Drep meg hardt!

Publisert Sist oppdatert

Møt tidlegare dørvakt Jonny Fjeld frå Drammen, ein mann du berre hugsar dersom du festa hardt på åtti- og nittitalet. Jonny Fjeld er no tilsett i serviceavdelinga til Rica Park hotell i Drammen, og har lagt fortida bak seg. Men ein mørkt, kald desemberkveld prøver nokon å drepe han. Kven er etter han? Og kvifor no? Jonny må grave djupt i sitt tidlegare liv, oppsøke tidlegare kollegaer og vennar, for å finne svaret. Men alt går ikkje slik han ønskjer…

Denne teksten av Lars Petter Sveen fylte de 24 lukene i Bok og Biblioteks julekalender 2012. Her kan du lese den samanhengende.

Møt tidlegare dørvakt Jonny Fjeld frå Drammen, ein mann du berre hugsar dersom du festa hardt på åtti- og nittitalet. Jonny Fjeld er no tilsett i serviceavdelinga til Rica Park hotell i Drammen, og har lagt fortida bak seg. Men ein mørkt, kald desemberkveld prøver nokon å drepe han. Kven er etter han? Og kvifor no? Jonny må grave djupt i sitt tidlegare liv, oppsøke tidlegare kollegaer og vennar, for å finne svaret. Men alt går ikkje slik han ønskjer…

Denne teksten av Lars Petter Sveen fylte de 24 lukene i Bok og Biblioteks julekalender 2012. Her kan du lese den samanhengende.

 

1.

Det var første desember, men Jonny Fjeld hadde allereie smaken av januar i munnen. Alt var grått, snøen var enno ikkje kommen. Drammen var blitt ein ny by, ein by av lys og opne plassar. Etter ein lang dag på kontoret, på veg heim, opp åsen til Konnerud, sakna Jonny den gamle byen. Det var ikkje noko å sakne, han visste det, men saknet var alt han hadde.

     Ein bil låg bak han, langs vegen låg mørke skogen og husa i byggefeltet som blenka gjennom kvelden. Han sakka farta ved avkøyringa, og i det same køyrte bilen bak inn i han. Jonny banna, trykte bremsane ned, og stansa motoren. Den andre bilen stansa også. Jonny såg døra gå opp og ein mann komme ut, og i rein refleks gjekk handa hans under setet etter batongen som låg der. Men han tok seg i det. Den tida var over. Han opna dashbordet og fann fram skjemaet for skademelding. Slapp av, sa han til seg sjølv, og opna døra. Eit mjukt duskregn prikka mot ansiktet. Kva held du på med, sa han høgt, veit du ikkje kva eit blinklys er? Mannen hadde stilt seg bak frontlysa, det var ikkje råd å sjå ansiktet. Men Jonny kjente att posituren, korleis knea var svakt bøygd, korleis hendene peikte mot han. Jonny kasta seg over panseret, sklei av bilen, og landa på skuldra mens han høyrte svake knepp av kuler som smalt inn i karosseriet.

 

2.

Ei kvit smerte slo inn i skuldra hans, men Jonny akte seg bortetter vegkanten og ned mot grøfta. Han rulla over grus og gras, og stansa i vatn og søle. Det var ingen andre lydar enn hans eigen pust. Han reiste seg og sprang bortetter grøfta, og kasta seg vidare ned ei skråning. Noko strauk gjennom lufta ved sida av hovudet, men det første han kjente var bakken som skrapa opp kne og hender. Etter ei stund stansa han innmed nokre tre, men han reiste seg enda ein gong og sprang vidare inn i skogen, før han stansa, og la seg ned. Alt var stille. Ein lastebil suste forbi på vegen der oppe. Jonny banna og kjente på skuldra, på overkroppen, strauk handa over magen. Ingenting var skada, alt var heilt. Han var gått rett inn i ei felle, men han hadde komme seg unna. Kven kunne det vere? Kvifor no? Mannen der oppe hadde verka proff. Ikkje sagt eit ord, ikkje nølt. Men han hadde bomma, og Jonny hadde komme seg unna.

     Det gjekk fem minutt, ti minutt, og Jonny reiste seg og starta å gå gjennom skogen. Da han kom til byggefeltet, fann han fram telefonen og ringte bergingssentralen og bad dei hente bilen hans. Han stod ei stund bak naboens hus og stirde på sitt eige hus. Alt verka tomt. Det var seint på kvelden, han var kald, han var våt. Han gjekk bort og ringte på hos seg sjølv.

 

3.

