Fremskrittspartiet sin nye kulturkamp!

Publisert Sist oppdatert

I sommar har det gått føre seg to kulturkampar i dei
Oslobaserte avisene. I den eine kampen har kunstnarar ytra seg mot
Fremskrittspartiets populistiske angrep. Og i den andre har ein gjeng unge menn
frå kultureliten i Oslogryta ytra høglydte ønskjer om å starte eit
paradigmeskifte…

 

Av Lars Petter Sveen, bibliotekarstudent, forfatter




I sommar har det gått føre seg to kulturkampar i dei
Oslobaserte avisene. I den eine kampen har kunstnarar ytra seg mot
Fremskrittspartiets populistiske angrep. Og i den andre har ein gjeng unge menn
frå kultureliten i Oslogryta ytra høglydte ønskjer om å starte eit
paradigmeskifte. Elles i verda så har kinesiske myndigheiter slått enda hardare
enn vanleg ned på uighurbefolkninga i landet. Robert McNamara, eit menneske som
verkeleg har betydd noko for verda, døydde i juli. Ein psykisk og fysisk
øydelagt popstjerne døydde i juni. Same månad bestemte Oslo kommune seg for å
vise at kulturpolitikk i Oslo framleis ikkje inneber biblioteksektoren, og
utsette bygginga av nye Deichmanske enda lengre enn nokon trudde var mogleg. Og
attpåtil har dei siste samtalane som vart gjort med Saddam Hussein blitt lagt
ut på nettet for alle til å lese. For å nemne noko.

            Men
der eg starta: Fremskrittspartiet har gått til kulturkamp. Først med Asle Toje
som skyttergravdebattant. Så med fleire sentrale politikarar som har klaga sin
naud over kunstnarane i dette landet.

            På
den eine sida angrip Fremskrittspartiet kunstnarar fordi ingen vil stå fram og
støtte partiet deira i valkampen. Det er kanskje ikkje så vanskeleg å skjønne
kvifor så få vil stå fram og støtte dei. Når eit parti i mange år har skutt mot
kunstnarar på ein slik måte som Fremskrittspartiet har gjort (og vice versa),
og når partiet ønskjer å føre ein politikk som vil gjere det økonomisk hardare
å kunne ha ein profesjonskvardag, så nyttar det ikkje gråte over spilt mjølk. Det
neste vil vere at dei klagar over at så få akademikarar støttar dei.

            For
min eigen del set eg også store spørsmålsteikn til kvifor kunstnarar skal
støtte politiske parti. Kvifor i alle dagar skal ein kunstnar gå ut og seie:
Stem på dette partiet, for det gjer eg? Det er politikarane si oppgåve å
argumentere for eigen politikk, og det er veljarane sin oppgåve å gå og stemme.
Ein kunstnar skal drive med kunst, ikkje valkamp. Kunsten skal tale, kunstnaren
halde kjeft, tenkjer eg. Er det ein stad kunstnaren skal ytre seg så er det i
kunstverket.

            På
den andre sida peikar Fremskrittspartiet på at Giske og kompani har for stor
makt i kulturmiljøet i Noreg, og at kunstnarar er redde for å bli fryse ut av
det gode selskap dersom dei står fram med kritikk eller gale synspunkt. Kva i
alle dagar? Er det noko kunstnarar i Noreg nærast drøymer om, så er det å kunne
angripe makta. Poenget er at Giske fører ein politikk som kjem det store
fleirtalet av kunstnarar i Noreg til gode. Eg trur mange kunstnarar ikkje ser
nokon spesiell grunn til å angripe kulturministeren i Noreg. Dersom dei skulle
gjere det, så burde dei i så fall gjort det på grunn av den totalt manglande
bibliotekpolitikken Giske fører.

            Om det
er nokon som skulle vere redd for å bli skvisa av Giske, så må det vere
bibliotekarar. Kulturministeren har gjort ein formidabel innsats for kulturen i
Noreg, men han har fullstendig oversett biblioteka. Grunnane til det er nok
mange, og kanskje har fagmiljøet og biblioteksektoren òg skuld i dette. Men det
er framleis særs skuffande at ein kulturministar frå ein raudgrøn regjering
ikkje har kome med noko anna enn ei dvask bibliotekmelding. Kanskje har det
vore viktigare for Giske å prioritere den kulturen som får spalteplass,
kulturen som media skriv om? For han kan da ikkje verkeleg meine at det står
bra til med biblioteka i Noreg? Han kan da ikkje meine at biblioteka ikkje
treng pengar, at dei ikkje treng auka prioritering frå statleg hald?  

            Det
er sommar, det er sol. Dagbladet blir ei dårlegare avis med sløvare skribentar
for kvart år som går. Finanskrisa herjar mens bustadmarknaden perverst nok
opplev oppgang att. Og Fremskrittspartiet har framleis ein kulturpolitikk som
manglar det som verkeleg kunne satt dei på kartet som eit kulturparti: Styrking
av biblioteka!

            Dersom
partiet hadde køyrt opp økonomisk styrking av biblioteka som ein av sine
fanesaker på kultursida, så trur eg mange ville fått problem med å argumentere
mot dei. Fremskrittspartiet ville fått ein heil sektor på si side. Dei ville ha
sette kunstnarar i ei verkeleg kattepine: Korleis gå i mot det eine partiet som
vil styrke institusjonen som gir kunst til folket gratis? Og partiet ville
kunne angripe Arbeidarpartiet for ikkje å ha gjort noko som helst i altfor
mange år.

            Innhaldsmessig
burde politikken til Fremskrittspartiet vere å få budsjettpostar på
statsbudsjettet som ikkje kommunane kunne omgjere til noko anna enn bibliotekpengar.
Og dei burde med ein gong trygga økonomien til nye Deichmanske i Oslo, slik at
samlinga kunne byggast ut og slik at det ville vere mogleg å tilsette dei beste
fagarbeidarane. Og så burde dei heile tida argumentere med at dette, dette er
verkeleg kunst til folket.

            Kom
igjen, Fremskrittspartiet: Sats på biblioteka! Det er folkeleg, det er enkelt,
og de kan angripe Arbeidarpartiet og Høgre for alt kva det er verdt. Drit i
kunstnarane, drit i Oslo-eliten som ønskjer sjølvprofilering. Sats på
biblioteka! Tenk kor herleg det vil vere å seie: "Dette går ikkje an, det står
altfor dårleg til med biblioteka i Noreg. Vi, Fremskrittspartiet, vil endre på
dette. Vi skal bygge opp biblioteka, både i hovudstaden vår og overalt i Noreg.
Det skal verte eit bibliotekvesen på høgde med kva vi ser i dei andre nordiske
landa, og det skal vere opent og tilgjengeleg for folk flest!"

            Åh,
eg kjenner det kriblar. Les du dette, Ulf Erik Knudsen?

 

 

– Av Lars Petter Sveen, bibliotekarstudent, forfatter

 

 

 

 

Powered by Labrador CMS