Museum og bibliotek er mektige samfunnsinstitusjonar finansiert av fellesskapet. Dei blir kalla demokratihus og dialoginstitusjonar. Men kva betyr dei fine orda? Me stiller dei store spørsmåla om korleis biblioteka og musea forvaltar samfunnsoppdraget sitt. Bør dei ta større plass i debatten? Kan dei i større grad bruke romma sine til kontroversielle spørsmål og emner? Og korleis skal dei i så fall gå fram?
Det blir nyskriven punkrock, mobil ynskjebrønn med oppfyllelsesgaranti og korte debattar med utgangspunkt i aktuelle saker frå biblioteks- og museumsfeltet.
Nokre stikkord for samtalane er sensur, nøytralitet, ytringsfridom, krig og sponsing, SIAN, Israel, Nordnorsk kunstmuseum og Fredriksen-familien.
Det er duka for ny innsikt, gode idéar og god stemning!
Deltakarar: Hilde Østby, Helene Heger Voldner, Hanne Jakhelln, Bjørn Hatterud, Danby Choi, Jérémie McGowan, Henrik von Achen.
Program:
Museum Punk
Minidebatt: Korleis ta rom?
Håkon hacker debatten – mobil ønskebrønn
Minidebatt: Korleis gje rom?
Vi møtes i Vinterhagen på Sentralen
Det blir mogleg å kjøpe Bok og bibliotek og Museumsnytt og å teikne seg som abonnent
Gratis inngang
Programmet starter ca. kl. 18 og varer ein liten time
Baren er open frå kl .18 til 22
Kafeen med matservering stenger kl .19
Deltakarane:

Henrik von Achen, professor i kunsthistorie ved Universitet i Bergen og var direktør ved Universitetsmuseet i Bergen fra 2013 til 2022. I denne perioden opna museet igjen, etter å ha vore stengt i mange år. Det blei kåra til årets museum i 2021. Les grunngjevinga her: https://www.universitetsmuseet.no/nb/artikkel/365/arbok-2021-arets-museum-2021
Danby Choi, sjefredaktør i Subjekt. Tidsskriftet har i det siste i fleire artiklar uttrykt bekymring for at bibliotekenes openhet og ytringsrom vert innsrenka. Se f.eks. https://subjekt.no/2022/02/10/norske-bibliotek-ma-passe-seg-for-ikke-a-bli-woke/.

Bjørn Hatterud, ny leiar av fagutvalet for kulturvern i Kulturrådet, forfattar og kurator. Han er fast spaltist i Museumsnytt. Se https://museumsnytt.no/hatterud-pa-tur-i-syndige-syden/ og https://museumsnytt.no/anarki-i-osterdalen/. Han var også kurator for Nasjonalbibliotekets store utstilling om skeiv kulturarv.

Jérémie McGowan, kunstnar, designar og musikar. Han var direktør for Nordnorsk kunstmuseum frå 2016-2020. Nå er han changemaker og ansvarleg for konseptet Museum Punk. Han uttalar seg i Museumsnytt nr 4 21 og i Klassekampen 13. mars. Se også oppfølgingssak 15.mars.

Maja Leonardsen Musum jobbar med prosjekter, utstillinger og museumsforskning på Randsfjordmuseet. Ho er fast spaltist i Museumsnytt. I ei forskningsartikkel frå 2015 skriv ho om museas samfunnsrolle og kommunikasjonsevner. For tida skriv ho om at Håkon hacker museet i artikkelen «Begeistring som kritikk. Humorens ambivalente rolle på museum».
Håkon Sønneland, journalist, forfattar, idékunstnar og kursholdar. I 2020 gjennomførte han prosjektet «Håkon hacker museet» på Hadeland Folkemuseum. Her blei til dømes ein av dei gamle bygningane lagt ut for sal på Finn.no, og publikum fekk betalt for å komme på museet og være der i minst 30 minutt.

Helene Heger Voldner, prosjektleiar ved Deichman og nestleiar i Norsk Bibliotekforening. Ho har mellom anna vore sentral i etableringa av Groruddalen litteraturfestival. Ho har skrive i siste utgåve av Bok og Bibliotek.
Hilde Østby, idéhistorikar, forfattar, journalist, redaktør og aktiv samfunnsdebattant. Ho har skrive innan ei rekke sjangrer, og har særleg utmerka seg som forfattar og formidlar av sakprosa. Mellom anna har ho fordjupa seg i hukommelse og kreativitet. Ho har arbeid i ei rekke statlege kulturinstitusjonar.