Ingen svarte, og Jonny kjente på døra. Ho var låst. Han fann fram nøklene, gjekk inn, kledde av seg, og la seg i badekaret. Det varme vatnet var som glør mot huda. Han la den vesle pistolen han hadde henta frå våpenskapet, under handkleet på krakken. Det var over ti år sidan han hadde vore involvert i noko som helst. Åttitalet hadde vore hardt og rotete. Nittitalet hadde vore roleg, han hadde tatt grep. Slutta som dørvakt, starta i ein kontorjobb i staden for. Smertar i knea, stiv i ryggen. Og unge menneske som spelte eit nytt spel han ikkje brydde seg om. Drammen var full av nye aktørar, og Oslo orka han ikkje tenkje på.

     Men kven kunne det vere? Kven var komme etter han? Var det slektningar av russaren han hadde slått helselaus og dynka i Drammenselva? Var det nokon av svartingane han hadde kasta ut av byen, men som no var overalt – skulle dei sette eit eksempel med han? Eller var det ein av dei mange næringslivstoppane som ønskte å rydde opp i fortida si?

     Jonny kjente han var trøytt. Det tromma på innsida av hovudet. I morgon måtte han besøke Stian. Friske opp minna saman med sin tidlegare kollega. Det ville ikkje bli enkelt.

 

4.

Jonny og Stian hadde vore nære vennar og partnarar i fleire tiår. Dei var ein institusjon på åttitalet, men Stian hadde ikkje takla nittitalet. Han hadde starta med piller og hadde hatt eit opplegg på gong som Jonny berre høyrte rykte om. Ein morgon i 1997 hadde Stian ringt på hos Jonny. Han såg sjuk ut. Huda bleik, auga raude, og han bad Jonny om hjelp. Jonny sa nei, og Stian hadde rista på hovudet, ikkje sagt eit ord, berre sette seg i bilen og køyrte av garde. Det neste Jonny høyrte var at Stian var blitt banka opp med balltre, og at han aldri ville bli den same. Nokre gongar dukka Stian opp på eit gatehjørne, eller på ein kafé, men som oftast var han ikkje der lenger. Det siste Jonny hadde høyrt, var at Stian arbeidde på biblioteket. Jonny sjekka opningstidene, parkerte på utsida, og gjekk inn da dørene vart opna.

     Stian var blitt lågare. Men håret var lengre, og det var komme ei svak rykking i ansiktet. Jonny sneik seg opp bak han. Stian, sa han, og Stian fraus til. Hallo, er du der, sa Jonny, eller banka dei alt ut av deg? Stian vendte om, såg opp på Jonny, og sa: Ja, dei banka all driten ut av meg, så no er det tomt. Kva faen vil du, Jonny?

 

5.

Dei sette seg ned på eit rom for dei tilsette. Kvite veggar, bøker, aviser, og ein kaffitraktar. Du har det fint her, sa Jonny. Kva vil du, sa Stian. Han sat med hendene i fanget. Håret hang ned som skolisser over øyra. Vaskar du deg ikkje lenger, sa Jonny. Stian blunka med auga, og skulle til å seie noko, men Jonny braut han av. Nokon prøvde å ta meg ut i går, sa han. Stian stirde med open munn. Eg må finne ut kven det var, før dei prøver igjen, heldt Jonny fram. Eg har ikkje noko med det å gjere lenger, sa Stian. Ja, eg ser det, sa Jonny, ingen av oss har det, men eg treng å friske opp minnet. Kven kan det ha vore? Stian rista på hovudet, løfta handa og peikte på panna si. Det er tomt her, Jonny, sa han, det har vore tomt her i fleire år. Du er for seint ute. Og Stian reiste seg og gjekk mot døra, mens han sa: Og no må du orsake meg, men eg må opp ein etasje for å gå det helvetes toalettet.

     Jonny vart sittande. Stian var øydelagt, det var ikkje noko å hente her. Han reiste seg, gjekk ut, men ville prøve ein siste gong. Han gjekk opp ei trapp, og såg etter Stian. Stian, sa han, men ingen svarte. Døra til toalettet var lukka. Han kjente på ho. Open. Han skyvde ho opp. Stian sat på doen. Hovudet hans var sprukke, og det var blod og restar av hår over alt.

 

6.

Jonny lukka døra, og såg omkring seg. Det var ingen der. Han opna døra igjen. Det var ikkje noko våpen, verken i Stians hender eller på golvet. Stian var blitt drepen. Jonny lukka døra, låste frå utsida med ringen på nøkkelknipet sitt, og gjekk ut i biblioteket. Han sette seg ned bak ei bokhylle, og med det same lydde eit lite søkk, og fleire bøker i hylla vart rive ut og kasta på golvet. Jonny gjekk ned på huk, og starta å gå bortetter bokhyllene. Bøker ramla ut omkring han, han kunne høyre den dempa lyden av våpenet no. Skyttaren var like ved. Men kvar? Jonny kunne ikkje stoppe, han måtte ta ein sjanse. Han reiste seg, sprang mot rekkverket, vippa seg sjølv over og flaksa i lufta.

