Papirboka og drivhuseffekten

Publisert Sist oppdatert

Biblioteka må stå fast på sine ibuande miljøvenlege
og "menneskelege" kvalitetar som papirbaserte kunnskapsbankar, samstundes som
dei søkjer å utnytte dei mest miljøvenlege og effektive kvalitetane av den
digitale revolusjonen.

 

Av
universitetsbibliotekar Pål Magnus Lykkja, UiO




Biblioteka må stå fast på sine ibuande miljøvenlege
og "menneskelege" kvalitetar som papirbaserte kunnskapsbankar, samstundes som
dei søkjer å utnytte dei mest miljøvenlege og effektive kvalitetane av den
digitale revolusjonen.

 

Av
universitetsbibliotekar Pål Magnus Lykkja, UiO

 

For kvar kilo med
trykt papir som vert produsert, hamnar det mellom tre og fem kilo
karbondioksid ut i jorda si atmosfære. Likevel visar det seg at bruk av enkelte
typer papirmedier, som den gode gamle boka, er langt meir miljøvenleg enn
lesing på både bærbare og stasjonære datamaskiner. Det er mykje som tydar på at
det eldgamle biblioteket er sansynlegvis like miljøvenleg som dei minste
energi- og maskinvarekrevande lesebretta som finst på marknaden i dag.

     Dei
siste åra har det vore gjordt mange undersøkjingar om kva som er mest
miljøvenleg av trykte papirmedier og lesing på datamaskiner. Dei fleste av
desse undersøkjingane eg har sett på konkluderar med at det ikkje finst eit
svart-kvitt svar på kva som er mest miljøvenleg av trykte eller elektroniske
medier. Det kjem heilt an på ein heil rekkje faktorar som til dømes kor mange
gonger ei bok vert lest, levetida til datamaskina før den hamnar på
søppeldynga, kor mykje energi som krevast for å lagre elektronisk informasjon i
høve til papirbasert informasjon, lesetid, fleirbruk av elektroniske apparater
og liknande (jfr. S. 96 i "Screening
environmental life cycle assessment of printed, web based and tablet e-paper
newspaper" 1)

 

Farleg teknologioptimisme

Informasjons- og
kommunikasjonsteknologi (IKT) vert sett på som eit av dei viktigaste verkemidla
det globale samfunnet har for å bremse den globale oppvarminga av atmosfæra.
"The Climate Group" har estimert at IKT bransjen aleine kan hjelpe til å fjerne
15 prosent av dei totale drivhusgassane i 2020 samanlikna med ein situasjon der
"ting går som vanleg". Men sjansa for at IKT-sektoren kjem til å på eiga hand
utlikne desse 15 prosentane med sine eigne utslepp er overhengande. Til dømes
så har dei estimert at antal PC’ar kjem til å auke frå 592 millionar i 2002 til
meir enn fire milliardar i 2020, og desse PC’ane vil stå for 22 prosent av IKT
sektoren sin totale utslepp av karbondioksid. 2)

     Teknologioptimisme har mange gonger vore ei
dårleg rettesnor å styre etter i miljøsamanhengar. Me kjenner alle til at om
til dømes bilane brukar mindre og mindre drivstoff så vert miljøgevinsten ete
opp ved at så mange fleire i verda kjøpar seg bil. Det er sansynlegvis
urealistisk å tru at kinesarar og indarar vil avstå frå å skaffe seg slike
materielle goder i framtida for å spare miljøet, så viss me ynskjer å gjere
noko for å bremse drivhuseffekten, så bør det gjerast der det er von om å skape
endring og der endringane har stor effekt – det vil seie i vår eigen kvardag.

     Biblioteksektoren er ifylgje Bill St.
Arnaud ein ypperleg plass og starte, men ikkje ved å leggje ned dei
papirbaserte biblioteka, men derimot ved å plassere datasentra i nærleiken av
stader der det er av overflod av rein elektrisk energi for å sidan transportere
alle oppgåver og resultater til og frå desse datasentrene i form av
elektromagnetiske felt eller som lys i fiberkablar. Datainformasjon i form av
bits er veldig lett å frakte i motsetjing til elektrisk kraft. Arnaud held ein presentasjon på ei konferanse
arrangert av JISC (Joint Information Systems Committee) i Storbritannia våren
2010 som heitte "The Critical Role that JISC can play in helping society reduce
its carbon footprint" 3)

     I
denne presentasjonen peika han på fleire tiltak som var heilt avgjerande for å
sikre seg mot at utdanningssektoren og informasjonssektoren inkludert
elektroniske bibliotek, ikkje endar opp som utsleppsverstingar, men heller
hjelper resten av samfunnet inn på ein kurs som tek sikte på å reduserte
utsleppa av karbondioksid med 80 prosent.

 

Nettskya og den mobile revolusjonen

Biblioteksektoren
og utdanningssektoren har i stigande grad vorte prega av mykje bruk av
datamaskiner og internett. For å finne ei bok i dei fleste biblioteker i dag så
brukar ein begge delar for å finne ut kvar boka står på hylla, og det er
tusenvis av studentar og tilsette som hentar ned elektroniske dokumenter som
biblioteka tilbyr. Babcock School of Management har laga eit miljørekneskap for
heile institusjonen, og kom fram til at forbruket av lærebøker til 160
studentar over ei toårsperiode resulterte i eit utslepp på 45 tonn CO2. 4)

     I tillegg så kom det utslepp som fylgje av
bruk av bærbare og stasjonære datamaskiner. Gamle maskiner frå nokre år tilbake
inneheld ofte rundt 10 kilo plastikk og giftige tungmetaller, og dei var
transportkrevande både å skaffe og verte kvitt på ein trygg måte. Dessutan så
brukte dei opptil 400 watt når dei var i bruk. Nye moderne bærbare brukar langt
mindre, og Ipad er vel nede i 2,5 watt til samanlikning. Dei fleste ville
"greidd seg" med ein Ipad, i alle fall om ein hadde eit eksternt tastatur og
ein brakett til å stille opp Ipad’en på skrivepulten.

