Som ei av sine aller fyrste gjerningar som ny kulturminister, har Anette Trettebergstuen (AP) sett i gang arbeidet med ei ny boklov. Nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre er sett til å leie utgreiingsarbeidet i forkant.
– Ei oppdatert boklov og eit verkemiddelapparat tilpassa dagens bokmarknad er avgjerande for å sikre litteraturen, lesing og eit godt bibliotektilbok i framtida. Eg ser fram til å bidra til å bygge ei plattform for det norske litterære systemet dei neste tiåra, seier Sira Myhre i pressemeldinga frå regjeringa.
Under Stoltenberg-regjeringa vart det utarbeidd eit forslag til ny boklov i 2013, den vert ein del av grunnlaget for arbeidet med ei ny lov. Men på åtte år har mykje skjedd i bokbransjen, og kulturministeren understrekar at ein må jobbe med å oppdatere lova til dagens marknad.
Saka vert oppdatert.