     Av og til har ein flaks, det var ikkje anna å seie. Han landa på raude puter og kosedyr. Barn stod og stirde på han, ei mor hylte. Ingen fare, sa Jonny, og sprang mot utgangsdøra.

     Han sette seg inn i bilen, starta han, og stirde mot utgangspartiet. Ein mann kom gåande mot han. Eine handa var på innsida av jakka, men mannen hadde blikket festa på Jonny. Kom igjen, sa Jonny, drep meg hardt. Og han slapp ut kløtsjen og tråkka inn gassen. Mannen rakk å dra fram pistolen, men bilen trefte han i knea og mannen knakk saman. Hendene hans prøvde å halde fast i panseret, auga verka tomme, og da han vart knust mellom ein kvit varebil og Jonnys bil, spruta det raudt slim ut nase og munn. Jonny sette bilen i revers, mannen sklei av panseret og vart liggande i ein merkeleg positur på bakken. Eg må vekk frå Drammen, tenkte Jonny.

 

7.

Krokstadelva, å Krokstadelva! Jonny hadde alltid hatt ein mjuk stad i hjartet for Krokstadelva. Han hugsa engene med korn frå da han var der på ferie som barn. Gjeddefisket i Drammenselva, ei nabojente med langt lyst hår og som smakte honning og bringebærsyltetøy. Men no køyrte han forbi nesten utan å merke det. Snart ville han passere Hokksund, og om ikkje lenge: Kongsberg.

     Den blodstenka bilen sat han igjen i eit parkeringshus i Drammen. Han fant ein svart Volvo i det same huset. Han køyrte med pistolen i fanget, og i bagasjerommet, i to separate baggar, låg ein MP5 og ein AG3. Begge var lada, og han hadde ekstra magasin på kroppen.

     Dei ville leite etter han i Drammen. Han måtte bort. Men kvar enn han drog, så ville dei komme etter han. Jonny Fjeld visste det ikkje gjekk an å flykte. Det var om å gjere å halde seg eitt trekk framfor. Dette var ikkje ein jakt, dette var ein kamp. Dei hadde prøvd seg to gongar. Dei hadde tatt ut Stian. Han trengte lenger tid, han trengte å gøyme seg unna nokre dagar. Derfor var han på veg til Kongsberg. Robert Grønmo, ein gammal venn som arbeidde i våpenindustrien, var ein venn han kunne stole på.

 

8.

Jonny sat i bilen og venta. Da Robert Grønmo kom ut frå kontorbygninga, vrei Jonny om tenninga. Han køyrte etter Robert gjennom sentrum, opp eit byggefelt, og fram til eit hus som var bygd inntil skogkanten. Jonny parkerte bilen i enda av gata. Han tok meg seg baggane og gjekk rett bort til Robert, som kom ut av garasjen og skulle til å låse seg inn da han såg Jonny. Han vart ståande og stire. Robert, sa Jonny, eg treng ei teneste. Jonny, sa Robert, og kikka over skuldra hans, kva gjer du her. Lås oss inn, sa Jonny, så skal eg fortelje.

     Innanfor starta Robert å skjelve da Jonny fortalte kva som var skjedd. Eg treng å gøyme meg her nokre dagar, sa Jonny. Sjølvsagt, sa Robert, sjølvsagt. Dei gjekk opp til kjøkkenet og lagde seg mat. Ingen familie, sa Jonny. Nei, sa Robert, det har aldri blitt det, berre jobben. Stort hus for berre ein person, sa Jonny. Ja, sa Robert. Han skalv da han skjenka øl i glaset til Jonny. Slapp av, sa Jonny, ingen veit at eg er her. Eg veit, sa Robert, men faen heller, Jonny, eg jobbar på kontor, eit jævla kontor, eg er ikkje vant til dette her.

 

9.

Jonny la merke til at Robert framleis var slank. Høg, svær, men slank. Og det var noko med korleis han bevegde seg som fekk Jonny til å sitte lent svakt framover. Kor lenge er det sidan sist, sa Robert, er det fem år? Ti år? Nei, kutt ut, sa Jonny, det er ikkje så lenge sidan. Robert stirde på han. Hugsar du Jones, spurte han, David Jones? Jonny nikka svakt. Kanskje, sa han. Jones var den einaste farga personen du lét gå i fred, sa Robert. Ja, eg hugsar han, sa Jonny.

David Jones hadde på eitt vis komme seg inn på klubben ein kveld han var dørvakt. Men Jonny slapp ikkje inn svartingar, så han gjekk rett bort til han. Eg slepp ikkje inn svartingar, hadde han sagt. Men Jones hadde berre flirt, og sagt: Du er vel også ganske svart rundt omkring rasshølet, er du ikkje? Da Jonny var i ferd med å gå til angrep, hadde Robert vore der, kvit og sveitt, og bedt han om å la det vere.

