Leiarartikkel

Mangelen på meiningars mot blant tilsette i norske bibliotek

Bok & bibliotek mottek jamt over ingen debattinnlegg, og biblioteksjefar spring til staten for å få hjelp til å svara journalistar. Korleis står det eigentleg til med ytringskulturen i norske bibliotek?

Publisert Sist oppdatert

Norske styresmakter har ikkje vedteke boikott av Israel. Det skal vera (bibliotek)rom for ei brei vifte av meiningar om Midtausten. Likevel publiserte Bok & bibliotek i går ei sak der vi stiller spørsmålet om det er gale eller rett av norske fagbibliotek å kjøpa biblioteksystem av Ex Libris, som har sterke band til Israel. Dette gjer vi fordi vi meiner prosessar skal vera opne, avgjerder kunnskapsbaserte, og at anskaffingsprosessar må vektlegga etiske og moralske perspektiv.

Det er udemokratisk å gøyma seg bak byråkratiet for å sleppa å uttala seg

Er det noko som kjenneteiknar etiske vurderingar, så er det at gråsoner og dersom-at-hvis-argumentasjon, og slik skal det vera! Det er difor vi treng tusen stemmer i debatten.

Han trudde ikkje eigne auger, journalisten som jobba med saka om systemleverandøren Ex Libris si kopling til Israel, då det tikka inn identiske svar frå det eine fagbiblioteket etter det andre som var blitt bede om å uttala seg. Asbjørn Risan i Sikt stadfestar at fleire tok kontakt med dei etter å ha blitt kontakta av oss, og at Sikt då sendte ut eit «grunnlag» til biblioteka. Ifølgje Risan understrekte Sikt at institusjonane måtte svara ut frå eigen ståstad.

Finst det verkeleg så lite meiningars mot rundt i fagbiblioteka at dei spring til det statlege forvaltingsorganet Sikt for å få hjelp til å svara journalistar, og ikkje har noko å legga til ut over det desse formulerer?

Det er under to veker sidan eg var til stades under Biblioteklederkonferansen 2024. Temaet var «Demokratiet – en tapt sak?», og frå scenen blei det presentert den eine utsegna etter den andre om bibliotek som demokratiske institusjonar avgjerande for ytringsfridomen. Alt dette snakket blir fort hult om dei tilsette ikkje sjølv har mot til å ytra seg.

For det må vera motet det skortar på, og kan henda ein kultur for å ytra seg. Fornuft og refleksjon er det nemleg mykje av blant norske bibliotekfolk. Men innboksen for debattinnlegg til Bok & bibliotek er stort sett tom heile tida.

Dette er eit problem for feltet.

Det er udemokratisk å gøyma seg bak byråkratiet for å sleppa å utala seg. Byråkratiet skal sikra ein uhilda saksgang, til dømes i anbodsprosessar som den Sikt forvaltar no. Men dei treng ikkje lydast eller følgast ut over det.

Alle norske biblioteksjefar, alle tilsette på andre nivå, alle lånarar og fagreferentar, vaktmeistrar og arkivarar, studentar, resepsjonistar og husfedrar står fritt til å uttala seg til kven dei vil om kor vidt norske fagbibliotek skal ha kundeservice i eit land som FN meiner utfører krigsbrotsverk.

Korleis var songen til Trond Viggo? Tenke sjæl og mene, måtte stå for det du sa / Ikke vri deg unna, ikke være likeglad / Ikke late som du ikke mente det du sa / Ikke si som andre / Du må tenke sjæl.

Og så skriv du det ned og sender det til post@bokogbibliotek.no

Saman skapar vi ei betre verd, ein refleksjon, eitt svar, eitt debattinnlegg om gongen.

Powered by Labrador CMS