Kvart år brukar mange bibliotektilsette timesvis på å levera tal til bibliotekstatistikken. Illustrasjonsfoto: Arne Olav Hageberg

Axiell lovar automatisk innlevering av statistikkdata til neste år

For tre år sidan brukte Bibliotekservice 30 timar på å utvikla automatisk innlevering av bibliotekstatistikk til NB. Axiell lovar å ha ei løysing på plass til neste år. Bibliotek-Systemer AS vil ikkje utelukka at dei kan få til det same.

Publisert Sist oppdatert

I går kunne vi fortelja at bibliotek i Viken har boikotta årets innlevering av tal til den nasjonale bibliotekstatistikken. Jobben blei for stor med Quria som biblioteksystem, hevda dei. Mange av dei tok kontakt med leverandøren Axiell i fjor og fekk lovnad om enklare statistikkøyring. Men då årets data skulle genererast, var alt som før.

Biblioteksjef Kirstine Folmann i Bjørnafjorden kommune sør for Bergen skjønnar godt at Viken-biblioteka ikkje vil senda inn data.

– Eg sende også ein førespurnad i fjor og fekk til svar at dette skulle rettast til i år, fortel ho.

Kirstine Folmann, biblioteksjef i Bjørnafjorden kommune. Foto: Privat

Då Folmann tok over jobben som biblioteksjef i Bjørnafjorden kommune for eit års tid sidan, arva ho ein ferdiglaga rapport inne i statistikkmodulen til Quria som forgjengaren hennar hadde teke seg bryet med å generera. Difor har statistikkuthentinga gått høvesvis smertefritt, fortel ho.

– Men i ei perfekt verd hadde kanskje vår leverandør snakka med Nasjonalbiblioteket i forkant.

Vi spør avdelingsdirektør Svein Arne Tinnesand kvifor kvart bibliotek framleis må sitta og gjera denne jobben manuelt.

Svein Arne Tinnesand, avdelingsdirektør for bibliotekutvikling ved Nasjonalbiblioteket.

– Fordi biblioteksystema ikkje har levert. Vi har invitert og lagt til rette for at dei kan levera tala direkte inn til oss. I fagbiblioteksektoren gjer ein dette automatisk i dag. Og det finst tre folkebibliotek som får skjemaet ferdig utfylt til godkjenning frå oss, fordi det vesle biblioteksystemet Tidemann har lagt til rette for automatisk innhenting av statistikktala, fortel Tinnesand.

Bibliofil

Bibliotek-Systemer AS leverer biblioteksystemet Bibliofil. Dagleg leiar Ola Thori Kogstad fortel at Nasjonalbiblioteket har informert dei om korleis statistikken kan leverast direkte.

– Men det har ikkje kome til toppen av prioriteringslista vår endå, seier han.

Ola Thori Kogstad, daglig leder i Bibliotek-Systemer AS. Foto: Gunn Iren Kjøndal / Bibliotek-Systemer AS

– Vi ser at det er ein del problemstillingar knytt til dette. Arbeidet vi skal gjera her, vil vi ikkje gjera åleine, men saman med kundane våre. Saman med dei må vi finna ut korleis vi skal gjera det.

– I Bibliofil i dag kan ein få ut ein rapport med tala som ein kan bruka vidare manuelt. Men det er ofte berre halve sanninga i tala som blir automatisk generert. Ved automatisk innlevering må vi gi kundane høve til å justera tala. Vi vil gjerne gjera dette for å letta kvardagen for biblioteka, men vi vil gjera det på ein ordentleg måte som tek vare på biblioteka sine behov.

Det er ikkje ukjent for oss at dette er ønskt av biblioteka.Ola Thori Kogstad, Bibliotek-Systemer AS

– Har de eit konkret prosjekt på det?

– Nei. Det er ikkje ukjent for oss at dette er ønskt av biblioteka. Vi har tenkt på det lenge, men det har ikkje blitt meir konkret enn det, og det ligg ikkje føre eit oppstartstidspunkt. Vi rekk det ikkje før eventuelt når tala for 2023 skal inn. Vi kan ikkje lova det, men kan ikkje utelukka det heller, seier Kogstad.

