Først øl, så bøker

Publisert Sist oppdatert

Biblioteksjef David Beadle har satsa mykje på å gje
innvandrarane i kommunen eit godt bibliotektilbod, lenge før året 2008 vart
proklamert som Mangfaldsåret. Nyleg fekk Haram folkebibliotek Bibliotekprisen
for Møre og Romsdal for 2008.

 

Av Finn Sindre
Eliassen, IT-ansvarlig Ålesund folkebibliotek




Biblioteksjef David Beadle har satsa mykje på å gje
innvandrarane i kommunen eit godt bibliotektilbod, lenge før året 2008 vart
proklamert som Mangfaldsåret. Nyleg fekk Haram folkebibliotek Bibliotekprisen
for Møre og Romsdal for 2008.

 

Av Finn Sindre
Eliassen, IT-ansvarlig Ålesund folkebibliotek

 

Han er
biblioteksjef i Haram folkebibliotek, med kontor i Brattvåg i Haram kommune på
Sunnmøre. Opphavleg er han engelskmann. Det kan så vidt høyrast når han
snakkar. Han snakkar gjerne om planane og prosjekta sine. Dei er mange. Det er
ikkje alltid lett å følgje han i tankeflukten. Det treng ikkje vere hans feil.
Og han nøyer seg ikkje med å snakke. Han handlar også. Han set planane ut i
livet.

     Han arbeider lange dagar, det er ikkje
uvanleg å motta epostar frå han som er sende kl 0200 på natta; han reiser
mykje; han har eit stort internasjonalt nettverk – mellom anna i Ungarn og
Frankrike – som få veit noko særleg om; han har makta å halde på filialnettet i
ei vanskeleg tid for biblioteka. Men særleg har han brukt mykje tid og krefter
på tiltak retta mot innvandrarane i kommunen, ikkje minst arbeidsinnvandrarane.

 

Opne dører

Då Beadle kom til
Haram i 1980, var der 8650 innbyggjarar, om lag det same talet som i dag. men no
er over 1600 av desse fastbuande innvandrarar. I tillegg er der opp mot 900
sesongarbeidararar frå utlandet. Haram er den leiande maritime industrikommune
i landet, rekna per innbyggjar. – Det seier seg sjølv at vi er heilt avhengig
av denne produktive gjengen, seier han.

     Når det gjeld sesongarbeidarane, som er den
klart mest synlege delen av utlendingane, vil Beadle  gjere opphaldet deira meir innhaldsrikt. Trivsel
er nøkkelen til innsats, men også avgjerande for kor lenge dei vil vere på
staden og hjelpe industrien å produsere. Det er ønskjeleg at dei kjem tilbake
eller slår seg ned. Sesongarbeidarane har av og til med seg familien på ferie om
sommaren for å sjå seg om med tanke på å flytte til kommunen.

     – Biblioteket er ein naturleg og rimeleg
plass å gå, og vi vil gjerne bidra til eit godt inntrykk. Viss dei ikkje blir
her, kan  det hende dei i det minste
forstår biblioteket litt betre, seier han.

     Hovudbiblioteket i Brattvåg held til i eit
kjøpesenter ikkje langt unna eit stort skipsverft. Kl 19.45 blir det travelt i
underetasjen. Det er sesongarbeidarane som skal rekke å kjøpe kveldens øl før
kl. 20.00, men då stenger biblioteket om ein skal følgje skjema. Men Beadle
gjer ein vri og held dørene opne lenger. Slik blir det øl først, så bibliotek
etterpå for den som vil. – Det kan godt hende vi må halde dørene opne ein
halvtime til, men her i bygda er der lyden av arbeid døgnet rundt, så kva betyr
ein fattig halvtime ekstra? Spesielt når ein kan ete seinare frukost neste dag
som kompensasjon, kommenterer han.

 

Større enn rådmannen

Til eit lite
bibliotek å vere, er Haram folkebibliotek godt utrusta innan språk. I hyllene
står der mange språkkurs og rikeleg med ordbøker, og friske bøker på fleire
språk. Det vil seie, i hyllene står dei ikkje mykje i ro. Utlånet er godt over
gjennomsnittet i fylket. Beadle peiker på at innvandrarane naturlegvis er
ulike, men at det er seriøse, kompetente personar det her dreier seg om. Dei
kjem ikkje  til å gløyme hjelpa dei får
med det første. Men det har irritert biblioteksjefen at det er ein kronisk
mangel på enkle skjønnlitterære lydbøker på norsk for vaksne menn.

     I sommar kjøpte biblioteket inn flagg for
alle nasjonalitetane som no er i kommunen; 61 i alt! Ettersom det er avgrensa
kva ein kan gjere for så mange grupper, har biblioteksjefen og folka hans lagt
vekt på det som er mogleg. Det er viktig å vere tilgjengeleg og interessert i
dei.

     – Kan hende eg har ein føremon som
arbeidsinnvandrar sjølv, eg veit kva det betyr når nokon er villeg til å stoppe
opp og prate litt og gjere noko ekstra når alt er nytt og framandt.
Utkant-Noreg kan verke temmeleg skremmande i gråvêret, presiserer Beadle. Han
fortel at han sjølv vart godt motteken i bygda. Han hugsar godt oppslaget i
lokalavisa Haramsnytt. Det var  større
enn det rådmannen fekk. Og der stod at han hadde funne seg til rette på
kontoret og at han hadde spelt rugby. Og han vart henta til idrettshallen og
fekk ein handball i hendene utan at han visste kva handball var.

