Skeive ønsker

Publisert Sist oppdatert

– Så fabelaktig å få ein slik mogelegheit til å selje biblioteket og Ønskebok inn mot homosegmentet av folket. For mange, inkludert meg sjølv, har det vore ein ganske høg terskel å gå på Skeive dager, altså den årlege gay pride-festivalen arrangert av Landsforeningen for lesbisk og homofil frigjøring (LLH).

Endeleg braut eg den terskelen og såg at alt eg eventuelt hadde tenkt og frykta ikkje stemte. Skeive dagar er eit mangfald. Eit mangfald av homsar, lesber, bibliotekarar og også heilt straighte folk. 

 – Av Oddmund Kårevik, Ønskeboklesar og barnebibliotekar




– Så fabelaktig å få ein slik mogelegheit til å selje biblioteket og Ønskebok inn mot homosegmentet av folket.
For mange, inkludert meg sjølv, har det vore ein ganske høg terskel å gå på Skeive dager, altså den årlege gay pride-festivalen arrangert av Landsforeningen for lesbisk og homofil frigjøring (LLH).

Endeleg braut eg den terskelen og såg at alt eg eventuelt hadde tenkt og frykta ikkje stemte. Skeive dagar er eit mangfald. Eit mangfald av homsar, lesber, bibliotekarar og også heilt straighte folk.

 

– Av Oddmund Kårevik, Ønskeboklesar og barnebibliotekar

 

Dette var ei nyttig og ikkje minst ei veldig artig erfaring for meg som bibliotekar, homse og ønskeboklesar
Noko av det eg likar svært godt med å jobbe på bibliotek, er at det er ein møtestad for så mange ulike folk.

Me er godt inne i Mangfaldsåret, og biblioteket er mangfald i praksis. Her møtest alle på tvers av alder, kjønn, religion, legning, sosial status, og me møtest her kvar dag heile året, er ikkje det ganske så fantastisk? Vår fremste bibliotekforskar Ragnar Audunson kallar biblioteket ein ”lågintensiv møtestad”. Ein møtestad som krev lite av deltakarane (Vårheim 2006). Etter snart tre år i felten tykkjer eg det omgrepet vert meir og meir treffande.

 

Ein av mine mange aha-opplevingar fekk eg då Mental Helse i Enebakk skulle ha tilskipingsmøte, og eg la merke til at forbausande mange av dei som stod utanfor og venta var faste bibliotekbrukarar. Menneske som kjem til biblioteket, trass i at mange andre ting i livet kan vere utfordrande. Menneske som nyttar ein sokalla lediggong til å lesa seg opp på slektshistorie eller høyra alt av krim.
Så flott, tenkjer eg. Dette tek eg som eit stort kompliment på vegne av biblioteka. Og eg vil gjerne halda fram med å kjempa for å halda terskelen låg og døra høg, for biblioteket er for alle, absolutt alle.

Eg ser på Ønskebok som ei slags lekamliggjering av denne krontakten om biblioteket som møtestad og biblioteket for alle, og dette vil eg utdjupa litt meir etterkvart.

 

Homofil +bibliofil = sant?
For tida er det litt ”pop” med bibliotek på festivalar. Dette tykkjer eg er heilt topp, fordi ein festival kanskje i endå større og tydelegare grad er ein lågintensiv møtestad. Folket er på festival. Og når biblioteket er på festival, så møter folket oss der, enkelt og greitt. Eg tykte difor det var heilt på sin plass når prosjektleiar i Ønskebok, Mari Nordø Pettersen, tok initiativ til at Ønskebok skulle delta på Skeive Dagar. Så fabelaktig å få ein slik mogelegheit til å selje biblioteket og Ønskebok inn mot homosegmentet av folket.

Det finst mange homofile bibliotekarar og mange homofile bokelskarar. Eg vil driste meg til ein påstand om at homofil + bibliofil = sant, (då tek eg utgangspunkt i Wiktionary sin definisjon av ”bibliophile” som ”one who loves books” og ikkje biblioteksystmet Bibliofil).

 

Eg er klar over at eg generaliserer og at det heilt sikkert finst bokframande homofile der ute. Kanskje har mange homofile oppigjennom vendt seg til litteraturen for å finne svar? Kanskje har dei gjort det for å finna attkjenning og bøkene har vore ein trygg måte å nærma seg det ”forbodne ” på? Eller kanskje rett og slett for å finna fagstoff om kva det vil seie å vere homofil. Ein god ven og kollega av meg, som også er Ønskeboklesar, fortel at ho får besøk av ungdom på biblioteket som seier dei skal ha særemne og lurer på kor homobøkene står.

