Leiar
Arendal-saka handlar ikkje om sensur
Er det riktig å kalla klønete byråkratarbeid og dårleg rolleforståing for sensur? spør Arne Olav Hageberg.

Biblioteket ved skulen med namnet Roligheden blei 9. desember i fjor først i landet til å bli utfordra på om det er riktig å gje ungar tilgang til Gender Queer. Denne grafiske romanen har dei siste tre åra har toppa lista over bøker som er blitt utfordra i amerikanske bibliotek. Boka gir innsikt i korleis det kan opplevast å vera i konflikt med eigen kropp og med kjønnsidentiteten samfunnet forventar at ein skal ha.
Sjølvsagt skal ordentlege skulebibliotek ha Gender Queer, like sjølvsagt som dei skal ha dei ferskaste barnebiblane
Skulesjef Karl Axel Moen i Arendal tilrådde at boka skulle fjernast, etter å ha blitt kontakta av ei bekymra mor. Boka var vekke frå hylla i eit drygt døger, men på den tida rakk mange å seia «sensur».
LES OGSÅ: MOTSVAR
Men er dette sensur? Det er diskusjon rundt målgruppa for ei bok. Det er manglande rolleforståing blant nær sagt alle involverte (bortsett frå hos mora som melde bekymring til skulen). Det er klønete byråkratarbeid og dårleg involvering. Men sensur? Kan henda skal vi spara dei aller største orda til den dagen vi verkeleg får bruk for dei.
Det Norske Akademis ordbok definerer sensur som «gransking av skriftstykke, film e.l. og fjerning av eventuelle (moralsk) anstøtelige avsnitt, scener før offentligheten får tilgang til åndsverket».
Ingen i Arendal-saka har teke til orde for at Gender Queer ikkje burde vera tilgjengeleg, eller at sider skulle fjernast. Og har ikkje både Kjell Ingolf Ropstad og Maia Kobabe eit poeng når dei seier at denne boka ikkje passar for dei yngste skuleelevane? Dei vil i alle fall ha lite utbytte av den.
Saka reiser derimot mange andre problemstillingar som blir for lite diskuterte. Som tilhøvet mellom biblioteklova og opplæringslova. Kva for regelverk skal gjelda på eit skulebibliotek? Kva med kombinasjonsbibliotek? Kven har siste ordet, rektor eller bibliotekar?
Saka er også eit rungande argument for betjente skulebibliotek og fagutdanning for skulebibliotekansvarlege. Dette blir heller ikkje nok diskutert.
Og om du meiner dette er sensur – det er vel like mykje sensur når ein enkeltbibliotekar gøymer unna bøker ho ikkje likar? Kva med vala som blir tekne kvar dag om kva som skal på torget, og kva som skal på magasinet? Og kva med bruken av bokbudsjettet?
Min første jobb var som salskonsulent i Lunde forlag. Eg besøkte bokhandlarar rundt i landet og prøvde å få dei til å ta inn bøker med kristen tematikk og med eit religiøst verdsbilete. Eg trur ingen blir overraska når dei høyrer at dei som var positive til tru og religion, tok inn fleire bøker enn dei som var negative – uavhengig av salspotensialet. Dette kallar eg kvardagsmakt, og det er noko alle bibliotektilsette har ein del av.
Sjølvsagt skal eit ordentleg skulebibliotek ha Gender Queer, både for dei eldste på mellomtrinnet og for ungdomstrinnet, like sjølvsagt som dei skal ha dei ferskaste barnebiblane, andakts- og bønebøker for born og unge, barne- og ungdomsromanar med kristeleg innhald – og gjerne også muslimske og hinduistiske og bahai – så sant det finst ei lånargruppe som er stor nok til å rettferdiggjera det.
Sjekk gjerne din eigen katalog: Kor mange bøker har du frå Verbum, Hermon og Lunde?
Kven vil kasta den første steinen?