Massiv kritikk mot IFLA etter val av Dubai
I forkant av fotball-VM i Qatar og vinter-OL i Beijing i 2022 blei verbet «å sportsvaska» kåra til årets ord av Språkrådet. Skal 2024 bli året då ordet «bibliotekvasking» kjem på alle sine tunger?
Les også: Dubai 2024 – hvem blir egentlig boikottet?
Norsk Bibliotekforening er kritisk til den internasjonale bibliotekføderasjonen IFLA sitt val av Dubai som vertskap for den internasjonale bibliotek- og informasjonskongressen (WLIC) i 2024. Dei Sameinte Arabiske Emirata har særs lite å visa til når det gjeld både ytringsfridom og andre menneskerettar, særleg for kvinner, LHBT+ og minoritetar, skriv dei på nettsida si.
Les kunngjeringa om Dubai som vertsby for WLIC 2024 her
Undertrykt sivilsamfunn
– Det finst veldig mange andre land som driv med spanande bibliotekutvikling, men som ikkje har like store demokratiutfordringar, uttalar leiar Vidar Lund i Norsk bibliotekforening til Bok & bibliotek.
Emirata kjøper seg til ein image som ikkje stemmer med røynda, meiner han.
– IFLA-seksjonen som jobbar med LHBT-tematikk kan truleg ikkje ha sitt arrangement til neste år, og sånn kan det ikkje vera.
Sex mellom personer av same kjønn er forbudt i Emirata. I Dubai, som etter planen skal husa IFLA World Library and Information Congress 2024 (WLIC), kan personer bli dømde til fengselsstraff for dette. Kriminaliseringa av homofili betyr også at homofile og lesbiske personar har lite beskyttelse mot hatvald, fordi dei sjølve risikerer å bli straffa eller utsett for overgrep om dei melder slike hendingar, skriv Amnesty på nettsida si.
Civicus, den globale alliansen for frivillige organisasjonar, rangerer Dei sameinte arabiske emirata blant landa i verda der sivilsamfunnet er mest undertrykt.
Internasjonal kritikk
Alle dei skandinaviske bibliotekorganisasjonane har gått ut imot avgjerda. Styreleiar Helene Öberg i det svenske bibliotekforbundet kallar den uakseptabel.
Leiar Paw Østergaard Jensen i Danmarks Biblioteksforening uttalar på deira nettside at «det er uacceptabelt, hvis bibliotekernes verdensorganisation IFLA holder den årlige kongres i et land, hvis det betyder at det forhindrer os i at arbejde for mål som forsvarer og arbejder med adgang til information og for at fremme åndsfriheden, sådan som den er fastlagt i FN’s Verdenserklæring om menneskerettigheder”.
Ifølge Vidar Lund har fleire andre bibliotekorganisasjonar markert seg sterkt imot, som den franske og den brasilianske.
Krigføring i Jemen og lovleg vald mot kvinner
Emirata er ein sentral aktør i krigen i Jemen og har samman med Saudi-Arabia ein stor del av ansvaret for krigsbrotsverk som luftangrep mot sivile sjukehus, skular og bustadområder, massive øydeleggingar og ein systematisk blokade av naudhjelp som har utløyst ei av notidas største humanitære katastrofar. Saman med lokale styresmakter i Jemen driv Emirata eit nettverk av hemmelege fengsel der fangane blir torturerte og mange berre forsvinn, rapporterer Amnesty.
Kvinner er på langt nær likestilte. I 2015 trådde ein ny lov mot diskriminering i kraft, men den inkluderer ikkje diskriminering på grunn av kjønn. I tillegg får kvinner i Emirata lite beskyttelse mot partnarvald. For eksempel er det ikkje straffbart for ein mann å slå kona si så lenge det ikkje gjev varige fysiske skadar. Kvinner som melder valdtekt risikerer å bli dømde til mange års fengsel for sex utanfor ekteskap.
– Gjer rett i å reagera
– Bibliotekorganisasjonane gjer rett i å reagera, seier Basim Mardan.
Han er Training and Development Coordinator i friby-organisajonen ICORN. Som tidlegare Security officer for Midtausten i ytringsfridomsorganisasjonen PEN International kjenner han tilhøva i Emirata godt. Han viser til alle kunstnarane, journalistane og ytringsfridomsforkjemparane som sit fengsla i landet.
Landet er også berykta for utstrekt overvaking og sporing av journalistar, fortel han.
– Det å husa slike konferansar er kvitvasking. Dei bygger seg eit falskt omdøme, seier Mardan.
Ifølgje menneskerettsorganisasjonen The Gulf Centre of Human Rights fører Dei sameinte arabiske emirata ein systematiske undertrykkande politikk, som inkluderer målretta forføljing av menneskerettsaktivistar og innskrenking av offentlege fridomar. Trass internasjonalt press har styresmaktene nekta å setta fri nær 50 samvitsfangar som blei arresterte i 2012 og dømde til mellom sju og 15 års fengsel for sin pro-demokratiske aktivitet. Ingen av dei er ute av fengsel, jamvel om straffa er sona ferdig.
IFLA: – Dubai blir rekna som ein trygg by
IFLA svarte kritikarane i ei offisiell uttaling 21. juni signert sittande president Barbara Lison og påtroppande president Vicki McDonald. Dei skriv at IFLA ved å velja ein stad for WLIC verken søttar eller sanksonerer vertskapsregjeringa si politikk. Dei skriv vidare (vår omsetting):
Føremålet vårt er å knyta saman bibliotek- og informasjonsfagfolk, utsetja deltakarar for nye internasjonale idear og moglegheiter, og inspirera og oppmuntra til positiv endring innan bibliotekfaget. Endring skjer gjennom dialog og kan absolutt ikkje skje om vi ikkje er til stades. Vi kan ikkje påverka om vi ikkje er førebudde på å lytta og forstå, og det krev mot å vera respektfullt ueinige og anerkjenna andre perspektiv.
Dubai blir rekna som ein trygg by. Sjølv om det er vedkjent at medlemmar av LGBTQIA+-fellesskapen kanskje ikkje føler seg trygge med å delta på WLIC 2024, sjølv om dei følgjer offisielle reiseråd, vil det vera andre samfunn som for første gong kjenner det trygt å ta del i WLIC. Vi vil gjera alt vi kan for at utforminga av programmet skal vera så inkluderande som mogleg.
Utfordrande å ikkje reisa
Vidar Lund kan vanskeleg sjå for seg at regimet skal tillata alle ytringar og LHBT-politikk på kongressen.
– Samstundes foregår den årlege generalforsamlinga også under kongressen, så det vil vera utfordrande å ikkje stilla i det heile. Men eg har allereie fått tilbakemelding frå fleire medlemer om at dei nok ikkje vil få støtte frå biblioteket sitt til å reisa neste år, og dette er folk som har reist til både Dubai og Malaysia før.
– Opplever de dette som «bibliotekvasking»?
– IFLA-styret grunngjev valget med at organisasjonen er blitt kritiser for eurosentrisme, og at ein må møta ulike kulturar. Men for å få arrangera konferansen må vertslandet betala ein stor startsum. Det gjer at andre land med betre tilhøve som også ligg utanfor Nord-Amerika og Europa ikkje har høve. Så det er mogleg å sjå dette som ei slags sportsvasking, sier han, og nemner Marokko og Tunis som betre kandidatar i den arabisktalande delen av verda.
– Det er eit dårleg val, sjølv med eurosentrisme-argumentet, seier Lund. •