Kven tek ansvaret for folkebiblioteka?

Publisert Sist oppdatert

Kanskje kan
folkebiblioteka verte ein hjørnestein i Anniken Huitfeldts sosiale
kulturpolitikk? 

 

Av
forskningsleder Georg Arnestad, Høgskolen i Sogn og fjordane

(Foto: Scanpix)







Kanskje kan
folkebiblioteka verte ein hjørnestein i Anniken Huitfeldts sosiale kulturpolitikk?
 

 

Av
forskningsleder Georg Arnestad, Høgskolen i Sogn og fjordane

(Foto: Scanpix)

 

"Det området der norsk
kulturpolitikk har lykkast aller dårlegast, er biblioteka." Sitatet er 20 år
gammalt. Det var den konstruktive og kulturkritiske arkitekten bak dei
kulturpolitiske reformene på 1970-talet, Johs. Aanderaa, som uttrykte seg slik
i eit av dei siste foredraga sine før han vart brått sjuk og døydde i 1991. "Det
er flautt," heldt han fram, "å studere ein nordisk statistikk som viser at dei
norske folkebiblioteka i 1987 hadde eit utlån på 18 millionar band, medan
tilsvarande bibliotek i Danmark, Finland og Sverige hadde eit utlån på 74 til
93 millionar band."

     Noreg er framleis på den nordiske
bibliotekbotnen. I 2008 lånte norske folkebibliotek ut 17 mill. bøker.
Tilsvarande tal for Sverige og Danmark var 58 og 52 millionar. Når det gjeld
andre medium, var tala 7 mill. i Noreg, 12 og 28 mill. i Sverige og Danmark.
Skilnadene er mindre no enn dei var i 1990. Nokon annan veg kunne det knapt gå.
Men framleis er utlånstala per innbyggjar, særleg før bøker, betydeleg lågare
hos oss enn hos dei skandinaviske naboane våre. Danskane, med si
liberalkonservative regjering, er klart i toppen.

     Aanderaa gav i 1990 norske kommunar skulda
for den sørgjelege tilstanden. Han hadde òg observert at mens svenske
lokalpolitikarar var sterkt opptekne av biblioteka i det lokale kulturarbeidet,
var det sjeldan han høyrde norske politikarar snakke om folkebiblioteket.

 

Folkebiblioteka har vore eit stebarn i den moderne norske lokale kulturpolitikken. Biblioteka har på
ein måte "alltid" vore der. Alt på 1970-talet var biblioteka ein del av det
gamle i den nye kulturpolitikken. I dagens moderne og "begivenhetsbaserte" kulturliv,
som det gjerne vert kalla, har heller ikkje folkebiblioteket nokon plass.

     Sist haust vart rapporten frå det store
forskingsprosjektet "Lokalt kulturliv i endring" publisert. Oppdragsgivaren,
Norsk  kulturråd, meinte at det hadde
skjedd så store endringar i det lokale kulturlivet at det var behov for ei ny
kartlegging. Forskarane definerte endring som "trekk ved kulturlivet som blir
oppfatta som nye eller sterkt veksande i den lokale konteksten vi undersøkjer".
I prosjektet deler forskarane 
kulturlivet inn i " det nye" og "det gamle i det nye".  Folkebiblioteket høyrer definitivt ikkje med
i "det nye" kulturlivet. Men det får heller ikkje, ser det ut til, plass i "det
gamle i det nye" kulturlivet. Bibliotekets urokkelege plass er i det gamle
kulturlivet, utan særleg tilknyting til "det nye".

     I sluttrapporten frå prosjektet er
biblioteket knapt nemnt i det heile. På mange måtar kjennest det "naturleg";
også for meg som har følgd prosjektet nærmast frå start til mål. Men det er
ikkje før no det har slått meg at biblioteket, som for ikkje lenge sidan
utgjorde nesten ein fjerdedel av det kommunale kulturbudsjettet, har vorte
heilt borte i det store forskingsprosjektet.