     Seinare møtte han Jones fleire gongar, dei vart nesten vennar. Men det var år sidan no.

     David Jones, sa Jonny, kva fekk deg til å tenkje på han? Robert såg ut vindauget, mumla noko, og gjekk bort til barskapet. Vil du ha noko å drikke, spurte han. Jonny takka nei. Eit utruleg namn, synes du ikkje, heldt Robert fram. David Jones, kven faen er det som heiter David Jones? Jonny tenkte på Jones, korleis han alltid var på vakt, aldri drakk for mykje, aldri prata om anna enn kvinner. Han kjente eit søkk inne i seg, eit sakn. Stian var borte. Jones var nesten gløymt. Og Robert verka redd.

 

10.

Robert sette eit glas ned framfor Jonny, og heldt eit anna glas i si venstre hand. Det er fint med besøk, sa han, det er ikkje så ofte eg ser gode vennar lenger. Har du snakka med Stian i det siste, sa Jonny. Nei, sa Robert, Stian, er ikkje han, eg høyrte han var plaga av yrkesskadar? Ja, han var det, sa Jonny, og kjente seg trøytt og sliten. Robert reiste seg. Is, sa han, eg gløymte is. Jonny orka ikkje seie noko, han kom ikkje til å røre alkohol i kveld. Robert rota i baren, vart stille, snudde seg, og da Jonny såg våpenet han heldt i eine handa, lukka han berre auga og sukka.

     Ikkje rør deg, Jonny, sa Robert. Eg sit i ro, sa Jonny, og opna auga att. Robert sveitta. Han hadde problem med å halde våpenet i ro. Er dei på veg, spurte Jonny. Eg trur det, sa Robert. Kor lang tid har eg, sa Jonny. Kor lang tid, sa Robert, eg veit ikkje, faen heller, Jonny, hald kjeft. Robert vart ståande. Han kasta blikk ut vindauget bak dei. Eg beklagar dette, sa Jonny. Ja, sa Robert, det gjer eg òg. Kven er dei, sa Jonny. Robert beit tenna saman, stirde ut vindauget, stirde på Jonny. Kvifor er dei etter meg, spurte Jonny. Hald kjeft, sa Robert, du burde ikkje ha komme hit. Eg beklagar dette, Robert, sa Jonny.

 

11.

Jonny sklei ut av sofaen og hadde pistolen i handa før knea trefte golvet. Han skaut Robert to gongar i brystet. Kulene reiv Robert opp, dei fekk han til å rykke og danse, men han vart ståande oppreist. Jonny gjekk bort til han, tok våpenet ut av handa hans, og hjelpte han ned på golvet. Kven er det som er etter meg, sa Jonny. Men Robert såg berre kort på han, og prøvde å smile. Herregud, Jonny, kviskra han, du er rask. Snakk til meg, sa Jonny, kven er det som er på veg. Jonny Berg, sa Robert, eg hadde aldri sjans. Faen heller, Robert, ropte Jonny, kven er det som er etter meg. Du betyr ikkje noko, sa Robert, dei vil ha David, og auga hans glei opp, golvet fløymde over av alt som rann ut av den svære kroppen. Din jævel, sa Jonny.

     Han reiste seg, og starta å gå omkring i huset. Han gjekk frå rom til rom, heilt til han fant noko som likna på eit kontor. Der opna han alt av skuffar og skap, reiv ut papir, men kva leita han etter? Han visste ikkje. Han tok permar og brakk dei opp og kasta dei med all si kraft inn i veggane. Han velta skrivebordet. Så stansa han, starta å telje hjarteslaga mens han såg på klokka. Pistolen var bak i bukselinninga. Han gjekk ned i hallen og henta dei to baggane med våpen, gjekk opp trappa til andre etasje der kroppen til Robert Grønmo låg. Mens Jonny stod der og såg på det som hadde vore vennen hans, høyrte han lyden av bilar som parkerte på grusen utanfor huset.

 

12.

Jonny sette seg ned på huk. Han hadde to val. Han kunne ta i mot dei, sjå kven det var, sjå om han hadde nokon sjans. Eller han kunne prøve å komme seg unna. Han fant fram MP5en frå baggen, tok ladegrep, og med baggane på ryggen, gjekk han på huk bakover. På kjøkkenet la han aviser over omnen, og skrudde alle platene på maks. Han opna døra på vaskerommet som leidde ut bak huset. Det var ingen der, berre mørke skogen og utelampa. Han slo lyset av, og sprang ut.

