Ny leiarperiode for Vidar Lund

– Kan bli ein avgjerande periode for biblioteka, seier Vidar Lund i det han tek fatt på ein ny periode som leiar for Norsk Bibliotekforening.

Vidar Lund i Norsk bibliotekforening

Under landsmøtet 25. mars blei Vidar Lund attvald som leiar, og tek fatt på ein ny periode som leiar av hovudstyret i NBF.

. – I år kjem det ei ny boklov, bibliotekstrategien skal reviderast og det skal kome ein ny leselyststrategi. Da er det viktig for heile samfunnet at biblioteka framleis får utføre oppdraget sitt med å gi tilgang til og formidle litteratur, kunnskap og informasjon både fysisk og digitalt, seier han i ei pressemelding.

Landsmøtet vedtok tre resolusjonar som peikar på at biblioteka må ha rett til å formidle og låne ut litteratur i alle format. Biblioteka må òg ha rett til å drive høgtlesing i det fysiske rommet. Til sist vedtok landsmøtet ein resolusjon som understrekar biblioteksjefen sin rett til å vurdere kva som er relevante arrangement i bibliotekrommet.

– Dei tre resolusjonane understrekar at biblioteka må ta og få ein viktig plass i brytningstida mellom den fysiske og digitale formidlinga av kunnskap og kultur, og at det er viktig at biblioteka er uavhengige aktørar på vegner av dei som bur i lokalsamfunnet, går på skulen eller universitetet, seier Lund.

Landsmøtet avslutta Bibliotekmøtet 2022, der over 500 deltok.

Elles i styret vart Helene Voldner frå Oslo valt som nestleiar. Resten av styret er Heidi Hovemoen (Viken), Birgithe Schumann-Olsen (Innlandet), Karianne A. Aam (Innlandet), Trud Berg (Nordland) og Terje Håkstad (Troms og Finnmark). Varamedlemene er Nisrin Maktabi Barkouki (Oslo), Tina Halkinrud (Viken) og Mari Hopland (Viken).