Oksana Boyarinova utanfor Sølvberget
Oksana Boyarinova besøkte Sølvberget og litteratur- og ytringsfridomsfestivalen Kapittel i september.

Første episode av podkasten Bok & bibliotek: Bibliotek i krig

I den aller første episoden av podkasten Bok & bibliotek snakkar vi med leiar i den ukrainske bibliotekforeninga, Oksana Boyarinova.

Publisert Sist oppdatert

 

Korleis er det å driva bibliotek i krigstid? Når magasinet må bli bomberom, aviskroken blir sy-stove for kamuflasjenett, og kollegaer i okkuperte områder ber om hjelp for å ha råd til mat og livsnødvendige medisinar? Og kva med nasjonalarven? Korleis tek ein vare på nasjonen sin hukommelse når rakettane nærmar seg biblioteka, og store delar av samlinga aldri er blitt digitalisert? Kva gjer du når medlemma i bibliotekorganisasjonen din byrjar å marsjera i takt med okkupasjonsstyrkene til Vladimir Putin? I ukrainske bibliotek strekker frontlinja seg langt inn i bibliotekhyllene.

Oksana Boyarinova besøkte Noreg og Stavanger under litteratur- og ytringsfrihetsfestivalen Kapittel i september. Som leiar i den ukrainske bibliotekforeininga representerer ho mange av dei tilsette i landets 15 000 bibliotek – skulebibliotek og fag- og forskingsbibliotek kjem i tillegg. For både henne og resten av styret går mykje av tida no til å reisa rundt og fortelja verda om situasjonen i heimlandet. Dei samlar også inn pengar, både til akutt hjelp til bilbliotekarar som er råka av krigshandlingar, og til eit fond for restaurasjon i fredstid (klikk på lenkene for å vera med å gi).

Oksana vil jobba med bibliotekutvikling. Ho vil skapa opne og frie rom for utdanning, inspirasjon, møter og arrangement. Høyrest det kjent ut? Om sanninga er krigens første offer, er nok langsiktige utviklingsstrategiar og prosjektplanar det andre. På denne nettsida kan du lesa personlege vitnemål frå bibliotekarer i dei okkuperte områda i Ukraina.

Intervjuet er gjort av redaktør i Bok & bibliotek, Arne Olav Hageberg og spelt inn på eit grupperom på Sølvberget i Stavanger ondag den 21. september 2022.

Om du ikkje vil gå glipp av nye episodar, er det lurt å abonnera på podkasten vår. Og så er vi eigentleg avhengige av gode meldingar og mange stjerner, tomlar og delingar for å bli lagt merke til. Sånn er det blitt. Som om du syntes dette var meiningsfylt og viktig, så veit du kva du må gjera.

Bruk denne lenka for å gje støtte som går direkte til ukrainske bibliotekarar i akutte situasjonar.

Klikk her for å bidra til Ukraine Library Relief Fund, som den amerikanske bibliotekforeininga har oppretta for å hjelpa Ukrainske bibliotek med utstyr og oppbygging. 

 

 

 

 

 

Powered by Labrador CMS