     Inne i skogen la han seg ned bak eit tre. Det verka som ikkje noko var uvanleg ved Robert Grønmos hus. Ikkje anna enn den opna vaskeromsdøra. Jonny fann fram AG3en, tok ut magasinet på MP5en og la han tilbake i baggen. Tyngda til det grove geværet i hendene, den kjølige kolben mot kinnet. Kom igjen, kviskra han. Men ikkje noko skjedde. Huset verka tomt. Han skulle til å reise seg da han såg to menn stå rett innanfor den opne vaskeromsdøra. Dei stod i ro, med våpen i hendene, og stirde ut i skogen mot der han låg. Så vart dei borte. Det gjekk kanskje eitt minutt, og Jonny høyrte bilane køyre av garde. I det same såg han flammene flakke på innsida av huset.

 

13.

Dei hadde ikkje rørt bilen, men Jonny venta til brannbilene og politiet kom, før han gjekk bort og låste seg inn og køyrte derifrå. Han var kald, han kjente seg tom. Venner vart drepne, venner prøvde å drepe han. Men framleis skjønte han ikkje kva det var som skjedde. David Jones hadde vore død lenge, kva var det Robert hadde meint? Jonny hugsa sist gong han trefte David Jones. Dei var begge blitt eldre, og sant å seie så vart Jonny overraska over at David hugsa han. Det var på Rica Park Hotell i Drammen, mens Jonny hjelpte til med å flytte bord og gjere i stand til ein større konferanse. David hadde stått i døropninga og ropt: Jonnyboy, still going strong, he?

     Dei tok nokre pils på ein restaurant. Ingen av dei var svoltne. Ingen av dei snakka særleg. På eit tidspunkt ville David gi han ein konvolutt. Jonny ville ikkje ta i mot. Kom igjen, sa David, det er ein konvolutt. Frå deg til meg. Kva er det, sa Jonny. Det er til pensjonen din, sa David. Jonny tok konvolutten, og la han i jakkelomma.

     Da han la seg den kvelden, opna han konvolutten og fann ein halv hundrekronesetel. Det var skrive eit tal på den eine sida, og Jonny tenkte det var ein dårleg spøk. Nokre veker seinare las han om David på nettet. Han var blitt funne død i Tyskland. ”Kjenning av politiet” med ”forbindelser til Noreg”. Jonny hadde lagt konvolutten med den avrivne setelen i ei eske i garasjen. Han hadde alltid likt David.

 

14.

Jonny kunne ikkje forstå kva setelen hadde med noko som helst å gjere. Han hadde i åra sidan det siste møtet med David tenkt at det heile var ein dårleg spøk. Sjølv om David var død, venta han på eit brev i posten med den andre delen av setelen. Men det skjedde aldri, og ingen kom til å leite oppi ei gamal eske.

     Han køyrte ut av Kongsberg, fann vegen over Hemsedal, og først da han trefte kvite flak av snø på veg ned mot Kaupanger skjønte han kva det var som trakk. Han var på veg mot farens gamle gard på Fresvikåsen.

     Det var ein aude og fråflytta gard. Den hadde ligge urørt i fleire år. Jonny hadde vokse opp der, han kjente kvar stein, kvart tre. Det var ein perfekt stad å avslutte alt. Dei ville komme, før eller seinare, jaktande på David Jones sitt gjenferd. Og dei ville finne han.

Jonny stoppa i Sogndal, fekk låne ein telefon på ein bensinstasjon, og ringte kontoret til Robert Grønmo. Ingen svarte, og han la igjen ein beskjed om at han var på veg til Fresvik i Sogn, og at han skulle møte David Jones der. Kom du òg, Robert, sa han, vi ventar på deg.

 

15.

Det gamle huset var mørkt og kaldt. Jonny fann fram gammal, tørr ved, og fyrte opp i omnen. Han rekna med at dei ville komme i løpet av natta. Kanskje neste morgon. Kanskje dei ville prøve å få han til å snakke.

     Han såg på bilda av faren og mora som hang på veggen. Dei hadde fnyst over reisa hans til Drammen, over yrket hans. Mora hadde døydd her, på garden, mens faren hadde døydd på ein gamleheim. Han kom til å tenkje på David Jones igjen. Dei gongane Jones var i landet, var han på eit eller anna oppdrag for våpenindustrien i Kongsberg. Robert hadde alltid vore i nærleiken, viftande med setlar eller med ei hand på Davids skulder.

     Jonny rista på hovudet, og fann fram ein mobiltelefon han hadde kjøpt på vegen. Han slo på telefonen, fekk ordna ringetid, og ringte heim til sin eigen svarar. Ingen interessante beskjedar. Han la frå seg telefonen, og i det same ringte det.

