Skal biblioteket selje bøker?

Publisert Sist oppdatert

Det vart eit av diskusjonstema på bibliotekseminaret under Kapittel 08 i Stavanger i år.

 

– Av Vidar Lund, biblioteksjef
i Time kommune, nestleiar i Norsk bibliotekforening




Det vart eit av diskusjonstema på bibliotekseminaret under Kapittel 08
i Stavanger i år.

 

Kulturpolitikaren
Olemic Thommessen frå Høgre lanserte idéen som noko som kan vera med på å
redde/gjenopprette bokhandelaktivitet i såkalla grisgrende strok. I tillegg
lanserte biblioteksjefen i Stavanger at ho godt kunne tenkje seg å starte ein
bokhandel i samband med biblioteket etter mønster frå København.

 

Eg må seie at Thommessen si uro når
det gjeld distriktsbokhandlarane ikkje blir spesielt truverdig etter at
Bondevik II fjerna skulebokmonopolet, og dermed livsgrunnlaget for mange
distriktsbokhandlarar. Ei av dei viktigaste kulturpolitiske avgjerdene vart
ikkje tekne av Kulturdepartementet men av det såkalla
Moderniseringsdepartementet.

   Spørsmålet om boksal i biblioteka går rett
inn i diskusjonen om kva eit bibliotek skal vera og kva ein bokhandel skal
vera. Sjå for dykk fylgjande scenario – som ikkje kjem til å vera utenkjeleg
dersom ideen til Thommessen blir gjennomført: Ali Nordmann kjem inn på
biblioteket i Øvre Grukkedal (4000 ibuarar), og ønskjer å lesa siste Jo
Nesbø-boka. Kåre Bibliotekar svarar: "diverre – på grunn av dårleg mediebudsjett
må vi vente til boka kjem frå kulturfondet, det kan ta 6 månader, og vi har
allereie 20 på venteliste. Men sjå her, her kan du få kjøpe boka i staden – så
får du boka med ein gong, og vi får litt ekstra pengar til bokbudsjettet."

 

Poenget mitt er: Det er særs bra om
det er ein bokhandel i same huset som biblioteket, slik det t.d. er i Drammen.
Det støttar det gamle dogmet som eg framleis trur på, at bokhandel og
bibliotek kan utfylle kvarandre. Problemet oppstår dersom biblioteket (som
Stavanger ønskjer) startar eigen bokhandel. Då vil både tilsette og lånarar
oppleva eit større press på faktisk å kjøpe boka enn å låne henne – og politikarane
kan kutte bokbudsjetta.

   For all del: biblioteksjefen i Stavanger
sa ikkje at boksal skal skje i bibliotekskranken, men at dei ønskjer
ein eigen bokhandel med større breidd og kulturpolitisk ansvar. Likevel: det
vil oppstå ein eigen dynamikk når eit bibliotek og bokhandel har same leiing,
går under same budsjett og dei tilsette blir kollegaer. For all del: leig
gjerne ut rimeleg areal til ein bokhandlar som i byte tek på seg kulturpolitisk
ansvar (t.d. ha fem siste år i hyllene eller på lager i staden for to), men
ikkje bland det med bibliotekdrifta.

 

Dette går inn i eit større ordskifte: Kva skal biblioteket vera? Ein formidlingsarena
på vegner av forleggjarar og forfattarar, der det er litt hipp som happ om det
er gratis eller kostar noko? Eller skal biblioteka vera sjølvstendige,
demokratiske aktørar i eit samfunn som desperat treng fleire, ikkje færre,
arenaer som er opne, tilgjengelege og gratis utan kjøpepress? Svaret er ganske
enkelt: Samfunnet treng biblioteket som bibliotek i full breidd, ikkje som ein
bokformidlar der det er litt tilfeldig om du får tenester gratis eller må
betale.

 

– Av Vidar Lund, biblioteksjef
i Time kommune, nestleiar i Norsk bibliotekforening

 

 

Powered by Labrador CMS