 

I det raudgrøne Noreg
2000-talet er folkebiblioteka den store taparen i kommunal kultursektor. I alle
fall om vi måler dette med kommunaløkonomiske auge. "Frå 2003 til 2009 har dei
samla kulturutgiftene i Noreg (målt som netto driftsutgifter per innbyggjar)
vakse betydeleg, med heile 27 pst. i faste prisar. I same periode har utgiftene
til bibliotekformål vorte reduserte med 3 pst". I 2003 utgjorde
bibliotekutgiftene 20 pst. av samla kommunale netto driftsutgifter til kultur.
I 2009 er denne delen redusert til 15 pst.

     Noka katastrofe er dette likevel ikkje. Det
kan godt hende at biblioteksektoren har hatt det for godt, og at vi har hatt
mange tungdrivne og lite effektive bibliotek rundt om i landet. Det veit eg
ikkje. Men det vi kan lese ut av statistikken, er at vi i 2008 hadde 799 folkebibliotekavdelingar
i Noreg. I år 2000 var talet 1005. Det har vorte redusert kvart einaste år
siste 20 åra. Medieløyvinga til folkebiblioteka per innbyggjar (i faste prisar)
har gått samanhengande ned sidan 1995, med eit lite unntak for 2006 og 2007.
Botnåret så langt er 2008.

     Talet på tilsette i norske folkebibliotek
held seg derimot nokolunde stabilt. I 2008 vart det utført 1.831 årsverk; 959
(52 pst.) av desse av fagutdanna bibliotekarar. 289 (67 pst.) kommunar hadde
biblioteksjef med full utdanning. Endringane  siste åra har vore beskjedne. Talet på årsverk
i 2002 var 1.882, eller 50 fleire enn i 2008. Bibliotekarane har, for det eg
veit, ei god fagforeining.

     Eitt kan i alle fall seiast om norske
bibliotekarar: Ingen kan lage så mykje statistikk og talkolonnar som dei. Om nokon
treng eller gjer seg bruk statistikken, er ei anna sak. Kanskje kunne litt av statistikkressursane
gjort betre nytte andre stader i denne litt gløymde og gøymde sektoren?

 

Når eg les artikkelen
til professor Ragnar Audunson i Bok og Bibliotek nr 2/10 om "Hva forskes det
på?" i bibliotek- og informasjonsvitskap, slår det meg at her har det nye
teljekantsystemet med sine tusenvis av meir eller mindre vitskaplege tidsskrift
festa sitt stramme grep over bibliotekforskinga. Forsking om bibliotekets
sosiale kapital, bruk av GIS for å fortelje oss kor mange som mistar
bibliotektilbodet når ein filial vert lagt ned og dyktiggjering av
bibliotekarar i organisering av chattetenester, kan det sikkert verte gode
referee-artiklar av. Særleg nyttig kunnskap kjem det likevel ikkje ut av slikt.

     For det er ikkje her vi finn utfordringane
for norske folkebibliotek. Dei finn vi ute i kommune-Noreg. Kommunepolitikarane
avgjer bibliotekets framtid. Dei fleste pilene peikar nedover. Det kan gjere
seg med meir forskingsbasert kunnskap om og innsikt i kva som skjer og vil skje
her. Om bibliotek og lokalsamfunn. Om bibliotek og kommunestorleik. For det er
langt frå sikkert, slik Knut Olav Åmås har hevda, at det er frå næringslivet at
biblioteka har mest å lære.

 

Ulikt dagens toppbyråkratar i den statlege kulturforvaltninga hadde Johs Aanderaa god kontakt
med kulturpolitikarar og kultursekretærar rundt om i landet. Var det kanskje
ikkje han som gjennom statlege løyvingar bygde opp det kommunale kulturapparatet?
Men Aanderaa makta ikkje å tenne nokon bibliotekeld hos dei lokale kulturpolitikarane.

     Kulturminister Trond Giske brydde seg ikkje
særleg om dei lite iaugefallande folkebiblioteka. Kommunenes Sentralforbund
gjer det heller ikkje. Men kanskje kan folkebiblioteka verte ein hjørnestein i
Anniken Huitfeldts sosiale kulturpolitikk? Ho har i det minste sagt at ho vil
bruke kulturpolitikk til å redusere sosiale ulikskapar i samfunnet. Så kvifor
nølar de slik, folkebibliotekarar?

 

 

 

Powered by Labrador CMS