     Det stod ”Ukjent nummer” på displayet. Jonny sette seg ned på huk inntil veggen, og svarte. Hallo, sa han. Jonny Fjeld, lydde ei stemme. Kven er dette, spurte Jonny. Vi er på veg, sa stemma, eg tenkte berre eg skulle slå på tråden slik at vi ikkje går om kvarandre. OK, sa Jonny, men kven faen er du. Eg kjem for å avslutte det heile, sa stemma.

 

16.

Lukke til, sa Jonny, og la på. Han krøyp bort til bordet og sløkte oljelampa. Telefonen starta å ringe igjen. Jonny trykte på den grøne knappen og venta. Det går eit rykte om at du har noko som er vårt, lydde stemma, men før du seier noko, Jonny, la meg berre få seie at eg bryr meg ikkje. Eg kjem for å drepe deg, og så får dei høge herrane ta seg av det andre. Jonny sa framleis ikkje noko. Skal du ikkje spørje om kor mange vi er, sa stemma. Det har ikkje noko å seie, sa Jonny. Jo, det har det, sa stemma. Kor lang tid har eg på meg, sa Jonny. Nei, eg veit ikkje om eg vil svare på det, sa stemma, vi kjem når vi kjem. Det same sa mor di, sa Jonny.

     Det vart stille i telefonen. La meg få snakke med sjefen din, sa Jonny. Det var ei svak skurring i telefonen, så kom ei ny stemme. Vi kjem for å snakke med deg, Fjeld, sa den nye stemma. Eg trudde de kom for å drepe meg, sa Jonny. Høyr her, eg heiter Johnsen, Erland Johnsen, sa Johnsen, og eg er gitt makt til å forhandle meg deg, Fjeld. Fint, sa Jonny, da vil eg gjerne vite: Kor lenge er det til de er her. Gi oss eit par timar, sa Johnsen. Og kva er det de vil ha, sa Jonny. Igjen vart det stille i telefonen. Vi kan snakke om det når vi kjem fram, sa Johnsen.

 

17.

Bilane kom køyrande inn på gardstunet. Dei stansa, og væpna menn hoppa ut og tok stilling omkring. To menn verka til å vere leiarane, dei starta å gå mot huset Jonny sat i. Jonny rekna med at det var nokon der ute i mørket som han ikkje såg, nokon som prøvde å finne han med siktet no.

     Fjeld, ropte ein av mennene. Jonny stod i mørket i vindauget på kårboligen og kjente att stemma til Johnsen. Fjeld, ropte Johnsen igjen, før han starta å gå mot kårboligen. Jonny hadde latt ytterdøra stå open.

     Erland Johnsen trådde inn på kjøkkenet.

     Stå i ro, sa Jonny, og Johnsen stansa. Eg vil ikkje slå på lyset, sa Jonny. Det er greitt, sa Johnsen, kan eg sette meg ned? Ver så god, sa Jonny. Johnsen fann ein stol og sette seg ned. Så, sa han, eg går rett på sak, du verker å vere ein mann med sans for det direkte. Har du vore i kontakt med David Jones? David er død, sa Jonny. Ja, sa Johnsen, men det var ikkje det eg spurte om. Kvifor trur du eg vil svare på det du spør om, sa Jonny. Johnsen sukka. Han løfta hendene mot ansiktet, og Jonny hadde allereie løfta pistolen. Johnsen såg mot han. Ta det med ro, Fjeld, sa han, eg er ikkje slik som deg eller dei der ute, eg er her for å snakke. Jonny tok ikkje vekk pistolen. Kva er det som går føre seg, sa Jonny, fortel meg alt, eller så skyt eg deg ned her og no. Slapp av, sa Johnsen. Eg er rolig, sa Jonny, fortel.

 

18.

David Jones gjorde fleire oppdrag for oss, sa Johnsen, eg vil ikkje komme inn på alle her og no. Men eit av dei første var å ta seg av ein agent frå Israel som var her for å avsløre at vi selte våpen til Gadaffi i Lybia. Jones drap ho og køyrte liket til Bergen der han sette fyr på det for å fjerne alle kjenneteikn. Men Jones dokumenterte alt omkring dette drapet. Samtalane vi hadde, pengane han fekk, drapsvåpenet og anna skriftleg informasjon han hadde fått tak i. Planen hans var å sende alt til nokre utvalte journalistar.

     Johnsen kasta eit blikk ut av den opne døra. Mennene var framleis samla rundt bilane. Men Jonny visste at nokre av dei låg ute i mørket og venta på at han skulle vise seg.

     Jonah som står der ute, sa Johnsen, og nikka mot døropninga. Han fann Jones i Hamburg, og tok seg av han. Men Jones greidde å døy før vi fekk snakka med han. Vi har spora ned alle hans kontaktar, og det må eg seie, Fjeld, du stod ganske langt nede på lista.

