Svar til Hege Undem Store om Bok & bibliotek sin relevans

Kan henda har du rett i at mange ikkje opplever Bok & bibliotek som ein relevant kanal for meiningsytringar. Men finst det betre alternativ?

Meiningsbryting: Bok & bibliotek vil stimulera til fagleg refleksjon og utvikling på eit felt som ingen andre medium ivaretek på same vis, skriv redaktør Arne Olav Hageberg.
Publisert Sist oppdatert

Finst det andre redaktørstyrte medium enn Bok & bibliotek der det er naturleg å føra ein fagintern debatt om alt som vedkjem bibliotek?

Eg forstår det du skriv i det konsise innlegget ditt, som at du gjerne tek dine debattar på Khrono.no i staden for på bokogbibliotek.no. Det er sjølvsagt heilt opp til deg, men kjem det ikkje også an på innhaldet i debattane?

Khrono er ei nyhendeavis for høgare utdanning og forsking. Bok & bibliotek er eit tidsskrift på papir og nett som har som mål å bygga den bibliotekfaglege offentlegheita og stimulera til fagleg refleksjon og utvikling. For meg er det innlysande at det er mange debattar som høyrer heime i Bok & bibliotek og ikkje i Khrono eller andre publikasjonar.

Litt av det vi ikkje snakkar om

Khrono ville kanskje teke inn eit debattinnlegg om behovet for etiske vurderingar i vektinga av anbod frå leverandør av biblioteksystem, som vel var det siste Bok & bibliotek freista å få folk til å meina noko om. Men er usikker på om dei ville vera interesserte i å husa debattar om:

  • fylkesbiblioteka si plassering i biblioteklandskapet
  • innbyggartorg i folkebibliotek
  • Nasjonalbiblioteket sine prioriteringar
  • finansiering og organisering av skulebibliotek
  • profesjonskravet i folkebiblioteklova
  • plasseringa av IFLA sin verdskongress
  • ideologiske slagsider i programmering og i utval og presentasjon av bøker
  • ordningane for tidsskriftabonnement i folkebiblioteka
  • bemanningsnivå
  • kjønnsbalanse blant tilsette
  • kvardagsmakt
  • rasistisk litteratur
  • korleis biblioteka kan møta eldrebølga
  • handtering av ustabile lånarar

Dette er berre nokre av sakskompleksa eg kom på i farten som Bok & bibliotek har sett søkelys på dei siste to åra – og det som kjenneteiknar dei alle, er at det ikkje har kome inn eit einaste debattinnlegg knytt til dei.

Er bibliotekfeltet så bra som det kan bli? Det trur eg ingenting på. Alt kan alltid bli betre.

Stein i glashus

Om ein ser litt større på det, så skjer nok debattane meir i sosiale medium enn på khrono.no. Folk kommenterer ikkje så reint lite i meir og mindre lukka bibliotekargrupper på Facebook og sånn. Eg skjønar at terskelen er lågare der. Sånn er det for meg òg – ikkje minst som privatperson.

Men vi forstår jo alle at det veg tyngre og ein når lenger ut om ein tek det i Bok & bibliotek. Profesjonell pressefagleg drift betyr også at tilsvar blir ivareteke, debattar modererte og innlegg blir tekne vare på for ettertida og gjort lett tilgjengelege for neste generasjon med bibliotekdebattantar.

Eg har ei innrømming: Eg sendte heller ikkje debattinnlegg til Bok & bibliotek då eg jobba i bibliotek. Eg tenkte på det, men gjorde det aldri. Så det singlar ein del av knust glas når eg ber lesarane mota seg opp. Men bakgrunnen for steinkastinga mi er at eg har hjarta for biblioteka og kva dei kan bety.

Utvikling som bieffekt

Og så er det jo gøy, då, med profesjonell meiningsbryting og fagintern «nerding»! Synest du ikkje?

Kanskje kan vi ha det som eit felles utgangspunkt, at vi saman prøver å gjera det endå meir gøy å jobba med bøker og bibliotek? Så gjer det ingenting om den stimulerande dialogen, dei perfide formuleringane og det smarte motargumentet slumpar til å skapa endå betre bibliotektenester for lånarane, meir som eit biprodukt av at vi kosar oss med meiningsbryting og høgt og klokt snakk om bibliotek.

Men eg står fast på at meiningars mot er ein føresetnad.

Heldigvis er meiningsmot ein muskel som er lett å trena. Allereie andre gong ein løfter stemma, er det lettare enn første. Og no har jo du i alle fall trent deg i Khrono.

Powered by Labrador CMS