Arendal bibliotek og torget utanfor.

Må stenge: – Mildt sagt ironisk

Biblioteket i Arendal held stengt medan Stopp islamiseringen av Norge (SIAN) held eit arrangement på torget utanfor. – Ei hengemyr, kallar biblioteksjefen situasjonen.

Publisert Sist oppdatert

Arendal bibliotek stenger to timar tidlegare enn vanleg på fredag, på grunn av at Stopp islamiseringen av Norge (SIAN) skal ha eit arrangement rett utanfor. Biblioteksjef Ola Eiksund seier han ser seg nøydd til å stenge på grunn av sikkerheitstiltaka.

– På grunn av sikkerheitstiltaka og plasseringa av scenen, er inngangspartiet vårt direkte råka, og eg ser ikkje andre løysingar, seier Eiksund.

Vart ikkje involvert

Biblioteksjefen seier han ikkje var involvert i avgjerda om å legge arrangementet til plassen framfor biblioteket. I utgangspunktet skulle det finne stad framfor rådhuset og kulturhuset, men på grunn av andre arrangement der samstundes, blei det flytta.

– Eg skulle gjerne hatt moglegheit til å vere med på å ta den vurderinga, då me fekk beskjed var avgjerda allereie tatt. For min eigen del ville det vore betre om dei få personane som er einige i SIAN sine standpunkt kunne møtst tein annan stad. Slik det er no får dei akkurat den ståheien som dei er ute etter, og det er forferdeleg synd, seier han.

I tillegg til at biblioteket vert fysisk vanskeleg tilgjengeleg, skal politiet bruke kafeen der som kommandosentral, noko som vidare ville gjort det vanskeleg å halde biblioteket ope på vanleg vis. Om det er problematisk at politiet brukar biblioteket til kommandosentral, meiner biblioteksjefen det er lite å gjere med for han.

– Det er sjølvsagt noko ein kan problematisere, men eg ser det som meir tenleg å samarbeide. Dei kunne mest sannsynleg kravd å bruke plassen uansett.

På liknande arrangement tidlegare, har organisasjonen brent koranen og det har ført til samanstøyt mellom SIAN og mot demonstrantar.

Eiksund opplever det ikkje som ei enkel avgjerd å stenge.

– Det kjennest som ei hengemyr. Eg er sjølvsagt for ytringsfridomen, og at den kan ha ein pris. Men dette opnar for ein diskusjon om kva som skal vernast av den. Når det kjem til brenning av bøker, bør ein diskutere nærare kvar grensa går for at noko er ei hatytring. Det fører til sterke motreaksjonar, og nærer berre hat. Det bør me diskutere, seier han.

– Tung symbolikk

På Facebook har mellom anna leiar i Norsk bibliotekforeining, Vidar Lund, skrive at han syns det er uhaldbart at biblioteket må stenge til fordel for ei markering av SIAN, og spør om «meiner verkeleg politiet i Arendal at det er meir verdifullt å brenne ei bok enn å gje folk i Arendal tilgang til bøker og informasjon i biblioteket sitt? Det må finnast andre stader i Arendal der ein slik demonstrasjon kan haldast utan å hindre tilgangen til biblioteket.»

Til Bok og bibliotek seier han at han skjønar avgjerda biblioteksjefen har teke, og rettar kritikken mot politiet, som har bestemt kvar arrangementet skal haldast.

– Det er mildt sagt ironisk at dei stenger ytringsfridomens hus i ytringsfridomen sitt namn, seier han.

Vidare seier han det verkar som om det ikkje er teke omsyn til symbolikken som ligg i at akkurat biblioteket vert råka av arrangementet, og at organisasjonen som er kjend for å brenne bøker, får halde arrangement rett utanfor bibliotekbygget.

– Det er ikkje ei eksistensiell krise at biblioteket stenger i to timar, men symbolikken her blir sterk. Det er symbolikk i seg sjølv at SIAN brenn bøker, og så vert eit bibliotek stengt i tillegg, seier Lund.

Han seier NBF støttar Ungdommens bystyre i Arendal, som oppmodar folk om å ikkje stille på arrangementet.

Skjønar reaksjonar

Politistasjonssjef i Arendal og Froland, Terje Gundersen, seier det kunne vore mogleg å halde biblioteket ope, men meiner biblioteksjefen gjer det riktige når han stenger.

– Det ville vorte problematisk å halde ope, så eg syns dette er ei fornuftig avgjerd.

Han seier han ser paradokset i at biblioteket må stenge for at SIAN skal få halde demonstrasjon, men at det er eit dilemma som føl med den slags vurderingar som må gjerast.

– Det er eit resultat av at SIAN skal holde eit godkjent arrangement. Då er det vår jobb å sette inn tiltak som tek vare på sikkerheita til dei som møter opp. I tillegg skal politiet førebygge alvorlege forstyrringar av offentleg ro og orden, og legge til rette for ytringar for både dei som er meiningsberarar og dei som er meiningsmotstandarar. Men eg skjønar at folk reagerer.

Han seier spørsmåla rundt kva som er innanfor ytringsfridomen handlar om finjuss, men at politiet sine retningslinjer tilseier at å til dømes brenne koranen, er det.

Opnar for ny debatt

På biblioteket skulle det mellom anna ha vore kafé for ukrainske flyktningar på torsdag ettermiddag, den vert råka av stenginga. Biblioteksjefen meiner situasjonen opnar for ein diskusjon om kva som er innanfor ytringsfridomen.

–Når dette har kjølt seg ned litt, vil det vere eit veldig aktuelt tema å diskutere framover, då må me våge å invitere inn fleire stemmer med ulik ståstad, seier Eiksund.

Powered by Labrador CMS