     Og framleis har de ikkje greidd å gjere noko med meg, sa Jonny. Vel, sa Johnsen, vi snakkar, og det er da noko, er det ikkje. Kor mykje kan de betale meg for å gi dykk det de vil ha, spurte Jonny. Johnsen såg på han. Fem millionar, sa han. Fem millionar, sa Jonny, og plystra svakt. Det er nesten så eg trur på deg, sa han, og heva pistolen mot ansiktet til Johnsen.

 

19.

Nei, sa Johnsen, eg lyg ikkje. Jonny heldt framleis pistolen opp mot ansiktet hans. Rop på Jonah, eller kva du kallar han, sa Jonny. Jonah, spurte Johnsen, han har ikkje pengane. Rop på han, sa Jonny.

     Johnsen ropte, og etter nokre sekund kom Jonah inn i rommet. Han heldt hendene ut til sidene. Sett deg ned på kne, sa Jonny, og lukk døra. Jonah gjorde som han sa. Jonny tente ei oljelampe, og sette ho på bordet ved Johnsen. Jonny stod berre nokre meter frå dei begge, og hadde maskingeværet hengande ned framfor seg, med eine fingeren kvilande over avtrekkaren. I den andre handa heldt han pistolen.

     Kva er det de trur eg har, spurte Jonny. Jonah kikka opp på han, og smilte. Eg bryr meg ikkje, eg trudde du hadde skjønte det, sa han, eg vil berre ha deg. Auga hans var lyse, dei verka nesten tomme i det svake skinet frå lampa. Kva er det, sa Jonny, og kasta eit raskt blikk på Johnsen. Vi veit ikkje, sa Johnsen, mest truleg har Jones lagra alt i ein bankboks. Vi veit ikkje kvar det er, men så dukka namnet ditt opp, Fjeld, og bitane falt på plass. Er det alt, sa Jonny, er dette grunnen til at de er etter meg? Han stirde på dei. Jonah smilte framleis. Har det aldri slått dykk at eg kanskje ikkje veit noko som helst om dette, spurte Jonny. Vi trur du veit ganske mykje, sa Johnsen, det er derfor du bør legge ned våpna og bli med oss.

 

20.

Og om eg blir med dykk, kva skjer da, spurte Jonny. Johnsen retta seg opp. Vi tek deg med til Kongsberg, sa han, og der må vi sette oss ned saman med styret og ta ein prat. Jonny skaut Johnsen to gongar i brystet, og Johnsen skvatt til der han sat. Han ga frå seg eit gisp, og i det same var Jonah på veg over kjøkkengolvet. Jonny skaut, men Jonah rulla bak komfyren, og med eitt hoppa han gjennom det eine vindauget. Helsike, sa Jonny, sløkte oljelampa og sette seg ned ved sida av Johnsen. Johnsen prøvde å seie noko, han spytta blod og fingrane hans kava over det seige golvet. Jonny skaut han ein gong i hovudet, festa pistolen i bukselinninga, og kraup langs golvet ut av kjøkkenet. Han høyrte lyden av mennene på utsida. Det var mørkt inne i huset, så han tok sjansen, reiste seg, og sprang gjennom stua og bort til balkongen som leidde ut mot epletrea. Vindauga inne på kjøkkenet vart knust, og noko vart kasta inn. Jonny opna balkongdøra, og kasta seg over rekkverket og ut i graset. Han låg i ro, men det var ikkje noko å høyre. I det han reiste seg, kjente han noko trykke mot ryggen. Jonny, Jonny, lydde stemma til Jonah. Du kom rett til meg, eg rakk nesten ikkje å sakne deg.

 

21.

Du kan ta pengane og stikke, sa Jonny. Kva for pengar, sa Jonah, det var aldri pengar. Eg trudde du skjønte det slik som du oppførte deg mot stakkars Erland. Kven er du, sa Jonny, kva faen er det so feiler deg. Så, så, sa Jonah, ikkje meir av denne banninga, det er så unødig. Du har tapt, Jonny, du hadde noko gåande der ei stund, men no er det over, akkurat slik eg sa det kom til å vere. Faen ta deg, sa Jonny. Han høyrte Jonah røre på seg bak han. Dei stod under balkongen, graset var høgt, det rakk dei til låra. Han hadde framleis pistolen i bukselinninga, Jonah såg den ikkje i mørket. Ta av deg buksa, sa Jonah. Kva, sa Jonny. Ta av deg buksa, sa Jonah, eg vil sjå deg. Din sjuke jævel, sa Jonny. Hysj, hysj, braut Jonah han av, oppfør deg. Og ta av deg buksa. Sakte.

