Kommentar

Då bibliotekarane tok inn slottet

Etter å ha vore ved hoffet og fått røykelaks som var så god at eg trur den må ha vore vill, fekk eg ein plutseleg frigjerande tanke: Kven har sagt at biblioteka ikkje kan bli endå viktigare framover i tid enn dei har vore historisk?

På slottet: Rundt 250 personar overvar Fosseforedraget og utdelinga av Fosseprisen torsdag 24. april. Lengre bak til høgre: Ragnhild Malfang frå Lillestrømbibliotekene, Trine Schøning frå Bærum bibliotek, Jørgen Hovde frå Drammen bibliotek og mange fleir bibliotekfolk. På første rad frå venstre: Musikar Anja Lauvdal, direktør i NORLA Margit Walsø, nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre, kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery, kronprins Haakon Magnus, kronprinsesse Mette-Marit, Jon Fosse, Anna Fosse og omsettarprisvinnar Hinrich Schmidt-Henkel.
Publisert Sist oppdatert

Du kan meina kva du vil om kongehuset, men laga fest, det kan dei. Då vi tumla vel musserte ut på slottsplassen, var vi fleire som spurde oss sjølve: «Kva var vi med på no? Skjedde dette verkeleg?»

I går var eg på slottet saman med 250 folk frå den norske litteratursfæren. Forfattarar og forlagsfolk, omsettarar og akademikarar, bokseljarar, formidlarar, kritikarar, politikarar og sikkert ti prosent bibliotekfolk. Den Høgvørde Kronprinsesse Mette-Marit var der også. Kronprinsen var der. Jon Fosse var der («vår kjære nabo», som Kronprinsessa med glimt i auga kalla grottebuaren). Filosofen og teologen Jean-Luc Marion var der òg. Han er ein av verdas mest kjende nolevande filosofar, medlem av Det franske akademi, professor ved Sorbonne-universitetet i Paris og universitetet i Chicago og historias første Fosseforedragshaldar.

Marion er den Jon Fosse sjølv ønskte seg. Resultatet blei eit foredrag som få utanom nobelprisvinnaren (og visst nok NRK sin bokmeldar Tom Egil Hverven om ein skal tru sladderen mellom kanapéane) forstod på ståande fot. Det var høgttråvande, gamaldags (som døma på store kunstnarar nemnde Marion ni på ein utpust utan å finna plass til ei einaste kvinne), djupt og raffinert. For dei som er litt interesserte, har redaktør Magne Lerø i Samtiden teke på seg å gje ei meir folkeleg framstilling av det vi var vitne til, og eg trur han lukkast godt. For dei ekstra interesserte finst foredraget som bok på fleire språk.

Tyske Hinrich Schmidt-Henkel var der også. Han fekk verdas første Fossepris for omsettarar. Eg trur forresten han også hang med i Marion sine filosofiske flikk-flakk og saltomortalar. Schmidt-Henkel omset nemleg til tysk frå både norsk, fransk og italiensk og heldt ettermiddagens klart mest engasjerte, rørande, kommunikative og slagkraftige tale – på briljant og sjarmerande tyskarnorsk. Eit av hovudpoenga hans handla om dette med rytmen i prosa, korleis alle gode forfattarar har det, og nokre svært få – som Jon Fosse – har det i så stor mon at det kan kallast fullstendig rytmisk gehør. Ein omsettar-KI, derimot, manglar det fullstendig.

Før på dagen åt eg lunsj med sonen min som studerer i Oslo. Vi kom inn på dette med kor tilfeldig det er at samfunnet er bygd opp som det er. Tidleg i livet har ein gjerne ein tanke om at strukturane og institusjonane er som dei er som følge av ein overordna plan, av naudsyn, fordi dei må vera sånn – næringslivet med sine selskapsstrukturar, byråkratiet med sine forvaltingsnivå, kulturlivet med sine institusjonar, pressa med sine utgjevarar og hus. 

Men så ser ein etter kvart at det meste er på slump og resultat av eldsjeler, hestehandel, venskap, tilfelle, kompromiss og historiske inkuriar. Plutseleg ploppar det fram eit litteraturhus, så eitt til. Så er biblioteka arenaer for samtale og debatt. Ei alminneleg sørlandsjente med ein utfordrande oppvekst blir kronprinsesse. Ein drøss med representantar for bibliotekfeltet – denne kulturlivets gymsal – minglar som det mest naturlege i verda rundt under slottet sine krystallkroner, og – og her kjem eg til poenget – ein knallraud ateist frå Stavanger blir Nasjonalbibliotekar og står framom ein fullstappa Slottets festsal og snakkar overtydande om det viktige i å reflektera eksistensialistisk og teologisk rundt skaping og inspirasjon.

Nasjonalbiblioteket har regien på tilstellinga, og skal ha det framover.

Og det var då det slo meg, medan Aslak Sira Myhre som ein slags konfransier for det heile sette ord på vona om at Fosseforedraget kan få noko viktig å seia den norske diskursen knytt til filosofi og litteratur, etter at kronprinsessa hadde hatt ein veldig fin innleiingstale, medan kultur- og likestillingsministeren hadde lira av seg noko heller plumpt: Mon om ikkje dette er hans idé? Eg lufta det for andre på parketten, og dei fann det truverdig.

Dette er ein spekulasjon vi sikkert må venta på memoarbøker for å få svar på. Men ingen andre land har valt å heidra ein vinnar av nobelprisen i litteratur på denne måten. Kor truleg er det at Lubna Jaffery sjølv var den som fann på at Norge, representert ved regjeringa og Nasjonalbiblioteket, kvart år skal invitera ein internasjonal kapasitet innan filosofi, teologi eller litteraturvitskap til å halda eit foredrag i «Jon Fosses ånd»?

Spør du meg, luktar det siddis lang veg.

Powered by Labrador CMS