     Frå den svenske undersøkjinga frå 2007, så
var det blant anna to vesentlege momenter som avgjorde kor miljøvenleg papirmedier
var: Gjenbruk og tid. Skal ein sitje foran ei datamaskin i vekesvis for å lese
bøker, så er det klart at det går med både straum og slitasje på maskinvare.
Bøker som har mange brukarar over lang tid er veldig miljøvenleg, og berre det
at folk veit at dei kan oppsøkje eit bibliotek som har nesten alt dei kan
ynskje seg, forhindrar kanskje at mange byggjer opp sine eigne private
biblioteker.

     Bøker treng ikkje stort meir enn eit tørt rom, medan
langtidslagring av elektroniske ressursar framleis krev ein god del energi. Ei
bok er innhald og medium i eitt, medan elektronisk innhald krev eit medium som
til dømes ei leseplate. Dagens maskinvare får kortare og kortare levetid og det
er ofte ikkje snakk om meir enn månadar før mobiltelefonar eller leseplater hamnar
i søppelbøtta. Printerforbruket til ein gjennomsnittsstudent er også ganske
høgt i dag samanlikna med nokre år tilbake. Det går med pall etter pall med
printerpapir i dei fleste norske utdanningsinstitusjonar når semesteret er i
gang.

 

Biblioteka burde få status som miljøfyrtårn

Det foregår mange
konstruktive tiltak for å hindre at IKT skal verte ein sektor som står for meir
utslepp av karbondioksid enn det dei forhindrar i andre delar av samfunnet. På
Universitetet i Oslo så har administrasjonen bestemt seg for å gå over til å
bruke Ipad til å lese dokumenta sine, og Universitetsbiblioteket i Oslo skal
sammen med Utdanningsvitskapeleg fakultet verte "miljøfyrtårn". 5)

     Kanskje kvalifiserar biblioteka til å være
miljøfyrtårn i utgangspunktet, men det er heilt klårt at slike dataintensive
sektorar har eit voldsomt potensiale til å redusere sin sektor sitt
karbonutslepp, blant anna ved å oppmuntre til bruk av lågenergikrevande
lesebrett og datamaskiner.

 

God økonomi å vere miljøvenleg

Massachussets
Institute of Technology har bestemt seg for å spare 15 prosent av energibruken
sin, tilsvarande 4500 amerikanske husstandar. Med så vidt over ti tusen
studentar totalt, så inneber dette ei innsparing på nesten ein halv amerikansk
husstand sitt elektrisitetsforbruk per student per år. Slik blir det pengar av,
og samstundes så er det mykje som tydar på at utviklinga av mobil databruk og
nettskytenester også effektiviserar informasjonsstraumen. Sentrale nettskyer
(Cloud Computing) plassert der det er overflod av miljøvenleg energi
komplementerar også veldig godt ei anna viktig utvikling som kan oppsummerast
som "massenes visdom" (Crowd Computing).

     Den "tjukke klienten" som er eit kallenamn
på datamaskiner med eigen lagringseining heftar ved seg ein arbeidsform som ofte
kan verke gammaldags i dagens samfunn. Fleire og fleire land går no inn for å
sikre mobilt breidband til sine respektive land, og det er til og med foreslått
å rett og slett fjerne den "tjukke klienten" frå Storbritannia, og erstatte den
med "tynne klientar" som er kallenamnet på datamaskiner utan eigen
lagringseinin.

     Det er mange utfordringar som må taklast
for å realisere draumen om effektive nettskyer. Mange av dei største problema
knytta til denne utviklinga knyter seg til kvalitetskontroll. Det vert naudsynt
å vidareføre katalogisering og klassifisering over på desse nye tuftene i den
digitale sfæra for å kunne skape god nok kvalitet på informasjonen. Sidan
nettskyer og massenes visdom sansynlegvis er noko som alle bibliotek kjem til å
måtte vere med på, så er det viktig å ha miljøvern i tankane for å hindre at
det miljøvenlege trykte biblioteket utviklar seg til å verte ein miljøversting
av rang.

     Biblioteka må stå fast på sine ibuande
miljøvenlege og "menneskelege" kvalitetar som papirbaserte kunnskapsbankar,
samstundes som dei søkjer å utnytte dei mest miljøvenlege og effektive
kvalitetane av den digitale revolusjonen. Her gjeld det med andre ord å ha ein
fot i to ulike leirar som ofte synes å vere prega av vidt ulike grunnsyn på
veldig mange områder. Bibliotekdirektør på Harvard, Robert Darnton har etter
mitt syn levert mange solide bidrag for å balansere desse ulike aspekta ved
moderne biblioteksdrift.

 

Noter

1) http://www.infra.kth.se/comcen/fms/pdf/Report_epaper_final.pdf

2) s. 19 http://www.smart2020.org/_assets/files/03_Smart2020Report_lo_res.pdf
)

3) http://www.jisc.ac.uk/media/documents/events/2010/04/presentations/closingkeynote.pdf

4) http://www.stewartmarion.com/carbon-footprint/html/carbon-footprint-stuff.html#casestudy

5) http://www.uio.no/for-ansatte/arbeidsstotte/prosjekter/gront-uio/aktuelt/miljofyrtarn.html

 

Andre kilder

http://www.eweekeurope.co.uk/comment/ditch-pcs-for-a-networked-nation-8612

http://www.infra.kth.se/comcen/fms/pdf/Report_epaper_final.pdf

 

 

 

 

Powered by Labrador CMS