     Jonny vendte seg mot Jonah. Han stod berre fem meter frå han. Slik ja, sa Jonah, no, av med buksa. Jonny opna beltespenna, og opna knappane, han tok tak i bukselinninga, reiv opp pistolen, og starta å skyte på same tid som Jonah starta. Det lyste opp omkring dei. Jonny kjente ikkje noko. Han såg det lyse håret til Jonah, korleis skota trefte han i brystet og halsen, og så vart det stille. Pistolen hans var tom. Jonny stod framleis. Han prøvde å kjenne etter, men alt var heilt og urørt. Han kneppa på seg buksa att, og gjekk bort til Jonah. Det kom ei svak vesing frå holet i halsen. Jonny tok våpna han fann, og sprang av garde, gjennom graset og inn i skogen.

 

22.

Han gjekk til fots ned til Fresvik. Der fann han ein bil han braut seg inn i og fekk starta. Han køyrte over Vikafjell, og stansa ikkje før han var komme til Voss. Der sov han i bilen heilt til nattoget til Oslo kom. Han gjekk om bord, stelte seg på toalettet, og fann eit sete som var ledig.

     Utanfor var det snart jul. Elektriske lys blenka frå gardar og byggefelt. Over Finse verka det som om snøen var stjernestøv som dryssa ned frå natthimmelen.

     Da toget kom inn til Oslo S om morgonen, var det framleis mørkt. Kulda var bitande, Jonny kjøpte frukost på ein kafé i Østbanehallen. Han skvatt da telefonen ringte. Han trykte på den grøne knappen og venta. Frå der han sat verka det ikkje som om nokon såg i hans retning. Nokon pusta i andre enden. Ned ein etasje, sa stemma, møt meg ved skapa. Så vart samtalen broten. Jonny la telefonen i lomma. Han hadde kjent igjen stemma. Det var David Jones.

 

23.

David Jones stod inntil eine veggen med dunjakke og lue. Han var ikkje til å kjenne igjen. Jonny vart ståande nokre meter frå han. David smilte og nikka. Han var bleik, auga var raude. Eg trudde du var død, sa Jonny. Det var planen, sa David. Er det ein plan, sa Jonny. David smilte igjen. Har du hundrelappen, sa han. Jonny nikka. Men du har den ikkje her, har du vel, spurte David. Nei, sa Jonny. Godt, sa David, men eg tipper du har tala som var skrive på den. Jonny såg seg omkring. Det var berre dei to der.

     Eg er ikkje ute etter deg, sa David, eg treng berre tala.

     Jonny sa tala, og David gjekk rett bort til eit av skapa. Han slo inn ein kode og opna det. Så løfta han ut ein bag, og lukka skapet. Ein fyr som heitte Jonah sa han hadde drepe deg, sa Jonny. David rista på hovudet. Nei, sa han, Jonah har ikkje drepe meg, men han gjorde eit ganske godt forsøk. Eg har enno restar av kulane hans inne i meg. Du sveittar, sa Jonny. Bli med meg, sa David.

     Dei gjekk ut av Østbanehallen, og sette seg inn i ein mørk Opel som stod parkert ut mot Operaen. David køyrte heile vegen ut av Oslo. Han følgde motorvegen mot Gardermoen, men tok av ved Skedsmo. Dei køyrte inn gjennom eit byggefelt, og stansa framfor eit kvitt hus med garasje og hage. Snøen låg tungt over tak og buskar og tre. Kva er dette, spurte Jonny. Det er her alt endar, sa David.

 

24.

Veit du kva for dag det er, spurte David da dei var komme inn. Nei, sa Jonny. Huset var tomt, det var ikkje noko møbel der, ikkje eit bilde, ingenting. Det er julekveld, sa David. Julemorgon, sa Jonny. David sette seg ned på golvet. Jonny, sa han, og Jonny sette seg på huk framfor han. Eg har allereie sendt ut pakkene med informasjon til dei største avishusa i Europa, sa David. Det er berre eit spørsmål om tid før heile saken eksploderer. Eg er ferdig. Og denne der, den er din.

     Han peikte på bagen frå Østbanehallen. Jonny gjekk bort og opna han. Den var full av pengar. God jul, sa David, og lukka augo og sank saman og rulla over på sida på golvet. Jonny reiste seg. Utanfor var det eit kaldt, klårt lys. Ein familie sprang mot huset ved sida av. Barna hadde nisseluer på. Jonny tenkte på kven han kunne besøke. Det var ikkje råd å dra tilbake til Drammen. Det var ikkje noko der å hente. Det var ikkje noko å hente nokon stad. Han ønskte å kjenne smaken av januar i munnen, av noko grått, av noko som rulla over han og grov han ned. Men Jonny stod heilt aleine. Krigen var over, og kven veit kor lenge han måtte vente til neste gong.

 

– – – –

 

Lars Petter Sveen er forfatter og utdannet bibliotekar. Han har de siste årene vært fast bidragsyter i Bok og Bibliotek.

 

 

Powered by Labrador CMS