Quria og Mikromarc

Dagleg leiar i Axiell Norge Geirr Karlsen. Foto: Axiell

Som dagleg leiar i Axiell Norge er Geirr Karlsen ansvarleg for to biblioteksystem: Quria og Mikromarc.

– Utviklingsavdelinga vår er i gang med å kikka på det, seier han.

– Har de ein tidshorisont for når de kan levera dette til kundane?

– Vi kan ikkje lova noko. Men det skal vera klart i god tid før neste innlevering.

Karlsen fortel at NB har bede om å få dataa på ein enkel måte, anten som ei CSV-fil eller som eit Excel-skjema.

– Det hadde vore enklare med ein API, seier han.

API står for Application Programming Interface og er ein kode som blir brukt til å utveksla data mellom to forskjellige system eller appar. Når meiropesystemet sjekkar med lånarregisteret om den som står ved døra og vil inn, skal få tilgang, er det til dømes ofte ein API involvert.

­– Det ville vore meir moderne, seier Karlsen. ­– Men det er NB si vurdering. Vi skal uansett ha det klart i god tid før neste års innlevering.

Tidemann

Thomas P. Johnsen i Bibliotekservice. Foto: Privat

Dei tre folkebiblioteka Tinnesand snakka om som slepp både heimelaga rapportar og manuell plotting, er Nordre Uvdal, Vik og Berlevåg.

– Dei to siste åra har vi lagt til rette sånn at statistikken legg seg rett inn, fortel Thomas Johnsen. Mange kjenner han betre som Thomas Strandos, seier han og fortel om ein karriere i det digitale bibliotekfeltet som starta heilt tilbake i pionertida på 1980-talet. I dag er han direktør og ein av fem tilsette i drammensfirmaet Bibliotekservice som står bak biblioteksystemet Tidemann. Når kundane deira opnar skjemaet frå NB, ligg alle dataa klare. Dei kan anten senda dei inn som dei er, eller justera tala først.

Johnsen set oss raskt vidare til utviklingssjefen sin, Magnus Olav Vestvoll, som fortel at Bibliotekservice tok kontakt med Nasjonalbiblioteket i 2020. Vestvoll hadde ein idé om å bruka XML-formatet til å levera statistikktala, og dette var greitt for NB. Formatet er eit vanlig tekstformat, der merke, eller taggar, gir informasjon om kva innhaldet er. Tenk på det som eit sett med metadata som kan koplast til tala for å beskriva kor i statistikken dei høyrer heime.

– Dette har vi laga i samarbeid med Nasjonalbiblioteket. Dei har jobba i sin ende og vi i vår, seier Vestvoll, som rosar NB for å vera fleksible og løysingsorienterte.

Jobben tok 30 timar

– Ønsket frå NB har vore der i alle år. Vi kom vidare etter et initiativ frå oss om vi kunne levera data med desse taggane. Eg trur ikkje dei hadde tenkt så mykje gjennom korleis dette skulle løysast teknisk, men så fann vi ein god måte å levera frå systemet vårt. Det høyrest kanskje litt defensivt ut frå konkurrentane våre om dei føler det sånn at NB har gitt dei ei umogleg oppgåve, seier utviklaren.

Eg har kanskje brukt ein 30 timar på det?Magnus Olav Vestvoll, Bibliotekservice

– Har NB vore opne for samarbeid når de har hatt idear om betre måtar å løysa dette på?

– Ja.

– Har dette vore ein stor jobb?

– Nei, det vil eg ikkje seia. Eg har kanskje brukt ein 30 timar på det? Og det er ikkje mykje i forhold til det vi har igjen for det.

– Og det kundane har igjen …

– Ja, og det har blitt mykje mindre support og stress. Når profilane er sett opp og data går inn automatisk, så blir det jo mindre jobb for oss også. Det er litt merkeleg at dei andre leverandørane ikkje har funne tid til det. Men dei har jo fått til mykje anna. Det er nok litt lettare for oss å få gjort ting raskt og greitt med ein så liten organisasjon, seier Magnus Olav Vestvoll, som altså er ein av fem tilsette i Bibliotekservice.

Powered by Labrador CMS