Generalsekretær Arne Vestbø (t.v.) og styreleiar Aage Borchgrevink i NFFO har lobba for ei betre innkjøpsordning for sakprosa. I år vedtok stortinget endeleg ti millioner ekstra til ordninga.

Minst 35 fleire fagbøker på kulturfond neste år

Dette er resultatet etter at ramma for innkjøpsordninga for sakprosa blei aka frå 25 til 35 millionar i statsbudsjettet. Av sånt blir det jubel og fanfare i Norsk faglitterære forfatter- og oversetterforening (NFFO).

Publisert Sist oppdatert

– Kor glad er du no, Arne Vestbø?

– Jubel og fanfare, skreiv vi på Facebook. Og det er klart vi er kjempeglade. Utviding av innkjøpsordninga for sakprosa har vore ei av hovudsakene til NFFO sidan ordninga blei oppretta i 2005. Vi har meint at den bør vera dobbelt så stor som den er i dag.
Det skulle betydd 25 millionar i påslag, og ikkje ti. Men i eit stramt budsjettår ser generalsekretær Arne Vestbø dette som ei eit langt steg i riktig retning.

Bøter på eit demokratisk problem

Desse pengane superviktige for folkebiblioteka, seier han. Sakprosa passar som hand i hanske med biblioteklova sitt krav om at biblioteka skal vera arenaar for offentleg samtale og debatt.

NFFO gjennomførte for litt sidan ei undersøking om sakprosa i bibliotek, som del av påverknadsarbeidet som no har gjeve resultat i form av klingande nasjonalbudsjettmynt. Den avslørte noko Arne Vestbø ikkje nøler med å kalla eit demokratisk problem.

– Desse pengane superviktige for folkebiblioteka.Arne Vestbø

–  Veldig mange av sakprosautgjevingane som blir nominert til dei viktigaste prisane finst ikkje tilgjengeleg i mindre bibliotek. Dei store biblioteka kjøper inn bøkene på eigne budsjett, men ikkje dei små biblioteka i distrikta. Ti millionar meir til innkjøpsordninga for sakprosa betyr at 35–40 fleire viktige demokratiutviklande bøker finst rundt i heile landet. Slik kan dei bidra like godt til den offentlege samtalen i Svolvær, på Karmøy og i Mandal som i Oslo og Bergen.

Stadig sterkare status

Dei friske millionane betyr også meir pengar til fleire forfattarar. Det er svært få som tener pengar på å skriva bøker. Men eit innkjøp på kulturfond betyr nær 100 000,- i inntekt til ein forfattar, noko som gjer at fleire kan satsa på å skriva den neste viktige boka.

– Kva for «standing» har sakprosaen norsk offentlegheit i dag?

– Stadig sterkare. Dei siste 10­–20 åra har den fått meir og meir merksemd og plass i offentlegheita. Hadde det ikkje vore kvalitet på sakprosaen, så hadde ikkje dette skjedd. Vi såg det då Noreg var gjesteland under bokmessa i Frankfurt i 2019, at det var veldig mange sakprosaforfattarar som blei profilerte. Og fleire av bøkene som blei kjøpt av mange land var sakprosautgjevingar, seier generalsekretæren, som eigentleg meiner det ikkje bør vera forskjel på ryet til, eller ordningane for, skjønlitteratur og sakprosa.

– Det er veldig mykje dete NFFO har jobba med, at sakprosa skal bli anerkjent som litteratur og sakprosaforfattarar skal bli likestilte med andre forfattarar. Når politikarane no viser vilje til å prioritera sakprosaen, tar vi det som ein stor statussiger. Vi er ikkje heilt i mål, men dette tilskotet er ekstremt viktig og motiverande.

SV fekk dei andre med seg

Det er SV som har fått dei andre med på dette gjennom budsjettforhandlingane, seier Vestbø. I sitt alternative budsjett hadde SV sett av dei 25 millionane NFFO meiner innkjøpsordninga for sakprosa treng. Då forslaget til nasjonalbudsjett blei lagt fram for eit par månader sidan såg det ut til å vera lite håp om ei utviding av ordninga. Kulturminister Anette Trettebergstuen (Ap) snakka om krevjande tider og historisk stramme rammer.

– Vi opplever at ein samla kulturkomité syns innkjøpsordningane er eit veldig godt verkemiddel, og at alle har forståing for at sakprosa har vore underfinansiertArne Vestbø

– Vi var skuffa og såg at dette kunne bli frykteleg vanskeleg. Men om ein mister håpet kan ein finna seg ein annan jobb, seier Arne Vestbø. – Ei av oppgåvene våre er lobbyarbeid, og vi tar litt ære for at vi ikkje gav opp. Vi har spelt det inn i den offentlege høyringa i kulturkomitéen og direkte til partia. Vi har også eit tett og godt samarbeid med Norsk Bibliotekforening og dei andre aktørane på bibliotekfeltet. Vi veit at innkjøpsordninga har sterk støtte hos desse og at det er blitt argumentert for sakprosaen også frå bibliotekhald. Difor hadde vi eit ørlite håp, men blei veldig positivt overraska.

– I sitt alternative statsbudsjett foreslo Høgre 50 millionar til styrking av innkjøpsordninga, utan at det var spesifisert korleis desse pengane skulle fordelast mellom dei ulike ordningane. Kan det tenkast at du hadde hatt endå større høve til jubel i dag dersom Erna framleis var statsminister?

– Dessverre nei, men dette er samansett. Vi opplever at ein samla kulturkomité syns innkjøpsordningane er eit veldig godt verkemiddel, og at alle har forståing for at sakprosa har vore underfinansiert. Og vi er kjempeglade for at også Høgre vil prioritera dette. Når det er sagt så fekk dei det ikkje til på dei åtte åra dei sat i regjering. Men hovudutfordringa er at dei finansierer det med å innføra moms på bøker. Då går vinninga opp i spinninga. Det kan henda det fungerer for nokre utgjevingar, men for breidda trur vi ikkje det vil vera positivt. Så Høgre sine 50 millionar er reelt sett ikkje friske midlar.

Formidlingstips til bibliotek

– Til slutt, har du eit godt formidlingstips til biblioteka som no kjem til å motta 35–40 fleire sakprosatitlar neste år?

– Først må eg seia at eg opplever at det blir gjort veldig mykje viktig og godt rundt i biblioteka. Med fleire bøker kjem det fleire tematikkar, eg vil utfordra biblioteka til å sjå på mangfaldet og tematikkane som bøkene byr på. Lat bøkene styra tematikken. Sjølv om tematikken er nasjonal, kan det finnast lokale vinklingar og personar som er opptekne av det same.

Arne Vestbø vil også slå eit slag for litterære tospann.

– Om de har ein skjønnlitterær forfattar på besøk for å fortelja om den nye boka si, så sjå om det er sakprosa som tematiserer det same. Nokre av dei mest interessante arrangementa eg har vore på har vore sånne tospann.

Han opplever også at det er ei ekstrem interesse for kjeldekritikk – altså det sakprosaforfattarar held på med når dei skriv.

– Inviter dei til å koma på biblioteket og presentera måten dei skriv på, foreslår Vestbø. – Korleis bruker dei biblioteket? Korleis leitar dei i arkiv? Korleis har dei brukt kjelder? Dette er mange interesserte i å høyra om, tipsar den glade generalsekretæren. •

Powered by Labrador CMS