon. Mange av oss ser med både beundring og misunning på det Litteraturhuset har fått til. Vi ville gjerne hatt noko liknande.

Norske lokalsamfunn og regionar treng både fleire røyster og nye meiningsarenaer. Å utvikle slike arenaer bør verte ei prioritert oppgåve for norske folkebibliotek. Ikkje minst gjeld dette dei biblioteka som skal utviklast i dei nye og større kommunane som kjem dei neste 10-15 åra. Men vil kommunepolitikarane ta utfordringa?

La meg føye til: I kampen for å gjenreise ordet, ordets makt og den offentlege debatten kring om i landet treng vi også dyktige og modige kulturbyråkratar. Vi hadde mange slike på 1980-talet. No er det berre få igjen. Det er derfor trist å sjå at ei liberal avis som Bergens Tidende tek til orde for å vengjeklippe éin av desse få: den fritalande fylkeskultursjefen i Hordaland, Anna Elisa Tryti. Avisa burde i staden gi honnør til meiningssterke kulturbyråkratar. Særleg når dei forfektar standpunkt som går på tvers at det avisa sjølv står for.

Powered by Labrador CMS