Biblioteksjef i Etne Signe Ytrøy framfor veggen med topp ti-bøkene for 2022.

Etne på lånetoppen i Vestland fylke

Biblioteksjef i Etne Signe Ytrøy (35) er imponert over kor flinke innbyggjarane i Etne er til å bruka biblioteket, og å låna bøker. Både besøkstal og lånetal ligg langt over gjennomsnittet i fylket.

Publisert Sist oppdatert

Signe Ytrøy er ny biblioteksjef i Etne bibliotek og starta i jobben i august i fjor. Nå ho no går gjennom tala for 2022 er ho imponert over kor høge både besøkstala og utlånstala er for kommunen.

— Eg skulle ønske eg kunne tatt litt av æra for dette, men det må eg nok kreditera dei andre tilsette her. Dei har vore utruleg flinke med å legga til rette for utlån, arrangera aktivitetar og gjera biblioteket til ein populær møteplass, seier ho.

— Eg skulle ønske eg kunne tatt litt av æra for dette, men det må eg nok kreditera dei andre tilsette herSigne Ytrøy, biblioteksjef i Etne

2022 er det første året som ser nokolunde normalt ut etter pandemien, og besøkstalet auka frå 14.187 personar i 2021 til 23.000 personar i 2022. Det betyr at kvar innbyggjar i gjennomsnitt besøkte biblioteket 5,6 gonger i løpet av fjoråret, og lånte cirka seks bøker kvar. Dette er dobbelt så høgt som landsgjennomsnittet som betyr at gjennomsnittspersonen besøkte biblioteket 3,2 gonger i løpet av 2022 og lånte 2,3 bøker kvar.

Etne ligg med dette på topp i Vestland fylke.

Godt skulesamarbeid

Litt av årsaka til desse gode tala trur biblioteksjefen handlar om det gode samarbeidet med Enge skule. Elevane brukar biblioteket mykje i skuletida, noko som også smittar av på fritida.

— Me ser at elevane er trygge og godt kjende hos oss, og eg trur at det gjer at dei også trekkjer til biblioteket på ettermiddagane. Gjerne før dei går på trening eller på musikkøving, seier Ytrøy.

35-åringen har lang erfaring i bibliotek og har jobba både i Danmark, i Praha og på Bømlo som bibliotekar. I Etne ser ho at dei unge har stor leseglede, og at mange får denne lesegleda tidleg.

— Når det gjeld sommarles som går av stabelen kvar sommar, har me rundt 90 prosent oppslutning. Det er utruleg bra, seier ho.

Aldersgruppa på dei som nyttar biblioteket er også variert, og mange er flinke til å støtta opp om aktivitetane som blir arrangerte gjennom året. Enten det er familiedagar med innslag frå kulturskulen, forfattarkveldar, eller berre ein møteplass for drøs og avislesing.

Flytande litteraturhus

Ytrøy vil i 2023 jobba litt med å sjå på boksamlinga og system i biblioteket, samt effektivisering av drifta.

Det er to nye ting biblioteksjefen løftar fram. Det eine er det flytande litteraturhuset som er nytt av året. Den gamle bokbåten som før la til kai langs kysten, er nedlagt. No har ein stiftelse tatt over båten, og døypt han om til Epos – det flytande litteraturhuset. I praksis vil båten no fungera som ein kulturscene, der både konsertar, forfattarbesøk, bokbad, og liknande kan bli arrangert.

— Eg har lyst til å få på plass ein avtale om eit arrangement med Epos. Gjerne eit arrangement på dagtid for barn, og eitt for vaksne om kvelden. Kan hende me til og med kan få på plass eit skjenkeløyve, seier ho.

Listetoppane

Når det gjeld bøkene folk helst vil ha, er det Lucinda Riley si bok Den savnede søsteren som toppar utlånslista i Etne i 2022. På andreplass i kategorien bøker for vaksne, kjem boka Å vanne blomster om kvelden av Valérie Perrin. Abid Raja si bok Min skyld, ligg på tredjeplass.

— Ei bok som blei svært populær i 2022 var boka til Abid Raja si søster, Abida Raja. Kvifor ho ikkje kom inn på lista, var nok på grunn av at boka kom så seint på året, men denne boka har det vore lange ventelister på, seier Ytrøy om Frihetens øyeblikk.

I ungdomsavdelinga er det Arvingen som toppar lista. Dette er boka som Anne Gunn Halvorsen frå nabobygda Vikedal har skrive i lag med Randi Fuglehaug. Bøkene Sabotør og Drømmeprinsen i same serie kjem på andre- og tredjeplass.

For barn var det Visste du-bøkene til Anna Folkestad som toppa lånestatistikken.

Populære kulturfondbøker

Ein annan ting som biblioteksjefen synest er spennande, er at bøkene kommunen får frå kulturfondsendingane blir godt lesne i Etne. Dette er bøker som ofte er litt smale, dei er gjerne skrivne av norske forfattarar og på bibliotek rundt om i landet må det jobbast litt med å promotera desse for bibliotekbesøkjande. Men ikkje i Etne.

— Det hadde vore interessant å hatt statistikk på kor mykje kulturfondbøkene blir utlånte her, seier Ytrøy.•

Saka sto først på trykk i lokalavisa Grannar 26. januar 2023. Attgjeven med løyve.

Powered by Labrador CMS