Opp på det høgaste nivået

Publisert Sist oppdatert

I 2008 debuterte han med novellesamlinga ”Køyre frå Fræna”. For ho fekk han prisar i fleng. Vi snakkar om Lars Petter Sveen, som dere kjenner som fast spaltist her i bladet.

I 2008 debuterte han med novellesamlinga ”Køyre frå Fræna”. For ho fekk han både Tarjei Vesaas sin debutantpris og debutantstipend frå Aschehoug. Han blei utpekt som «ein lovande norsk forfattar» og fekk tilleggsprisen på kr 50 000 av Jo Nesbø, da Nesbø fikk Den norske leserprisen 2008. Vi snakkar om Lars Petter Sveen, som dere kjenner som fast spaltist her i bladet.

– Stort meir går det vel ikkje an å hauste for ein debutant?

– Vel, det går jo an. Knausgård fekk vel Kritikerprisen for sin debutbok. Og Goethe utløyste ein liten sjølvmordstrend med sin Unge Werther, så.. Nei, men eg er veldig stolt over Køyre frå Fræna, og eg er glad for at ho blir lest, og eg er særs takknemleg for dei prisane. Det var viktig for meg å få ein god start, det hadde vore mykje, mykje tyngre om eg møtte veggen på første boka.

– Den faste spalta di her i Bok og Bibliotek heiter ”Den bibliotekariske tenkemåten”. Kva slags tenkemåte er det?

– Det veit eg sanneleg ikkje. Bibliotekarar er jo så mangt. Det er veldig freistande å seie at den bibliotekariske tenkemåten er litt forsiktig, litt objektiv, litt SV, litt ryddig. Men det er jo ikkje heilt sant. Vi bibliotekarar er mykje meir enn det. Det hadde uansett vore veldig interessant å sett ein sosiologisk undersøking over kven vi er, og korleis vi er satt saman som yrkesgruppe. Av og til så får eg litt lyst til å putte ein grillpølse i buksa og stå og rope ” kassert kuk og bøker” frå skranken på biblioteket. Det hadde kanskje vore artig for meg, men ikkje så artig for brukarane.

– Tekstane dine her i bladet kan ofte ha ein uroleg undertone som iblant slår ut i eit krast, nesten voldsamt, språk. Du er ikkje den som legg papir i mellom det du tenkjer og skriv?

– Nei, eg er kanskje ikkje det? Nokre gonger lurer eg på om eg er for mykje ein ung og sint mann. Men heldigvis så blir eg strengt irettesatt av mine fagfeller i KBBMEBGF når eg går over streken. Eg tenkjer uansett at tonen blant bibliotekarar er ganske sivilisert og roleg, så det skadar kanskje ikkje at nokon prøver å tøffe seg litt.

– Skriv du om natta eller om dagen?

– Eg skriv om dagen, og så søv eg om natta.

– Nå har du gjeve ut din andre bok, ”Eg kjem tilbake”. Vurderer du å seie opp jobben som bibliotekar og bli forfattar på heiltid?

– Nei, det vurderar eg ikkje. Eg har per dags dato jobb på Torshov bibliotek, og der stortrives eg. Det er ei glede og ei utfordring å kunne jobbe i eit folkebibliotek og å møte eit så stort grensesnitt av det norske folk. Trass i kva eg har frykta, så opplev eg at jobben min er meiningsfylt. Og eg er så heldig å ha medarbeidarar som imponerar meg nesten kvar dag.

– Om du skulle bu to månader på ei øyde øy i lag med to bøker, kven hadde du valt da?

– Eg måtte ha hatt med meg Bibelen, gjerne den nye omsettinga som kjem no snart, der både Gamle Testamentet og Nye Testamentet er omsett på nytt til nynorsk. Og så trur eg at eg ville tatt med meg Amos Oz si Fortelling om kjærlighet og mørke. For ein forfattar han er.

– Kva er din store ambisjon som forfattar?

– Eg har veldig respekt for forfattarar som Amos Oz, Joyce Carol Oates og Philip Roth, som held eit kontinuerlig høgt nivå i skrivinga si. Det verker som dei stadig utfordrar seg sjølv, samtidig som skrivinga er eit yrke for dei, noko dei står opp tidleg om morgonen og legg seg tidleg på kvelden for. Det er min ambisjon, å komme meg opp på det høgaste nivået, og å halde meg der.

– Av Odd Letnes, redaktør

Powered by Labrador CMS