Er i gang med lovarbeidet

Publisert Sist oppdatert

– Sjølve boklova påverkar biblioteka i avgrensa grad. Men ser ein på heile det litterære systemet samla, er sjølvsagt biblioteka viktige, seier Aslak Sira Myhre.

Boklova vart lova i Hurdalsplattforma, og nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre vart beden om å leie utreiingsarbeidet med den i slutten av oktober. No er arbeidet offisielt i gang. Under eit arrangement for å kaste glans over arbeidet før helga, hadde departementet samla eit knippe bokfolk til å komme med innspel frå scena. Blant dei var biblioteksjef i Bergen, Leikny Haga Indergaard, forfattar Olaug Nilssen, representantar for forlag, lesarar og bokhandlarane.

-Ikkje tilfeldig

Myhre seier dei skal i møter med organisasjonar og bransjeaktørar framover, og saman med to tilsette frå kulturdepartementet jobbar han med lovarbeidet framover. Men ei ny boklov vil ikkje fyrst og fremst påverke biblioteka, seier han. Samstundes peikar han på at det ikkje er tilfeldig at det er han som er beden om å leie utreiingsarbeidet mot ei ny lov.

– At det er eg som nasjonalbibliotekar som har fått i oppgåve å leie dette arbeidet, er eit signal frå regjeringa.

Under oppstartseansen på Deichman Grünerløkka, tok Indergaard opp dei motsetnadane som er mellom biblioteka og andre deler av bokbransjen, og understreka at biblioteka skal betale for innhaldet dei tilbyr brukarane sine, men at dei må ha rett til å kjøpe inn materiale i alle format. Med det tok ho opp vanskane som har vore med å låne ut e-bøker og lydbøker for biblioteka. Dette vil verte eit fokus i arbeidet med boklova, seier Myhre.

Biblioteka i skvis

– Brytinga som skjer rundt lyd og digitalisering, og tilgangen som er i biblioteka, er eit vesentleg spørsmål. Med strøyming og lydbøker er det ein rall motsetnad mellom biblioteka og andre i bransjen. Biblioteka har aldri kunne metta behovet verda har for til dømes Jo Nesbø på papir, men med moglegheitene ei strøymeteneste for lydbøker gir, kan dei i teorien gjere det.

På den måten hamnar biblioteka i ein skvis.

– Dette stiller oss ovanfor ei reell utfordring: korleis kan ein organisere digital lyd i biblioteka på ein måte som sikrar tilgang i befolkninga utan å tappe marknaden? I den motsetnaden forstår eg både biblioteka, som vil sikre tilgang, og forlag og forfattarar som vil selje bøker. Dette er noko av det me skal sjå på i arbeidet med boklova, seier Myhre.

-Kjerna i velferdsproduksjonen

Den nye boklova vil styrke biblioteka, meiner statssekretær Odin Adelsten Aunan Bohmann.

– Biblioteka er kjernen i kommunane sin velferdsproduksjon, så dei skal ein sjølvsagt lytte til. Boklova vil gjere at også biblioteka vert styrka, men akkurat korleis vil vise seg når arbeidet med boklova er kome lenger, seier statssekretæren.

Powered by Labrador CMS