 

La folk velje sjølve

To av prosjekta
som Beadle har tenkt ut og gjennomført er SommarLes og Bibfilm. Tanken bak
SommarLes var å skape interesse for lesing  mellom born og ungdom når dei har mest fritid.
260 unge tevla innan kommunen og med unge i andre kommunar. Mange har opplevd
SommarLes som spennande. Dei unge registrerte på internett kor mange bøker dei
las. Opplysningane vart oppdaterte kontinuerleg. – Vi kan tenkje oss ein ung
lesar som låg bra til når han gjekk til sengs, men fann ut at han hadde ramla
godt nedover på listene neste morgon, seier Beadle. Det var tevling mellom lesarar,
men også mellom kommunane.

     Bibfilm er eit samarbeidsprosjekt om
innkjøp og sirkulasjon av smalare kvalitetsfilm mellom nokre av biblioteka i
Møre og Romsdal. Føremålet er å skape eit tilbod for folk som er interesserte i
kvalitetsfilmar. Mange får smaken på god film når dei tek utdanning i dei store
byane. Slik sett treng det ikkje bety å hamne i filmøydemarka om ein tek arbeid
i distriktet etter endt utdanning. To gonger i året vert 50 kvalitetsfilmar frå
andre bibliotek tilgjengelege i hyllene, i tillegg til dei ein kjøper sjølv.

     Haram folkebibliotek var tidleg ute med
digitalisert katalog og eiga heimeside på internett. Men Beadle har ikkje
gløymt bøkene. Han er ingen ukritisk dyrkar av det nye. Han er ikkje uroa for
boka si framtid. Boka er eit altfor praktisk medium til at ho vil forsvinne.
Det er også ei vare mange likar å kjøpe og eige. Han ser ingen motsetnad mellom
det nye og det tradisjonelle, og han meiner det ville vere feil om vi som
offentlege formidlarar skulle presse folk til å velje mellom det eine mediet
eller det andre. Det kan absolutt tenkjast at kommersielle aktørar vil prøve å
tvinge oss. Men den offentlege formidlaren skal la folk velje sjølve. Derfor
skal biblioteka tilby både bøker og digitale filer.

 

Handlefridom, men ikkje pengar

David Beadle som
sjølv kjem frå eit anna land og som reiser så mykje, han har vore i 14 land til
no i år, skulle ha gode føresetnader til å setje norsk bibliotekstell inn i ein
vidare samanheng. Han tek fram Slovenia som døme, eit land nesten like fattig
som Portugal. Alle slovenske folkebibliotek har vore samla i ein katalog i
fleire år allereie. I lag med Danmark og Finland er Slovenia døme på land der
klare nasjonale mål har nådd raskare ned til grasrota enn det gjer her til
lands. Her ligg problemet delvis i forholdet mellom kommunane og staten.
Kommunane har handlefridom, men ikkje pengar. Og staten stiller for lite opp
når kommunar tek sjansar, handlar og får problem.

     – Eg skulle ønskje at staten sjølv eller
fylkeskommunane fekk lov til å vere meir dristige. Mange grasrotbibliotek er så
opptekne med brukarane at det blir lite overskot til leiing og utvikling,
insisterer han. Og han legg til: – På område der ein har fått høve til å
handle, har ein blitt verkeleg god, som til dømes mange sider ved
Nasjonalbiblioteket, men vi er ikkje tente med at store område i landet blir
hengande for mykje etter.

     Om framtida for biblioteka veit vi lite.
Men det går an å resonnere om emnet. Det gjer også biblioteksjefen i Haram. Han
peikar på at det er ein viss skilnad på om brukaren må gå i biblioteket, eller
om han gjer det frivillig. Det er altså lysta og viljen til å gå i biblioteket
som er det avgjerande. Ein må gjere noko for at brukaren skal kjenne seg
velkomen nok til å spørje etter tenester. Men når vi tenkjer på kor mykje eit
moderne bibliotek kan tilby ein brukar, kan vi ikkje overlate alt til brukaren.
Vi må ha ei meir praktisk og direkte innretting der vi i større grad enn no
forklarer brukaren kva vi har å tilby ut frå vedkomande sin ståstad.

     Han er i sving med å lage ei brosjyre som
tek det utgangspunktet. Han tek så eit døme frå Ungarn. Der har ein del
bibliotek teke mot tenester frå British Council, tilsynelatande med god effekt.
Også Goethe-instituttet og Alliance Francaise har langt meir å tilby enn
språkkurs.

     – Kan hende eit land som Ungarn som
framleis vert rekna som ein ny økonomi, har lettare enn Noreg for å ta i mot
utanlandske tilbod mot å finne plass til eit par nøkterne utstillingshyller,
undrar han.

     Mangfaldsåret 2008 går mot slutten. Haram
folkebibliotek har lenge arbeidd etter 
intensjonane  om å spegle det
kulturelle mangfaldet  i lokalsamfunnet.
Det vil nok biblioteksjef David Beadle og folka hans halde fram med også etter
årsskiftet.

 

 

Powered by Labrador CMS