MONOTONI Teknologi Lokaldemokrati: – Lite håp for dei små

Publisert Sist oppdatert

men ABM-konstellasjonen kan bli viktig

av Anders Ericson, frilansjournalist

I tillegg til Per Selle hadde både forskar og tidlegare statsråd og fylkesmann Leif Arne Heløe og professor Ragnar Audunson relevante og interessante foredrag under den første dagen av konferansen. Men dessverre hadde ikkje arrangørane sett av tid til plenumsdebatt før dagen etter, og då hadde nye, meir jordnære innfallsvinklar fjerna fokus frå innhaldet den første dagen. Men Bok og bibliotek fekk ein prat med Selle etter innleiinga hans:

– Debatten i bibliotekvesenet i dag går mykje på kva vi skal gjere med dei svakaste ledda, dei små kommunane der biblioteket ikkje har ”hovudet over vatnet”. I Maktutgreiinga snakkar de om skole- og omsorgskommunane; at desse to oppgåvene vil dominere politikarane si merksemd og budsjetta framover. Her hamnar svake folkebibliotek lett i bakleksa når pengesekken er slunken. Vil det bli slik at berre dei som var sterke då denne utviklinga tok til, vil klare seg bra?

– Ja, kultur og liknande område blir jamt over ikkje oppfatta som viktige nok. På det personlege feltet, ja, men ikkje for lokalsamfunnet. Og eg trur konsekvensane av å trø feil blir større. Her blir det vanskeleg å kome seg opp att. Men kultur vil bli brukt aktivt av kommunane til å marknadsføre seg. Men ikkje bibliotek isolert.

– Biblioteklova har aldri gjeve bibliotekbrukarane spesifiserte rettar til tenester. Du snakkar om at individueelle rettar slår om seg i lovgjevinga i dag og i framtida, men er det sannsynleg at bibliotekbrukarane vil få slike?

– Nei, eg vil bli svært overraska om det skulle kome reglar om at til dømes ingen skal ha meir enn åtte kilometer til nærmaste bibliotek. Men eg trur samtidig at ABM-konstellasjonen kan bli viktig, blant anna kombinert med Internett. Med litt begava tilpassing frå fagfolka si side kan det gå bra. Og den fysiske treffplassen blir også viktig. Men i dag må det vere levedyktige kulturhus, ikkje slikt som vi blei servert då vi var unge; bibliotek med gamle bøker med opprivne kantar.

– Den nye teknologien har eit stort potensiale. Små bibliotek kan dermed vere kopla opp mot dei store. Men dei må ikkje prøve å vere små kopiar av dei store. Under slikte føresetnader bør biblioteket bli heilt sentrale institusjonar i alle kommunar.

– Eit spesielt problem for folkebiblioteka er at kvar tredje kommune manglar fagutdanna bibliotekar, noko som igjen har samanheng med dårleg lønn og deltidsstillingar. Det er ofte dette som er i fokus når samarbeid er tema, som på denne konferansen.

– Det er naturleg. Profesjonsorientering verkar generelt sentraliserande. Fagfolk vil jo helst jobbe i fagmiljø, om ikkje degenerer dei. Men det krev ein viss storleik. Samtidig trur eg ikkje særleg på optimismen frå 90-talet om at ny kommunikasjonsteknologi kan kompensere for avstandar. Dette er lite empirisk støtta.

– Små lokalsamfunn der også det tunge næringsgrunnlaget er vekk, trur eg det er lite håp for. Verdiendringane hos ungdomen gjer at dei vil flytte ut, og plassane vil døy ut. Folk slo seg jo ikkje ned der av nostalgiske grunnar. Derfor ser vi at også eldre folk flyttar vekk og inn til tettstadene, der det finst nettverk og tryggleik.

 

Powered by Labrador CMS