Inviterer til digital bibliotek-valvake i USA
Du har truleg fått med deg at folk går til valurnene i USA i dag for å avgjera kven som skal bu i Det kvite hus dei neste fire åra. Men visste du at dei mange stadar samstundes skal stemma over lovforslag som kan ha alvorlege konsekvensar for lokale folke- og skulebibliotek?
Lovgjevarane i enkeltstatar har nemleg høve til å plassera forslag til grunnlovsendringer, finansiering av offentlege prosjekt og andre lovendringar på stemmeseddelen.
Slike «Ballot meassures» på statleg nivå krev simpelt fleirtal for å bli vedtekne, medan visse lokale stemmeseddeltiltak krev godkjenning av 55 % eller to tredelar av veljarane.
Den uavhengige interesseorganisasjonen EveryLibrary jobbar for å hjelpa lokale skulebibliotek og folkebibliotek til større tilskot og politisk gjennomslagskraft. Vi intervjua leiaren Johan Chrastka i episode 34 av podkasten Bok & bibliotek. Høyr denne om du vil læra meir om arbeidet deira og den sårbare situasjonen for amerikanske bibliotek og bibliotekarar.
I samband med valdagen har EveryLibrary laga ei liste over tiltak i ulike statar som dei meiner vil ha varig innverknad på biblioteksektoren.
Dei inviterer også alle interesserte til eit virtuelt #LibraryWatchParty. Om du følger EveryLibrary på X, Threads, Instagram eller Facebook får du oppdateringar i sanntid om utfallet for dei viktigste bibliotekrelaterte stemmeavgjerdene frå heile USA.
Bok & bibliotek nyttar høvet til å ønska alle våre amerikanske bibliotekkollegaer eit godt val!