Pionerforsking frå Bø om folkebibliotek

Publisert Sist oppdatert

Enno har boka, papirboka bør eg
kanskje føye til, ein dominerande posisjon i aktiviteten i dei norske
folkebiblioteka. Det er lenge før biblioteka tek steget inn i det som i dag vert
kalla opplevelsesøkonomien.

 

Av forskningsleder Georg Arnestad, Høgskolen i Sogn og Fjordane




Enno har boka, papirboka bør eg
kanskje føye til, ein dominerande posisjon i aktiviteten i dei norske
folkebiblioteka. Det er lenge før biblioteka tek steget inn i det som i dag vert
kalla opplevelsesøkonomien. Ein økonomi, som ingen heilt kan forklare oss kva
er, men som i følgje profetiske og forkynnande forskarar, vi har mange av dei også
her til lands, skal ta over heile kulturlivet, og føre oss rakt inn i det sunne,
gode og velfriserte "konvergensamfunnet" som dei kallar det. Opplevelsesøkonomi
er ein trend alle kan vere med på, og som alle kan få noko ut av. Slik ordlegg
forkynnarforskarane seg.

 

Av forskningsleder Georg Arnestad, Høgskolen i Sogn og Fjordane 

 

Har
så dette noko med folkebiblioteket å gjere? Folkebiblioteket har sin kulturelle
og kulturpolitiske legitimitet i bøkene. Skjønnlitteratur så vel som
faglitteratur. Poesi og prosa av alle slag. Bøker er eit kollektivt gode som
har nytteverknader for samfunnet som er langt større enn nytten dei har for den
enkelte boklesar. Bøker har tradisjonelt utgjort det viktigaste grunnlaget for
eit språkleg, kulturelt og nasjonalt fellesskap. Bøkene gir oss kunnskap, lærer
oss å lese, lærer oss å forstå. Bøkene er ein hovudkomponent i limet som bind
samfunnet saman. Som økonomane uttrykkjer det: "Bøker har med andre ord sentrale
positive kollektive virkninger".

     Det
er i desse verknadene, i den kollektive nytten for samfunnet, vi finn
grunngivinga for at samfunnet har bestemt at det skal vere folkebibliotek i
alle landets kommunar, og at biblioteka skal stille "bøker og annet egnet
materiale gratis til disposisjon for alle som bor i landet." I dei fleste land
er det kommunane som har fått i oppgåve å realisere samfunnets krav og behov på
dette området.

 

Biblioteka er, og har vore, både
kulturoppdragande og kulturformidlande. Men det er liten tvil om at
"multimedialiteten" dei seinare åra har ført til at den kulturoppdragande delen
av bibliotekverksemda har kome meir og meir i bakgrunnen. I dag er
kulturformidling hovudproduktet. 
Produktet skal gjerne vere unikt, det enkelte bibliotek må drive
"branding", fordi biblioteket konkurrerer med forskjellige kulturtilbod frå
trendy bokhandlarar og internettkafear til kulturopplevingar på muse,
teater og galleri, kafear, litteraturhus osv., som alle i langt høgare
grad formidlar sig sjølv på eit tidsriktig og tilgjengeleg måte. Biblioteket
vert ein del av det multimediale opplevelsessamfunnet. Men i overskodeleg
framtid er det papirboka som vil vere i bibliotekets sentrum.  Folkebiblioteket høyrer ikkje med i "konvergenssamfunnet."

 

I Sverige, og i Danmark, tek ein no i
bruk norsk forskingsinnsikt for kaste lys over dei store utfordringane
folkebiblioteka står overfor. I Noreg, derimot, har det så langt vore lita interesse
for slik innsikt. Forskingskunnskapen eg snakkar om, finn vi ved
Telemarksforsking i Bø. Siste tiåret har dei her bygt opp eit solid fagmiljø
innanfor det stemoderlege feltet kulturøkonomi. Forskarane har gitt seg i kast
både med bokøkonomi og piratkopiering. Særleg populære har dei ikkje vorte
korkje på litteraturfeltet eller i musikkrinsar.

