Åtvarar mot interkommunalt samarbeid

Publisert Sist oppdatert

Samarbeid på tvers av kommunegrensene er den nye trenden i biblioteksektoren og eit svar på den nedleggingsbølgja som har ramma folkebiblioteka dei siste åra. Men no åtvarar professor Per Selle biblioteka mot å kaste seg ukritisk på bølgja:

– Vi ser at storleik har blitt viktig der ein kommune har mangel på kompetanse. Den veksande interessa for interkommunalt samarbeid, til dømes mellom bibliotek, handlar om dette. Mange grip også til interkommunalt samarbeid fordi dei trur dette vil spare kommunen for samanslåing i framtida, men dette vil ikkje slå til, for når slikt samarbeid viser seg å fungere vil ein jo samtidig ha prov på at kommunen er for liten. Særleg gjeld dette der dei same kommunane samarbeider på fleire felt, sa Selle i si innleiing på konferansen ”Økt samarbeid i et nytt biblioteklandskap” i Bergen i januar.

Selle var ein av leiarane av Stortinget si eiga Makt- og demokratiutgreiing og har spesiellt studert utviklinga innan det norske lokaldemokratiet.
– Folkestyre og demokrati er populære tema i syttendemaitaler og andre offisielle samanhengar, kanskje meir populært enn på lenge. Lokaldemokrati er vel den mest populære varianten av alle, men der står det også dårlegast til med innhaldet, seier han.

– I Maktutgreiinga gjorde vi ei eiga undersøking der vi intervjua leiarar og det ein må kunne kalle elite innan både privat og offentleg sektor. Ingen av desse, med unntak av delar av kulturområdet og kyrkja, viste interesse for demokrati i tydinga reelt folkestyre. Her ser vi ei reell ideologisk forskyving. På sikt vil dette få store følgjer for kva som vil skje med oss, seier Selle som meiner at det hastar med offentleg debatt kring desse spørsmåla.

PRESS
– Dei neste ti –femten åra vil dei offentlege tilboda og jobbane våre kome under sterkt press, noko som også gjeld sjølve folkestyret. Problemet er at vi ikkje heilt forstår det enno. Og at nesten ingen vil snakke om det.

– Noko av dette syner seg alt i kommunepolitikken. Det er til dømes blitt vanskelegare å vere lokalpolitikar og lekmann. Med den auka profesjonaliseringa og høge krava til kompetanse er den tidlegare balansen mellom ekspert og lekmann svekt. Maktmiljøa misbrukar nærheitsprinsippet, dette prinsippet som føreset likskap og fellesskap ved forhandlingsbordet.

– Når kommunen blir redusert til iverksetjar for staten får lokalpolitikarane problem med å grunngje verksemda si. Dei blir sitjande med ansvar, men utan makt. Kommunane blir administrative einingar med sjølvråderett berre i strengt lokale spørsmål.

– Det som skjer på kommuneområdet må vi forstå utifrå New Public Management-ideologien. NPM er allment akseptert som medisinen som kan løyse alle tenkjelege problem, og denne retninga, med røter i privat næringsverksemd, gjev også retning til den offentlege moderniseringa. Ein del av dette er mål- og resultatstyringa, som skal gje meir forvaltning og tenesteyting for kvar krone. Standardisering og sentralisering blir eitt av resultata. Også biblioteka vil merke desse nye tendensane, seier Per Selle.

Les meir:
Kommunen – vår nye fiende
– Lite håp for dei små
Brus, bibliotek og lokaldemokrati
Framtidsdemokrati

Powered by Labrador CMS