Kollegaen min er godt informert om når særemne er i skoleåret. Ho veit godt det ikkje er då. Men ho viser dei sjølvsagt kor homobøkene står, og latar som ingenting…

 

Ønskebrønn for skeive bøker.
Biblioteka har ei kjempeviktig rolle som lågintensive møtestadar for heile folket. Vidare er biblioteket ei skattkiste, og Ønskebok er eit flott og nyttig verktøy for å pakke ut skattane som finst der.
Ønskebok har møtt ein del kritikk frå bibliotekhald om at det ikkje heilt held mål. Kan hende ikkje Ønskebok per i dag heilt held mål for ein oppegåande nettbibliotekar. Bibliotekaren som navigerer seg lett rundt på Library Things book suggester, What should I read next og Literature map, vil kanskje ikkje finne nok utfordringar eller motstand i Ønskebok.

Ønskebok er på god veg, men Ønskebok er ikkje fyrst og fremst skapt for dei. Ønskebok er ei boksøketeneste retta mot ”ikkje-brukaren” eller til ho som ikkje automatisk søker med korrekte søketermar.

 

Bonusen med Ønskebok, er at basen er direkte kopla opp mot den lokale bibliotekskatalogen. På denne måten kan ein fort finne ut om boka er på hylla, og få ho reservert på mappa mi. Her er også muleg å spesifisere søket til berre gjelder bøker på nynorsk eller bøker som også finst lydbokutgåve eller på film. Dette kan vere gode tips å ta med i handveska for stressa skolebibliotekarar med elevar som står og trippar etter kvikk særemnehjelp.

Dessutan er Ønskebok eit ypparleg søkeverktøy for å finna skeiv litteratur på norsk. Det er nemleg ein annan søkemulegheit i Ønskebok enn skaleringa med humør og sex, som er det fyrste som møter deg når du klikkar seg inn på nettstaden. Du kan velja ”skift til hovudperson, handling, stad”. Her har du mulegheit til å velje ”homofil” hovudperson og eventuelt spesifisere nærare med kjønn og alder. På dette viset får boksøkaren tips om den homoboka som ho enno ikkje har lese, eller den ho ikkje visste fanst.

 

Bøker, sjokolade og homolitterær quiz.
Under Skeive dager 2008 var me ni bibliotekarar som bytta på å betene Ønskebokteltet . Det var ei artig og mangslungen oppleving. Me opplevde at mange søkte mot nettopp bøkene. Fleire forlag hadde i førekant vore venlege med å gje oss skeive bøker til standen vår. Då me stilte desse ut i synet på folk, opplevde me at mange stoppa opp for å sjå og bla i dei.
Mange ville også svare på vår vesle homolitterære quiz. Andre ville berre slå av ein prat, drikke ei øl, eller ein kopp kaffi, kanskje ta ein karamell eller ein sjokolade. Eg hadde ei kjensle av at Ønskebokstanden vart sett på som ein ”trygg” stand å komme til.

For all del, den bokframande var også her. Han som til og med sa nei til gratis sjokolade!

Men mange oppsøkte nett oss. Eg tenkjer at det handlar om erfaringsbakgrunn og det at biblioteka er ein lågintensiv møtestad. Dette gjer at svært mange av oss, både bibliotekarar og ikkje-bibliotekarar har ei ”bibliotekhistorie”. Biblioteket er eit rom me har søkt i ulike livssituasjonar, og som har gitt oss noko som me hadde bruk for der og då.

 

Ein verdifull skilnad.
Eg vert glad når eg les om Arendal bibliotek sin stand på Hovefestivalen. Ja, eg vert reint lukkeleg av å sjå på bileta av dei fornøgde ungdommane som fann litt ro og tid til kontemplasjon der i bibliotekteltet. Eg tenkjer me er på rett veg når me er der ute kor folket er. I eit pulserande verdsbilete, er det vanskeleg også for meg som 29-åring å henge med i svingane. Men eg tykkjer det er fabelaktig at bibliotek og bibliotekarar legg så heilhjerta vinn på å prøve å vere aktuelle i den tida me står i.

Me når aldri alle. Sjølv ikkje ABBA når alle!

Klart me skal sikta mot stjerner og vona på under. Men somme tider tek eg meg likevel i å tenkje at biblioteket, Biblioteksvar, Ønskebok og andre brukarretta tenester er gull verd for dei me når, uansett, om det er 50 eller 50 000. Tenk for ein skilnad me faktisk kan gjere for eit enkeltmenneske i ein sårbar livssituasjon. For den nyskilte kvinna på 39, for han som alltid går aleine, for ho som er lesbisk men ikkje har tord å seie det til nokon. Eg trur Ønskebok kan vere med på å opne dører for desse. Ønskebok kan hjelpe ho med å finne den boka med ei som liknar på henne, eller han med å finna den boka med ein som er så ulik han som det går an å bli.

Det er ikkje så mange år sidan eg sjølv var ein usikker og forvirra ungdom. Eg søkte mot biblioteket. Der fekk eg lov til å vere i fred. Det var det same om eg presterte noko eller om eg berre eksisterte. Det var eit herleg rom å komme inn i. Eit rom der eg kunne bli heil. Eg tykkjer dette er verd å ta med seg inn i kvardagen. Der me sit rundt eit tastatur, med eit lurt smil. La oss kjenne at me faktisk gjer ein skilnad ! (Amen!)

 

 

Powered by Labrador CMS