Den viktigaste saka i dette bladet
Det er nok ikkje god kutyme for ein redaktør å offentleg rangera arbeida til journalistar og andre som bidreg. Men når det gjeld utgåva av Bok & bibliotek som kjem på papir denne veka, er eg ikkje i tvil: Eva Kylland si sak om vald og overgrep mot born er ekstra god.
Saka til Kylland er godt skriven, har gode bilete, vekker kjensler og gjev kunnskap. Men det gjeld mange av bidraga. Det som gjer Kylland si sak ekstra god, er måten den lånar tyngd og alvor til dei andre sakene i utgåva.
Vaksne på jobb
Når Marius Græsby fortel om Innlandet fylkesbibliotek si ferske kartlegging blant landets folkebibliotek – der 40 prosent svarte at dei har fått kutt i stillingar eller ressursar dei siste fem åra, medan berre 19 prosent hadde fått meir ressursar – så kling saka til Eva Kylland med. Som i dette sitatet frå sosionomen Siri Søftestad:
– Antall voksne på jobb er sentralt. Hvis én er på jobb alene og fem til seks bråkende ungdommer kommer inn, kan det være krevende å skulle opptre som en trygg person. [...]
Hun mener det av ulike årsaker har blitt flere barn som strever i landet vårt.
– Likevel kutter vi ned på hvor mange voksne, som er sammen med barna på skoler og i barnehager. Det er en skikkelig dårlig kombinasjon. Barn trenger kontakt med trygge voksne.
Og dette litt lenger ute i saka:
– Der voksne arbeider med barn har det blitt vanlig med regler om at mer enn to ansatte skal være på jobb samtidig.
Søftestad dreg også fram biblioteka som suverene stadar for informasjon og førebyggande arbeid mot overgrep.
Til Kragerø, Skien og Storfjord
Når dei tilsette ved biblioteket i ROBEK-kommunen Kragerø deler fortvilinga over å mista 52 % av stillingsheimlane og 20 % av driftsmidlane, kling intervjuet med Guro Torhildsdatter i saka til Kylland med. Som barn blei ho utsett for grove overgrep, både fysisk og psykisk. I dag minnest forfattaren og folkehelsekoordinatoren barndomens bibliotek som ein stad der ho kunne sleppa å seia noko, berre føla seg trygg og kjenna lukta av bøker – og finna seg ei. Ekstra godt minnest ho Tove Nilsen sin debutroman Aldri la dem kle deg forsvarsløst naken.
For meg kling Eva Kylland si sak med også når eg les om at Skien bibliotek gjennom tolv år med Appelsinia litteraturfestival har lagt til rette for nær 260 000 unike møte mellom grunnskuleelevar og barne- og ungdomsbokforfattarar.
Den kling med når biblioteksjef Silja Skjelnes-Mattila i saka om tenestedesignar Nicolai Sabel sine metodar for idemyldring og lokal tilpassing av bibliotektenester fortel at Storfjord kommune slit med å overhalda krava i folkebiblioteklova. Dei brukar 165 kroner per innbyggar på kultur. Oslo kommune brukar 2179 kroner.
For alle?
Og saka til Kylland kling med i Anne-Sofie Elbrønd Nissen sin presentasjon av doktorgradsprosjektet sitt, der ho stiller spørsmål ved kva biblioteka sin nøytralitet betyr, og oppmodar oss til å ikkje berre postulera at vi skal vera for alle, men grava djupare i kva tid vi er det, og kva som kjenneteiknar situasjonane der vi lukkast med dette idealet.
Skal vald og overgrep også bli biblioteka sitt ansvar no, saman med 3D-printing, berekraft og utlån av drillar og syklar? spør du kanskje.
Svaret er vel eigentleg, ja, litt.
For om alt snakket vårt om biblioteket som den siste nøytrale, felles møteplassen i samfunnet skal bli noko anna enn tomme ord, må vi ta inn over oss kva dette inneber. Ein av mange gevinstar er at bibliotektilsette kan bli trygge vaksne for ungar som ikkje har det godt.
Kan henda blir du den som får oppleva å senda ei livsviktig bekymringsmelding.
Ein annan gevinst er å få lov til å skapa refleksjon rundt dei aller mest kjenslege tematikkane, gjennom bøker og menneskemøte.
Men det krev at vi aldri sluttar å grubla på kva det betyr å vera for alle og kva for rammer som må på plass for at biblioteka skal lukkast med å vera det.
God lesnad!