Du kan påverka boklova

Kanskje har du sett at høyringsutkastet til ny boklov er sendt ut. Men har du fått med deg at dine innspel er velkomne?

Lesing av e-bøker i BookBites

Høyringa er open for alle som har ein eller fleire tankar om korleis den norske bokheimen skal forvaltast best – privatpersonar, kollegium, fagmiljø, interessegrupper, bibliotekvener og bokvener. Lovforslaget er på to A4-sider, og høyringsnotatet er på overkomelege 50 sider.

Bok & bibliotek er kjent med at fleire folkebibliotek, fylkesbibliotek og universitets- og høgskulebibliotek jobbar med høyringssvar.

Konkurransetilhøva i den norske bokheimen har til no vore regulerte av Bokavtalen. Partane her er Den norske Forleggerforening og Bokhandlerforeningen, noko som har gjort at aktørar som ikkje er medlemmer i desse foreiningane, heller ikkje har vore bundne av avtalen. Ei boklov, derimot, vil gjelda for alle i alle ledd.

Innrettinga på boklova vil til dømes kunna påverka kva som er mogleg å få til framover når det gjeld formidling av lydbøker i bibliotek.