Biblioteka i plattform og budsjett

Norsk bibliotekforening er lunka til nytt statsbudsjett, håpefull til Hurdalsplattforma

Publisert Sist oppdatert

Onsdag la påtroppende statsminister og Arbeiderparti-leiar Jonas Gahr Støre saman med leiar i Senterparitiet, Trygve Slagsvold Vedum fram si nye regjeringsplattform. Og kva seier den om biblioteka? Følgende er saksa direkte frå plattforma. To stader er ordet bibliotek nemnd spesifikt:

●  Sikre at alle elevar har tilgang til skulebibliotek.

●  Styrkje litteraturformidlinga, blant anna gjennom innkjøpsordningane og ein ny leselyststrategi, og jobbe for fleire meiropne bibliotek.

I tillegg lovar plattforma eit nytt kulturløft, der ein gradvis skal auke kulturdelen av statsbudsjettet til éin prosent, og dei vil leggje fram ei ny boklov for å sikre fastprissystemet.

Håpar på pengar

– Det er bra at dei nemner leselyststrategi og skulebibliotek, så får me håpe det føl pengar med satsinga, og at dei ikkje let det vere opp til kommunane, slik det har vore gjort før, seier leiar i Norsk bibliotekforening (NBF), Vidar Lund.

Han nemner også at det er positivt med meiropne bibliotek, men skulle gjerne sett at helsebiblioteket også vart nemnd, og etterlyser ei satsing på retten til informasjon.

Ifølge fleire kjelder vert Anette Trettebergstuen (AP) presentert som ny kulturminister, medan Dagens Næringsliv skriv at Tonje Brenna (AP) vert ny kunnskapsminister. Den nye regjeringa vert presentert torsdag.

Lunka budsjettmottaking

Den avtroppande Solberg-regjeringa la fram sitt siste statsbudsjett 12. oktober, og det møtte ikkje jubel i bokbransjen.

Bibliotekarforbundet er ikkje imponert.

– Det manglar ikkje på lovord om kva biblioteka betyr for samfunnet i statsbudsjettet, men dessverre fører det ikkje til auka løyvingar. Me meiner budsjettet ikkje tek høgd for behova til biblioteka. Særskilt meiner me det vert gitt for lite middel til utvikling i biblioteka, skriv leiar Glenn Karlsen Bjerkenes i ein e-post.

Fagforeininga viser til ei lita auke i prosjektmiddel, og meiner dei i sanning gir ein nedgang, då dei ikkje føl prisstiginga i samfunnet.

– Konsekvensane av dette budsjettforslaget er eit tenestetilbod dei tilsette ikkje har kapasitet og moglegheit til å vidareutvikle, seier Bjerkenes.

Også Bibliotekarforbundet har klare forventingar til komande regjering, og kjem mellom anna med følgande forslag:

  • Auke i Nasjonalbiblioteket sine middel for prosjektutvikling. Dette for at biblioteka skal kunne ta sin del av ansvaret for viktige samfunnsutfordringar som lesemeistring, kjeldekritikk, integrering og berekraft.
  • Kompetanseløft for bibliotekarar. Forbundet foreslår ein femårig strategi for etter- og vidareutdanning for bibliotekarar i offentleg sektor.
  • Øyremerka middel til Folkehelseinstituttet og Helsebiblioteket.no.
  • Å bruke biblioteka aktivt i arbeidet med å oppfylle berekraftsmåla og Agenda 2030.

Vil ha løft

Heller ikkje NBF er nøgd med budsjettforslaget.

Norsk bibliotekforening er skuffa over den avgåande regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett for 2022, seier Vidar Lund i ei pressemelding.

Det er store behov for satsing på både folkebibliotek, skulebibliotek og felles informasjonsressursar, og her stiller ikkje regjeringa opp, leggjer han til.

NBF har følgande innspel til den nye regjeringa si revidering av statsbudsjettet: 

  • Eit leseløft, som mellom anna inneheld ein nasjonal lesestrategi for å auke fritidslesinga mellom barn og unge. Ei reell satsing på skulebibliotek som inkluderer skulebibliotekarane i det pedagogiske arbeidet er naudsynt, og det same er etablering av fast innkjøpsordning for skulebibliotek.
  • Eit nasjonalt løft for folkebiblioteka, som må styrkjast som lokale kulturarenaer og litteraturhus. Dette inkluderer ei styrking av innkjøpsordningane for sakprosa og teikneseriar, og at det kjem på plass ordningar som likestiller trykte og digitale media for bibliotekbruk.
  • Open tilgang til undervisningsressursar og forsking, både for forskarar, studentar og andre som vil lære. Helsebiblioteket.no må styrkjast, og kan vera eit eksempel for nasjonale fellestenester på andre fagområde. Vi må halde fram med digitaliseringa av kulturarven, og auke tilgangen til digitalt materiale for alle.

– Lite offensivt

Forleggerforeningen meiner litteraturen ikkje får nok fokus i statsbudsjettet.

«For litteraturen sin del, er budsjettforslaget lunka. Det vert ikke foreslått konkret auke i løyvingane til innkjøpsordningane for litteratur. Regjeringa varslar heller inga satsing på språk, leselyst eller skulebibliotek. Det er svakt og lite offensivt, når me veit at born og unge les både dårlegare og mindre enn før, samstundes som lesing og litteratur blir stadig viktigare for å delta i demokrati, samfunns- og arbeidsliv», skriv dei i si pressemelding om saka.

Powered by Labrador CMS