     Ikkje
i norsk biblioteksektor heller. Norske kultur- og kunstmiljø vil helst ha
forsking som stadfester det dei sjølve meiner. Dette er eit stort tankekors som
sjeldan vert diskutert. Men det kulturøkonomiske fagmiljøet i Bø, langt ute i
den austlandske periferi, har fått seg eit svært godt (og velfortent) internasjonalt
fagleg rykte. I 2009 vart fagmiljøet også belønna med prisen for beste norske
faglege artikkel i samfunnsøkonomi. Artikkelen handla om opphavsrett og ulovleg
fildeling av musikk.

     I
2007 la Bø-forskarane Knut Løyland og Vidar Ringstad fram ein kulturøkonomisk
studie av etterspørselen etter bøker og andre medium i norske folkebibliotek. Studien
var eigeninitiert, finansiert gjennom ei strategisk løyving frå Noregs
forskingsråd. Resultata vart publiserte i eit velrenommert amerikansk
vitskapleg tidsskrift. Meininga var at ein populærversjon av studien skulle
publiserast i eit bibliotektidsskrift. Men slik gjekk det ikkje.

     Statens
kulturråd i Sverige la derimot merke til prosjektet, og engasjerte sporenstreks
Løyland og Ringstad til å gjere ein økonometrisk analyse av etterspørselen
etter bøker og andre medium ved svenske folkebibliotek. No ligg sluttrapporten
føre, publisert i forskingsserien til Statens kulturråd. I føreordet heiter det
at bibliotekforsking av denne type "kan utan överdrift kallas för
pionjärarbete". Resultata er også publiserte, på norsk, i siste nummer av
Nordisk kulturpolitisk tidsskrift og kjem også i eit høgrenommert amerikansk
tidsskrift.  Ein populærversjon er alt
trykt i eit dansk bibliotektidsskrift.

 

Dei to pionerstudiane frå Bø har
utforska effekten av moglege faktorar som kan forklare etterspørselen etter
utlån frå norske og svenske folkebibliotek. Dette gjeld økonomiske og
sosialdemografiske faktorar, kjenneteikn ved biblioteka, regionale skilnader og
endringar over tid. Trykte bøker står i sentrum for analysane, av grunnar vi
har nemnt ovanfor. Nye AV-medium er ei blanda velsigning for bokutlåna. Både i
Noreg og Sverige stimulerer god tilgang på AV-medium til meir utlån av bøker,
medan god tilgang på bøker fortrengjer utlån av AV-medium.

     Resultata
viser elles at det er barn som mest dreg opp utlåna av bøker, medan ungdommar
dreg det mest ned. Det siste gjeld også AV-medium. Generell tap av interesse
for biblioteka etter kvart som barn veks opp, er ei hovudutfordring for
bibliotekpolitikken. I Sverige fann forskarane at auka andel kvinner i
kommunane hadde negativ effekt på utlån av barnebøker, men klar positiv effekt
for utlån av AV-medium. I Noreg er situasjonen den motsette. Kva ligg bak så
store ulikskapar i bibliotekåtferd?

     Ein
sentral bakgrunnsfaktor i analysane til Løyland og Ringstad er det dei kalla
skyggeprisen på tid, dvs. verdien av tid nytta til andre formål. Reisetid har
f.eks. klart negativ effekt for utlån både av bøker og AV-medium. Men
skyggeprisen varierer betydeleg mellom ulike typar bibliotekbrukarar. Generelt
er biblioteket, som andre tidsintensive gode, sårbart overfor aukande
skyggepris. I Sverige (i motsetning til i Noreg ?) er også utlån både av bøker
og AV-medium såkalla "mindreverdige gode", dvs. at etterspørselen går opp når
inntekta går ned. Dette betyr også at dei fattige går systematisk meir på
biblioteket enn dei rike, noko som har klare kulturpolitiske implikasjonar.

 

Eg reknar det som sjølvsagt at
resultata frå dei to studiane eg har nemnt og også forskarane bak, vil verte
presenterte i eit seinare nummer av Bok og Bibliotek. Folkebibliotekets kulturoppdragande rolle er
ikkje over. Papirboka er ikkje død. Og som eit vitnemål om dette kjem akkurat
no meldinga i mitt heimfylke om at fleire vidaregåande skular kastar ut
datamaskina, og hentar inn att læreboka.

 

 

 

Powered by Labrador CMS